Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Huslyden Hushovd - Tvedt-Gundersen i Tvedestrand og Arendal - 1900-talet - biografisk hjelp?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg attgjev frå bygdebokmanuskriptet mitt om denne huslyden frå Gnr. 172, Sjøtun i Solvorn sokn, Hafslo (Luster):

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Robert Wilhelm, kjend som Wilhelm Magnusson Tvedt, f. 28.1.1870,

Wilhelm Tvedt flytte kring 1878 med far sin til Salhus og i 1882 vidare til Holt i Aust-Agder; derifrå reiste han i 1886 til sjøs.  Han vart trulova i 1889 med Inger Tomine Tellefsdotter frå Storenes (Solberg) i Holt.  Ho var dotter av tømmermann Tellef Johnson på Storenes, opphavleg frå Voje i Gjerstad, og kona Gjertrud Gurine Gustavsdotter frå Storenes og f. i Holt 24.12.1865.  Men Wilhelm miste livet på sjøen då han falt over bord

 

##### (dato og stad for denne hendingi?)

 

og Inger gifte seg i staden i Holt 29.11.1895 med Knut Knutson Hushovd frå Hushovd i Åmli.  Han var son av husmann Knut Olson på ein plass under Hushovd og kona Gunnhild Gislesdotter og f. i Åmli 9.6.1868. 

 

##### (yrke og bustad? – 1900: arbeidsmann ved tømmerdrift Stornes i Holt (Tvedestrand) –  1910: lagermann i kolonialforretning i sjølve Tvedestrand!

 

Knut d.

 

##### (dødsstaden hans? - gravlagd i Tvedestrand?)

 

18.5.1943, medan Inger Hushovd d.

 

##### (dødsstaden hennar? - gravlagd i Tvedestrand?)

 

15.8.1956.  Knut og Inger fekk to born i lag, men Inger hadde òg denne dotteri med Wilhelm Tvedt:

a. Amunda Wilhelmsdotter Tvedt, f. i Holt 13.11.1889, d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – Arendal?)

 

     1.4.1975.  Amunda gifte seg i Holt 12.4.1908 med Theodor Gundersen frå Fjærklev i Holt, f. i Holt 25.7.1888.  Han d.

 

     ##### (dødsstaden hans? - Arendal?)

 

     13.1.1962. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1910: handelsbetjent Fjærklev, Berge i Holt, Aust-Agder – sidan i Arendal?)

 

     ##### (talet på born? – inkl. Margot Lien 1908, Wilhelm Tvedt-Gundersen 1910, Torny Resen-Fellie 1912 og Hjørdis Lien 1923)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Kan dette ha vore ein kjøpmannsfamilie i Arendal?

 

Kanskje kjenner nokon til denne huslyden?  Eg vonar på hjelp til å fylla "hòli" i dette manuskriptet og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Benn Johan Rislaa

Knut Hushovd født 9/6-1868, død 18/5-1943, gravlagt på Tvedestrand kirkegård.

Inger Tomine Hushovd, født Tellefsen, født 24/12-1865, død 15/8-1956, gravlagt på Tvedestrand kirkegård.

Gravstenen er avbildet på DIS gravminner.

Theodor Gundersens dødsannonse i Agderposten 17/1-62 viser at han døde i Arendal og ble gravlagt lørdag 20/1 kl. 13.00 fra Arendal gravkapell, og er gravlagt på Arendal kirkegård.

Amunda Tvedt Gundersen døde i Arendal 1/4-75 og i dødsannonsen 7/4-75 står der at bisettelsen har funnet sted, hun er gravlagt på Arendal kirkegård.

Barn:

Wilhelm, Torny, Gunnar, Signe, Arne.

Gi beskjed om du ønsker mer opplysninger om barn.

 

Hilsen

Benn Johan

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Benn Johan for nyttig og spennande innlegg!

 

Frå Amunda sin farfar Magnus Tvedt's almanakk har eg motteke følgjande utsnitt;

 

~~~~~~~~~~~~~

 

"Mundas & Theo. Gundersens Barn.-
1. Margot nu fru Lie. Arendal
2. Torny -
3. Villy -
4. Gunnar
5. Signe
6. Hjørdis
7. Arne
8. Astrid er død.-"

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Etter dette må det ha vore i alt åtte born i denne huslyden, men tre av dei er tydeleg avlidne før foreldri...

 

Elles sit eg att med følgjande spørsmål:

 

* Kva yrke hadde Theodor Gundersen?

 

* Eg forstår det slik at Theodor og Munda på eitt eller anna tidspunkt må vera flytte frå Tvedestrand til Arendal - veit ein KVA ÅR dei flytte?

 

* Kva yrke hadde Knut Hushovd?

 

* Kan det stadfestast at både Knut og Inger Hushovd DØYDDE i Tvedestrand?

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for spennande innlegg!

 

Då er ein ny detalj på plass!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Helge Berntsen

Hjørdis ble født på Fjærkleiv 3/3-1923, og døpt i Tvedestrand. Theodor er da kalt handelsreisende, og han er tidligere kalt handelsbetjent og kjøpmann. Knut arbeidet som lagermann ved en kolonialforretning i Tvedestrand, etter først å ha vært tømmerarbeider.

 

Mvh

Helge Berntsen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Helge Berntsen

Familien Tvedt-Gundersen har en familiegrav på Høgedal Terasse i Arendal, der du kan finne mye data omkring barna. Bl.a. at Wilhelm var ridder av St. Olavs orden, og Torny arbeidet som oversøster. De fleste barna er døpt i Tvedestrand, mens Signe og Arne trolig er født og døpt i Arendal.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Margot Lien:                                   http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=972170

 

Torny Resen-Fellie:                        http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=972162

 

Hjørdis Lien:                                   http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=972163

 

Arne Theodor Tvedt-Gundersen:   http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=3775852

 

Gunnar Andreas Tvedt:                  http://www.disnorge.no/gravminner/korrigering.php?id=972142

Edited by Sven Hjortland

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Helge og Sven for spennande og interessante innlegg!

 

Me har no eit "nokolunde" bilete av desse folki, kva dei dreiv med og særleg kvar dei budde, men for å vera heilt sikker på det første, og ogso på dødsstadene til Knut og Inger, har eg no lagt inn spørsmål til Statsarkivet i Kristiansand.  So får me sjå kva det gjev av resultat...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

So er det kome svar frå Statsarkivet i Kristiansand som stadfester dei yrkesnemningane som Helge hadde i innlegg #6 ovanfor!  Soleis er dette problemet endeleg løyst!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Øyvind Rosenvinge

Hei Lars E Øyane

 

Ser du etterspør slekten Tvedt-Gundersen, riktignok for en tid tilbake.

 

Ser du har fått en del opplyninger og for det meste er de riktige.

 

Jeg er barnebarn av Amunda og Theodor og kan sikker hjelpe om det er huller som du ikke har fylt.

 

Om du bruker vanlig e-post er min adresse: o-rose@online.no

 

Mvh Øyvind Rosenvinge, Arendal

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Øyvind for spennande innlegg!

 

Eg takkar for tilbodet ditt om å hjelpa meg med mangande detajopplysningar om denne ætti, og det er vel eitt punkt du kan hjelpa meg med....

 

Her er manuskriptet mitt for denne huslyden slik eg omtaler den i bygdeboki vår:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Robert Wilhelm, kjend som Wilhelm Magnusson Tvedt, f. 28.1.1870,

Wilhelm Tvedt flytte kring 1878 med far sin til Salhus og i 1882 vidare til Holt i Aust-Agder; derifrå reiste han i 1886 til sjøs.  Han vart trulova i 1889 med Inger Tomine Tellefsdotter frå Storenes (Solberg) i Holt.  Ho var dotter av tømmermann Tellef Johnson på Storenes, opphavleg frå Voje i Gjerstad, og kona Gjertrud Gurine Gustavsdotter frå Storenes og f. i Holt 24.12.1865.  Wilhelm Tvedt vart etter kvart styrmann, men miste livet då han 9.5.1891 vart skylt over bord frå skuta ”India” undervegs frå Liverpool, England til Bahia, Brasil.  Inger gifte seg i staden i Holt 29.11.1895 med Knut Knutson Hushovd frå Vimme vestre i Åmli.  Han var son av husmann Knut Olson på Hushovd under Vimme vestre, opphavleg frå

 

##### (kvar voks han opp?)

 

og kona Gunnhild Gislesdotter frå Bærås under Gisletvedt og f. i Åmli 9.6.1868.  Knut var ei tid tømmerarbeidar, og han og Inger budde på Storenes i Holt, men flytte kring 1905 til Tvedestrand der Knut sidan livnærte seg som lagerarbeidar.  Knut d. i Tvedestrand 18.5.1943, medan Inger Hushovd d. same staden 15.8.1956.  Dei fekk to born i lag, men Inger hadde òg denne dotteri med Wilhelm Tvedt:

a. Amunda Wilhelmsdotter Tvedt, f. i Holt 13.11.1889, d. i Arendal 1.4.1975.  Amunda gifte seg i Holt 12.4.1908 med Theodor Gundersen frå Fjærklev i Holt, f. i Holt 25.7.1888.  Han d. i Arendal 13.1.1962.  Theodor og Amunda budde først på Fjærklev i Holt der Theodor livnærte seg som butikkmann.  I 1923 flytte dei so til Arendal der Theodor var handelsreisande.  Dei fekk åtte born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Som du ser, manglar eg oppvekststaden til Knut Olson på Hushovd, men dette fell vel utanfor slekti di, so kanskje vil du ha vanskar med å svara på det?

 

Ser du elles feil i det som eg har skrive, ber eg deg gjera meg merksam på dette.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.