Gå til innhold
Arkivverket

Kristian Bertin Ødegaard (1885-1914) - frå Hafslo til Nesna og Andenes - kvar vart det av dei foreldrelause døtrene hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Randi for nytt interessant innlegg!  Eg rekna nesten med at du var "på veg" gjennom kyrkjebøkene frå Nesna, so eg venta på denne "rapporten", men det er berre so synd at Ane Jacobia ikkje var å finna...  Men, ho kan sjølvsagt ha levd etter 1933...

 

Finst det ei bygdebok for Nesna?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det finnes bygdebøker for Nesna, men de inneholder bygdas/sognets historie og ikke gårds og slektsoversikter/historie.

Likevel kan du finne historier om noen personer, gårder, steder og øvrighetspersoner.

 

Nesna Sogn fram til 1800, utgitt 1996

 

Nesna 1800-1920, fra prestegjeld til kommune, utgitt 1998.

 

Forfatter Øyvind Jenssen

 

 

Kan Kirkevergen i Nesna ha opplysninger om ev dødsfall/begravelse etter 1933?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som har lege "i dvale" sidan før jul.  Eg har i mellomtidi ikkje finne nye "element" som kan løysa problemet!

 

For å summera opp - her er siste versjon av manuskriptet for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kristian Bertin Kristianson, son av Boletta og skomakarsvein Kristian Jensen i Bergen (1861-    ), var f. i Bergen 29.12.1885, men voks opp som fosterbarn på Øygarden (Bjørnetun øvre) og vart konfirmert derifrå i 1901.

Kristian Ødegaard flytte i ung alder til Bergen og derifrå til Nesna i Nordland der han i 1910 var skoflikkar og budde på plassen Bjørnvollen under Ekren.  Han gifte seg i Andenes, Dverberg 16.6.1912 med Anna Marie Kristine Edvardsdotter Ekren frå Ekren i Nesna.  Ho var dotter av husmann og dagarbeidar Edvard Andreas Edvardson på Bjørnvollen under Ekren, opphavleg frå Bergsnov i Nesna, og kona Ane Jacobia Andersdotter frå Rydså i Hemnes og f. på Bardal i Nesna 29.4.1882.  Kristian og Anna busette seg på sjølve Andenes i Andenes der Kristian livnærte seg som dagarbeidar.  Han d. på Andenes 5.4.1915.  Anna Ødegaard d. på Haugnes i Andenes 22.12.1916.  Dei fekk to døtrer i lag:

a. Agnes Emilie Kristine Kristiansdotter Ødegaard, f. på Andenes 19.9.1911,

 

     ##### (lagnaden hennar? – tydeleg ikkje oppvaksi på Andenes! - kvar vart ho av?)

 

b. Borghild Emilie Kristine Kristiansdotter Ødegaard, f. på Andenes 3.4.1913, d. på sjukehuset på Stokmarknes i Hadsel 4.3.1994.  Borghild gifte seg første gongen i Skjervøy 30.11.1939 med enkjemannen Karl Johan Sedolf Christianson Angell, opphavleg frå Storelv i Skjervøy, f. i Skjervøy 6.8.1874.  Han d. i Skjervøy 23.1.1963.  Karl gifte seg første gongen i Kornstad, Kvernes 9.10.1901 med Teolina Larsdotter frå Rangønes i Kornstad, f. i Kornstad 15.3.1877.  Ho d. på Langnes i Skjervøy 19.6.1935.  Karl var fiskar, og han og Telina budde først i mange år som plassfolk i Klauvsundet under Størnes i Kornstad, Kvernes, men flytte sidan attende til Langnes i Skjervøy der ogso Karl vart buande med Borghild til ho reiste derifrå att i 1950-åri, og Karl flytte inn hjå eine dotter si på sjølve Skjervøy.  Borghild flytte alt p[ 1950/talet attende til Andenes og hadde fleire sambuarar, men gifte seg so att på Andenes 31.12.1988 med Romar Fridleif Ferdinandson Hansen frå Andenes, sidan kjend som Romar F. Ødegård.  Han var f. på Andenes 12.3.1930 og d. på Andenes 9.1.2000.  Romar var arbeidar, og han og Borghild budde på Andenes.  Borghild fekk tre born, alle fødde før første ekteskapet, medan Karl Angell hadde fire born frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Problemet er altso lagnaden til Agnes Emilie Kristine Ødegaard, fødd på Andenes 19.9.1911!?

 

Då mor hennar døydde i 1916, levde det utanom vetlesøsteri berre ein einaste (nær) slektning, mormori:

 

Ana Jacobie Andersdotter, fødd i Hemnes 11.8.1845, var i 1916 truleg busett som enkje på Bjørnvollen i Nesna, men dødsfallet hennar er so langt ikkje finne i Nesna innan utgongen av 1933.  Heller ikkje kan me sjå at Agnes vart konfirmert i Nesna, so dersom Agnes voks opp hjå mormori, so var dei flytte derifrå før 1925!

 

Men like truleg er det kanskje at Agnes voks opp på ein lokal barneheim i nærleiken av Andenes?

 

Eg vonar det er mogeleg å finna svaret på denne gåten og takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.