Gå til innhold
Arkivverket

Martha Malene Nilsdotter Leknessund, fødd i Askvoll 1852 - skal ha vore Chinamisjonær? - er det mogeleg å finna ut noko om lagnaden hennar?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Martha Malene Nilsdotter Leknessund, fødd på Leknessund i Askvoll 4.8.1852 som yngste dotter av husmann Nils Paulson og kona Christi Jensdotter på plassen Sanden under Leknessund der Martha framleis budde ved FT1865.

 

Frå eitt eller anna hald, truleg bygdeboki for Askvoll(?), har eg fått opplyst at Martha vart Chinamisjonær, og no lurer eg på:

 

* Er det i det heile mogeleg å finna noko om lagnaden hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den eneste Leknessund som er omtalt i Norsk Misjonsleksikon er Olga Leknessund, NMS China, født i Bergen 3. mars 1880, datter av forvalter Nils Leknessund og hustru Lina, f. Reusch.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carsten for interessant innlegg!

 

Skal eg tolka dette rett, so nytta ikkje Martha Malene namnet Leknessund om ho verkeleg reiste til China som misjonær.  Kanskje var ho gift FØR ho reiste dit?  Eller kanskje nytta ho eit anna namn, som til dømes NIELSEN?

 

Eller kan Martha Malene vera reist UTAN å vera registrert i Norsk Misjonsleksikon?  Er absolutt alle medtekne der?

 

Eg har sendt spørsmål til Arkivforum om sjekking av dødsmeldingane til foreldri hennar, men ventar vel ikkje det heilt store resultatet.  Desse folki var tydeleg ikkje mellom dei mest formuande...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Håper noen kan slå opp i bygdebøkene for Solund (skrevet av Wilhelm Leknessund). Denne familien var oppe i det gamle forumet, se lenke. Gisle Hersvik tror de flyttet til Arna.

 

http://forum.arkivverket.no/topic/109319-23624-smed-niels-pauls-fraa-sogndal-bst-leknessund-solund-i-1865-opphavlagnad/

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser ut som broren Nils Christian giftet seg i Bergen i ung alder.

 

Norway, Select Marriages, 1660-1926

Name: Nils Kristian Nilsen

Gender: Male

Age: 21

Birth Date: 25 feb 1849

Marriage Date: 23 okt 1870 (23 Oct 1870)

Marriage Place: Domkirken, Bergen, Hordaland, Norway

Father: Nils Paulsen

Spouse: Oline Olsen

Spouse's Age: 22 years

Spouse's Gender: Female

Spouse's Birth Date: 21 aug 1848

Spouse's Father: Ole Eriksen

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for nye interessante og forsovidt avklarande innlegg!

 

Og NO ser eg samanhangen her:  Denne Olga Leknessund som var misjonær i China, var dotter av Nils Christian Leknessund og kona Lina.  Denne Nils var BROR av Martha Malene, og då må eg berre lura på:

 

* Kan det tenkjast at dette med Chinamisjonæren gjekk som ein "familietradisjon", og at ein eller annan (bygdebokforfattaren?) har "plassert" Martha Malene i denne rolla i staden for brordotteri Olga?

 

Kanskje kan Gisle Hersvik komma med vidare kommentarar, om han ser dette emnet?

 

Uansett, lagnaden til Martha Malene er ukjend...  Kvar er Arna nemnt som mogeleg flyttestad?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Wilhelm Leknessund døde før bøkene hans ble utgitt, så det kan tenkes at korrekturlesning ikke ble gjort av ham. Hvor Gisle har dette med Arna fra, kjenner jeg ikke til. Min kone er født Leknessund, hun har ikke hørt at noen derfra var misjonær i Kina.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for siste kommentar!

 

Som eg var inne på i innlegg #6, har eg ein sterk mistanke om at misjonsverksemdi til jenta frå Leknessund må henga i hop med Olga Leknessund frå Bergen og ikkje tanta Martha Malene, og når du, Kurt nemner at kona di ikkje har høyrt gjete at nokon derifrå vart misjonærar i China, vert eg styrkt i denne mistanken min...

 

Då må me altso leita etter Martha Malene på anna hald, og det mest nærliggjande er jo at ho døydde ugift i Askvoll.  Eller kan ho ha utvandra til Amerika?

 

Her er ho konfirmert i Askvoll i 1867: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8374&idx_id=8374&uid=ny&idx_side=-14

 

Men kva skjedde so?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att dette emnet frå i fjor.

 

Me fekk vel i fjor påvist at Martha Malene Nilsdotter Leknessund IKKJE vart Chinamisjonær, men diverre er det framleis ei gåte kvar ho kan ha gjort av seg.  Ho var fødd i 1852 og vart konfirmert i Askvoll i 1867.  Kvar kan ho ha vorte av?

 

Døydde ho ugift i Askvoll?  Utvandra ho til Amerika?

 

Stor takksemd følgjer med alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og utfordrande innlegg som fekk meg til å "jumpa" i stolen!

 

MEN, det ser ut til å vera ei onnor jente:

 

Martha Magdalene Nilsdotter Glesvik, fødd i Gulen 21.3.1855 som dotter av Nils Olson og Johanna Mikkelsdotter, gifte seg i Gulen 2.7.1877 med Jørgen Olson Vesetvik med bustad Grinde (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6857&idx_id=6857&uid=ny&idx_side=-171)

 

Det er nok ho du har finne på Grinde i Gulen i 1875...

 

So kvar vart det av "vår" Martha Malene...?

 

Eg krossar alle fingrer og tær og vonar vidare...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvis hun emigrerte, så bør vi se om det var noen i familien fra Sanden i Leknessund som også emigrerte, og i tilfelle til hvilket sted. To tvillingsøstre fra min kones familie på Leknessund emigrerte i 1902 og bosatte seg i hhv. Big Stone, Minnesota og Divide, North Dakota, men de var ikke i slekt med Martha Magdalena så vidt jeg kan se. Er det noen forslag til steder (og ev. tidspunkt) hun kunne tenkes være emigrert til ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for siste utfordrande innlegg!

 

Eg har no sett litt meir på denne huslyden.  Ingen av søskeni til Martha Malene var nokon gong i Amerika.  Båe foreldri hennar kom innante fjorden, men faren var einebarn og fødd i Hafslo utanfor ekteskap, medan mori var frå Sogndalsfjøra i Sogndal.  Ho hadde fleire søsken, men dei fleste døydde som born.  Berre søsteri Synneva Jensdotter, fødd i Sogndal 1810, skal i 1838 vera flytt til Bergen, men bygdeboki for Sogndal har ingen fleire opplysningar om lanaden hennar.

 

So, dersom Martha Malene verkeleg utvandra til Amerika, har me ingen gode haldepunkt for kvar ho kan ha busett seg!

 

Det vert nok ikkje so enkelt å løysa dette spørsmålet..., men eg takkar på ny for alle innspel!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Denne Martha Malene er ikkje så lett å få tak i, men fann vel no et spor i arkivet til Bergens Tidende i 1922 som må vere henne på besøk frå Kina.

Men er det mogeleg å finne hennes lagnad? Det er lite å hente ifm dødsmeldinger o.l. etter foreldre, eine broren som levde og fekk eigen familie og onkler/tanter.

MartheMaleneLeknessund_1922.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fra Ancestry: 

 

Olga Leknesund

 in the Washington, Passenger and Crew Lists, 1882-1965

 

 

Olga Leknesund
Gender: Female
Nationality: USA
Arrival Age: 41
Birth Date: 1880
Birth Place: Bergen, Norway
Last Residence: China
Departure Place: Kobe, Japan
Arrival Date: Apr 1921
Arrival Place: Seattle, Washington
Ship Name: Katori Maru
Line Number: 14
  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

 

???????

Hans Nicolai Hanssen, Herøy i Nordland og kone Marta Malene Nilsdatter, f. i Askevold.

Ft 1891, Herø.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053148001188

 

Ekteparet flyttet til Amerika i 1891, se nr 9.

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Nordland, 834/L0509: Ministerialbok nr. 834A07, 1878-1937, s. 31
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb10051103112016

 

 

Har ikke funnet vielsen i kirkebøkene for Herøy i Nordland, de kan ha giftet seg i Alstahaug eller Stamnes/Sandnessjøen elle Askevoll. 

Eller jeg kan ha oversett de i Herøy.

 

Endret av Randi Elisabeth Haugros
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hans Nikolai Hansen bodde på Dragnes ved vielsen.

 

Hans Dragnes og Malene Dragnes i Minnesota i FT1895:  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQ6N-L89

Bosatt i Washington i FT1900:  https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMPP-C5J

 

Dødsfallet til Maline Draugness i Washington. Farens navn er Nels Polson:  https://www.digitalarchives.wa.gov/Record/View/AF9E9259EBC398855A641F5705798924

 

Malene Dragness er oppført to ganger på Find A Grave (fødselsdato er riktig på den ene - fødselsåret er to år feil):  

https://www.findagrave.com/memorial/65776713

https://www.findagrave.com/memorial/81938751

 

  • Liker 4
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.