Gå til innhold
Arkivverket

Peder Ludvigson Walaker, fødd Hafslo 1833 - med søsterson til Amerika 1870 - budde 1884 i Dane Co., WI - kvar vart det no av dei? - ei ny utfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Etter den store opplevingi med at Lars Christenson Walaker vart attefunnen både i Tyskland og sidan i Amerika, tek eg no mot til meg å freista eldste halvbroren til den nemnde Lars og søstersonen hans:

 

Peder Ludvigson Walaker, fødd i Hafslo 11.3.1833, var i 1865 "logerende løskarl" på Sjøtunmoen i Hafslo (http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1425&kenr=004&bnr=0023&lnr=000), men utvandra so til Amerika i 1870.  Eg har ikkje funne Peder att i nokon amerikansk folketeljing, men me veit han i 1884 var busett i Dane township,, Dane Co., WI, nær byen Lodi, WI.  Då Peder utvandra i 1870, hadde han med seg ein søsterson:

 

Anders Olson Walaker, fødd i Hafslo 20.2.1853, skal òg ha vore i live i 1884, men utan at bustaden hans er oppgjeven!

 

Eg meiner eg har søkt etter Peder og Anders "både høgt og lågt", men eg kan berre ikkje finna desse karane att nokon stad!

 

Er det nokon av Brukarforumet sine lesarar som tek utfordringi?  Kvar kan Peder og Anders ha vorte av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Jau, det er den rette Anders Olson Valaker du har finne i Quebec-lista.  Eg ser ikkje Peder Ludvigson Valaker i denne lista (med mindre det er den Peder Solvorn som er nemnd...), men her er dei båe i kyrkjeboki for Hafslo som emigrantar #10 og #11: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6870&idx_id=6870&idx_listetype=uf&idx_kjonn=b&uid=ny&idx_side=-72

 

Peder og Anders BØR vera med alt i FT1870, som vel vart oppteken i juni, og i alle fall i FT1880, men eg ser dei ikkje...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Denne Peder Solvorn som du nevner Lars, ser ut til å være ført to ganger i passjerlisten til Mercator. Først somsønn av en Britha Pedersdtr. Solvorn, 70 år, (se passasjer nr. 98 på listen), og dernest som passasjer nr. 200. Det kan dermed være din Peder Valaker som skulle vært ført som passasjer nr 200 fra Solvorn. Vi ser for øvrig at Anders Olsen Valaker var passasjer nr. 203.

Mercator ankom Quebec den 30. juni 1870.

 

http://www.norwayheritage.com/p_list.asp?jo=1219&ps=63517

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Og her er endelig passasjerlisten i original for Mercators reise fra Bergen til Quebec. Ankomstdatoen er her 29. juni 1870. Jeg finner Anders Olsen Valaker på listen, men er Peder Ludvigsen Valaker der ? Denne Peder Solvorn er ført med alder 30 år.

post-38-0-51340700-1414632153_thumb.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for nye spennande innegg!

 

Då eg i s tid komnkluderte med at Peder Ludvigsn og Anders Olson utvandra i lag i 1870, var kyrkebøkene for Hafslo mi kjelde.  No er det ikkje første gongen at det er "sprik" mellom ei passasjerliste og kyrkebøkene, om so er tilfelle her.  Sikkert er det at dei båe utvandra på denne tidi, men for å vera heilt sikker, lyt ein gå detaljert igjennom utflyttingslistene for Hafslo og samanlikna med skipslista!  Nett no står eg i farti og skal ut for nokre timar, men kanskje eg kan sjå nærare på saki i kveld...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er mer info om denne historiske emigrantferden i 1870, to måneder og en dag tok seilasen fra Bergen til Quebec. 402 passasjerer og mannskap på 13 - gjett om det var trangt ! Navnet til Anders er blitt litt feiltolket av Ancestry:

 

Canadian Passenger Lists, 1865-1935

Name: Anders Olsen Valaken

Gender: Male

Age: 17

Birth Year: abt 1853

Date of Arrival: 29 Jun 1870

Vessel: Mercator

Port of Arrival: Quebec, Quebec, Canada

Port of Departure: Bergen, Norway

 

 

In 1870 the ship Mercator departed from Bergen on April 29th, and arrived at Quebec on June 30th. She was sailing in ballast, and was carrying 402 steerage passengers. There was an outbreak of measles on board, and when they arrived at the quarantine station at Grosse Île the passengers were landed. There was six births on the voyage. On April 27th, Cristine Marie, the daughter of Niels Andersen Kval and wife Kristi was born and on April 29th the child of Hans and Synneve was born, but died shortly after, on May 11th. Also on May 11th, Oline, the daughter of Hans Pedersen and Britha Hølm was born. on May 20th, Marie, the daughter of Ole Christoffersen Sjøthem and Marit Eriksdatter was born and on June 1st, Amund, son of Lars Bjørnsen Aashum and Britha, and finally on June 17th Marie, the daughter of Ingvald Christophersen Mørka[ri] and Guri Østensdatter Bolstad was born. All together there were five deaths on the voyage. The child mentioned above and on May 26th, Dorthea Berentsdatter Rütlien (2), daughter of Marthe Larsdatter Rütlien died, on May 29th, Christoffer (9 mo.) son of Henrik Eriksen Holmstad and Berthe died, on May 31st, Berthe age 9 months, daughter of Knud Ottesen and Irma, and last on June 4th, Andrea Johannesdatter Marum age 18, the sister of Ole Johannesen Marum passed away. The Mercator was mastered by Capt. E. Berentsen, and had a crew of 13. Her tonnage was 401½ Norwegian Commercial lasts.

 

http://www.norwayheritage.com/p_ship.asp?sh=merco

Endret av Kurt Østbye
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk, Kurt, for eit skikkeleg spennande innlegg!  Eg visste ikkje at det fanst so detaljerte reiseskildringar frå desse emigrantskutene, og eg lurer sjølvsagt på om liknande beretningar finst for andre skuter?  Me veit at born vart fødde på vegen over, og ogso at både born og andre døydde på vegen, men som regel er det vanskeleg å finna nøyaktige datoar!

 

Elles har eg teke meg litt tid til å studera passasjerlista og jamføra mot utflyttelista frå kyrkjeboki for Hafslo, og her er det fleire "underlege" konstellasjonar!

 

* Peder Solvorn er ført to gonger, eine gongen (30) (#98-100) som bror av Martha (23) og båe born av Britha Pedersdotter Solvorn (70).  Britha Pedersdotter var fødd i 1801 og utvandra i 1870 i lag med dotter Martha Bottolfsdotter (fødd 1836) og SVIGERSON Peder Otteson Grov (fødd 1836).

 

* Peder Solvorn (23) (#200) er ført attmed ei Christine Solvorn (20) (#199).  Christina Johannesdotter Øvrebø (fødd 1847) utvandra ugift i 1870 og må vera identisk med denne Christine Solvorn.  Og eg kan ikkje forstå at denne Peder Solvorn kan vera nokon annan enn Peder Ludvigson Walaker, fødd 1833!

 

Eg brenner etter å "korrekturlesa" denne passasjerlista for Mercator, men bortsett ifrå ei sak som eg vil ta opp som eige tema (http://forum.arkivverket.no/topic/193170-ingeborg-christophersdotter-svadhavnensj%C3%B8thun-f%C3%B8dd-hafslo-1840-utvandra-1870-eller-kanskje-ikkje-lagnaden-hennar/), må eg lata Mercator-lista liggja til eg får betre tid....

 

I mellomtidi vonar eg framleis på fleire tips om lagnadane til Peder Ludvigson og Anders Olson!?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Følger vi Wisconsin-sporet fra innlegg 1 så er det i US City Directories noen Peter Ludwigson i Superior, Wisconsin, men har ikke funnet ham igjen i US census, kanskje andre kan finne ham.

 

Name: Peter Ludwigson

Residence Year: 1909

Street address: 22 Cloquet blk

Residence Place: Superior, Wisconsin, USA

Occupation: Laborer

Publication Title: Superior, Wisconsin, City Directory, 1909

 

Name: Peter Ludwigson

Residence Year: 1911

Street address: 424 Tower av

Residence Place: Superior, Wisconsin, USA

Occupation: Laborer

Publication Title: Superior, Wisconsin, City Directory, 1911

 

Name: Peter Ludwigson

Residence Year: 1921

Street address: 607 Grand av

Residence Place: Superior, Wisconsin, USA

Occupation: Laborer

Publication Title: Superior, Wisconsin, City Directory, 1921

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Kurt for nytt spennande innlegg!

 

Eg finn heller ikkje denne Peter Ludwigson i nokon folketeljingar, men WW1 draft records (1917) har ein:

 

Peter Andrew Ludwigson, fødd 29.1.1886 som med kone Dorothy bur i Superior, WI.  Han er jarnbanearbeidar, og han døydde i 1963.  Eg veit ikkje, men eg har ein mistanke om at dette er mannen frå city directories...?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet som framleis ligg helt utan løysing hjå meg!

 

Diverre har eg ikkje nye element å by på, men eg vonar at kanskje nye auge kan sjå på problemet og komma med eitt og anna tips!

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.