Gå til innhold
Arkivverket

Hugo Laurentius Hjorthøy (1855-1942) - frå Overretten i Christiania til fruktfarm i British Columbia - utvandringi? - kven var siste kona hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ei oppfølgjing av tema #76996 frå det gamle Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/162338-76996-overrettssakfoerar-hugo-laurentius-hjorthoey-i-sogndal-1855-huslyden-hans/?hl=%2Bhjorth%C3%B8y#entry1386160) der eg vonar at ny kunnskap no kan bidra med å endeleg løysa gåtene kring denne huslyden:

 

Hugo Laurentius Pederson Hjorthøy, son av byfogen i Kristiansand Peder Christian Hjorthøy og kona Elisabeth Marie Fabricius, var fødd i Tvedestrand 6.9.1855.  Han vart cand.jur. i 1878 og frå 1882 overrettssakførar, først i Sogndal og sidan i Christiania, men skal ifølgje ein biografi ha utvandra til Amerika i 1896 og slo seg der ned som fruktfarmar på Gambier Island utanfor Vancouver, BC der han døydde 8.12.1942.

 

Hugo var gift tre gongar:

 

* 1ste gongen i Hafslo 20.10.1882 med Pauline Johanne "Lina" Paulsdotter Gløersen, dotter av justissekretær Paul Irgens Gløersen og første kona Elisabeth Fredrikke Bergh og fødd i Christiania 23.7.1857, men oppvaksi hjå farbroren sorenskrivar Gerhard Gunnerus Gløersen i Hafslo.  Lina døydde i Sogndal 22.1.1885.  Dei fekk to søner; den eine døydde kort etter fødsli, medan hin (Christian) utvandra med far sin til Amerika.

 

* 2dre gongen i Christiania 1.5.1891 med Mathilde Elisabeth Paulsdotter Gløersen, ei halvsøster av første kona, fødd i Christiania 28.5.1871.  Kva som skjedde med denne andre kona, veit me ikkje!  Heller ikkje veit me om born etter dei!

 

* 3dje gongen i Vancouver, BC 18.9.1926 med Anna Mathilde Dohlin, fødd i "Drummond, Norway" (må vel vera Drammen!?) 29.4.1871.  Ho døydde i Burnaby, BC 29.9.1966.  Anna må ha vore "sambuar" med Hugo Hjorthøy alt då dei utvandra, for ho var mor til sonen Hugo Jr. fødd i BC 1897 eller 1898.

 

~~~~~~~~~~

 

Før eg går vidare med mine konkrete spørsmål om denne huslyden, lat meg attgje frå FT1921 frå Gambier Island, BC (http://interactive.ancestry.com/8991/1921_014-e002869846/8876779?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2fcgi-bin%2fsse.dll%3frank%3d1%26new%3d1%26MSAV%3d1%26gss%3dangs-c%26gsfn%3dHugo%26msbpn__ftp%3dNorway%26msbpn%3d5173%26msbpn_PInfo%3d3-%257c0%257c1652381%257c0%257c5173%257c0%257c0%257c0%257c0%257c0%257c0%257c%26msbpn_x%3dXO%26msbpn__ftp_x%3d1%26msrpn__ftp%3dBritish%2bColumbia%252c%2bCanada%26msrpn%3d5002%26msrpn_PInfo%3d5-%257c0%257c1652393%257c0%257c3243%257c0%257c5002%257c0%257c0%257c0%257c0%257c%26msrpn_x%3dXO%26msrpn__ftp_x%3d1%26uidh%3d008%26pcat%3dCANADIANCENSUS%26h%3d8876779%26db%3dCanCen1921%26indiv%3d1%26ml_rpos%3d1&ssrc=&backlabel=ReturnRecord):

 

Hjorthoy, Hugo  65  head  Nor  Nor  Nor  widowed  em. 1895  farmer

Dantha, Annie  49  head  Nor  Nor  Nor  single  em. 1895  kerogeress

Hjorthoy, Charles  37  head  Nor  Nor  Nor  married  em. 1895  farmer

Hjorthoy, Mary  22  wife  Eng  Eng  Eng  married  em. 1911

Hjorthoy, Lewis  3  son  BC  Nor  Eng

Hjorthoy, Mary  1  dau  BC  Nor  Eng

Martin, Helen  49  mo/law  Eng  Eng  Eng  married  em. 1911

Martin, Aggie  13  sis/law  Eng  Eng  Eng  em. 1911

Martin, May  5  sis/law  BC  Eng  Eng

 

Dei er førte som tre huslydar, Hugo i ein, Annie i ein og sonen med kone, born og svigermor i ein.

 

~~~~~~~~~~

 

So var det spørsmåli mine som eg står fast på:

 

* Kva skjedde med andre kona til Hugo Hjorthøy i Christiania, Mathilde f. Gløersen?  Døydde ho eller vart dei skilde?  Hadde dei born i lag?  Eg se at foreldri hennar framleis levde i Christiania i 1900, men dei ser ut til å vera borte før 1910.  Kanskje dødsmeldingane deira kan lokaliserast?

 

* Eg har søkt både høgt og lågt, men eg finn ikkje noki utvandring for Hugo og sonen Christian i 1896 (eller 1895, om det skulle syna seg vera rett år)!?  Er det augi mine som sviktar på ny?

 

* Er det mogeleg å identifisera tredje kona Anna Mathilde Dahlin eller Dahlen frå Drammen?  Kan henda utvandra ho i lag med Hugo?  Kanskje "stakk dei av" til Sverige eller ein annan stad for å komma seg over til Amerika?

 

* So kjem me ned til siste problemet, og det gjeld sonen Christian og kona hans, Margaretha eller Mary f. Martin.  Christian Hjorthoy var fødd i Sogndal 18.9.1883 og gifte seg i Vancouver, BC 5.12.1917 med Margaretha E. Martin, føddf i England kring 1899 og utvandra til Amerika i 1911.  Christian døydde i Vancouver, BC 12.2.1936 og arbeidde då som "janitor" på eit sjukehus i byen.  Han skal ha hatt fire born.  Margaretha gifte seg truleg att, men korkje ho eller borni deira ser eg noko meir til!  Eg har vore i kontakt med ætti til halvbroren Hugo Hjorthoy (Jr) og talte nettopp med enkja hans, ei sprudlande dame som 17.5. i år feira hundreårsdagen sin og som nettopp heldt på med å vaska troppi i stovehuset sitt i North Vancouver, BC!!  Ho fortalte at dei aldri hadde hatt nokon omgong med Christian eller huslyden hans, so ho visste ikkje noko om kvar dei hadde vorte av!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hugo Laurentius Hjorthoy

British Columbia Death Registrations, 1872-1986

birth: 6 September 1855 , Norway death: 8 December 1942 East Bay Gambier Island, British Columbia, Canada father: Christian Hjorthoy mother: Amelia Fabriceus spouse: Anna Mathilde Hjorthoy

 

Hugo Laurentius Hjorthoy

British Columbia Death Registrations, 1872-1986

birth: 17 October 1898 Gambier Island, British Columbia death: 5 January 1973 North Vancouver, British Columbia, Canada father: Hugo Laurentius Hjorthoy mother: Anna spouse: Lena Gudze

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gløersen, Mathilde Elisabeth,   f. 28 Mai 1873, Oslo tng_search_small.gif,   d. 1 Okt 1896

 

 

http://data.eidsvollsmenn.no/tng/getperson.php?personID=I15254&tree=Eidsvollsmenn


  Dahlen, Anna Mathilde,   f. 29 Apr 1872, Drammen, Buskerud tng_search_small.gif,   d. 29 Sep 1966, Burnbay, British Colombia, Canada tng_search_small.gif

 

http://data.eidsvollsmenn.no/tng/getperson.php?personID=I15238&tree=Eidsvollsmenn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hugo og Mathilde Elisabeth hadde ikke barn iflg.dødsfallprotokollen,nr 2889

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Dødsfallsprotokoll A 17 , 1895-1897, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27264/237/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090513380579.jpg

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Solveig for fine og nyttige opplysningar.

 

Eg ser av dødsmeldingi til Mathilde at ho døydde i Dresden i Tyskland og at mannen då alt var busett i Canada på den tidi, men om han utvandra i 1896 eller kanskje året før, får me ikkje vita...  Det var i alle fall ikkje seinare!

 

Biografien som tydeleg vart utarbeidd som ein del av Eidsvollsprosjektet, tykkjest vera noko unøyaktig på einskilde punkt, og det går ikkje fram om opphavet til Anna Mathilde Dahlen/Dahlin frå Drammen er kontrollert?  Men no har eg blatt igjennom fødde i Bragernes for 1871 og 1872, og eg fann ho, fødd 29.4.1872 som dotter av Lars J. L. Dahlin og Cecilie Bredesdotter (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5543&idx_id=5543&uid=ny&idx_side=-233)!

 

So då er det utvandringi som står att å finna på den norske sida av Atlanterhavet...

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no søkt på ny etter utvandringi til Anna Mathilda Dahlin frå Drammen, men ho er like "forsvunni" som Hugo Hjorthøy!  I samsvar med FT1921 frå British Columbia går mistanken min meir og meir i retning av at Hugo og Anna Mathilde må ha "stukke av" i lag, anten i 1895 eller i 1896.

 

Eg har forresten vanskar med å identifisera det svenske opphavet til far hennar:

 

Lars Johan Dahlin.  Han er ifølgje FT1875, FT1900 og FT1910 for Drammen fødd i Sverige anten 1843 eller 23.9.1844, og ein stad kjem fødestaden fram som SKÖVDE i Skaraborgs län.

 

Er det mogeleg å finna:

 

* Nøyaktig fødestad og eventuelt oppvekststad?

 

* Kva heitte foreldri hans?

 

Kona Cecilia Bredesdotter er tydeleg fødd i Drammen, men vigsli deira finn eg ikkje...

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er dødsfallet til Cecilie Bredesdatter: Nummer 90

 

Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Bragernes, Ministerialbok nr. II 7 (1885-1893), Døde og begravede 1891, side 389.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3513&idx_id=3513&uid=ny&idx_side=-373
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060516010373.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Finner denne Lars Johan født 23.09.1844 i Skövde Landsförsamling som kan være en god kandidat til Lars Johan Dahlin....

 

AID:v25360.b143.s275

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er flere feil i Eidsvollmennene: Mathilde Elisabeth ble født 28/5 1871,døpt i Trefoldighet menighet, og ikke født i 1873 http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=693&idx_id=693&uid=ny&idx_side=-35

 

Samme person ble gift 1/5 1891 Gml. Akerl, og ikke 1892 http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6228&idx_id=6228&uid=ny&idx_side=-129

Endret av Berit Knudsen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nye spennande opplysningar om Anna Mathilda Dahlin og foreldri hennar og til Berit for opprettingar!

 

Denne huslyden er etter kvart òg vorti ganske so komplett i manuskriptet mitt, og bortsett ifrå spørsmålet om utvandringi til Hugo og Anna Mathilde (1895 eller 1896?), som me truleg aldri kjem til å finna svar på(?), manglar eg no berre:

 

* Opphav og lagnad til Margaret Elizabeth Martin, kona til Christian Hjorthoy i Canada?

 

Om nokon har tips å komma med her, so hjarteleg velkomen.  Eg veit ikkje meir om huslyden hennar enn det som er teke med i innleiing!

 

Her kjem eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Pauline Johanne, kjend som Lina Paulsdotter Gløersen, dotter av justissekretær Paul Irgens Gløerson Gløersen og Elisabeth Fredrikke Paulsdotter f. Bergh, vart morlaus kort etter fødsli og kom som fosterdotter til Gerhard og Netta.  Ho var f. i Christiania 23.7.1857.

Lina Gløersen gifte seg i Hafslo 20.10.1882 med Hugo Laurentius Christianson Hjorthøy frå Kristiansand.  Han var son av byfogd Peder Christian, kjend som Christian Hugoson Hjorthøy i Kristiansand, opphavleg frå Mo i Telemark, og kona Elisabeth Marie Caspersdotter Fabricius frå Christiania, men f. i Tvedestrand, Holt 6.9.1855.  Hugo vart cand.jur. i 1878 og slo seg i 1882 ned som overrettssakførar på Bahus i Sogndal der Lina d. 22.1.1885.  Hugo flytte attende til Christiania der han 1.5.1891 gifte seg att med halvsøster hennar, Mathilde Elisabeth Paulsdotter Gløersen frå Christiania.  Ho var dotter av justissekretær Paul Irgens Gløerson Gløersen i Christiania og andre kona Birgitte Reinholdtsdotter Irgens frå Lesja og f. i Christiania 28.5.1871.  Ho d. under eit opphald i Dresden, Tyskland 1.10.1896.  Hugo Hjorthøy var ei tid overrettssakførar i Christiania, men utvandra til Amerika i 1896. 

 

##### (eller 1895?)

 

Han vart kring 1897 sambuande og gifte seg tredje gongen i Vancouver, B.C. 18.9.1926 med Anna Mathilda Larsdotter Dahlin frå Drammen, i Amerika kjend som Annie Dahlin.  Ho var dotter av murarsvein Lars Johan Larsson Dahlin i Drammen, opphavleg frå Skövde i Skaraborgs län i Sverige, og kona Cecilie Bredesdotter frå Drammen og f. på Bragernes i Drammen 29.4.1872.  Ho utvandra til Amerika i lag med Hugo i 1896. 

 

##### (eller 1895?)

 

Hugo og Anna slo seg ned som fruktfarmarar (”fruit farmers”) på Gambier Island, B.C. og budde der levetidi ut.  Hugo d. på Gambier Island, B.C. 8.12.1942, medan Anna Hjorthoy d. i Burnaby, B.C. 29.9.1966.  Hugo fekk i alt fire søner; av dei var desse to frå første ekteskapet med Lina Gløersen:

a. Christian Hugoson Hjorthøy, f. i Sogndal 18.9.1883, utvandra til Amerika med far sin i 1896 og d. i Vancouver, B.C. 12.2.1936.  Han gifte seg i Vancouver, B.C. 5.12.1917 med Margaret Elizabeth Martin, f.

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of her birth? – England about 1899 – emigrated 1911?)

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of her death?)

 

     Christian var òg ei tid fruktfarmar (”fruit farmer”) på Gambier Island, B.C., men han og Margaret flytte sidan til Vancouver, B.C. der Christian arbeidde som vaktmeister (”hospital janitor”).  Dei fekk fire born i lag.

b. Paul Hugoson Hjorthøy, f. i Sogndal 18.9.1884, d. i Sogndal 18.9.1884.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for spennande kommentar!  Denne vigselsattesten hadde eg i "kampens heite" oversett.  No er opplysningane komne på plass, og eg har ogso funne huslyden i FT1901 for Oxford, Oxfordshire, England samt fødsli til Marguerie i 4de kvartal 1899:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Name: Marguerite Elizabeth Martin

Registration Year: 1899

Registration Quarter: Oct-Nov-Dec

Registration district: Headington

Inferred County: Oxfordshire

Volume: 3a Page: 891

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Men, so var det datoen då....

 

Eg ser at mor hennar døydde alt i 1923 (https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/FLKJ-BLS), men faren ser eg ikkje noko meir til...

 

Me eg har funne vigsler for tre av søskeni til Margaret:

 

* Doris Martin Horne (f. 1901) (https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/JD82-5XP)

 

* William Ronald Martin (f. 1905) (https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/JD8X-776)

 

* Annie Winifred Martin Scott (f. 1908) (https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/JD8X-JJC)

 

Og dødsfallet til eldste søsteri:

 

* Doris Martin Horne (døydde 1960) (https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/FLTM-TK4)

 

Eg vil freista be om ein obituary....

 

Lenger kjem ikkje eg i denne omgongen...

Endret av Lars E. Øyane - Wackersberg - Bayern
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...

Thank you for this. I appreciate reading fascinating information about my family. 

 

Mark Hjorthoy

Vancouver, BC Canada

Endret av Mark Hjorthoy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.