Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Ivar S. Ertesvåg

Dokument frå 1594, Austefjorden i Volda

Recommended Posts

Ivar S. Ertesvåg

Eg er på leiting etter eit dokument frå 1594, med 12 segl av bønder frå Austefjorden i Volda.

Det einaste eg veit om dokumentet er at Lars Strømme i «Bumerke frå Sunnmøre», 1943,

http://www.nb.no/nbsok/nb/9af72018a0ca0671b5cb16d696d5aff8?index=0#285 viser 12 segl han har funne i 1594.

Det er bumerke nr. 8 (Johannes Guttormson Aurstad, s.282), 91 (Jon Knutsson (Skinnvik-)Botnen, s.288), 113 (Paul Jonsson Djupvik/Leirvågen, s.288), 215 (Rasmus Nilsson Fyrde, s.294), 216 (Jon J. Fyrde, s.294), 287 (Gullik Jonsson Indre Høydal, s. 298), 295 (Oluf Olsson Høydalsdal, s.300), 405 (Salmund E. Løfoll/Folla, s. 306), 485 (Knut L. Skinvik, s.310), 486 (Torberg J. Skinvik, s. 310), 527 (Bård Andersson Svarthammar/Hamre, s.312), 618 (Ottar Kolbeinsson Vike/Høydalsvik, s. 316)

I 1594 var truleg dette dei fleste oppsitjarane på sørsida av inste delen av Austefjorden (Aurstad ligg på nordsida). Strømme gjev ingen referansar, anna enn at han har brukt mykje tid på Statsarkiva i Trondheim og Bergen.  Eg har ikkje funne noko slikt dokument omtala i Volda-soga (Aarviknes, 1973) eller den nye Busetnadssoga (Kjelland m.fl.).  (Aarviknes har kopiert bumerka frå Strømme og brukar årstala i teksten – utan fleire opplysningar).

Eg reknar med at dei 12 segla kom frå eitt og same dokument, og at dei anten er vitne eller partar i ei sak. Altså tingsvitne, forlik/semje eller dom.

Det må vere eit «laust» dokument. Så langt eg veit, er det ingen dokument-seriar som byrjar så tidleg (lensrekneskap frå 1603, tingbok 1648). Med 12 vitne må det vere ei stor sak – eller så er det nokon som har gjort noko skikkeleg gale. Vanlegvis heldt det vel med 3-6 vitne.

Det skal vere eit arkiv etter Lars Strømme ved SAB. På nettet ligg ein kopi av eit oversyn http://archive.today/3zRO2   (henta frå soga.no, som krasja for eit par år sidan og berre delvis er gjenoppretta).   Boks 45 og 46 gjeld bumerke. Også i boks 8, del 3 er det «Diverse (Tingvitner, Bumerker) I – X»

Har de høve til å sjå etter i diplomsamling (e.likn.) etter eit slikt dokument , evt. Lars Strømme-arkivet, om der er spor/referanse ?

For ordens skuld: Eg har sett etter ved SAT, og dette dokumentet er ikkje der.

Share this post

Link to post
Share on other sites
Yngve Nedrebø

I tillegg til å bruke kilder ved statsarkivene, har Lars Strømme og hatt kontakt med folk på Sunnmøre som satt med gamle dokument. Han har fått hånd om en god del originaldokument, og en del av disse ligger i boks 52 i arkivet hans, men det er få eldre enn 1800, og ingen fra 1500-tallet, så langt jeg kan se.

Vi har sett gjennom de to boksene med bumerker, og det er en utgave av boken med bumerker, samt registre og en alternativ ordning av bumerkene. Det er ikke gitt kildeopplysninger.

Dokumentsamlingen til Statsarkivet i Bergen har ikke noe dokument fra 1594.

På 1920-tallet ble det laget avskrifter av svært mange gamle dokument i privat eie. Riksarkivet sitter med avskriftsamlingen som ble resultatet av dette. Kanskje den samlingen har avskrift av 1594-dokumentet, og har opplysninger om hvor dokumentet da var å finne?

Takk for innsats og svar. Eg skal høyre med Riksarkivet også.

Share this post

Link to post
Share on other sites
Ivar S. Ertesvåg

Riksarkivet fann ikkje dokumentet, men det var der no likevel:http://arkivverket.no/URN:db_read/db/63417/24/  (lagt ut i dag)

Det er rett nok ikkje ein original, men ei om lag halvparten så gammal avskrift, ved Sivert (Sjur) Aarflot (1759-1817).

Share this post

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.