Gå til innhold
Arkivverket

Emigrant Lise Oline Olsd. Bakke frå Hornindal


Gunnvor Bakke
 Del

Recommended Posts

Eg har samla alle slags kjelder frå kyrkjebøker osv. på Lise, som var halvsyster til min oldefar. Eg veit at ho 28 år gamal i 1888 emigrerte til USA frå Bergen: 

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=0213EMIG&personpostnr=184&merk=184

Kan nokon forklare meg korleis eg finn ut kva for eit skip ho segla med, og kva hamn det skulle til i USA?

 

Eg har funne ho igjen i  Washington i 1893, då dottera Selma vart fødd. Men eg vil gjerne finne kjelde på imigrasjonen og ekteskapet med John Olson som ho gifte seg med før dottera vart fødd.

 

Ein annan ting som er forunderleg er at på hennar dødssertifikat står det far Nils Bakke. Både bestefaren og broren heitte Nils, men kva kan vere forklaringa på dette?

 

http://www.digitalarchives.wa.gov/Record/View/A09B57767176FDDCFEED87D6C328C077

 

 

Sommarhelsing

frå Gunnvor :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg tror at det er skrevet feil på dødssertifikatet   Nilsen Bakke har blitt til Nils Bakke  f.eks.

 

FT1865   http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038272001847

Ja eg trur også det har ei slik forklaring, særleg sidan ho vart gift Olson, som lett kunne forvekslast med patronymet Olsdatter (Olsen/Olson). Her er avskrift frå kyrkjeboka

 

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070112310484.jpg

 

og dåps-registreringa i Digitalarkivet:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000003605736

 

Eg har også konfirmasjon og utflytting, så treng ikkje desse på nytt, men opplysingar som kan hjelpe meg å spore henne inn i USA. Det kan vere eit poeng der å sjå kva namn ho vart registret med då ho immigrerte, evt, då ho gifta seg, for å verifisere når feilen med farsnamnet oppstod.

 

I bygdebok for Hornindal står det at ho besøkte heimbygda i 1914, under namnet Lise Reed/Read. Dette meiner eg er feil, då det var TO Lise Bakke som utvandra frå Hornindal omlag samstundes, den andre var fødd i 1852 og var husmannsdotter. Kanskje er det difor "vår" Lise har blitt kreditert for Amerikabesøket, sidan ho var gardmannsdotter? Dette var iallefall ei opplysing som lenge hadde meg på feil spor ;-)

 

Gunnvor :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det gamle arkivet virker ikke i kveld. Her er Emigranter fra det nye arkivet.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000679737

 

Hvis hun reiste over England var det ett skip som het  S/S Domino som gikk fra Bergen 7/4-1888 iflg. denne linken.

http://www.norwayheritage.com/p_route.asp?ro=B88

 

Men hvilke skip som korresponderte kan være flere iflg denne linken (se piler i venstre felt)

http://www.norwayheritage.com/t_corresp.asp?id=7672

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være Lise og Selma i 1900? https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/MMPP-742?cc=1325221

Fødselsår og immigrasjonsår stemmer, men hun er oppført som enslig.

Ja det stemmer. Mannen John døde tidlegare i 1900. Eg har funne ho og dottra på folketeljingar slik:

 

1900 Washington Census: https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/MMPP-742?cc=1325221 (same som du har)

1910 Washington Census: https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/MGJZ-Q7F?cc=1727033

1920 California Census: https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/MHWM-B6C

1930 Washington Census: https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/XCQM-6NR?cc=1810731

 

Det er åra frå ho emigrerte til ho dukka opp igjen i Washington eg ikkje får spora (1888-1893). Eg har fått kontakt med etterkommar "over there" men dei er ikkje slektsgranskarar, og kan ikkje kaste lys over denne perioden.

 

Dette er kanskje ikkje forumet for å stille spørsmål om amerikanske register, men kanskje får eg lov å kome med eit hjartesukk: eg synes dei amerikanske registera er sprikande organisert, og ofte kostar det pengar, så ein stakkars hobby-slektsforskar stadig møter veggen. Eg har hatt stor glede av familysearch, geni og myheritage for å finne ledetrådar. Men eg vil gjerne sjå originaldokument, og verifisere sjølv, og det er der eg ofte møter veggen, med mindre eg altså vil betale "i dyre dommar". 

 

Nokon andre som har erfaringar med amerikanske register og kanskje kan anbefale eit godt forum der ein kan få hjelp?

Gunnvor :-)

Endret av Gunnvor Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det gamle arkivet virker ikke i kveld. Her er Emigranter fra det nye arkivet.

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/8/pe00000000679737

 

Hvis hun reiste over England var det ett skip som het  S/S Domino som gikk fra Bergen 7/4-1888 iflg. denne linken.

http://www.norwayheritage.com/p_route.asp?ro=B88

 

Men hvilke skip som korresponderte kan være flere iflg denne linken (se piler i venstre felt)

http://www.norwayheritage.com/t_corresp.asp?id=7672

Tusen takk, dette var supre linkar, der eg alt har funne immigrasjonsdata på ein av brørne til Lise :-) Lise har eg ikkje funne enno, men eg skal saumfare alternativa, så dukkar ho nok opp.

 

Eit anna spørsmål omkring Bergen utreisene: var det slik at passasjerane gjekk ombord i skipet på ulike dagar (altså at skipet låg til kai i fleire dagar, Lise er t.d registrert med utreisedato 5/4), og så segla det ein bestemt dag, td. 7/4 1888? Eg spør fordi eg har spora fleire norske emigrantar (syskena til Lise) og har sett at det ofte er emigrantar frå Hornindal registrert med datoar som ligg tett opptil kvarandre (2-3-4-5 dagar frå kvarandre). Eg har stussa på før at det kunne gå så mange skip ut frå Bergen...

Gunnvor :-)

Endret av Gunnvor Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.