Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Sina Fredriksdotter Bratlien, fødd i Nord-Fron 1862 - skal ha utvandra i 1880-åri til North Dakota, men kvar er utvandringi hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Sina Fredriksdotter, fødd i Nord-Fron 27.9.1862, dotter av husmann Fredrik Simonson Klemmen (han opphavleg frå Bratlien nedre) og kona Berit Olsdotter under Bryn (ho opphavleg frå Barrustmoen) (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8921&idx_id=8921&uid=ny&idx_side=-131),

 

budde i 1865 med foreldri sine på "Klemmen", visstnok under Bryn øvre i Sødorp sokn, Nord-Fron (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0518&kenr=002&bnr=0077&lnr=00)

 

budde i 1875 med foreldri sine på "Bratlien eller Klemmen", visstnok under Bryn øvre i Sødorp sokn, Nord-Fron (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0518&kenr=004&bnr=0032&lnr=00)

 

vart konfirmert i 1877 under namnet Bratlien i Sødorp kyrkje i Nord-Fron (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6077&idx_id=6077&uid=ny&idx_side=-221)

 

skal ha utvandra til Amerika først på 1880-talet, men eg finn ikkje denne utvandringi korkje i kyrkjeboki eller i passasjerlistene over Christiania.  FT1900 oppgjev 1883, FT1910 og 1920 manglar utvandringsår, medan FT1930 oppgjev 1881.

 

Eldste son hennar var Anton Fredrik Gullikson, fødd i Richland Co., ND 24.9.1883.  Barnefaren skal ha vore Gullik A. Gullikson (1858-1896), barnefødd i Winona Co., MN (jmf. 1885 territorial census: http://library.ndsu.edu/db/census/family?ed=69-007-07).

 

Eg har tre konkrete spørsmål, som eg vonar å få hjelp av einkvan med lokal kunnskap eller tilgjenge på ei lokal bygdebok til å løysa:

 

* Kva år utvandra Sina Fredriksdotter til Amerika og i lag med kven?

 

* Eg forstår det slik at Barrustmoen er ein husmannsplass i Nord-Fron, men under kva gard ligg denne plassen?

 

* Bratlien nedre høyrest ut som eit gardsnamn (i motsetnad til plassnamn?)  Kan dette stadfestast?  Om det var ein plass, under kva gard låg han?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan Sina ha blitt til Lina .....

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000956007

 

Finner heller ikke utvandringen i kirkeboka

 


Ser ut som hun reiser sammen med en Berit Ols. også fra N.Fron

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=21&filnamn=emikra1&gardpostnr=39883&merk=39883#ovre

 

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Solveig for flott innlegg!  Ingen tvil; dette må vera ho som er vorti til Lina og som utvandra i 1881!

 

Då er denne delen av problemet løyst.  So er det å vona at me finn nokon med lokal kunnskap eller tilgjenge til ei bygdebok som kan avklara dei "geografiske" spørsmåli i Nord-Fron...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Iflg FT1900 er

Barrustmoen var en plass under gård nr.48 Kongsmoen. (er i dag navet på en villa i utkanten av Vinstra)

Bratlien var en plass under gård.nr. 53 Bryn

 

Begge plassene lå (ligger) i Vinstradalen på hver sin side av elven. (iflg. kart.)   http://kart.statkart.no/adaptive2/default.aspx?gui=1〈=2

Endret av Leif B. Mathiesen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for oppklarande geografiske opplysningar frå Nord-Fron.  Etter dette er, so vidt eg kan sjå, problemet løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.