Gå til innhold
Arkivverket

Silla Marie Wilhelmsdotter (1860-1936) og Karl August Petersson (1865-1940) - huslyden deira i Örnsköldsvik/Umeå, Ångermanland i Sverige


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av dette temaet frå 2011 (http://forum.arkivverket.no/index.php?app=forums&module=post&section=post&do=reply_post&f=6&t=170848), som eg ønskjer å gje ein ny og meir dekkande titel, med von om å kalla på merksemdi til "svenske-ekspertane" våre...:

 

Eg tek til med ein oppdatert status for den delen av huslyden som kort etter 1900 flytte frå Finnmark til Ångermanland, Västerbottens län i Sverige:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Cecilia Marie Wilhelmsdotter, f. i Kinn 18.12.1860, flytte med mor si til Hafslo kring 1867 og voks opp her.

Silla Marie Wilhelmsdotter vart kring 1890 sambuande og gifte seg i Hörnefors nær Umeå i Västerbottens län i Sverige 6.12.1927 med August, kjend som Karl August Petersson frå Hyltan i Vissefjärda, Kalmar län i Sverige.  Karl August var son av jenta Christina Maria Carlsdotter på Hyltan i Vissefjärda, Kalmar län i Sverige, opphavleg frå Sillhövda i Blekinge län, Sverige, og f. i Vissefjärda, Kalmar län i Sverige 13.8.1865.  Karl August var smed og kopparslagar, og han og Silla flytte kring 1890 til Nordland og budde ei tid i Nordfold før dei i 1891 flytte til Steigen.  Sidan var dei i kortare periodar busette i Bjørnskinn, i Ibestad og i Berg på Senja før dei i 1899 busette seg i Vardø.  Karl August livnærte seg nokre år som fiskar, men kort etter hundreårsskiftet flytte dei visstnok til Nord-Sverige, og Karl August arbeidde på ny som kopparslagar. 

 

¤¤¤¤¤ (kvar budde huslyden mellom 1900 og 1920? – folketeljingi Sverige 1910?)

 

Frå 1920 var dei busette på Kylören i Hörnefors, Umeå i Västerbottens län, Ångermanland i Sverige der Silla d. 23.7.1936.  Karl August Petersson d. same staden 18.12.1940.  Dei fekk fire born i lag:

 

a. Anna Kristine Karlsdotter Petersson, f. i Nordfold 27.9.1891, d. på Norrbyn i Hörnefors, Umeå, Västerbottens län i Sverige 3.4.1928.  Anna gifte seg i Nordmaling, Västerbottens län, Sverige 18.8.1918 med Erik Magnus Nilsson, f. på Stugun i Jämtlands län, Sverige 12.8.1882.  Han d. i Hörnefors, Umeå i Västerbottens län, Sverige 28.1.1959.  Erik var sagbruksarbeidar, og han og Anna budde på Norrbyn i Hörnefors, Umeå i Västerbottens län, Sverige.  Dei fekk fem born i lag, men Anna hadde òg ein son utanfor ekteskap.

 

b. Karl Petter Karlsson Petersson, f. i Bjørnskinn 22.5.1894, d. i Falun, Kopparbergs län i Sverige 25.8.1959.  Karl Petter flytte med foreldri til Hörnefors, Umeå i Västerbottens län i Sverige der han livnærte seg som

 

      ¤¤¤¤¤ (yrke?)

 

     Han var ugift.

 

c. Signe Karlsdotter Petersson, f. i Ibestad 18.3.1897, d. i Selånger, Sundsvall, Västernorrlands län i Sverige 1.3.1969.  Signe gifte seg i Hörnefors, Umeå i Västerbottens län, Sverige 21.5.1929 med Fredrik Vilhelm Alexander, kjend som Alex

 

     ¤¤¤¤¤ (førenamnet til far hans?)

 

     Eriksson, f. i Umeå 1.5.1893.  Han d. i Anundsjö, Örnsköldsvik i Västernorrlands län, Sverige 12.10.1960.  Alex var

 

     ¤¤¤¤¤ (yrket hans?)

 

     og han og Signe budde i Umeå, Västerbottens län i Sverige. 

 

     ¤¤¤¤¤ (fleire bustader?)

 

     Dei fekk

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – minst to søner?)

 

     born i lag.

 

d. Sigurd Karlsson Petersson, f. i Berg på Senja 6.11.1899,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1900 – lagnad? – truleg avliden i Sverige i ung alder…)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eit stort spørsmål er om denne huslyden kan finnast i folketeljingi for Sverige frå 1910 (eller andre år)?  Den eldste dotteri Anna Kristine fekk sitt første barn Ragnar Alexander i Själevad ved Örnsköldsvik i Ångermanland i Sverige i 1910, so eg trur heile huslyden må vera flytt dit FØR 1910,  Men i 1920 var foreldri på Hörnefors ved Umeå!

 

Er det mogeleg å finna svar på nokon av dei spørsmåli som framleis står opne om denne huslyden?  Kan ein eller annan av "svenske-ekspertane" våre bidra med tips?

 

Eg takkar so mykje på førehand!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser i HFL Hörnefors-AIIa-5-1913-1929 at Silla Marie er meldt innflyttet fra Hafslo 30.11.1920, og sønnen Karl Petter er meldt innflyttet fra Bjørnskinn samme dato.

Mannen August er meldt innflyttet fra Vissefjärda 09.11.1920.

 

I in- och utflyttningslängd 1913-1924 for Hörnefors er datteren Signe også meldt innflyttet samme dato.

 
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for svært spennande og utfordrande innlegg!

 

Dette at huslyden ikkje er innført som flytt før i 1920 og då direkte frå fødestaden eller siste REGISTRERTE bustad i Noreg, tolkar eg slik at dei rett og slett har vore "på farten" og ikkje er innskrivne andre styader i mellomtidi!  Like fullt veit me at dei MÅ ha vore i Sverige alt kring 1910 og truleg ein god stund før!

 

Finst det ikkje et folketeljing for Sverige frå 1910 som kan gje oss svar?  Eller kva med Anna Kristine og sonen hennar fødd i 1910 nær Örnsköldsvik?

 

Dette problemet ser ganske so interessant ut...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

 

Pettersson

Sweden, Baptisms, 1611-1920

birth: 7 October 1904 Jämtland, Sweden death: 7 October 1904   residence: 1904 Jämtland, Sweden father: Karl Pettersson mother: Cecilia Maria Vilhelmsdr

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hej, 1904 är dom i Myssjö, Jämtland - SCB utdrag ur födelseboken

Har inte letat om dom finns i församlingsboken också.

 

Statistiska Centralbyrån (SCB) - samlingspost, Utdrag ur födelse-, vigsel- och dödböcker 1860-1949, SE/RA/420401/01/H 1 AA/1420 (1904), bildid: A0030662_00266

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hej, 1904 är dom i Myssjö, Jämtland - SCB utdrag ur födelseboken

Har inte letat om dom finns i församlingsboken också.

 

Statistiska Centralbyrån (SCB) - samlingspost, Utdrag ur födelse-, vigsel- och dödböcker 1860-1949, SE/RA/420401/01/H 1 AA/1420 (1904), bildid: A0030662_00266

Her er utsnittet fra fødselsboken:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann Mary, Ulla og Sven for overraskande og spennande innlegg!  Eg er imponert over siste funnet frå Myssjö i Jämtland.

 

Det er vel ganske so sikkert at Karl August og Silla har "vandra" ein god del før dei omsider i 1920 slo seg ned i Hörnefors ved Umeå, og me fiínn dei neppe "folkeregistrert" nokon stad korkje i Noreg eller Sverige melom 1890 og 1920!

 

MEN; kyrkjebokinnførsli frå Myssjö i Jämtland frå 1904 hadde ein interessant merknad om mannen, "från Hastad i Norge".  Eg vil tru Hastad er feilskrive for HARSTAD.  Om dette er rett, må parfolket ha flytt frå Vardø til Harstad, og då kan det tenkjast at dei òg har etterlete seg spor der?  Kanskje ein eller fleire konfirmantar?  Kanskje dødsfallet til unge Sigurd?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Fra Sveriges dødbok 1901-2013:

 

19101029-1639

Nilsson, Ragnar Alexander

Rönningsg 22 A
813 00 Hofors
(Boendeadress 1 nov 1970)

Död 13/1 1974.

Kyrkobokförd (1971) i Hofors, Hofors kn (Gävleborgs län, Gästrikland). Mantalsskriven (1971) på samma ort.

Född 29/10 1910 i Själevad (Västernorrlands län, Ångermanland).

Frånskild man (7/11 1958).
--------------

 

Hilsen Kari
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er utklipp av forsamlingsbok Nordmaling 1917-1927,Håkanäs s. 947.

Anna Kristina står her innflyttet fra Norge 3/8 1918.

De har barn f. i Nordmaling 1914 og 1916.

 

Hilsen Kari

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann Mary, Ulla og Sven for overraskande og spennande innlegg!  Eg er imponert over siste funnet frå Myssjö i Jämtland.

 

Det er vel ganske so sikkert at Karl August og Silla har "vandra" ein god del før dei omsider i 1920 slo seg ned i Hörnefors ved Umeå, og me fiínn dei neppe "folkeregistrert" nokon stad korkje i Noreg eller Sverige melom 1890 og 1920!

 

MEN; kyrkjebokinnførsli frå Myssjö i Jämtland frå 1904 hadde ein interessant merknad om mannen, "från Hastad i Norge".  Eg vil tru Hastad er feilskrive for HARSTAD.  Om dette er rett, må parfolket ha flytt frå Vardø til Harstad, og då kan det tenkjast at dei òg har etterlete seg spor der?  Kanskje ein eller fleire konfirmantar?  Kanskje dødsfallet til unge Sigurd?

 

Så vidt jeg kan se, er barna til Karl August og Silla født på 1890-tallet, og dersom de flyttet fra Harstad i 1904 og siden oppholdt seg i Sverige, så vil barna vel neppe være konfirmert der? Jeg finner ingen avdøde Sigurd som passer med sønnen til Karl August og Silla i blant døde i Trondenes kirkebok 1899-1908 (søkbar i DA). Det er en Sigurd, død 1905, Harstad, men han heter Torgersen.

 

Grethe  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kari og Grethe for nye utfordrande innlegg om denne "vandrande" huslyden!

 

Eg lyt berre trekka på smilebandet når eg ser at Anna Kristine Karlsen skal vera "frå Havslo i Norge"; truleg har jenta aldri vore i Hafslo, og ikkje var ho fødd der heller!  Men, som eg før har vore inne på; truleg var ikkje nokon i denne huslyden "folkeregistrerte" nokon stad dei åri dei var "på farten", so dei svenske styresmaktene gjekk attende til "siste registrerte bustad" eller eventuell "fødestad"...

 

Tanken min med Harstad som stad for konfirmasjon, var at kanskje Anna Kristine, fødd 1891, kunne ha vore konfirmert i Harstad i 1905, 1906 eller 1907, men eg har bladd gjennom konfirmantlistene utan å finna nokon som høver.  Og ikkje er vesle Sigurd registrert der som avliden heller....

 

Det ser ikkje ut til å vera noki enkel sak å kartleggja denne huslyden for perioden frå kring 1905 til kring 1915/20, men eg set stor pris på dei tapre freistnadene dykkar.  Elles hadde det sikkert òg vore til hjelp å finna sjølve dåpen til Ragnar Alexander i Själevad i 1910...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Hei!

Jeg har sett gjennom fødselsboken for Sjelevad 1910 (SSB utdrag) og ikke funnet Ragnar født/døpt der.

Sveriges dødbok har opplysninger om at han er født der, men foreldrene kan ha flyttet videre før sønnen ble døpt.

 

I dopsboken for Myssjø er det ingen henvisning til husforhørsboken ved innførselen av Karl og Cecilias dødfødte sønn.

Jeg har ikke sett gjennom husforhørslistene for 1904.

 

Familien er ikke ført i innflytting/utflyttingslistene til Myssjø for 1903-1905.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Randi for spennande og nyttig innlegg!

 

Med leitingi etter fødsli til Ragnar ser det ut til at me har freista so å seia "alt" som kan freistast, når det gjeld å kartleggja rørslene til denne huslyden mellom 1900 og 1920, og eg er redd me lyt gje opp å finna dei siste svari...  Det skal ikkje vera so enkelt dette, men eg tykkjer me skal vera nøgde med det me har funne, so kanskje dukkar det opp meir sidan...

 

Nok ein stor takk for alle bidrag i denne debatten!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Eg ønskjer i dag ein truleg siste gong å henta fram dette emnet før manuskriptet mitt går i trykken.  Eg manglar heilt konkret berre TRE detaljopplysningar frå Sverige, og eg veit ikkje om dei er mogelege å finna.  Først eit oppdatert utdrag av manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Cecilia Marie Wilhelmsdotter, f. i Kinn 18.12.1860, flytte òg med mor si til Hafslo kring 1867 og voks opp her.

Silla Marie Wilhelmsdotter vart kring 1890 sambuande og gifte seg i Hörnefors nær Umeå i Västerbottens län i Sverige 6.12.1927 med August, kjend som Karl August Petersson frå Hyltan i Vissefjärda, Kalmar län i Sverige.  Karl August var son av jenta Christina Maria Carlsdotter på Hyltan i Vissefjärda, Kalmar län i Sverige, opphavleg frå Sillhövda i Blekinge län, Sverige, og f. i Vissefjärda, Kalmar län i Sverige 13.8.1865.  Karl August var smed og kopparslagar, og han og Silla flytte kring 1890 til Nordland og budde ei tid i Nordfold før dei i 1891 flytte til Steigen.  Sidan var dei i kortare periodar busette i Bjørnskinn, i Ibestad og i Berg på Senja før dei i 1899 busette seg i Vardø.  På denne tidi livnærte Karl August seg som fiskar.  Kort etter hundreårsskiftet ser parfolket ut til å vera flytt til Harstad, men i 1904 hadde dei opphald på Myssjö i Jämtland, Sverige.  Karl August livnærte seg då på ny som kopparslagar, og han og Silla flytte snart vidare nordover i Sverige.  Frå 1920 var dei busette på Kylören i Hörnefors, Umeå i Västerbottens län, Ångermanland i Sverige der Silla d. 23.7.1936.  Karl August Petersson d. same staden 18.12.1940.

Før Silla flytte nordover, fekk ho to søner her i Solvorn:

a. Vilken Johan Melchiorson Walaker, son av Silla og husmannssonen Melchior Johannesson frå Kleivi under Kjørlog (1860-1939), var f. 1.9.1882,

Vilken Johan Melkersen flytte med mor si kring 1890 til Nordland og voks opp som fosterson på Tørbekmoen i Rana, men gifte seg i Fauske 10.9.1905 med Maren Tine Oline Pedersdotter Nordal frå Nordal i Fauske.  Ho var dotter av gardbrukar Peder Andreas Olson på Nordal og kona Anne Birgithe Cathrine Hansdotter frå Leifset og f. i Fauske 4.10.1874.  Vilken var industriarbeidar, og han og Maren flytte til Sandnes i Sulitjelma, Fauske der dei ogso dreiv meieriverksemd og budde levetidi ut.  Vilken d. i Sulitjelma 18.5.1948, medan Maren Melkersen d. same staden 4.8.1962.  Dei fekk to born i lag:

a. Vally Marie Amalie Vilkensdotter Melkersen, f. i Fauske 4.2.1905, d. i Fauske 18.10.1982.  Ho gifte seg i Rana 5.9.1953 med Hans Meyer Nilsson Haugen, f. i Rana 15.8.1906.  Han d. i Rana 28.8.1977.  Hans og Vally var gardbrukarar på Haugen i Rana, men som enkje flytte Vally attende til Fauske.  Dei fekk ikkje born i lag, men Hans hadde ei dotter før ekteskapet som voks opp hjå foreldri hans og sidan tok over bruket på Haugen.

b. Alfon Peter Ivan Vilkenson Melkersen, f. i Sulitjelma, Fauske 19.6.1915, d. i Fauske 12.1.1999.  Han gifte seg i Fauske 15.3.1947 med Hanna Henriette Kristensen, f. på Tverå i Fauske 15.8.1911.  Ho d. i Fauske 14.12.2003.  Alfon vart industriarbeidar, og han og Hanna budde òg på Sandnes i Sulitjelma, Fauske til dei i 1980 som pensjonistar flytte til Fauske sentrum.  Dei fekk to born i lag.

b. Hans Jensson Solvorn, son av Silla og vegarbeidar Jens Hansson Skophammer på Nytun, Valaker (bnr. 43) (1870-1958), var f. i Hafslo 25.11.1887,

Hans Jensen Holthe flytte òg nordover kring 1890 med mor si og voks opp som fosterson på garden Balteskaret i Skånland, Ibestad i Troms, men var i 1910 busett som skreddar på Sætermoen i Bardu.  Han gifte seg i Trondenes 31.10.1914 med Albertine Kristine Nilsen frå Reite i Ibestad.  Ho var dotter av gardbrukar Nils Christian Andreasson på Reite, opphavleg frå Elvenes i Lavangen, Ibestad, og kona Ingeborg Anna Hansdotter frå Reite og f. i Ibestad 22.4.1881.  Hans vart militærskreddar, og han og Albertine budde først nokre år i Harstad, men flytte hausten 1920 til Ski i Akershus der Albertine d. 12.7.1947.  Hans Holthe flytte same året som enkjemann og pensjonist attende til Harstad der han d. 8.1.1958.  Dei fekk ikkje born i lag, men Albertine hadde ei dotter frå før:

a. Johanna Alfryda Karlsdotter Holthe, dotter av Albertine og gardbrukar og fiskar Karl Norman Jakobsen på Lavangsnes i Lavangen (1873-1943), var f. i Lavangen 28.9.1905 og d. i Harstad 14.3.1984.  Johanna var sjukleg og budde hjå mori og stefaren so lenge dei levde.  Sidan budde ho på ein gamleheim i Harstad, ugift.

Dette var borni som Silla fekk, medan ho budde i Solvorn.

Men Silla og August fekk òg desse fire borni i lag:

c. Anna Kristine Karlsdotter Petersson, f. i Nordfold 27.9.1891, d. på Norrbyn i Hörnefors, Umeå, Västerbottens län i Sverige 3.4.1928.  Anna gifte seg i Nordmaling, Västerbottens län, Sverige 18.8.1918 med Erik Magnus Nilsson, f. på Stugun i Jämtlands län, Sverige 12.8.1882.  Han d. i Hörnefors, Umeå i Västerbottens län, Sverige 28.1.1959.  Erik var sagbruksarbeidar, og han og Anna budde på Norrbyn i Hörnefors, Umeå i Västerbottens län, Sverige.  Dei fekk fem born i lag, men Anna hadde òg ein son utanfor ekteskap.

d. Karl Petter Karlsson Petersson, f. i Bjørnskinn 22.5.1894, d. i Falun, Kopparbergs län i Sverige 25.8.1959.  Karl Petter flytte med foreldri til Hörnefors, Umeå i Västerbottens län i Sverige der han livnærte seg som

 

      ¤¤¤¤¤ (yrke?)

 

     Han var ugift.

e. Signe Karlsdotter Petersson, f. i Ibestad 18.3.1897, d. i Selånger, Sundsvall, Västernorrlands län i Sverige 1.3.1969.  Signe gifte seg i Hörnefors, Umeå i Västerbottens län, Sverige 21.5.1929 med Fredrik Vilhelm Alexander, kjend som Alex

 

     ¤¤¤¤¤ (kven var foreldri hans?)

 

     Eriksson, f. i Umeå 1.5.1893.  Han d. i Anundsjö, Örnsköldsvik i Västernorrlands län, Sverige 12.10.1960.  Alex var

 

     ¤¤¤¤¤ (yrket hans?)

 

     og han og Signe budde i Umeå, Västerbottens län i Sverige, men må sidan vera flytte til Anundsjö, Örnsköldsvik i Väternorrlands län. 

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dette med bustadene deira?)

 

     Dei fekk to søner i lag.

f. Sigurd Karlsson Petersson, f. i Berg på Senja 6.11.1899,

 

     ¤¤¤¤¤ (n. 1900 – lagnad? – truleg avliden i ung alder…)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Først og fremst er det:

 

* Opphavet till Alex Eriksson eg leiter etter, og forsovidt ogso opplysningar om seinare bustader etter Umeå der dei to sønene var fødde i 1933 og 1937.

 

* Elles manglar eg òg yrket til Alex Eriksson

 

* Og likeins yrket til Karl Petersson (junior).

 

Dødsfallet til vesle Sigurd lyt me vel gje opp å finna...?

 

Eg takkar på ny for den kjempemessige dugnadsinnsatsen som har vore ytt i samband med dette problemet!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.