Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Harald L. Bakke

MR: Oppslag i Bygdebok for Hjørundfjorden - Viddal

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Eg treng hjelp til oppslag i bygdebok for Hjørundfjorden under garden Viddal.

Det gjeld to familiar :

1.  Østen Østensen gm  Anne Thorsdtr.

 

2.  Hans Larsson gm. Gullau Østensdtr.

 

Her er familiane ved FT-1801  http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=f18011522&gardpostnr=52&personpostnr=919#nedre

 

Kva står det om dei i bygdeboka ?

Edited by Harald L. Bakke

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Ser at Østen (Øystein?) Østensen har en sønn Nils i 1801. Kan dette være samme Nils Østensen, gift med Brit Jonsdatter og far til Østen (Øystein) Nilsen Viddal, født 1810, d. 1896?

 

http://www.geni.com/people/%C3%98ystein-Viddal/6000000004009427268

 

Her er dåpen til Østen - 31.05.1810:

Møre og Romsdal fylke, Hjørundfjord, Ministerialbok nr. 515A02 (1765-1818), Fødte og døpte 1810-1811, side 252-253. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15965&idx_id=15965&uid=ny&idx_side=-110
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070830620657.jpg

 

Østen Nilsen med familie i 1865: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01038283001617

 

Dødsfallet til enkemann Østen Nilsen i 1896:

Møre og Romsdal fylke, Hjørundfjord i Hjørundfjord, Ministerialbok nr. 515A07 (1886-1910), Døde og begravede 1896, side 220. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=43870&idx_id=43870&uid=ny&idx_side=-185
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10051107120186.jpg

 

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Inge Nygård

Dette er henta frå bygdeboka vedrørande Viddal, bnr. 6 (Hansgarden):

 

6) 1763-1794    Hans Larsson Hellebostad, Gullauggarden, Sunnylven, f ca. 1715, d 1795. G 1761 m Gullov Østensd Hole, Sunnylven, f 1742, d 1807. Skifte.

 

Hans bygsla 1 v, avteke til 2 p 21 3/9 mk. Med dette kom det nye folk i Hansgarden, som også fekk namn etter denne brukaren. Enkja Anne skulle ha fritt hus hjå han, og han skulle fostre yngste sonen hennar, Knut. Sønene hennar var gjerne for unge til å våge seg til med gardsdrift. Hans la i "frivillig" skattegåve 1773-77 16 s, i 1778 8 s.

 

Av 6 born voks 3 opp: 1) Siri, f 1770, g til Myrhol. 2) Hans, f 1773, sjå nedafor. 3) Steffen, f 1778, til Ner-Saure, husm. 

 

 

7) 1794-1842   Hans Hansson Viddal, f 1773, d 1855. G 1794 m Brite Olsd Ytre-Bjørdal, Sunnylven, f 1772, d 1834. Skifte

 

[Her hoppar eg til det som er nemnt om borna]

 

Av 9 born voks 5 opp: 1) Gunnhild, f 1798, g til Ytre-Urke, bnr 4. 2) Eli, f 1800, g 1829 m Bernt Olsson Urke, Skår. 3) Oline Marte, f 1804, g til Leira, bnr 1. 4) Hans, f 1808, sjå nedafor. 5) Anna, f 1814, tente heime i 1835.

 

 

Underståande er om Viddal, bnr. 10 (Ystengarden):

 

3) 1779-1801  Øystein Øysteinsson Hole, bnr 1, Sunnylven f 1748 d 1831. G 1781 m Anne Torsd Nord-Brekke, f ca. 1745 i Sunnylven, d 1825. Skifte.

 

Her har me atter eit døme på sunnylvsfolk som kom og fann seg ein ledig gard på Viddal. Østen eller Ysten, som han gjekk under i daglegtalen, gav namn til Ystengarden. Han bygsla 1 p 12 mk og gav førre brukarar kår mot å erve dei. i 1801 budde der 5 menneske, og Ysten stod framleis for drifta. Brit Knutsdotter tente dei. Året etter stod bruket i 1 p 19 1/2 mk, verdsett til 94 rd, mot 177 rd på bnr 1 og 2. Etter det skulle sånad og fodnad vere godt halvparten av tala me finn for Rasmusgarden. Som kårmann la Ysten i sylvskatt til NB i 1816 2 1/2 rbd og skaut inn 6 1/2 spd.

 

Dei hadde berre sonen Nils, f 1783, sjå nedafor.

 

Skifte 1825: Aktiva 40-0-5. Passiva 10-0-12. Netto 29-4-17. Som kårfolk hadde dei 2 kyr, 1 geit, 2 sauer. 1 stove 8 d. I NB 2-2-12. Uteståande 9-0-21. Inkje sjøreiskap og svært lite elles.

 

4) 1801-1815  Nils Øysteinsson Viddal, f 1783, d 1815. G 1807 m Brit Jonsd Rekkedal, bnr 1, f 1784. Sjå nedafor.

 

[Her hoppar eg til det som er nemnt om borna]

 

Born: 1) Anne, f 1807, g 1835 m husm Anders Paalsson Myklebust, Ørsta, f 1802. Born. 2) Øystein, f 1810, sjå nedafor 3) Anne Elisabet, f 1813, g til bnr 1.

 

Med Brit Knutsd Aarset hadde Nils dottera Brit Andrine, f 1803, g 1831 m Lars Martinus Gudmundsson Sandvik, Borgund. 

Edited by Inge Nygård

Share this post


Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Hjerteleg takk for hjelpa Inge!  :D

 

 

 

Edited by Harald L. Bakke

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.