Jump to content
Arkivverket

Nokon med lokalkunnskap om folk i Ausevika, Kinn pr.gj. ?


Torbjørn Henrik Hillersøy

Recommended Posts

Torbjørn Henrik Hillersøy

Nille Susanne Andersdtr. (Martinusdtr.) (1863-) frå Kvaløysundet

gift 1893 med

Abraham Johannesson (1866-) frå Ausevika

 

Born:

Saron M. (1894-)

Bertine Marie Pernille (1895-)

Johan (1898-)

 

Nille Susanne vaks opp i Kvaløysundet i Kinn pr.gj. Faren var døypt Anders Martinus. Truleg brukte han berre Martinus i daglegtale.

Nille og Abraham og borna var busett i Ausevika i 1900 og 1910, på bruk nr. 3 Berg(et), der Abraham vart fødd.

Abraham var gardeigar og fiskar.

 

Eg har ikkje funne nokon av dei i "Gravminner i Norge". Har ikkje funne dei blant emigrantar over Bergen.

 

Mvh Torbjørn

 

Edited by Torbjørn Henrik Hillersøy
Link to post
Share on other sites
Ivar S. Ertesvåg

Nille Susanne Andersdtr. (Martinusdtr.) (1863-) frå Kvaløysundet

gift 1893 med

Abraham Johannesson (1866-) frå Ausevika

Nille og Abraham og borna var busett i Ausevika i 1900 og 1910, på bruk nr. 3 Berg(et), der Abraham vart fødd.

Abraham var gardeigar og fiskar.

 

Eg har ikkje funne nokon av dei i "Gravminner i Norge". Har ikkje funne dei blant emigrantar over Bergen.

Det er mange døde som ikkje er med i "Gravminne"....

 

Dersom Abraham var gardeigar (bnr.3?) vil realregisteret fortelje kva tid han vart det, og kva tid han overlet garden til nokon annan.

 

I matrikkelen frå 1886 er Ausevik (Osevik) gnr.92 i Kinn. I realregisteret (Protokollnr. II.A.g.7) finn vi bnr.1 her: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=12077&uid=ny&idx_side=-159

Det står at bnr. 2 og 3 vart skilt ut i 1903 og desse skal vere førte på fol. 330 og 331, altså her: http://www.arkivverket.no/URN:tl_read?idx_id=12077&uid=ny&idx_side=-336

 

Abraham kjøpte bruket i 1909. Han greidde tydelegvis ikkje å betale låna sine, så garden gjekk på tvangsauksjon i 1934-36.

Kjøparen var Saron Abrahamsen Ausevik - altså eldstesonen.

Det er ikkje tinglyst nokon obligasjon etter dette. Det tyder vel at Saron hadd reide pengar til kjøpesummen.

Det er ikkje ført fleire forretningar fram til 1958, då registeret vart overført til Grunnboka (som erstatta realregisteret).

 

Men iallfall... Abraham var i live og busett Ausevika i 1934. Då var han 68 år. Sidan sonen tok over garden, kan det godt hende han heldt fram med å bu der.

Dei skanna kyrkjebøkene rekk vel ikkje så mykje lenger etter 1934 til 1933, men rimelegvis finst han anten i Kinn eller der nokon av dei

andre borna budde.

 

Realregisteret seier ikkje noko om Nille, men rimelegvis budde ho også i Ausevika til ho døydde. Det står kanskje noko om Abraham og Nille i auksjonsskjøtet frå 1936.

Edited by Ivar S. Ertesvåg
Link to post
Share on other sites
Torbjørn Henrik Hillersøy

Mange takk for utførleg svar, Ivar!

 

Kanskje det er nokon med lokalkunnskap frå Høydalsfjord-området som har endå meir oversikt over denne familien?

Edited by Torbjørn Henrik Hillersøy
Link to post
Share on other sites

Har du sjekka i "Høydalane før og no", om det står noko der? Eg får dessverre ikkje opp boka no på nb.no.

 

Eg sender deg eit anna alternativ på PM

 

mvh Egil

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.