Gå til innhold
Arkivverket

Mikkel Nilsson Spissøy (1838-189?) - tidi hans i Haugesund og i Christiania (1870-1880) - born?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei kortfatta oppsummering av tema #20924 frå det gamle brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/106647-20924-mikkel-nilsen-spissoey-f-boemlo-1838-floroe-haugesund-christiania-og-so/?hl=%2Bmikkel+%2Bnilsson#entry875204) der eg berre har teke med dei opplysningane som er relevante for spørsmåli som framleis står uløyste:

 

Mikkel Nilsson, fødd på Spissøy i Finnås (Bømlo) 9.8.1838, gifte seg i Florø (Kinn) 3.5.1863 med Margretha Nilsdotter, fødd i Solvorn i Hafslo 21.11.1837.

 

Mikkel var utlært bakar, og han og Margretha budde i Florø til dei kring 1869 flytte til HAUGESUND.  Derifrå skal dei kring 1871 (eller kanskje noko seinare?) vera flytte vidare til CHRISTIANIA der Mikkel arbeidde som dampskipsformann til parfolket i 1880 utvandra til Albert Lea, MN

 

Problemet mitt gjeld i første rekke borni dei fekk i Noreg:

 

* Bertina Anna Cathrine, fødd i Florø 17.8.1863, utvandra med foreldri i 1880.

 

* Nicolai Emanuel, fødd i Florø 29.5.1867, utvandra òg med foreldri i 1880.

 

* Marcilius Johan, tvilling, fødd i Skåre, Haugesund 27.12.1870, må vera avliden før 1875 - Haugesund eller Christiania!?

 

* Matildus Anthonus, tvilling, fødd i Skåre, Haugesund 27.12.1870, må òg vera avliden før 1875 - Haugesund eller Christania!?

 

* Matildus Alexander Johan, fødd i Christiania 22.7.1876, utvandra med foreldri i 1880.

 

I denne barneflokken burde det vera rom for fleire søsken, både mellom Bertina og Nicolai, mellom Nicolai og tvillingane og ikkje minst mellom tvillingane og den yngste Matildus samt mellom Matildus og utvandringi i 1880!

 

Men kanskje viktigare er det å finna dødsfalli til tvillingane frå 1870....

 

Men er dette i det heile mogeleg?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

PS: Her er huslyden i Christiania 1875 (Bakkegata 21): http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0301&kenr=032&bnr=1774&lnr=00

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter ganske so lang tid med blaing i kyrkjebøker, først i Haugesund og sidan i Christiania, har eg endeleg funne dødsfalli til tvillingane frå 1870.  Dei døydde same dagen, 29.5.1872 og vart gravlagde frå Vår Frelsar i Christiania (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5438&idx_id=5438&idx_listetype=bg&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-239).  Det står ikkje noko om dødsorsaki.

 

Eg forstår det slik at Bakkegata låg under Johannes kyrkjelyd, som i 1874 vart oppretta som ein del av Vår Frelsar, so neste utfordring er no å sjå om Mikkel og Margrethe fehh fleire  born, medan dei budde i Christiania på 1870-talet...

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er dødsfallsregistreringen for tvillingene til Mikkel Nilsen. Her står det at han var jernbanearbeider! Se høyre side, løpenummer 606 og 607:

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokoll A 8 , 1870-1874, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/25423/125/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081219320125.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for interessant tilleggsopplysning!  Mikkel Nilsson livnærte seg tydeleg på fleire vis, medan han budde i Christiania.  Han var jo opphavleg bakar, og dette yrket praktiserte han på ny etter at han i 1880 utvandra til Amerika.

 

Nett no leiter eg etter dødsfallet hans, som truleg skjedde i Lake Mills, Winnebago Co., IA mellom 1895 og 1900...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.