Gå til innhold
Arkivverket
Berit Gullbekk

Historiske kart

Recommended Posts

Torbjørn Igelkjøn

Jordskifterettane sine saksarkiv er oppe og går att etter å ha vore nede ei tid, og no ser det ut som om dei gamle utskiftingskarta er komne på plass i skanna versjon. Lenke: http://wcarkiv.domstol.no/wcarkiv/kommunelist.wc?ID

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sol Høydalsvik Ulvestad

Frå 1860 åra og utover til etter 1900 var det utskifting av innmarka på mange gardar.

Det vart slutt på "teigblandinga" og bruka fekk samla innmarka i eit område.

I samband med dette, vart det oppteikna kart over alle "teigane" - med verdisetting på kvar teig - slik at utdeling av nyt jord skulle verte rettferdig. Eg har fått tak i nokre slike kart, men skulle gjerne hatt for fleire gardar i Gloppen (kommunenr. 1445)

Er det nokon som kan hjelpe meg å finne desse - reknar med at dei no ligg på nett. Skal bruke dei i samband med Stadnamnregistrering.

Endret av Sol Høydalsvik Ulvestad

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Når eg går inn på lenka i #2, og går inn på Gloppen får eg opp ei liste over alle gardsnummera (gnr). der det er registrert jordskiftesaker. Dersom eg går inn på f. eks. gnr. 2 får eg opp ei liste over jordskiftesakene på det gnr. Dersom eg klikkar på den eldste (1907) får eg opp dette:

http://wcarkiv.domstol.no/wcarkiv/saksinfo.wc?ID=144019070203

Ein veit framleis ikkje om dette er ei utskiftning eller ei anna sak, men ein ser at det høyrer til eit kart (nr. 141346). Dersom eg klikkar på lenka får eg fram ei side der eg må skrive inn ei epostadresse. Dersom ein gjer dette vil ein få ein epost med kartfila som vedlegg. Filene ser ut til å vere ganske store, frå eit par MB til over 10.

 

Dersom ein ynskjer å vite samanhengen mellom gardsnummer og namnet på garden kan ein f. eks. bruke matrikkelutkastet frå 1950, men ein må vere merksam på at gardsnummera kan vere endra sidan det på grunn av endringar i kommunegrenser o.l.

 

Elles inneheld saksarkivet utskiftingskart for både innmark og utmark. Ein vil finne att utdrag av utskiftningssakene i pantebøkene (sjå skanna tinglysingsdokument).

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sol Høydalsvik Ulvestad

Torbjørn Igelkjøn. Tusen takk for svaret over.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.