Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Bård André Skotheim

Bygdebøker for Bud, Hustad, Skotten

Recommended Posts

Bård André Skotheim

Hei jeg er ute etter en bygdebok eller historie om familie eller gården som kan gi meg litt informasjon av min slekt på skotten. 

 
Familietre fra Arvid Skotheim som er min far og til hans far og mor som er følgende:


 
far. SIVERT SIVERTSEN SKOTHEIM (Arvids far) ble født den 25 juni 1886, i Bud, Møre og Romsdal
Mor. ANNA OLSDATTER (Arvids mor) ble født den 10 november 1898, i Hustad, Bud, Møre og Romsdal
 
Bestefar. SIVERT EDVARD SIVERTSEN SKOTHEIM (Arvids bestefar) ble født den 10 desember 1864, i Bud, Møre og Romsdal
Bestemor. SIRIANNA ANDERSDATTER (Arvids bestemor) ble født den 4 april 1864, i Bud, Møre og Romsdal
Bestemor LISA JOHANSDATTER (Arvids bestemor) ble født den 27 desember 1871, i Hustad, Bud, Møre og Romsdal
Bestefar OLE MAGNUS JOHANSEN SKOTTEMSVOLD (Arvids bestefar) ble født den 15 desember 1869
 
Oldefar. SIVERT SIVERTSEN SKOTHEIM (Arvids oldefar) ble født ca. 1820
Oldemor. ERIKA ERIKSDATTER GODAL (Arvids oldemor) ble født ca. 1821
Oldefar. ANDERS PEDERSEN (Arvids oldefar) ble født ca. 1827, i Bud, Møre og Romsdal
Oldemor. SIRIANNA HANSDATTER (Arvids oldemor) ble født den 18 august 1822, i Lien, Hustad sokn, Bud, Møre og Romsdal
 
Det eldste navnet jeg har er 
INGEBRIGT INGEBRIGTSEN (Arvids tipp-tipp-oldefar) ble født ca. 1751. og hans kone
JOHANNA JOHANSDATTER (Arvids tipp-tipp-oldemor) ble født ca. 1758
 
Er det noen som har kjennskap til disse navnene?
 
 
Vet dere om disse er omtalt i deres bygdebøker?
Kan dere hjelpe meg? Det hadde jeg satt stor pris på!
 
Med vennlig hilsen
 
Bård Andre Skotheim

Share this post


Link to post
Share on other sites
Erling O. Hagerup

Det finst ikkje bygdebøker for Bud og/eller Hustad sokn.

 

Dei eldste du kjenner i denne slekta er Ingebrigt og Johanna. Du opplyser ingen kjelder, og heller ikkje kvar dei budde. Kan kjelda for fødselsåra vere FT1801?

 

Kan dei vere denne familien som i 1801 budde på «Lien»? (Også kalla Andorlien.) Dvs. Bollia - i Eide kommune etter 1890.

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01058426000725

Edited by Erling O. Hagerup

Share this post


Link to post
Share on other sites
Bård André Skotheim

Hei Erling! Takk for svar.

Jo det er denne familien du ser på din link.http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01058426000725

 

Gården finner jeg her på denne link: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01036783000223

 

Beklager men jeg kjenner ikke til begrepet "kjeder" som du refererer til, har liten kompetanse når jeg kommer til dette feltet, men syns det er veldig spennende.  Jeg har brukt en slektsforsker til å finne familietreet. Legger ved rapport over slekten hvis det kan hjelpe.

Takker så mye for at du tar deg tid til å svare.

 

Bård 

 

Det finst ikkje bygdebøker for Bud og/eller Hustad sokn.

 

Dei eldste du kjenner i denne slekta er Ingebrigt og Johanna. Du opplyser ingen kjelder, og heller ikkje kvar dei budde. Kan kjelda for fødselsåra vere FT1801?

 

Kan dei vere denne familien som i 1801 budde på «Lien»? (Også kalla Andorlien.  No – etter 1890 - Bollia i Eide kommune.)

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01058426000725

 

Slektskap for Arvid Sigbjørn Skotheim (2).pdf

Genealogirapport (3).pdf

Share this post


Link to post
Share on other sites
Erling O. Hagerup

Kjelda for ei opplysning er der opplysninga kjem frå eller er funne. Det kan vere eit dokument, protokoll, folketeljing, kyrkjebok m.m. Sjå nærare

 

https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Metode:Kildekritikk

 

Eg har sett på dei filene som du har lagt ut. Vil dette seie at du ikkje har andre opplysningar om Ingebrigt og Johanna enn det som går fram av folkteljinga 1801? (Det er greit å få opplyst kva du veit frå før for å unngå å skrive om noko som alt er kjent.)

Edited by Erling O. Hagerup

Share this post


Link to post
Share on other sites
Erling O. Hagerup

Du opplyser å ha liten kompetanse på dette feltet. Vil difor åtvare mot å bruke berre ei kjelde når det finst fleire. M.a. kan opplysningar i folketeljingar vere feil. Teljinga 1801 er ikkje noko unnatak. Eit døme: Hans Ingebrigtsen (person nr. 29 i den fila som du har lagt ut) er opplyst å vere fødd ca. 1795. Dette stemmer med opplyst alder 6 år i FT1801 - også den originale teljinga:

 

http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/58426/11/

 

Men kyrkjeboka opplyser at "Ingebret Liens" barn Hans vart døypt 4. søndag i advent 1790 (19.12.1790). Dvs. at Hans Ingebrigtsen var fødd 1790.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=17010&idx_id=17010&uid=ny&idx_side=-4

 

Fødselsåret 1790 stemmer også med folkteljinga 1865 som opplyser at Han Ingebrigtsen var 76 år.

 

Hans ingebrigtsen budde i 1865 på Vasenden. Han var då i sitt ekteskap nr. 2 med Mette Eriksdotter.

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038299000053

 

"Enkemand Hans Ingebrigtsen" på "Boldelie" (51 år) gifta seg med "Enke Mette Kjerstina Eriksdatter" på "Wasenden" (50 år) 27. mai 1842 etter ministerialboka (par nr. 6):

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038299000053

 

Etter klokkarboka for Hustad gifta dei seg 19. juni 1842 (nr. 3 s. 379):

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15684&idx_id=15684&uid=ny&idx_side=-106

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Bård André Skotheim

Hei Erling

Takk for veldig god informasjon!

Beklager hvis jeg var litt utydelig, men mente at jeg ikke har annen informasjon på de enn datoer. Trodde du mente annen informasjon utenom dette.

Det er ikke meg som har hentet ut informasjon vedrørende slektstreet, men det er et bestillingsverk.

Han har etter som jeg har skjønt kvalitetssikret informasjonen, men med hva aner jeg ikke. Det kan jeg høre med han. 

Kjenner du til noe informasjon vedrørende gården?

 

Bård

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Erling O. Hagerup

Først ein korreksjon av det siste innlegget mitt i går: Korrekt peikar til innføring av vigselen 27.05.1842 i ministerialboka (par nr. 6 s. 341 – Enkemand Hans Ingebrigsten Boldelie, son av Gmd. [= Gaardmand] Ingebrigt Ingebrigtsen Boldelie):

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2279&idx_id=2279&uid=ny&idx_side=-83

 

Om garden Bollia har eg ikkje slik kunnskap at eg kan gje nærare informasjon. Garden ligg no i Eide kommune. Så vidt eg kan sjå er garden enno ikkje omtala i Eidebøkene (og kjem vel seinare):

 

http://www.disnorge.no/genress/index.php?todo=visKategori&kid=104151

 

Spørsmål om denne garden kan også stillast i Slektsforum på DIS-Norge under Møre og Romsdal, Nordmøre, Eide kommune:

 

http://www.disnorge.no/slektsforum/viewforum.php?f=1551

 

Kan hende er det der større sjanse for at spørsmålet blir sett av lokalkjende som kan gje svar.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Erling O. Hagerup

Ved eit tilfelle oppdaga eg denne kunngjeringa frå 01.07.2011 om bygdebøkene i Eide kommune. Det er der opplyst at garden Bollia ville bli omhandla i Eideboka bd. 8 - som var venta å kome i handelen i 2013.

 

http://www.eide.kommune.no/artikkel.aspx?MId1=228&AId=423

 

Men så vart det hindringar:

 

https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Bibliografi:Eide_kommune

 

Meiner å ha sett i lokalavisa at arbeidet har starta opp att.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Erling O. Hagerup

Nei. Dette er Skotten (som ei tid var skrive Skotheim).Den låg i si tid under Mek tinglag (saman med gardane Godal/Guddal og Sandblåst i Bud Prestegjeld, Hustad sokn), sjå matrikkelen 1838:

 

http://arkivverket.no/URN:db_read/db/35487/129/

 

Bollia låg i Vågøy (Vaage/Vaagøe) otting (tinglag), i si tid også skrive Boldelie/Boldelid/Boldelien (eller Lien), sjå matrikkelen 1838 (nytt matr. nr. 1) med Hans Ingebrigtsen som brukar:

 

http://arkivverket.no/URN:db_read/db/35487/99/

 

Skal du google desse stadene i dag for å finne kvar gardane låg, må du bruke namna Skotten og Bollia (+ kart).

 

 

Edited by Erling O. Hagerup

Share this post


Link to post
Share on other sites
Bård André Skotheim

Spennende, så da fins det litt info om dem, det får jeg prøve å spore opp, takker og bukker.

 

Bård

Share this post


Link to post
Share on other sites
Erling O. Hagerup

Eg veit ikkje om dei spørsmåla som er reist i dette tema har fått sine svar. Så vidt eg forstår etterlyser du bygdebøker eller andre framstillingar med informasjon om slekta på Skotten (i Hustad sokn).

 

Garden Skotten ligg i noverande Fræna kommune som har ein bygdebokforfattar i arbeid. Dei bygdebøkene som til no har kome ut, er for andre stader i kommunen. Skal du finne opplysningar om slekt frå Hustad sokn i dag må du helst gå til primækjelder som folketeljingar, kyrkjebøker, arveskifte, skattelister m.m. Skulle du i denne samanheng møte problem som du treng hjelp til å løyse, er det truleg mest tenleg å stille heilt konkrete spørsmål om kva du treng hjelp til.

 

Slekta di frå Skotten har (som normalt) sine røter frå fleire gardar, m.a. Bollia (no i Eide kommune). Gardshistorie for Bollia ser ut til å komme i nær framtid. Då vil du nok også kunne få opplysningar om fleire generasjonar tilbake i tid, m.a. foreldra til din 3. tippoldefar ingebrigt Ingebrigtsen (f. ca. 1751) og Johanna f. ca 1758.

 

Som illustrasjon på kva du sjølv kan finne i kjelder tilgjengelege på nettet, kan nemnast:

 

Far til Ingebrigt Ingebrigtsen (din 3. tippoldefar f. ca 1751) - altså din 4. tippoldefar - hadde det same namnet, Ingebrigt Ingebrigtsen, og han budde også på Bollia då han døydde (etter det eg kan sjå budde han der frå ca. 1766). Din 4. tippoldefar Ingebrigt døydde i 1791 og vart gravlagd 3. søndag i faste (27. mars) 1791 ("Engebret Lien"), 67 år:

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16072&idx_id=16072&uid=ny&idx_side=-194

 

Om alderen 67 år var korrekt i 1791 kan han ha vore fødd ca. 1724.

 

Ingebrigt Ingebrigtsen (f. ca 1724) var gift med Marit Olsdotter. Dette går fram av arveskiftet etter Marit som starta på Bollia ("Boldelien") 16. oktober 1771. Det er opplyst at buet vart skifta mellom "Enkemanden Ingebregt Ingebregtsen" og desse borna: (1) Ingebrigt Ingebrigtsen 19 år, (2) Ane Ingebrigtsd. 15 år, og (3) Gjertrud Ingebrigtsd. 12 år.

 

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24618/627/

 

Marit Olsdotter ("Marit Ols D: Boldelie") døydde i 1770 og vart jordfesta 9. desember 1770 ("Dominica Advent. IIda" = 2. søndag i advent) på Hustad kyrkjegard. Kyrkjeboka opplyser at ho døydde 56 år gammal. Ho kan i så fall ha vore fødd rundt 1714.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16072&idx_id=16072&uid=ny&idx_side=-187

 

I tilfelle du skulle ha interesse av heile slekta - og ikkje berre slekt i rett oppstigande line® - vil du finne slekt på fleire gardar. Av folketeljinga 1801 for "Lien" går det fram at din tipp-tipp oldefar Hans (person nr. 29 i slektstavla) hadde fleire søsken. Men han hadde fleire søsken enn det du finn der, m.a. ein bror Peder som ikkje var på Bollia i 1801. Ein annan bror av Hans, Johan (som er nemnt i FT 1801 på "Lien"), gifta seg 20. januar 1811 i Kvernes kyrkje med Sissel Olsdotter Eide. Johan vart då ført inn i kyrkjeboka med "Johan Ingebrigts Andorlien".

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16097&idx_id=16097&uid=ny&idx_side=-112

 

Johan (og Sissel) busette seg på garden Eide som er omhandla i Eideboka bd. 4 (2002).

 

Din 3. tippoldefar Inngebrigt Ingebrigtsen (f. 1751 etter FT 1801) døydde på Bollia i 1815 og vart jorda på Hustad kyrkjegard 19. mars 1815.

Han er ført inn i kyrkjeboka med namnet "Ingebrigth Ingebrigths. Lien" (Lien = Bollia). Etter det opplyste i kyrkjeboka døydde han 62 år gammal.  (Om denne alderen var korrekt, var han fødd ca. 1753.) Sjå kyrkjeboka for Bud prestegjeld, skanna utgåve s. 362, nedst på venstre spalte:

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16072&idx_id=16072&uid=ny&idx_side=-211

 

Arveskifte etter din 3. tippoldefar Ingebrigt vart halde på Bollia 22. mars 1815. På skiftet er det opplyst at det vart skifta mellom hans "Enke Johanna Hans Datter" (feilskrift for Johansdotter) og "den Afdødes i 2de. Ægteskab avlede Børn". Ingebrigt hadde altså vore gift tidlegare. På skiftet er desse borna nemnde:

 

Frå første ekteskap: (1) Peder, myndig, (2) Marthe gift med "Halvord Pedersen Sandviig", (3) Inger gift med "Erich Gudmundsen" på Nordmøre.

 

Frå ekteskap nr. 2: (1) Johan, gift og busett på garden Eide på Nordmøre, (2) Ingebrigt, gift og busett på Nordmøre, (3) Hans, (4) Synnøve gift med Svend Nielsen Dyrhaug på Nordmøre, og (5) Elen, ugift, 20 år.

 

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24623/283/

 

I sitt første ekteskap var Ingebrigt gift med Synnøve Pedersdotter (ca. 1749-1783). Dei gifta seg 10. juli 1774. Ingebrigt vart då skriven med gardsnamnet Andorlien.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16072&idx_id=16072&uid=ny&idx_side=-139

 

Ingebrigt og Johanna gifta seg 18. juli (6. søndag etter trinitatis) 1784 ("Enkemand Engebret Engebretsen Lien" og "Pigen Johanna Johans D: Ekren"):

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16072&idx_id=16072&uid=ny&idx_side=-144

 

 

Edited by Erling O. Hagerup

Share this post


Link to post
Share on other sites
Bård André Skotheim

Dette er jo helt fantastisk!

Da har du finnet ny slekt Marit Olsdotter (f.ca. 1714) og Ingebrigt Ingebrigtsen (f.ca. 1724) Dette var spennende! Ja han som har sett i mitt slektstre tatt alle søsken osv. med for de første ledd.

Men jeg ønsket å komme så langt tilbake i tid som mulig, så da gikk han kun etter far og mor alle ledd etter det. Er det som jeg syns er mest spennende. Først komme så langt som mulig tilbake og deretter finne historie på den enkelte. Da er det vel enklere å finne sammenheng med gaarder og slikt.

Er jo mye spennende som har skjedd på skotten, både med kongsgaard og annen spennende historie. Hvem vet kanskje har forfedrene kjøpt deler av en kongsgaard. Selv om akkurat det er veldig søkt:)

Takk for mye god og spennende informasjon!!! Det gjorde dagen min!

 

Bård

 

 

Eg veit ikkje om dei spørsmåla som er reist i dette tema har fått sine svar. Så vidt eg forstår etterlyser du bygdebøker eller andre framstillingar med informasjon om slekta på Skotten (i Hustad sokn).

 

Garden Skotten ligg i noverande Fræna kommune som har ein bygdebokforfattar i arbeid. Dei bygdebøkene som til no har kome ut, er for andre stader i kommunen. Skal du finne opplysningar om slekt frå Hustad sokn i dag må du helst gå til primækjelder som folketeljingar, kyrkjebøker, arveskifte, skattelister m.m. Skulle du i denne samanheng møte problem som du treng hjelp til å løyse, er det truleg mest tenleg å stille heilt konkrete spørsmål om kva du treng hjelp til.

 

Slekta di frå Skotten har (som normalt) sine røter frå fleire gardar, m.a. Bollia (no i Eide kommune). Gardshistorie for Bollia ser ut til å komme i nær framtid. Då vil du nok også kunne få opplysningar om fleire generasjonar tilbake i tid, m.a. foreldra til din 3. tippoldefar ingebrigt Ingebrigtsen (f. ca. 1751) og Johanna f. ca 1758.

 

Som illustrasjon på kva du sjølv kan finne i kjelder tilgjengelege på nettet, kan nemnast:

 

Far til Ingebrigt Ingebrigtsen (din 3. tippoldefar f. ca 1751) - altså din 4. tippoldefar - hadde det same namnet, Ingebrigt Ingebrigtsen, og han budde også på Bollia då han døydde (etter det eg kan sjå budde han der frå ca. 1766). Din 4. tippoldefar Ingebrigt døydde i 1791 og vart gravlagd 3. søndag i faste (27. mars) 1791 ("Engebret Lien"), 67 år:

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16072&idx_id=16072&uid=ny&idx_side=-194

 

Om alderen 67 år var korrekt i 1791 kan han ha vore fødd ca. 1724.

 

Ingebrigt Ingebrigtsen (f. ca 1724) var gift med Marit Olsdotter. Dette går fram av arveskiftet etter Marit som starta på Bollia ("Boldelien") 16. oktober 1771. Det er opplyst at buet vart skifta mellom "Enkemanden Ingebregt Ingebregtsen" og desse borna: (1) Ingebrigt Ingebrigtsen 19 år, (2) Ane Ingebrigtsd. 15 år, og (3) Gjertrud Ingebrigtsd. 12 år.

 

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24618/627/

 

Marit Olsdotter ("Marit Ols D: Boldelie") døydde i 1770 og vart jordfesta 9. desember 1770 ("Dominica Advent. IIda" = 2. søndag i advent) på Hustad kyrkjegard. Kyrkjeboka opplyser at ho døydde 56 år gammal. Ho kan i så fall ha vore fødd rundt 1714.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16072&idx_id=16072&uid=ny&idx_side=-187

 

I tilfelle du skulle ha interesse av heile slekta - og ikkje berre slekt i rett oppstigande line® - vil du finne slekt på fleire gardar. Av folketeljinga 1801 for "Lien" går det fram at din tipp-tipp oldefar Hans (person nr. 29 i slektstavla) hadde fleire søsken. Men han hadde fleire søsken enn det du finn der, m.a. ein bror Peder som ikkje var på Bollia i 1801. Ein annan bror av Hans, Johan (som er nemnt i FT 1801 på "Lien"), gifta seg 20. januar 1811 i Kvernes kyrkje med Sissel Olsdotter Eide. Johan vart då ført inn i kyrkjeboka med "Johan Ingebrigts Andorlien".

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16097&idx_id=16097&uid=ny&idx_side=-112

 

Johan (og Sissel) busette seg på garden Eide som er omhandla i Eideboka bd. 4 (2002).

 

Din 3. tippoldefar Inngebrigt Ingebrigtsen (f. 1751 etter FT 1801) døydde på Bollia i 1815 og vart jorda på Hustad kyrkjegard 19. mars 1815.

Han er ført inn i kyrkjeboka med namnet "Ingebrigth Ingebrigths. Lien" (Lien = Bollia). Etter det opplyste i kyrkjeboka døydde han 62 år gammal.  (Om denne alderen var korrekt, var han fødd ca. 1753.) Sjå kyrkjeboka for Bud prestegjeld, skanna utgåve s. 362, nedst på venstre spalte:

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16072&idx_id=16072&uid=ny&idx_side=-211

 

Arveskifte etter din 3. tippoldefar Ingebrigt vart halde på Bollia 22. mars 1815. På skiftet er det opplyst at det vart skifta mellom hans "Enke Johanna Hans Datter" feilskrift for Johansdotter?) og "den Afdødes i 2de. Ægteskab avlede Børn". Ingebrigt hadde altså vore gift tidlegare. På skiftet er desse borna nemnde:

 

Frå første ekteskap: (1) Peder, myndig, (2) Marthe gift med "Halvord Pedersen Sandviig", (3) Inger gift med "Erich Gudmundsen" på Nordmøre.

Frå ekteskap nr. 2: (1) Johan, gift og busett på garden Eide på Nordmøre, (2) Ingebrigt, gift og busett på Nordmøre, (3) Hans, (4) Synnøve gift med Svend Nielsen Dyrhaug på Nordmøre, og (5) Elen, ugift, 20 år.

 

I sitt første ekteskap var Ingebrigt gift med Synnøve Pedersdotter (ca. 1749-1783). Dei gifta seg 10. juli 1774. Ingebrigt vart då skriven med gardsnamnet Andorlien.

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16072&idx_id=16072&uid=ny&idx_side=-139

 

Ingebrigt og Johanna gifta seg 18. juli (6. søndag etter trinitatis) 1784 ("Enkemand Engebret Engebretsen Lien" og "Pigen Johanna Johans D: Ekren"):

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=16072&idx_id=16072&uid=ny&idx_side=-144

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Inge Nygård

Marthe Olsdtr. var frå Rem i Valldal. Skiftet etter Ole Olsen Rem frå 1775 nemner m.a. dottera "Marthe Olsdatter forhen boende paa en Gaard i Bue Kald i Romsdahlen ved navn Andor Lied som er død og efterladt sig 3 børn, 1 søn og 2 døttre, hvis navn de tilstædeværende ej kunde angive...": http://arkivverket.no/URN:sk_read/24566/102/

 

Mannen hennar heitte Ingebrigt Amundsen (ikkje Ingebrigt Ingebrigtsen som det står i skiftet etter ho).og var frå Mølsæter i Geiranger. Marthe og Ingebrigt vart gifte i Sunnylven 1749 (langt nede på høgre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnylven i Norddal, Ministerialbok nr. 519A01 /2 (1736-1760), Kronologisk liste 1749, side 159.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=17005&idx_id=17005&uid=ny&idx_side=-41
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070830640426.jpg

 

Her er trulovinga i Norddal same året:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Norddal i Norddal, Ministerialbok nr. 519A01 /1 (1736-1760), Kronologisk liste 1749, side 67.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15967&idx_id=15967&uid=ny&idx_side=-71
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070830640332.jpg

 

Dette var det tredje ekteskapet til Ingebrigt, som på denne tida var brukar på garden Ringdal i Sunnylven. Han hadde ei dotter frå første ekteskap, i tillegg til borna med Marthe Olsdtr.

 

Sonen Ingebrigt Ingebrigtsen (eller "Engelbrigt Ringdalens barn Ingebrigt") vart døypt 7.5.1752 i Sunnylven (øverst på høgre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnylven i Norddal, Ministerialbok nr. 519A01 /2 (1736-1760), Kronologisk liste 1752, side 167.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=17005&idx_id=17005&uid=ny&idx_side=-49
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070830640434.jpg

 

Skiftet etter Peder Amundsen Gjørvad frå 1802 nemner halvbroren Ingebrigt Amundsen Andorlid, som er død og har etterlatt seg sonen Ingebrigt Ingebrigtsen Andorlid samt 3 døtre (eller deira arvingar): http://arkivverket.no/URN:sk_read/24592/122/

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Erling O. Hagerup

Dette var både overraskande og svært gledeleg! Eg har i lang tid stått bom fast i spørsmålet om kvar Ingebrigt og Marit kom frå. Manntalet for ekstraskatten 1762 viser at dei ikkje var i Bud prestegjeld på den tida. Eg har leitt og leitt, utan resultat, i nærliggjande prestegjeld. Til slutt måtte eg berre leggje det ”på vent”. Eg er difor svært glad for å ha fått løysinga no! (Ingebrigt og Marit er også mine 4. tippoldeforeldre -  gjennom dottera Ane.)  Eg gler meg til å studere nærare dei tilvisingane som du gjev.

Det er rett at eg ikkje hadde andre kjelder for farsnamnet til Ingebrigt (gift med Marit) enn det opplyste på skiftet etter Marit. Ut over dette har eg ikkje funne han omtala med farsnamn – berre Ingebrigt Lien/Ingebrigt Boldelien. Det var godt å få også dette korrigert. Igjen: Mange, mange takk!!
 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Bård André Skotheim

Dette er jo helt fantastisk! Mye god informasjon, så bra at det var så oppklarende!

Og gøy Erling at vi er i beslekning med våre forforeldre! Finner du ut noe lengre bakover så hadde det vært supert om du kunne delt det med meg:)

 

Bård

Share this post


Link to post
Share on other sites
Inge Nygård

Bygdeboka for Sunnylven og Geiranger nemner Ingebrigt Amundsen på Ringdal bnr. 5 (Bøen) (s. 345-346). Her er borna nemnt, og som det står der, hadde Ingebrigt ei dotter frå kvart av dei to første ekteskapa. Det står ikkje nemnt noko om kvar familien vart av, men opplysninga om at Ingebrigt døydde i 1762 (79 år gamal!) er ein openberr feil: http://www.nb.no/nbsok/nb/86ce2130d273e7a66bbf0c5dc7d3649f?index=0#345

Meir om Ingebrigt Amundsen sine aner kan ein finne under Mølsæter på sidene 474-475.

 

Eg har elles hatt eit innlegg i ein debatt på DIS-slektsforum der Ingebrigt Amundsen var tema: http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=120638

Her ser eg at eg har funne Ingebrigt Amundsen (og Marit Olsdtr.) på Bolli ved ekstraskatten i 1764: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49638/152/

 

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Erling O. Hagerup

Igjen: Mange takk for god hjelp, Inge!

 

Då ser det ut til at Ingebrigt Amundsen og Marit Olsdotter må ha kome til Bollia (matr. nr. 681) ein gong i åra 1762 – 1764 (april), i og med at dei ikkje er nemnde der i oktober 1762:

 

http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47828/122/

 

 

I ekstraskatten oktober 1762 er Ingebrigt og Marit ikkje lenger på Ringdal. (Kanskje er det grunnen til at bygdeboka opplyser at Ingebrigt døydde dette året?) Derimot var då Ole Larsen og kona Ragnhild brukarar på Store Ringdal.

 

http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49637/228/

 

Etter bygdeboka (s. 346) fekk Ole Larsen i 1761 bygsel på Bøen som Ingebrigt og Marit tidlegare hadde brukt.

 

http://www.nb.no/nbsok/nb/86ce2130d273e7a66bbf0c5dc7d3649f?index=0#347

 

 

Dette synest å kunne tyde på at Ingebrigt og Marit flytta frå Bøen under Ringdal seinast 1761/1762.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Erling O. Hagerup

Dersom spørsmålet i innlegg 20 gjeld slekt i Norddal prestegjeld, er svaret for mitt vedkomande: Nei. I alle fall ikkje enno.

 

Å komme lenger tilbake i tid enn bygdeboka, vil normalt vere krevjande. Forfattaren har som regel oversikt over tilgjengelege kjelder.

 

Eg er kjent med at andre meiner å ha kome lenger tilbake, m.a. på denne heimesida som viser til ei slektsbok frå 1965:

 

http://home.online.no/~otjoerge/etterlys/mikkel/f2549.htm

 

Med grunnlag i den nemnde slektsboka er det der stilt opp slektsliner heilt tilbake til 1400-talet. Eg har ikkje sett i denne boka. Eg veit difor ikkje om det i tilfelle måtte finnast kjeldegrunnlag for ei slik slektstavle, eller om det i stor grad er basert på synsing og gjetting. Men i utgangspunktet er eg svært skeptisk til ei slektsline som er ført så langt tilbake i tid. Slektsgransking i mellomalderen reiser dessutan særlege problem som eg ikkje har kunnskap nok til å våge å gje meg ut på. Kan hende har andre på dette forumet betre kjennskap til denne boka.

 

I tilfelle behov for meir hjelp om slekt frå Norddal, er det kan hende best å lage eit nytt emne om dette med konkrete opplysningar om kven du etterlyser (t.d. foreldra til NN), og om geografisk område. Det er slett ikkje sikkert at personar som kan gje hjelp om slekt frå Norddal også les dette emnet som etter emnetittelen gjeld bygdebøker for Bud prestegjeld.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.