Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Torbjørn Henrik Hillersøy

melding om dødsfall for Bernt Larsen, død 23/11 1901, i Kinn

Recommended Posts

Torbjørn Henrik Hillersøy

Vil gjerne ha opplyst kven som står oppført som pårørande/etterkomarar etter Bernt Mathias Larsen, Nærø, f. 1839 og død 23/11 1901.

 

Mvh Torbjørn

Share this post


Link to post
Share on other sites
Yngve Nedrebø

Dødsmeldingen sier bare: "Fisker, Enke og to umyndige fælles børn".

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Torbjørn. Eit lite spørsmål til deg:

 

Eg har notert meg at den Martinus Larsen som døde i Batalden/Langøy i 1938, er den same som Bernt sin farfar, men med 3 ? etter.

 

Har du noko dokumentasjon/tankar i forhold til dette?

 

mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Henrik Hillersøy

Takk for svar Yngve! Det bekrefter det eg har antatt.

 

Egil: Martinus Larsen (1772-1838) var farfar til Bernt, ja. Bernt sin far, Lars, var uekte son av Martiunus og Berte Jonsdtr. Martinus hadde tidlegare eit bornlaust ekteskap bak seg, og var då busett i Hovdetreet.

Lars var eit "mellomekteskapleg" born. Han gifte seg med Rakel Samsonsdtr. (frå Reksta) og budde ei tid på Russøya, der Bernt vart fødd (og budde til han var 6-7 år).

Martinus var fødd på Gulestø. Han hadde broren Rasmus på Fugløya (1764-1838)

 

 

Edited by Torbjørn Henrik Hillersøy

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Takk Torbjørn, då reknar eg det for stadfesta.

 

Bernt, og familien hans, har eg registrert flytta frå Russøya ein gong mellom 1843 og 1845. (Dei er på plass på Nærøya i alle fall hausten 1845), så Berent var kanskje 4-6 år når dei reiste.

 

mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Egil Russøy

Det går heilt fint. Dåpen hadde eg frå før. Det eg følte at eg mangla sikker dokumentasjon på, er at det er den same Martinus Larsen som døyr i Batalden/Langøy i 1838. Lars er f.eks. ikkje nemnd i skifte etter Martinus, men det kan sjølvsagt forklarast ut frå at han var "uekte".  

 

mvh Egil

Share this post


Link to post
Share on other sites
Torbjørn Henrik Hillersøy

Her er mitt resonnement:

 

Dåpen til Martinus og Berte Oline sitt fyrste born (på Langøya i 1819):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?uid=269923&urnread_imagesize=big&show=329#toppen

 

Rasmus Larsen Fugløen, bror til Martinus, er fadder. Han er også fadder til det tredje bornet til Martinus og Berte Oline i 1824. Ellers er son til Rasmus, Elias, fadder til det andre, tredje og fjerde bornet.

 

Det er fem Martinus Larsen i Kinn i 1801:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/sok/1801?k%5B%5D=1437&fornavn=martin*&etternavn=Lars*&kjonn=&familiestilling=&sivilstand=&yrke=&fodselsaar=&alder=&ny_husholdning=&merknader=&type=person&bosted=&bydel=&gaardsnummer=

Ein i Hovden, f. 1770.

Ein er for ung til å få barn i 1809 (f. 1793). To er fødd i 1751, ein av dei er gift, den andre er ugift dreng.

Ved det anmeldte giftermålet med Berte Oline, står det at Martinus er enkemann.

 

Og ein på Skorpa, fødd 1778. Denne er for så vidt aktuell, men han er ikkje bror til Rasmus Fugløen (og alderen stemmer ikkje heilt med vår Martinus).

 

Dåpen til Martinus:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000005054040

Dette er den einaste Martinus som stemmer med alderen i 1801, og det er denne som er bror til Rasmus.

 

Han vart 1. gong gift (i 1800) med Sara Andersdtr. Bareksten, og dei vart busett i Hovdetreet. Ho hadde dottera Berte Jonsdtr. frå eit tidlegare ekteskap.

 

(Martinus fekk born med stedottera si (antar at Sara då var død, men har ikkje sjekka det etter at pc'en min havarerte i fjor).)

 

Sikker dokumentasjon er dette ikkje, men det er svært sannsynleg rett.

Edited by Torbjørn Henrik Hillersøy

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.