Gå til innhold
Arkivverket

Helen E. Johnson - fødd i Sverige 1880/1881 - utvandra 1897 til Boston, MA - kven var ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har fått ei ny svensk ektemake å slita med og vonar at einkvan kan hjelpa meg?

 

Peter Olav Andersson Øvrebø, sidan kjend som Peter O. Anderson, fødd i Balestrand 30.7.1878, utvandra i 1895 til Boston, MA og gifte seg i Marlborough, MA 9.4.1903 med:

 

Helen E. Johnson, fødd i Sverige i 1880 eller 1881 - av foreldri Peter og Hannah Johnson.

 

Ifølgje FT1910, 1920 og 1930 utvandra Helen i 1897, men FT1900 for Boston, MA syner ei Helen E. Johnson, fødd i Sverige i januar 1881, som utvandra i 1895.  Truleg er det tale om same jenta, men med feil utvandringsår...

 

Er det mogeleg utifrå desse opplysningane å identifisera Helen E. Johnson?  Fødselsdato?  Fødestad?  Fulle namn til foreldri?  Bustaden deira?

 

Peter og Helen busette seg i Hudson, MA der Peter var bakar og døydde i 1932.  Dødsdatoen er ukjend, og so er dødsfallet hennar, men det er jo ei anna soge...  Eller kanskje nokon har tips å komma med for å finna nøyaktige opplysningar om desse dødsfalli?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet som so langt ikkje har tiltrekt seg den naudsynte merksemdi som kunne føra til ei løysing?

 

Eg har finne ei Helena A(?) Anderson i Hudson, Middlesex Co., MA i FT1940, enkje, 59 år, fødd i Sverige (http://interactive.ancestry.com/2442/m-t0627-01607-00304/89717695?backurl=&ssrc=&backlabel=ReturnRecord).  Dette KAN vera "vår" Helen, men sikker er eg ikkje...

 

Elles vil eg gjerne få leggja til at Helen og mannen Peter O. Anderson hadde to born:

 

* Andrew B. Anderson, fødd 1904 - gift 1929 med Elizabeth Paterson

 

* Elvira C. Anderson, fødd 4.9.1907 - gift 1928 med Francis Sullivan - budde i Hudson, MA - døydde i Marlborough, MA 23.12.1998.

 

Det skal finnast ein nekrolog (obituary) online for Elvira, men eg får ikkje denne fram...

 

Redigert:  Helena Anderson frå 1940 MÅ vera rett person.  Ho har same adresse som Peter og Helen i 1930: 18 Florence Street i Hudson, MA!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På familysearch finner jeg Elvira Caroline Anderson født 4 sept 1907. På originaldokumentet står det at begge foreldrene er født i Sverige. Er dette feil for faren, ført som Peter Anderson ?

Mvh

Hans Gangstø

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Hans (og Grethe) for nye innlegg!

 

Eg har no fått tak i nekrologen til dotteri Elvira Caroline Sullivan, og denne lyder slik:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Worcester Telegram, Thursday, 24 Dec 1998

HUDSON - Elvira C. (Anderson) Sullivan, 91, formerly of 11 Lake St., died yesterday in Bolton Manor Nursing Home, Marlboro.

Her husband, Francis L. Sullivan, died in 1926. She leaves a son, William P. Sullivan of Hudson; two daughters, Frances E. Fahey and Helen E. Conrad, both of Hudson; 10 grandchildren; and 17 great-grandchildren. She was born in Hudson, daughter of Peter and Helen (Johnson) Anderson, and graduated in 1926 from Hudson High School.

Mrs. Sullivan was a telephone operator for New England Telephone Co., now Bell Atlantic Corp., retiring many years ago. She was a member of Christ the King Church.  The funeral will be held Monday from Tighe-Hamilton Funeral Home, 50 Central St., with a Mass at 9 a.m. in Christ the King Church, Central Street. Burial will be in Forestvale Cemetery. Calling hours are 2 to 5 p.m. Sunday at the funeral home.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

So har eg hatt telefonisk kontakt med dotteri Helen på 85 år.  Ho hugste godt bestemori Helen og har sjølv Elizabeth som mellomnamn, men visste ikkje kva mellomnamnet til bestemori var.  Ho visste ikkje kvar i Sverige bestemori var kommi ifrå, og heller ikkje kunne ho hjelpa meg med ein fødselsdato eller dødsdato, men ho meinte bestemori måtte vera avlidi i Hudson, MA kring 1962/1963.  Båe besteforeldri ligg gravlagde attmed Elvira Sullivan på Forestvale cemetery, Hudson, MA.  No er det litt i seinaste laget å ringja dit, men eg kan jo freista i morgon...

 

Kanskje kan me frå kyrkjegarden finna ein fødselsdato for Helen E. Johnson, som eg vonar vil hjelpa til å finna opphavet hennar i Sverige, som dotterdotteri ikkje kunne fortelja meg noko om...?

 

Finst det ikkje i emigrantregisteri frå Sverige frå 1897 nokon som høver til Helen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Bente for spennande svar!  Eg oppdaga ikkje denne Helen då eg søkte etter avlidne i Massachusetts, men ho høyrest so absolutt sannsynleg ut.

 

Eg finn ikkje noko telefonnummer til kyrkjegarden, men gravferdsbyrået har gamle mapper liggjande, og eg har ein avtale om å ringja dei noko seinare i ettermiddag (US tid)...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Har sett litt på folketelling 1890 og Emibas (utflyttet fra Sverige) for om mulig å finne Helen.

Noen kandidater dukket opp,men de fleste fant jeg som uaktuelle.

 

Denne her fra Emibas,har jeg ikke funnet ut mer om.Det er mye som ikke stemmer,men kanskje verdt å se nærmere for ev. å utelukke.

 

Post 817528

Ståhl, Elvira Helena
Hemmadotter (ogift kvinna)

f. 26/10 1880

Utvandrad 18/2 1897
från Munkfors, Ransäter, Värmlands län (Värmland)
till Nordamerika

Källa: Husförhörslängd, s. 451
 

 

Brukte hun Ståhl i Amerika? I husforhøret da hun reiste,står anm.om at hun brukte det navnet i Sverige da hun flyttet.

Hennes foreldre var Johan Peter Ståhl f. 1835 og Johanna (kortform Hanna??) Charlotta Johansdtr. f. 1852.Foreldrene var ikke gift.

En annen ting som taler mot at dette er rett Helen(a),er at hennes mor reiste til Amerika 1899.Det er det vel ikke opplyst noe om?

 

Hilsen Kari

Endret av Kari Aabelvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kari for eit svært so spennande innlegg!  Eg meiner at mykje talar FOR det er den rette personen du har finne, Kari:

 

* Alderen stemmer godt

 

* Utvandringsåret stemmer perfekt

 

* Namnekombinasjonen Helene og E(lvira) passer perfekt

 

* Og so har me namnet Elvira, som var døypenamnet til einaste dotter hennar Helene!

 

* Og mori heitte Johansdotter, som høver godt med Johnson!

 

Og eit element til:  Helen Conrad, dotterdotteri til Helene, fortalte meg i går at det var "eit gamalt familiemedlem" som ligg gravlagd på Forestvale kyrkjegard i lag med mori og besteforeldri.  Skal me tru det var Johanna Charlotte?

 

Diverre var ikkje gravferdsbyrået i stand til å hjelpa meg i dag, men eg har no fått eit telefonnummer til kontoret som sit med kyrkjegardsregisteret for Hudson, MA, so det vert eit gjeremål i morgon....!

 

I mellomtidi kan kanskje fleire detaljar finnast om Helene Elvira Ståhl og foreldri hennar, som til dømes:

 

* Fødestaden til Helene Elvira?

 

* Yrke til foreldri?

 

* Fødestader for foreldri?

 

Eg takkar på ny for kjempeflotte opplysningar!  Det vert særleg spennande å finna ein fødselsdato for Helen Anderson i Massachusetts!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei igjen!

 

Elvira Helena var født i Ransäter,Värmland.

 

Legger ved utklipp av husforhør Ransäter 1896.1902 s. 451 i to deler med anm.Der er foreldrene.

Faren,Johan Peter Ståhl døde 19/12 1898,og mor til Amerika 10/1 1899.

 

Her er mor fra Emibas:

 

Post 817558

Johansdotter, Johanna Charlotta
Piga (ogift kvinna)

f. 19/6 1852 i Stora Lundby, Älvsborgs län (Västergötland)

Utvandrad 10/1 1899
från Munkfors, Ransäter, Värmlands län (Värmland)
till Nordamerika

0091899001 - Bilaga/ytterligare information finns. Kontakta Emigrantregistret i Karlstad

Källa: Husförhörslängd, s. 451
 

 

Hilsen Kari


 

Endret av Kari Aabelvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kari for nytt spennande innlegg!

 

Det ser ut til at Johan Peter Ståhl og Johanna Charlotte Johansdotter har vore kva me i dag kallar "sambuarar", men det er noko anna her som eg undrar på:

 

* Fødestaden til Johanna Charlotte vert (av deg Kari) oppgjeven til Stora Lundby i Älvsborgs län, men på vedlagte utsnitt står det Ytterstad i Skaraborgs län!

 

* Fødestaden til Johan Peter Ståhl vert i utsnittet sagt å vera Hjorfsås(?) i Skaraborgs län!

 

Kanskje du Kari (eller ein annan) kan klara opp i dette for meg?  Kvar hadde dei to opphav ifrå?

 

Nok ein kjempetakk til Kari for desse flotte opplysningane!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Johan Peter  Ståhl er født i Hjärpås i Skaraborgs län.

Johanna Charlotta Johansdotter er født i Yllestad i Skaraborgs län.

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

 

Da er vel dette Elvira i FT 1900:

 

Name: Helen Stahl Age: 19 Birth Date: Oct 1880 Birthplace: Sweden Home in 1900: Westborough, Worcester, Massachusetts Race: White Gender: Female Relation to Head of House: Servant Marital Status: Single Father's Birthplace: Sweden Mother's Birthplace: Sweden Occupation: View on Image Neighbors: View others on page Household Members: Name Age Alfred H Godell   Sarah A Godell 37 Lucile H Godell 1 Helen Stahl 19 Etta L Thomas 39

 

I følge et tre på Ancestry, hadde Elvira to søstre. En av dem er det laget et tre for på Ancestry (ei som emigrerte i 1891), der det ser ut som om det er etterkommere av denne søsteren som har lagt inn. Det lar seg kanskje gjøre å komme i kontakt med noen i den grenen av familien som kjenner til andre opplysninger?

 

Mvh Bente


Name: Helena Stahl Gender: Female Estimated Birth Year: abt 1881 Age: 16 Port of Departure: Liverpool, England and Queenstown, Ireland Ship Name: Cephalonia Arrival Date: 17 Mar 1897 Port of Arrival: Boston, Massachusetts Last Residence: Ramsaber (Men står Ransater i originalen)

 

post-4171-0-29821000-1413533295_thumb.png

Endret av Bente L. Skjager
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Husstanden i 1890 med de to søstrene til Elvira Helena:
Stål, Johan Peter    1835    Ensam
----------
Johansdr, Johanna Charlotta    1852    Mor
(Barn), Helga Wilhelmina    1875    Barn
(Barn), Hilda Maria    1876    Barn
(Barn), Elvira Helena    1880    Barn

.

Detaljer fra tellingen:

Post 3363243
Helga Wilhelmina
f. 1875 i Risinge (Östergötlands län, Östergötland)
hennes oä.d.
Ogift kvinna, barn i familjen
Munkfors Bruk.
Ransäter (Värmlands län, Värmland)
Födelseort i källan: Risinge, Linköpingsl.
-

Post 3363244
Hilda Maria
f. 1876 i Svennevad (Örebro län, Närke)
hennes oä.d.
Flicka, barn i familjen
Munkfors Bruk.
Ransäter (Värmlands län, Värmland)
Födelseort i källan: Svennevad, Örebrol.

.

 

Post 3363242

Elvira Helena
f. 1880 i Ransäter (Värmlands län, Värmland)
hennes oä.d.
Flicka, barn i familjen
Munkfors Bruk.
Ransäter (Värmlands län, Värmland)
 

.

Endret av Anne-Lise Hansen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven, Bente og Anne-Lise for nye spennande innlegg!

 

Det var kjekt å få ei stadfesting av fødestadane til Johan Peter Ståhl og Johanna Charlotta Johansdotter,  Samstundes ser eg at Helena Ståhl hadde søsken!  Dette vert spennande.  Kan henda har dotterdotteri høyrt om dei n¨r eg no har konkrete namn å spørja ho etter!

 

Bortsett frå dei nøyaktoge dødsdatoane frå Massachusetts for Peter og Helen, samt ei stadfesting av at dette er den "rette" Helen, har eg i grunnen berre eitt ønskje att frå "svensk" side:

 

* Er det mogeleg å finna fødselsinnførsli til Johan Peter Ståhl frå Hjärpås i Skaraborgs län - eventuelt ei forhörsliste med foreldre og søsken?

 

Eg takkar på ny for framifrå dugnadsinnsats og held fingri krossa for at dette verkeleg er den rette Helen...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg endeleg fått kontakt med "Town of Hudson" administrasjon, og eg har motteke følgjande meldingar:

 

Peter O. Anderson døydde i Hudson, MA 17.12.1932.

 

Helen E. Anderson døydde på sjukehuset i Marlborough, MA 18.7.1960.

 

Diverre er ingen fødselsdatoar nemnde,. men alderen til Helen står som 79 år, og som foreldre er oppgjevne:

 

Gustav Johnson og Helene Erickson(!)

 

Desse foreldrenamni høver dårleg med Johan Peter Ståhl og Johanna Charlotta Johansdotter.  Men den Helen Anderson som døydde i 1960, er ho som ligg gravlagd attmed Peter Anderson på Forestvale kyrkjegard i Hudson, MA!

 

Eg TRUR foreldrenamni på dødsattesten må vera feil, men eg kan ikkje prova dette.  Eg har likevel bede om at dei tek eit bilete av gravstøtta for å sjå kva fødselsdato som står der!  Eg ventar svar på dette om nokre dagar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Med 'foreldresøk' i CD'ene jeg har fra de svenske folketellingene i 1880, 1890 og 1900, fikk jeg ikke opp noen ved navn Helen(e) E med disse foreldrene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Litt feil navn på jenta - siden hun heter Josefina Helena og ikke Helena E....! Så dette er nok helt i tåka:

 

Name: Josefina Helena Jonsson

Gender: Female

Christening Date: 09 Jan 1880

Christening Place: Viker, Örebro, Sweden

Birth Date: 26 Dec 1879

Father's Name: Gustaf Jonsson

Mother's Name: Kristina Helena Funke

 

Fødselsdatoen er dessuten ikke i januar 1880, men desember 1879....

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne-Lise og Grethe for nye interessante innlegg!  Dette paret som Grethe nemner, høyrest i utgangspunktet særleg spennande ut, men so var det dette med namnet då...  Kanskje Josefine Helene kan følgjast i Sverige ogso etter 1900?

 

Elles ventar eg framleis på bileti av gravi til Helen Anderson frå Hudson, MA, men som eg alt har nemnt, eg TRUR opplysningane frå dødsattesten hennar må vera feilaktige.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Sveriges Dödbok 1901-2009:

 

18791226-664

Valström f. Gustavsson, Josefina Helena

Ålderdomshemmet, Gamla Viker 3:2

Död 22/11 1953.

Kyrkobokförd i Viker, Noraskogs kn (Örebro län, Västmanland).

Född 26/12 1879 i Viker (Örebro län, Västmanland).

Änka (9/9 1942).
--------------
Motsvarande kyrkobokföringsförsamling(ar) 1/1 2010:
Nora bergslagsförs, Nora kn (Örebro län, Västmanland)

Födelseförsamling i källan:
Viker (Örebro län)

Källor:
DB, FS / DOR 52-60
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for nytt interessant innlegg!

 

Der har me dødsfallet til Josefine Helene frå desember 1879, so ho er det definitivt IKKJE som hamna i Hudson, MA!

 

 

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.