Gå til innhold
Arkivverket

Mari Aamundsdotter (1796- ) frå Hafslo til Florø med barn og barneborn - ei skikkeleg utfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Mari Aamundsdotter frå Sogndal var gift to gongar i Hafslo.  Gjennom første ektemann fekk ho ei dotter Synneva som vart gift Helmers i Florø.  Denne huslyden vil eg komma attende til i eige tema.  Dette emnet gjeld andre ekteskapet hennar og er ei oppfølgjing av tema #77547 frå det gamle brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/162888-77547-maria-aamundsdotter-solvorn-f-1796-med-huslyd-fraa-hafslo-til-floroe-i-kinn/?hl=%2Baamund+%2Bsjurson) og samstundes ein hjarteleg takk til Egil for spennande og interessante innlegg frå den gongen, som eg diverre ikkje fekk følgt opp då!

 

Eg tek til med eit oppdatert utdrag av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Sjurson Solvorn, opphavleg frå Øvrebø, vart døypt 2.9.1804 og d. som husmann i Solvorn 20.7.1866.  Han gifte seg i Hafslo 5.12.1825 med enkja Mari Aamundsdotter, opphavleg frå Uri under Nes i Sogndal, ei dotter av husmannsdotteri Gjertrud Pedersdotter frå Tangen under Kvam på Hafslo (1759-1833).  Ho vart døypt i Sogndal 23.11.1796.  Ho hadde før vore gift med strandsitjar og skysskaffar Ole Johannesson på feste nr. 10 under Sjøtun (1798-1824), og den plassen tok Sjur over då han i 1825 gifte seg med Maria.  Men kring 1855 flytte huslyden til denne parsellen i Solvornstrondi.  Sjur, som til dagleg vart kalla ”Bjørga-Sjur”, livnærte seg stort sett som fiskar, men han og Mari er skrivne sjølveigarar på parsellen.  Sjur budde her levetidi ut.

Mari Aamundsdotter flytte visstnok som enkje kring 1868 til Florø, men den seinare lagnaden hennar er førebels ukjend.

 

##### (dødsfallet hennar?)

 

Sjur og Mari fekk fire born i lag:

 1. Ole Sjurson (1826-1893), fekk ta over heimen på Bjørgheim etter foreldri sine.

 2. Anna Sjursdotter, f. 14.11.1829,

Anna Sjursdotter flytte i ung alder til Florø i Kinn der ho vart konfirmert i 1845. 

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnad?)

 

 3. Sjur Sjurson, f. 4.8.1832,

Sjur Sjurson flytte i ung alder til Kinn der han ei tid var dreng hjå halvsøsteri Synneva og mann hennar på Florø prestegard, men elles livnærte han seg som fiskar.  Han d. ugift i Florø 15.6.1887.

 4. Aamund Sjurson, f. 25.7.1835,

Aamund Sjurson fekk både i 1855 og i 1860 attestar for å flytta til Kinn,

 

¤¤¤¤¤ (lagnaden hans??)

 

Ole Sjurson Solvorn, son av føregåande brukar og opphavleg herifrå Bjørgheim, var f. 25.6.1826 og gifte seg første gongen 5.7.1859 med Martha Christensdotter frå Bakken under Urnes.  Ho var f. 29.12.1828, men d. som strandsitjarkone i Solvorn 23.7.1873.  Ole gifte seg so att 23.3.1876 med enkja Gjertrud Rolandsdotter, opphavleg frå Urnes.  Ho var f. 3.1.1834 og d. som strandsitjarkone i Solvornstrondi 1.9.1891.  Ho hadde før vore gift med husmannssonen Peder Halvorson frå Åreskori under Kroken i Luster (1838-1864).  Ole og første kona Martha var først strandsitjarar på Sva under Sjøtun, men tok truleg over heimen hans på Bjørgheim kring 1870.  Ole var strandsitjar på Bjørgheim, men fekk heimel til parsellen då han vart skyldsett i 1892.

Som enkjemann flytte Ole Sjurson i 1892 til dotter si i Florø, Kinn, og der d. han som handelskar 2.8.1893.

Ole Sjurson fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet:

 1. Sjur Olson (1860-1929), vart gardbrukar og bakar på Tunet, Sjøtun (bnr. 2).

 2. Britha Olsdotter (1863-1864).

 3. Ole Olson. f. 16.4.1865,

Ole Olson

 

¤¤¤¤¤ (American name? - called Solvorn in passenger list!)

 

utvandra til Amerika i 1885 og

 

¤¤¤¤¤ (what did he do in America? – place of residence?)

 

¤¤¤¤¤ (kom attende og var tilstades då skiftet etter faren vart slutta i april 1894!!! – seinare lagnad??)

 

 4. Maria Olsdotter, f. 4.2.1869,

Maria Olsdotter flytte i ung alder til Florø der ho 17.3.1893 gifte seg første gongen med Gunder Elias Rasmusson Gundersen frå Florø, ein son av husmannsdotteri Karen Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo (1844-1891).  Gunder var f. i Florø 27.1.1870.  Gunder Gundersen dreiv skomakarverkstad i Florø der han d. 27.3.1898.  Maria gifte seg 17.2.1901 att i Nykyrkja i Bergen med Arent Olai Olson Batalden frå Batalden i Kinn.  Han var son av husmann Ole Michael Danielson på Fugløy under Batalden og kona Anna Cathrine Bergitte Arentsdotter frå Sunnarvik og f. i Kinn 2.12.1871.  Arent var skomakarsvein, og han og Maria vart buande i Florø der Maria d. 18.7.1947.  Arent Batalden d. same staden 23.2.1957.  Maria fekk i alt ti born, tre frå første ekteskapet, seks frå det andre og eitt som enkje mellom dei to:

a. Konrad Martin Gunderson Gundersen, f. i Florø 10.2.1893, d. i Florø 15.5.1896.

b. Karen Otilie Gundersdotter Gundersen, f. i Florø 29.3.1896, d. i Florø 17.12.1899.

c. Gunda Elise Gundersdotter Gundersen, f. i Florø 11.4.1898, d. i Bergen 18.11.1975.  Gunda gifte seg i Johanneskyrkja i Bergen 15.10.1921 med Reinhardt Olai Kaare Rasmusson Rasmussen frå Bergen, f. i Bergen 8.4.1896.  Han d. i Bergen 14.10.1926.  Reinhardt var maskinist, og han og Gunda budde i Bergen.  Dei fekk to born i lag.

d. Monrad Hansson Hellesen, son av Maria og skomakarsvein og seinare vaktmeister Hans Christianson Elde i Bergen (1868-1956), opphavleg frå Elde i Fjaler, var f. i Florø 24.9.1899 og voks opp som fosterson hjå telegrafbod Henrik Hellesen og kona Johanne i Florø.  Han d. i Florø 10.4.1964.  Monrad gifte seg hjå vigselsmannen i Florø 11.3.1944 med Herborg Elida Samsonsdotter Nærø frå Florø, f. i Florø 8.4.1909.  Ho d. i Florø 28.4.1978.  Monrad var lagerarbeidar, medan Herborg var reingjeringsassistent.  Dei budde for det meste i Florø og fekk ein son i lag.

e. Anna Karoline Arentsdotter Batalden, f. i Florø 17.7.1901, d. i Etne 14.4.1981.  Anna gifte seg i Domkyrkja i Bergen 25.7.1925 med Einar Reidar Albertson Ellingsen frå Bergen, f. i Bergen 21.5.1898.  Han d. i Bergen 22.3.1949.  Einar var garveriarbeidar og sidan transportarbeidar.  Han og Anna budde i Bergen, men vart skilde i 1928.  Dei fekk ei dotter i lag.

f. Sigvard Arentson Batalden, f. i Florø 16.2.1903, d. i Florø 29.7.1979.  Sigvard var skomakar og budde i Florø, ugift.

g. Otto Mathias Arentson Batalden, f. i Florø 28.9.1904, d. i Florø 24.3.1963.  Otto var postfunksjonær og sidan avdelingsleiar same staden.  Han budde i Florø og var likeins ugift.

h. Anton Arentson Batalden, f. i Florø 27.4.1906, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – gravlagd Florø – 27.5.1980)

 

     1980. 

 

     ¤¤¤¤¤ (biografi? – bus Rjukan 1957)

 

     ugift.

i. Karen Arentsdotter Batalden, f. i Florø 10.3.1908, d. i Florø 30.7.1974.  Karen var hushaldar og budde i Florø, òg ugift.

j. Toralf Arentson Batalden, f. i Florø 10.7.1913, d. i Florø 17.4.1914.

 5. Christian Olson (1871-1877).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kva eg manglar her, går fram av spørsmåli ovanfor.  Eg har ikkje gjort nye funn sidan dette emnet var oppe til drøfting før, so kvar det er vorte av desse folki er ganske so uvisst, men kyrkjebøkene for Florø er dels vanskelege å lesa og svære uoversiktlege, so der kan det gøyma seg verdifulle detaljar!

 

Eg krossar fingri og vonar på nye oppdagingar om denne huslyden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet der eg framleis står ganske so "fast", særleg når det gjeld lagnadane til Mari Aamundsdotter (1796-    ) frå Solvorn, dei to borni Anna Sjursdotter (1829-    ) og Aamund Sjurson (1835-    ) samt sonesonen Ole Olson (1865-    ), som alle truleg har vore "innom" Florø!?  Men kvar vart det av dei?  Døydde dei i Florø?  Eller flytte dei derifrå att og i tilfelle kvar?  Til Amerika_

 

Eg har oppdatert manuskriptet med dei siste opplysningane som Sven kom med i fjor og har for oversynet sin del ogso "innarbeidd" dei to borni som Mari hadde i første ekteskapet sitt

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Sjurson Solvorn, opphavleg frå Øvrebø, vart døypt 2.9.1804 og d. som husmann i Solvorn 20.7.1866.  Han gifte seg i Hafslo 5.12.1825 med enkja Mari Aamundsdotter, opphavleg frå Uri under Nes i Sogndal, ei dotter av husmannsdotteri Gjertrud Pedersdotter frå Tangen under Kvam på Hafslo (1759-1833).  Ho vart døypt i Sogndal 23.11.1796.  Ho hadde før vore gift med strandsitjar og skysskaffar Ole Johannesson på feste nr. 10 under Sjøtun (1798-1824), og den plassen tok Sjur over då han i 1825 gifte seg med Maria.  Men kring 1855 flytte huslyden til denne parsellen i Solvornstrondi.  Sjur, som til dageg vart kalla ”Bjørga-Sjur”, livnærte seg stort sett som fiskar, men han og Mari er skrivne sjølveigarar på parsellen.  Sjur budde her levetidi ut.

Mari Aamundsdotter flytte visstnok som enkje kring 1868 til Florø, men den seinare lagnaden hennar er førebels ukjend.

 

##### (dødsfallet hennar?)

 

Mari fekk i alt seks born, to frå første ekteskapet og fire frå det andre:

 1. Synneva Olsdotter, f. 24.10.1820,

Synneva Olsdotter flytte i ung alder til Florø i Kinn der ho 5.1.1847 gifte seg med Jens Bloch Helmers Pederson frå Florø, kjend som Jens Bloch Helmers.  Han var son av gardbrukar Peder Jensson Helmers i Florø, opphavleg frå Furesundet i KinnBatalden i Kinn, og kona Øllegaard Amle Paulsdotter Jæger frå Voss og f. i Kinn 6.8.1825.  Jens og Synneva var gardbrukarar i Florø der Synneva d. 17.2.1871.  Jens Helmers d. same staden 14.8.1898.  Dei fekk ni born i lag:

a. Olianne Margrethe Jensdotter Helmers, f. i Florø 18.2.1847, d. som enkje i Florø 6.8.1919.  Olianne gifte seg i Florø 2.5.1878 med Marcus Olson Skodden frå Skåden i Innvik, f. i Innvik 4.10.1840.  Han d. som sersjant på Solnes i Florø 29.7.1910.  Marcus og Olianne dreiv manufakturhandel i Florø der dei budde levetidi ut.  Dei var barnlause.

b. Petrine Ølgine Jensdotter Helmers, f. i Florø 15.11.1848, d. ugift i Florø 17.5.1867.

c. Peder Jensson Helmers, f. i Florø 3.1.1851, d. i Florø 10.1.1851.

d. Marie Helene Jensdotter Helmers, f. i Florø 20.1.1852, d. i Christiania 15.6.1915.  Marie gifte seg i Florø 12.6.1874 med enkjemannen Carl Henrik Edvard Jensson Schmidt frå Helleland, men f. i Skjervøy, Troms 25.4.1829.  Han d. som enkjemann i Christiania 17.5.1920.  Carl var dyrlækjar og hadde tidlegare m.a. vore busett i Molde, men flytte med Marie til Kongsberg og sidan til Moss.  Siste åri som pensjonistar budde dei so i Christiania.  Me kjenner til ti born etter Carl Schmidt; av dei var fire frå andre ekteskapet med Marie Helmers.

e. Bolette Malene Jensdotter Helmers, f. i Florø 5.12.1854, d. i Florø 23.4.1929.  Bolette gifte seg i Florø 21.6.1887 med Carl Olsen frå Lærdalsøyri i Lærdal, f. i Lærdal 14.8.1855.  Han d. i Florø 24.3.1894.  Carl Olsen var dampskipsrestauratør og sidan hotelleigar i Florø der han og Bolette budde levetidi ut.  Dei fekk fem born i lag.

f. Peder Olaus Jensson Helmers, f. i Florø 22.5.1857, d. i Florø 9.12.1933.  Peder Helmers gifte seg i Lærdal 11.11.1886 med Ragnhild Olsen frå Lærdalsøyri i Lærdal.  Ho var f. i Lærdal 3.3.1860 og d. i Florø 23.1.1945.  Peder Helmers var gardbrukar, hamnefut, skipsførar og losoldermann, og han og Ragnhild budde i Florø levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

g. Øllegaard Amalia Jensdotter Helmers, f. i Florø 16.2.1859, d. i Florø 15.4.1867.

h. Jens Bloch Severin Jensson Helmers, f. i Florø 26.1.1861, d. i Florø 12.5.1904.  Jens gifte seg første gongen i Florø 10.10.1881 med Anna Elisa Statiusdotter Strømstedt frå Tromsø, f. i Vadsø 6.6.1860.  Men Anna d. i Florø alt 29.12.1881.  So gifte Jens seg att i Florø 20.4.1896 med Hanna Constance, kjend som Constance Conradsdotter Gärtner.  Ho var f. i Trondheim 1.9.1867 og d. i Drøbak 4.11.1930.  Jens var sagbrukseigar, medan andre kona Constance var bilethoggar.  Dei budde i Florø.  Jens fekk i alt fem born, eitt frå første ekteskapet og fire frå det andre.

i. Lorents Andreas Jensson Helmers, f. i Florø 29.10.1863, d. som styrmann i Narvik 11.6.1912.  Lorentz utvandra til Amerika som hyresøkjande styrmann i 1895, men kom snart attende til Bergen der han 3.12.1900 gifte seg med Anne Helene Birgitte, kjend som Helene Arntsdotter Johannessen frå Enge i Etne, f. i Etne 2.4.1880.  Ho gifte seg att som enkje, men d. i Narvik 30.8.1916.  Lorents var styrmann, og han og Helene budde først ei tid i Bergen og sidan i Narvik.  Dei fekk ei dotter i lag.

 2. Amund Olson (1823-1824).

 3. Ole Sjurson (1826-1893), fekk ta over heimen på Bjørgheim etter foreldri sine.

 4. Anna Sjursdotter, f. 14.11.1829,

Anna Sjursdotter flytte i ung alder til Florø i Kinn der ho vart konfirmert i 1845. 

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnad?)

 

 5. Sjur Sjurson, f. 4.8.1832,

Sjur Sjurson flytte i ung alder til Kinn der han ei tid var dreng hjå halvsøsteri Synneva og mann hennar på Florø prestegard, men elles livnærte han seg som fiskar.  Han d. ugift i Florø 15.6.1887.

 6. Aamund Sjurson, f. 25.7.1835,

Aamund Sjurson fekk både i 1855 og i 1860 attestar for å flytta til Kinn,

 

¤¤¤¤¤ (seinare lagnad??)

 

Ole Sjurson Solvorn, son av føregåande brukar og opphavleg herifrå Bjørgheim, var f. 25.6.1826 og gifte seg første gongen 5.7.1859 med Martha Christensdotter frå Bakken under Urnes.  Ho var f. 29.12.1828, men d. som strandsitjarkone i Solvorn 23.7.1873.  Ole gifte seg so att 23.3.1876 med enkja Gjertrud Rolandsdotter, opphavleg frå Urnes.  Ho var f. 3.1.1834 og d. som strandsitjarkone i Solvornstrondi 1.9.1891.  Ho hadde før vore gift med husmannssonen Peder Halvorson frå Åreskori under Kroken i Luster (1838-1864).  Ole og første kona Martha var først strandsitjarar på Sva under Sjøtun, men tok truleg over heimen hans på Bjørgheim kring 1870.  Ole var strandsitjar på Bjørgheim, men fekk heimel til parsellen då han vart skyldsett i 1892.

Som enkjemann flytte Ole Sjurson i 1892 til dotter si i Florø, Kinn, og der d. han som handelskar 2.8.1893.

Ole Sjurson fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet:

 1. Sjur Olson (1860-1929), vart gardbrukar og bakar på Tunet, Sjøtun (bnr. 2).

 2. Britha Olsdotter (1863-1864).

 3. Ole Olson. f. 16.4.1865,

Ole Olson

 

¤¤¤¤¤ (American name? - called Solvorn in passenger list!)

 

utvandra til Amerika i 1885 og

 

¤¤¤¤¤ (what did he do in America? – place of residence?)

 

¤¤¤¤¤ (kom attende og var tilstades då skiftet etter faren vart slutta i april 1894!!! – seinare lagnad??)

 

 4. Maria Olsdotter, f. 4.2.1869,

Maria Olsdotter flytte i ung alder til Florø der ho 17.3.1893 gifte seg første gongen med Gunder Elias Rasmusson Gundersen frå Florø, ein son av husmannsdotteri Karen Pedersdotter frå Bakkane under Urnes i Hafslo (1844-1891).  Gunder var f. i Florø 27.1.1870.  Gunder Gundersen dreiv skomakarverkstad i Florø der han d. 27.3.1898.  Maria gifte seg 17.2.1901 att i Nykyrkja i Bergen med Arent Olai Olson Batalden frå Batalden i Kinn.  Han var son av husmann Ole Michael Danielson på Fugløy under Batalden og kona Anna Cathrine Bergitte Arentsdotter frå Sunnarvik og f. i Kinn 2.12.1871.  Arent var skomakarsvein, og han og Maria vart buande i Florø der Maria d. 18.7.1947.  Arent Batalden d. same staden 23.2.1957.  Maria fekk i alt ti born, tre frå første ekteskapet, seks frå det andre og eitt som enkje mellom dei to:

a. Konrad Martin Gunderson Gundersen, f. i Florø 10.2.1893, d. i Florø 15.5.1896.

b. Karen Otilie Gundersdotter Gundersen, f. i Florø 29.3.1896, d. i Florø 17.12.1899.

c. Gunda Elise Gundersdotter Gundersen, f. i Florø 11.4.1898, d. i Bergen 18.11.1975.  Gunda gifte seg i Johanneskyrkja i Bergen 15.10.1921 med Reinhardt Olai Kaare Rasmusson Rasmussen frå Bergen, f. i Bergen 8.4.1896.  Han d. i Bergen 14.10.1926.  Reinhardt var maskinist, og han og Gunda budde i Bergen.  Dei fekk to born i lag.

d. Monrad Hansson Hellesen, son av Maria og skomakarsvein og seinare vaktmeister Hans Christianson Elde i Bergen (1868-1956), opphavleg frå Elde i Fjaler, var f. i Florø 24.9.1899 og voks opp som fosterson hjå telegrafbod Henrik Hellesen og kona Johanne i Florø.  Han d. i Florø 10.4.1964.  Monrad gifte seg hjå vigselsmannen i Florø 11.3.1944 med Herborg Elida Samsonsdotter Nærø frå Florø, f. i Florø 8.4.1909.  Ho d. i Florø 28.4.1978.  Monrad var lagerarbeidar, medan Herborg var reingjeringsassistent.  Dei budde for det meste i Florø og fekk ein son i lag.

e. Anna Karoline Arentsdotter Batalden, f. i Florø 17.7.1901, d. i Etne 14.4.1981.  Anna gifte seg i Domkyrkja i Bergen 25.7.1925 med Einar Reidar Albertson Ellingsen frå Bergen, f. i Bergen 21.5.1898.  Han d. i Bergen 22.3.1949.  Einar var garveriarbeidar og sidan transportarbeidar.  Han og Anna budde i Bergen, men vart skilde i 1928.  Dei fekk ei dotter i lag.

f. Sigvard Arentson Batalden, f. i Florø 16.2.1903, d. i Florø 29.7.1979.  Sigvard var skomakar og budde i Florø, ugift.

g. Otto Mathias Arentson Batalden, f. i Florø 28.9.1904, d. i Florø 24.3.1963.  Otto var postfunksjonær og sidan avdelingsleiar same staden.  Han budde i Florø og var likeins ugift.

h. Anton Arentson Batalden, f. i Florø 27.4.1906, d. på Rjukan 6.6.1980. 

 

     ¤¤¤¤¤ (biografi? – bus Rjukan 1957)

 

     ugift.

i. Karen Arentsdotter Batalden, f. i Florø 10.3.1908, d. i Florø 30.7.1974.  Karen var hushaldar og budde i Florø, òg ugift.

j. Toralf Arentson Batalden, f. i Florø 10.7.1913, d. i Florø 17.4.1914.

 5. Christian Olson (1871-1877).

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kan det tenkjast at Anna Sjursdotter og/eller Aamund Sjurson fins nemnde som fadrar for borni til halvsløstery Synneva Helmers?

 

Eg takkar nok ein gong so mykje for alle gode tips som kan komplettera dette manuskriptet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No har eg sjølv kikka litt på fadrane til Helmers-borni i Florø, og eg finn:

 

* Peder Olaus døypt 14.6.1857 - mellom fadrane Omund Sjurson Florøe

 

* Jens Bloch Severin døypt 14.4.1861 - mellom fadrane Omund Sjurson "paa Florø"

 

* Lorents Andreas døypt 3.7.1864 - mellom fadrane Ole S. Solvorn

 

Det forundrer meg at Anna Sjursdotter ikkje er nemnd ein einaste gong, so eg har no òg lese gjennom dødsfallslistene for Kinn prestegjeld frå 1845 (da Anna vart konfirmert) og til og med 1865, men finn korkje Anna Sjursdotter eller Aamund (Omund) Sjurson avlidne i Kinn!

 

So, kvar er dei vortne av??

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har dessverre ikkje funne noko anna haldepunkt enn namn og nesten alder, men dette er i alle fall ein kandidat. Om det er feil, så kjenner du kanskje til den frå før.

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038248002053

 

Denne Anna Sjursdotter frå Luster er altså oppført som 40 år i 1865. Ho er gift og står oppført med fire barn, men ektemannen har emigrert i følge opplysningane ved tellinga.

 

Eit søk på dåpane til barna, viser at ektemannen er Tollev Danielsen/Davidsen Qvale.

 

Eg har søkt etter giftemålet i Bergen, men ikkje funne det.

 

Det kan godt vere at dette er feil dame, men det kan vere verdt å kikke nærmare på

 

Då fann eg giftemålet i Luster, Tollev Davidsen Qvale gift med Anna Sjursdtr Bringe. Då er vel det feil Anna.

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Luster, Ministerialbok nr. A 7 (1849-1859), Ekteviede 1849, side 144.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8401&idx_id=8401&uid=ny&idx_side=-146

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070305670002.jpg

 

 

 

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nytt innlegg!  Alderen til denne Anna Sjursdotter i Bergen var ikkje so langt unna, men jenta i Bergen var fødd på husmannsplassen Kjempeneset under Kvale i Luster.  Huslyden er spennande og vart omskriven i band II av Gards- og Ættesiga for Luster (1986), men den gongen med store manglar.  For oppdatering av manuskriptet mitt legg eg difor i kveld huslyden til Tollef og Anna ut som eige tema!

 

Eg har forresten blatt igjennom vigselsprotokollen for Kinn frå 1845 til 1865, men finn ingen Anna Sjursdotter som høver.  Eit mysterium!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har pløygd gjennom kommunikantprotokollen for registreringar under garden Florøe i 1845 og 1846. Anna Sjursdtr står oppført dagen etter konfirmasjonen, men etter det finn eg ho ikkje.

 

Eg skal leite meir i morga, for å sjå om ho kan ha flytta til ein annan gard i Kinn.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då har eg fått kikke litt grundigare i kommunikantprotokollen. I 1846 finn eg ho ikkje, men i september 1847 står ho igjen oppført under Florøe.

 

Eg tok eit kjapt søk i 1851, og finn ho der under Florøe i juni 1851.

 

Eit søk i 1856 viser at ho også bodde der i oktober det året.

 

I 1860 har eg ikkje funne ho, men eg har kun leita under Florøe (det er siste året eg har), men eg finn Aamund Sjursen der i mai og desember 1860.

 

Dersom vi ser bort frå at det kan vere tilfeldig at eg ikkje finn ho i 1860, så må ho då ha gifta seg, flytta internt i Kinn, eller ut av Kinn, eller døydd mellom 1856 og 1860.

 

Eg har tatt eit litt grundigare søk mellom 1856-1860 (men kun leita under garden Florøe), men eg har ikkje funne meir om Anna Sjursdtr. Eg fann derimot Aamund Sjursen innført i november  1856.

 

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for nytt spennande innlegg!

 

Då kan me altso slå fast at Anna Sjursdotter må ha butt i Florø meir eller mindre samanhangande fram til 1856, men kan du fortelja meg kva namn ho er nemnd under?  Står det Anna Sjursdotter Solvorn eller berre Anna Sjursdotter?

 

Då eg bladde igjennom vigslene i Florø frå 1845 til 1865, fann eg berre EI EINASTE Sjursdotter, og ho heitte òg Anna.  Ho gifte seg i 1855 med Mads Henrikson, og dei hadde båe namnet Trættevig (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6894&idx_id=6894&uid=ny&idx_side=-21).  I 1865 ser eg at desse budde på ein plass under Grøneng i Kinn (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1437&kenr=003&bnr=0027&lnr=000).  Men denne Anna ville vel ikkje vera opprekna i Florø...

 

Når det gjeld broren Aamund Sjurson, veit me at han flytte i 1855, men kvifor han fekk ny flytteattest i 1860, er eit "mysterium"  Han er siste gong nemnd som fadder i april 1861 og er ikkje å sjå nokon stad i FT1865!  Det er fristande å gissa at han i 1861 kan ha utvandra til Amerika...(?`)

 

Når du nemner kommunikantlistene frå Florø, såg du noko til hin broren Sjur Sjurson der?  Denne Sjur Sjurson har ikkje fått so mykje merksemd, for han vart jo buande i Florø levetidi ut.  Men han fekk aldri nokon flytteattest frå Hafslo!

 

Veit du forresten om det finst nyare kommunikantlister enn 1860 og kvar desse eventuelt kan vera?

 

Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for ei kjempemessig oppdaging!  Det må jo vera den rette Anna Sjursdotter du har finne, so no har du bidrege til å løysa ei av dei store flokene i dette emnet!

 

Her har me eit nytt døme på at me til no ikkje har leitt på "rette" staden!

 

Då oppstår sjølvsagt spørsmålet om kanskje ogso broren Aamund Sjurson kan ha vorte spedalsk, og likeins mori Mari Aamundsdotter, men eit raskt søk i digitalarkivet har førebels ikkje gjeve noko haldepunkt for at dette er ein stad å søka etter dei...

 

So, me lyt halda fram å leita til me finn den "rette" staden...

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Supert Jon. Så vart det også ei forklaring på dette mysteriet.

 

Svar til Lars innlegg nr. 12:

 

Anna står ikkje nemnd under anna namn enn Anna Sjursdtr registrert under garden Florøe. (Dette er altså kommunikantprotokollen for Kinn, der garden Florøe også inngår). Eg kjenner ikkje til at det finnes kommunikantprotokoller etter 1860. Den pliktige nattverden forsvann vel i siste halvdel av 1800-talet, og protokollføringa rann vel også ut i sanden.

 

Eg har reagert litt over kvifor Aamund Sjursen står oppført i 1856, for så å ikkje vere registrert igjen før i 1860. Med dei siste innspela i tanken, så kan det hende at han reiste til Bergen saman med søstera, for så å komme tilbake til Kinn/Florø i 1859/1860. Kan det vere at han har blitt avkrevd flytteattest i samband med eit eller anna då?

 

Eg har ikkje leita etter Sjur, men eg kan ta ein kikk.

 

Veldig kjapt søk på 1855 og 1860 gav ingen treff. Veit du når han kom til Kinn, og budde han på garden Florøe heile tida?

 

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegg frå i aftes!

 

Når det gjeld Aamund Sjurson, trur eg du har rett i tanken om at han må ha vore borte frå Florø mellom 1856/1857 og 1860, og at han då på ny flytte dit!  Kanskje var han heime i Solvorn att?  Eg veit ikkje...

 

Eg har sett litt på fadrane til dei fem borni som Ole Sjurson Solvorn fekk i Hafslo, og ser at både Sjur Sjurson og mori Mari Aamundsdotter opptrer som fadrar på alle dei tre eldste fram til våren 1865, medan dei to yngste (1869-1871) har heilt andre (utanforståande) fadrar!  Dette KAN tyda på at Sjur ikkje flytte til Florø før sommaren 1865, og mori er borte frå Hafslo kort tid etter!  Difor er eg særleg spent på om du finn Sjur Sjurson nemnd som kommunikant i Florø!?

 

Aamund Sjurson er ikkje fadder på nokon av borni til Ole Sjurson, so han er nok borte frå Hafslo "for godt" i 1860!

 

So kvar i all verdi kan det ha vorte av Aamund og mori?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje funne Sjur Sjursen i kommunikantprotokollane fram til 1860, men i og med at han var fadder i Luster, så er det vel lite truleg at han oppheldt seg i Kinn i same periode. Eg registrerer at det manglar registreringar av innflytte til Kinn mellom 1864 og 1871. Kanskje er han av dei som då ikkje er innført. Eg har ikkje "Flora-Minne" 2006 tilgjengeleg nett no, men det kunne vore artig å sett kva den har av opplysningar (om du ikkje allereie har sjekka).

 

mvh Egil 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for interessant og nyttig innlegg!

 

Eg har ikkje sett so nøye på kva som finst av innflytte til Kinn, men om du seier at peroden 1864 til 1871 manglar, so kan dette høva bra ogso med eit par andre personar som på den tidi skal vera flytte til Florø, og som eg heller ikkje har finne!

 

Elles trur eg me kan vera samde om at Sjur Sjurson må vera flytt til Florø i 1865.

 

So då sit me att med spørsmåli om lagnaden til Aamund Sjurson og mori Mari Aamundsdotter!?  Den som visste...?  Me har ikkje enno leitt på "rette" staden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når eg søkjer i FT 1875 på, fornavn: Am*, Etternavn: sj* | si*, Kjønn:  Mann, Født: 183*
 
då får eg fram 8 treff.
 
Då er det 2 stk eg "beit meg merkje i".  Han i Jondal, pga "rett" navn.  Pluss han i Tromsø frå Sogndal.

1. Amund Sjursen 1834 Jondal Sogn Strandebr. Pr. hf g Husmand uden Jord. Handelsmand. Kjøber ind Lands Varer saasom Smør m.m. og selger i Byerne Jondal: Mælen m Folketelling 1875 for 1226P Strandebarm prestegjeld

2. Amund Necolai Sivertsen 1834 Sognedal Bergen hf e Smedarbeider Tromsø: Grønne Gade m Folketelling 1875 for 1902P Tromsø prestegjeld

_______________________

Dette kan væra "eit skot i blinde", men har du ikkje andre Lars, så .....

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for nytt spennande innlegg!

 

Diverre lyt eg skuffa deg denne gongen:

 

* Aamund Sjurson Sogndalsfjæren, han som budde i Tromsø, var fødd i Sogndal og hadde andre foreldre, og

 

* Amund Sjurson i Jondal budde i Jondal ogso i 1865 med fødestad Jondal (då som Omund), og her er fødsli hans: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11682&idx_id=11682&uid=ny&idx_side=-54

 

So, ingen av desse høver, men eg set stor pris på freistnadane dine, Jon!  Du trefte jo "blink" på Anna Sjursdotter!

 

Og ein eller annan stad må jo "vår" Aamund Sjurson vera, om han då ikkje er utvandra til Amerika mellom 1861 og 1865....(?)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.