Gå til innhold
Arkivverket

Knut Olson Hushovd og Gunnhild Gislesdotter, plassfolk under Hushovd i Åmli, Aust-Agder 1865 - kven var dei og kva heitte plassen?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

FT1865 syner mellom anna denne huslyden på ein ikkje namngjeven husmannsplass under Hushovd i Åmli, Aust-Agder (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0929&kenr=004&bnr=0049&lnr=000):

 

Knud Olsen Husf g Husmand med Jord 1823 Omlid  

Gunnil Gislesdatter hans Kone g   1824 Omlid  

Ole Knudsen deres Søn ug   1847 Omlid  

Gisle Knudsen deres Søn ug   1865 Omlid  

Asborg Knudsdatter deres Datter ug   1854 Omlid  

Gurine Knudsdatter deres Datter ug   1862 Omlid

 

Dette parfolket gifte seg i Vegårshei, Gjerstad 24.5.1847: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9491&idx_id=9491&uid=ny&idx_side=-192  Her går det fram at Knut Olson var dreng på Espeland, son av Ole Reierson, medan Gunnhild Gislesdotter var dotter av Gisle Knutson Beraas(?).

 

Kan nokon med lokal kunnskap, eller tilgjenge til ei lokal bygdebok, hjelpa meg finna svar på desse spørsmåli:

 

* Kva heitte plassen under Hushovd der denne huslyden budde?

 

* Kva gard/plass hadde Knut Olson opphavet sitt ifrå?

 

* Kva gard/plass hadde Gunnhild Gislesdotter opphavet sitt ifrå?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

?

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWV8-64D

 

Aust-Agder fylke, Åmli, Ministerialbok nr. A 6 (1816-1829), Fødte og døpte 1827, side 25. NB! Døpte 1824 for menn, 1827 for kvinner:
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=854&idx_id=854&uid=ny&idx_side=-28
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060113020028.jpg

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWKD-VLC

 

Aust-Agder fylke, Vegårshei i Gjerstad, Ministerialbok nr. A 1 (1820-1835), Fødte og døpte 1825, side 23. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9494&idx_id=9494&uid=ny&idx_side=-27
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070530320254.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei!

Ifølge Myklands historie av Knut Mykland var der en husmannsplass under Hushovd i Mykland og denne ble kalt Hushovdplassen eller Venebakken. Kan ha vært der de bodde.

Legger ved et foto av plassen fra Myklands historie.

post-478-0-65951700-1414094817_thumb.jpg

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved Gurines dåp i 1862 ser det ut som Hushovd var en plass under V. Vimme?

Kildeinformasjon: Aust-Agder fylke, Åmli i Åmli, Klokkerbok nr. B 2 (1850-1867), Fødte og døpte 1862, side 46.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9926&idx_id=9926&uid=ny&idx_side=-46
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070703670427.jpg

 

(Jeg har ingen kjennskap til geografien i området, så dette er kun basert på innføringen i klokkerboken)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ved konfirmasjonen til Gunhild Gislesdatter synes jeg det står fødested Bæraas og ved dåpen synes jeg det står Gisletved. 

 

Aust-Agder fylke, Vegårshei, Ministerialbok nr. A 2 (1835-1852), Konfirmerte 1840, side 92. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=839&idx_id=839&uid=ny&idx_side=-84
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060123020086.jpg

 

 

Marthe Gislesdatter

Name: Marthe Gislesdatter Gender: Female Event Date: 11 Mar 1827 Event Place: Gjersted, Aust-Agder, Norway Father's Name: Gisle Knudsen Mother's Name: Guraa Aavoldsdatter Gisletvedejet

 

Aust-Agder fylke, Vegårshei i Gjerstad, Ministerialbok nr. A 1 (1820-1835), Fødte og døpte 1827, side 32. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9494&idx_id=9494&uid=ny&idx_side=-36
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070530320263.jpg

 
Knud Gislesen
Norway, Baptisms

Name: Knud Gislesen Gender: Male Event Date: 26 Dec 1828 Event Place: VEGAARSHEI,AUST-AGDER,NORWAY Father's Name: Gisle Knudsen Mother's Name: Guraa Aavolsdr

 

Aust-Agder fylke, Vegårshei i Gjerstad, Ministerialbok nr. A 1 (1820-1835), Fødte og døpte 1829, side 41. - foreldrene bodde på Gislejord?
 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9494&idx_id=9494&uid=ny&idx_side=-44
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070530320271.jpg

 

Her er lenke til Digitalt Museum - Åmlibilder Berås, gnr 72, bnr 2:

http://digitaltmuseum.no/things/mlibilder-bers-gnr-72-brnr-2/AAK/PA2140.U07.0002

 

Kan Gisletved/Gisletvedeie/Gislejord(?) være en husmannsplass under Berås? 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe, Benn Johan og Vidar for fleire interessante innlegg om dette problemet!

 

Når eg no ser litt nærare på FT1865, er det tydeleg at Hushovd er plassen, og at plassen ligg under garden Vimme vestre.  Eg var nok litt for kjapp med tolkingi av bustaden til denne huslyden!

 

Men når det gjeld opphavi til dei to, er me framleis i litt "flytande" terreng.  Her treng me kanskje lokalkjende folk?  Eller kva seier bygdebøkene om dette?

 

Nok ein gong takkar eg for gode og nyttige bidrag so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg tillet meg å henta fram att dette emnet frå sist veke.  Eg er framleis "forvirra" når det gjeld opphavi til Knut og Gunnhild.

 

Ser me på FT1865, var Gunnhild sin bror Knut husmann på Bæraas i Gjerstad (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0911&kenr=009&bnr=0014&lnr=000), og denne plassen ser ut til å ha lege under garden Gisletvedt (sjå føregåande side frå Bæraas)!

 

Men kva med Knut Olson?  Kva seier bygdeboki?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...

Spørsmålet om opphavet til Knut Olson (1823-    ), husmann på Hushovd under Vimme vestre i Åmli, ligg framleis ope (utan svar), so i dag har eg sjekka ut konfirmantlistene for Åmli.  Der finn eg at Knut Olson og ein eldre bror Reier Olson vart konfirmerte i 1839, og då heitte det seg at dei båe var fødde på Vestre Vimme (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=9930&idx_id=9930&uid=ny&idx_side=-84)!  Ser ein nærare på dåpen hans Knut frå januar 1824, står det i alle fall ikkje Vestre Vimme som bustad, so eg tolkar Vestre Vimme som ein seinare bustad til foreldri Ole Reierson og Asborg Knutsdotter og rimelegvis ogso der Knut voks opp!?

 

Etter dette ligg det sjølvsagt nær å gissa at ogso Ole Reierson og Asborg Knutsdotter òg budde på Hushovd under Vestre Vimme, men dette kan eg ikkje prova.  Seier ikkje bygdeboki noko om dette?

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips i denne saki!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Åmli bygdebok bind III s. 605 står følgende:

Knud Ols. Haugen V. Mosberg 1823-1870

g. 1847 m. Gunnil Gislesd. Beraas, Vegårshei 1823-1892

Ole 1847 g. 1873 m. Aaslaug Tellefsd. Stanglia, til Hovet i Åmli

Gisle 1850 d. 1853

Knud 1852 d. 1853

Asborg f. 1854 g. 1880 m. Elias Johans. Sæll, Sverige,  g. 2g. 1894 m. Knut Tjøstovs. Hovde, til Fiane i Holt

Dødfødt gutt 1857

Inger Gurine 1858 d. 1862

Inger Gurine 1862 g. 1885 m. Herman Julius Lysell, til Barbu

Gisle f. 1865 g. 1894 m. Dortea Olsd. Gangdalen, til Gangdalen i Holt

Knud 1868 g. 1895 m. Inger Tomine Tellefsd. Stornes, til Stornes i Holt.

Gunhild var d.a. Gisle Knuds Beraas u/Gisletveit og Guro Aavaldsd. Ljøstad.

Knud og Gunhild bodde hos foreldrene hennes på Berås u/Gisletveit før de kom til Øvre Hushovd unde Vestre Vimme.

I 1850 skrev Nicolai Aall ut festeseddel til Knud og Gunhild på husmannsplassen. De må ha satt opp nye hus da de kom dit. De gamle stuehuset sto ca. 100 meter fra det nye.

Husmannskontrakten med Aall hadde disse vilkårene.

1. Den årlige avgiften på 2 spd. skulle betales med arbeid når dette ble forlangt, og Knud måtte gå i leilendingsarbeid mot billig og gjengs betaling om det trengtes.

2. De skulle bruke jorda på plassen slik at den ikke ble forringet. Til plassen hørte tomannnsslåtten på Krokmyra. Husene måtte holdes i forsvarlig stand, og ikke flyttes fra den nåværende plassen. Nødvendig hustømmer, løv, brensel og ved kunne de ta i skogen etter utvisning.

3. Viss Gunhild giftet seg på nytt, "da treder denne seddel ud af kraft og pladsen anses frie".

4. Det må ikke tas inn husfolk eller innerste.

5. Viss de brøt vilkårene, mistet de plassen ut lov og dom.

 

I 1865 var her 2 kyr og 6 sauer, og det ble satt 2 tønner poteter. Knud og Gunhild drev plassen til han døde i 1870. gunhild satt igjen med flere små barn, men sønnen Ola var voksen og kunne ta med drifta av plassen. Han fortsatte å bo her noen år etter at han giftet seg, men fikk aldri noen kontrakt på plassen.

 

 

 

Endret av Benn Johan Rislaa
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Benn Johan for svært spennande og interessant innlegg!

 

Dette utdraget frå bygdeboki for Åmli har gjeve meg gode og fullstendige opplysningar om opphavet til denne huslyden, men eitt spørsmål står att:

 

I innleiingi skriv du mellom anna: "Knud Ols. Haugen V. Mosberg 1823-1870":

 

Dette tolkar eg slik at Knut må ha vore frå ein plass Haugen under garden Mosberg vestre, men konfirmasjonen hans Knut frå 1839 seier han då høyrte til på Vimme Vestre!

 

* Er det mogeleg å få greie på kva som står under Haugen, Mosberg vestre om foreldri Ole Reierson og Asborg Knutsdotter?

 

Eg takkar på ny for hjelpi og gler meg over at dette problemet nærar seg ei endeleg løysing!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har dessverre ikke bygdeboka for Åmli der Vestre Mosberg er beskrevet, vet ikke om den er kommet ut enda. Gnr. 46 i Åmli, Kleivene. Reier Nilsen Kleivene 1749-1822 g. 1778 m. Tøri Jørgensd. Hovde 1754-1792 g. 2g 1793 m. Anne Torsd. Eikås fra Vegårshei f. 1760.

Reier fikk 8 barn med første kona og 7 barn med 2. kona. Ole Reiersen var første barn med 2. kona og født i 1794. Han giftet seg med Asborg Knudsdatter (Eikås).

Reier Nielsen døde på Kleivene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Benn Johan for nye interessante og utfordrande innlegg!

 

Skal me tolka dødsfallet til Ole Reierson rett, budde han på ein husmannsplass Kleivane under Mosberg vestre då han døydde i 1832, og eg kan godt tenkja meg at borni hans då er komne til andre gardar for "oppfostring".  Kanskje er dette forklaringi på at Knut og Reier vart konfirmerte med referanse Vimme vestre i 1839?

 

Men so ser me at Ole Reierson sjølv hadde opphavet sitt på garden Kleivene!  Kan han ha teke med seg gardsnamnet til Mosberg vestre og kalla opp plassen etter fødestaden sin?  Dette har eg sett døme på i Sogn!

 

Dette vert meir og meir spennande, men eg vil tru svari gøymer seg der ute ein eller annan stad...

 

Eg takkar på ny so mykje for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.