Gå til innhold
Arkivverket

Når døydde Sille Toresdotter, Kristoffer Ebbesen og Anne Dortea Ebbesen - Solør og Østfold?


Per S. Nestande
 Del

Recommended Posts

Eg søker informasjon om tre medlemmar av familien Ebbesen frå Solør.

 

Prokurator Hans Christian Ebbsen og kona Berte Marie Augustiniusdotter Dahl i Hof i Solør fekk saman 9 barn mellom 1766 og 1778. Av desse kom sonen av same namn, løytnant Hans Christian Ebbesen, til Østfold og vart eigar til teglverket Nabbetorp i Fredrikstad. Han var to gonger gift og fekk 14 barn. Familien hans og familien til dei fleste barna har eg oversikt over. 

 

Derimot manglar eg informasjon om ei dotter, ei svigerdotter og eit barnebarn:

 

1. Dottera ANNE DORTHEA EBBESEN døypt 7.2.1776 , Hof. Som det framgår av innlegg her i Brukarforumet skulle ho ha gifta seg på Toten i 1801, men dette ekteskapet vart det ikkje noko av. Ho er stadig ugift da skiftet etter morfaren vart starta i 1805 og budde da i Fredrikstad hjå broren Hans Christian. Er det nokon som veit når og kvar ho døydde?

 

2. Sonen Augustinus AUGUSTINIUS EBBESEN var døypt 8.5.1770  i Hof og døydde 2.9.1834 på Gleng i Tune, han var sersjant, men flytta frå Hof etter økonomiske problem ein gong etter 1813. Han er nemnt husamnn da han døydde i 1834. Han var g.29.12.1794  m. SILLE TORESDOTTER f.ca. 1778 (ho er sagt å vere 23 år ved folketeljinga i 1801 da familien budde på Løvåsen i Hof i Solør). Eg kjenner ikkje sikkert opphavet henner og eg har ikkje funnet dødsfallet hennar. Er det nokon som veit når og kor Sille døydde?

 

3. Augustinius og Sille døyper 7 barn i Hof mellom 1795 og 1809. Den yngste sonen var KRISTOFFER EBBESEN som var døypt 8.10.1809  i Hof i Solør. Er det nokon som kjenner lagnaden hans, om han var gift og når og kor han døydde?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan dette være den Sille Toresdatter du leter etter, nummer 4?

 

Kildeinformasjon: Østfold fylke, Borge, Ministerialbok nr. I 3 (1815-1836), Døde og begravede 1819, side 203-204.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7445&idx_id=7445&uid=ny&idx_side=-105
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061016010470.jpg

 

 

Opphavet til Sille?

 

https://familysearch.org/pal:/MM9.1.1/NWTC-58Z

 

 

Kildeinformasjon: Hedmark fylke, Hof, Ministerialbok nr. 3 (1750-1789), Kronologisk liste 1778, side 580-581.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9159&idx_id=9159&uid=ny&idx_side=-294
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603280005.jpg

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fantastisk kjapt svar! 

 

Det er må vere riktig Sille Marie som døyr i 1819.

 

Takk også for tilvisinga til dåpen. Eg har rekna Sille Maria døypt 1778 som ein sannsynleg kandidat. Men, eg har ikkje sett henne nemnt anna enn Sille ved giftemålet og når barna blir døypt og eg heller ikkje hatt andre aldersoppgåver enn 1801-teljinga. Dette var litt for tynt til å konkludere. Ut i frå at ho er nemnd Sille Maria ved gravferda er det vel sannsynleg at ho er identisk med ho som blir døypt i 1778 jamvel om alderen - 44 år - ikkje er heilt nøyaktig.
 

Tusen takk skal du ha!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk til deg Berit for informasjon om skiftet.

 

Det er nytt for meg at Augustinius var gift to gonger.

 

Dottera heitte Karen, kalt Kaja.

 

Takk igjen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.