Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

SF, Gloppen: Ole Olson Egge f. 1726 g, til Myklebust, Sunnmøre - Kvar ?

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Ole Olson var f. på Egge i Breim, dpt 8.1.1727  Foreldrer: Ole Hansson og Anne Jakobsdtr.

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 2 (1712-1735), Kronologisk liste 1726, side 218-219.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11424&idx_id=11424&uid=ny&idx_side=-112
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228290558.jpg

 

I bygdeboka for Gloppen står det at han var gift til Myklebust på Sunnmøre der han døydde 1813

No har eg fare over 1801-teljinga for alle Myklebust/Møklebust- gardane på Sunnmøre (trur eg) som det er mange av  utan å finne ein Ole Olsen i høveleg alder.

 

Er det nokon som veit kvar eg kan finne Ole Olson frå Egge ?

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Det merkelige er at jeg finner en Ole Olsen, født 1729, på Møchlebøst i Davik i 1801:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058407001971

 

Men har dør ikke i 1813, men i 1809 - i Davik:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/gr/person/pg00000001129259

 

Men det er nok neppe rette mannen, for han står som Møchlebøst ved giftermålet i Davik i 1765:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000001372766

 

Jeg regner vel med at dette er et skikkelig skudd i tåka.... :wacko:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Eg trur det må vere han som vart gift med enka Synneve Pedersdtr. 24.6.1755 på Stranda:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Ørskog, Ministerialbok nr. 522A02 (1743-1773), Kronologisk liste 1755, side 871-872.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&uid=ny&idx_side=-156
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831610629.jpg

             

Ved trulovinga er han kalla Ole Olsen Hegge (høgre side):

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Ørskog, Ministerialbok nr. 522A02 (1743-1773), Kronologisk liste 1755, side 863-864.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15984&idx_id=15984&uid=ny&idx_side=-152
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831610625.jpg

 

Ole Olsen og kona Synneve døydde båe to i 1788:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Stranda, Ministerialbok nr. 520A01 (1759-1801), Døde og begravede 1787-1789, side 147-148.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15975&idx_id=15975&uid=ny&idx_side=-76
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070830660227.jpg

 

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Dette har du vel fra før, men dette er vel skiftet etter Ole Hansen på Egge. Ole Olsen var bare en liten gutt:

 

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Nordfjord sorenskriveri, Skifteprotokoll A 6 , 1727-1731, oppb: Statsarkivet i Bergen.

Merknader: Register bak i protokollen.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24223/171/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20081128610173.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Hjerteleg takk Inge, det er fleire frå Egge eg har funne  gifte i andre prestegjeld ført som  Hegge i kyrkjebøkene så det kan nok stemme at det er rett mann.

 

Myklebust på Stranda... det "pussige" samantreffet er at der har eg vore mange gongar i mn barndom sidan mine besteforeldrer kjøpte eit småbruk (Holen) tilhøyrande Helstad og budde der. Myklebust var garden på andre sida av elva som var grensa  mellom eigedomane. Eg for ofte opp og ned langs elva der med makketroda og fiska kræder.....  ;)

 

Skiftet etter Marthe Olsdtr. Befring har eg også god nytte av:  :)

 

Grethe Flood:  Den fyrste du linka til var nok bom ja, men eg har han i papira mine i ein annan samanheng  ;)

Skiftet etter Ole Hansson Egge kjende eg til frå før og, men takk i allefall.  ;)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Breimningane hadde eit sterkt halvemål på denne tida, så det er høgst rimeleg at han har sagt at han var frå Heggje i Breim. Du veit, "'esten 'ass 'ans sto hutta 'usa hå håt 'o hå 'øy huttu esjå".

 

Men bortsett frå det: Inger Rasmusdtr Strand gifter seg i Gloppen i 1787 med ein Ole Olsson Hasund frå Herøy på Sunnmøre. Dei er på Myklebust i Herøy i 1801. Mi erfaring er at folk ikkje gifter seg "i hytt og ver",  og eg har tenkt at denne Ola Olsson, f. ca 1757, må ha tilknyting til Breim og kunne vere ein son av Ola Olsson f.1729, men eg har ikkje funne noko meir om det.

 

Eg filosoferer også litt over kvar bygdebokforfattaren kan ha funne at denne Ola døydde i 1813. Slike opplysningar er sjeldan tekne heilt ut av lufta.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Godt tenkt Aase.

Eg har og merka meg at utflytte ofte gifter seg ihop med utflyttarar/ etterkommarar etter utfl. frå eige bygdelag så deter mulig desse også har gjort.

 

Det kan godt være at den Ole Olsson Hasund kan være sonen til Ole Olsson og Synneve Pedersdtr. på Myklebust, Stranda.

Dei fekk sonen Ole i 1759 ( og i tillegg Anne 1756 og Jacob 1763).

Eg har ikkje funne skifte korkje etter Ole Olsson eller kona Synneve Pedersdtr, men ingen av ungane overtok bruket på Myklebust iflg. den eldste utgåva av bygdeboka som ligg på nett. Kansje den nye utgåva av bygdeboka for Stranda har fleire opplysningar om borna deira.

Eg skal legge inn eit spm om oppslag i den utgåva seinare idag når eg får høve.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Så der var skifte etter Ole Olsson og Synneve Pedersdtr. likevel  - mange takk for det Inge! :)

 

Noko nytt om bustaden til borna Jacob og Anne på det tidspunktet er der ikkje, men kva er det som står om sonen Ole ?

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Merk at der står MANDENS 3 børn og seinare KONENS 3 børn, men mandens må vel vere fellesborn?

 

Ola jr  er neppe identisk med Ola Olsson Hasund slik det står i skiftet, for på dette tidspunktet er han gift (1787) med jenta frå Strand.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Merk at der står MANDENS 3 børn og seinare KONENS 3 børn, men mandens må vel vere fellesborn?

 

Ja eg beit meg merke i det.

Har sjekka dåpane til desse tre borna og det ER fellesborn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Her skreiv vi omlag samtidig - du ser gjerne redigeringa mi i forrige innlegg.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Klarar du Aase å tyde kva som står i skiftet etter Ole Olsen og Synneve Pedersd om sonen Ole ?

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

I Stranda bygdebok er Ole Olsen på Myklebust nemnd å kome frå Heggen i Norddal. Eg kan kome attende til kva meir som står der seinare.

 

Norddal bygdebok nemner ingen Ole Olsen på garden Heggen: http://www.nb.no/nbsok/nb/ce55764268f14c203ec8f333ed418566.nbdigital?lang=no#283

 

Det fins ein gard med namnet Egge i Ørskog. Bygdeboka for Ørskog nemner ingen Ole Olsen der: http://www.nb.no/nbsok/nb/ad4bffe32ccf7f23d6ad52105f46e98f?index=1#93

 

Det er og Heggen i Eid (eller på denne tida i Hornindal sokn).

 

Garden Egge i Breim er vel i utgangspunket den minst trulege av desse fire mest aktuelle alternativa. Men sidan mor til Ole Olsen Egge hadde vore gift på Langeland i Sunnylven, så aukar nok denne sjansen mykje. Halvsøstera til Ole Olsen Egge, Pernille Pederdtr., er og kalla Hægge ved vigsla i 1752: 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnylven i Norddal, Ministerialbok nr. 519A01 /2 (1736-1760), Kronologisk liste 1753, side 169.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=17005&idx_id=17005&uid=ny&idx_side=-51
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070830640436.jpg

 


 

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Skifta er nok ikkje til å stole 100 prosent på dei heller.

Til dømes i skiftet frå 1752 etter Ole Olsen si mor, Anne Jacobsdtr. på Langelandshaugen, er Lars Olsen nemnd å halde til på "Helle i Nordfiord": http://arkivverket.no/URN:sk_read/24558/323/

Forfattaren til bygdeboka for Sunnylven har klart å lese seg til at det står "Hegge i Nordfjord" i skiftet. Det kjem visst berre an på kva augo vil sjå. Det står rett nok Lars Olsen Egge i utlodninga: : http://www.nb.no/nbsok/nb/86ce2130d273e7a66bbf0c5dc7d3649f?index=0#311 

 

Elles så kallar Herøy bygdebok Ole Olsen på Myklebust i Herøy for Ole Olsen Knotten frå Sande, utan at eg veit grunnlaget for det. Alderen til Inger Rasmusdtr. må vel vere feil her: http://www.nb.no/nbsok/nb/9b7d35e58de41aa409a965038cc16821?index=3#389

 

I Stranda bygdebok under Myklebust står det at Synneve Pedersd. (1718-1788) var gift 3.g. 1755 m. 

Ole Olsen Heggen, Norddal (1726-1788). Det vert ramsa opp 4 born, nemleg Arne (1756-1794), Ole (1758-1815), Jakob (1763-1828) og Anne (1763-1820).

Av desse så må Arne vel vere feil, då han ikkje er nemnd i skiftet. Ole og Jakob er nemnde vidare på garden Framhus. Jakob som gardbrukar gift 1796 m. Olave Olsdtr. Framhus. 5 born er nemnde, ingen av dei vart brukarar på garden. Ole Olsen skal ifølge bygdeboka ha vore ugift, men fått ein son Ole i 1800 m. Sigrid Olsdtr. Framhus.

 

PS Eg hadde redigeringsproblem her, slik at eg valde å dele innlegget mitt i to innlegg.

 

 

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ja Pernille Pedersdtr. ( mi 4x tippoldemor)  og mor hennar, Anne Jakobsdtr  (i sitt 3. ekteskap) vart gifte  til  Langeland begge to.

Endret av Harald L. Bakke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Elles så kallar Herøy bygdebok Ole Olsen på Myklebust i Herøy for Ole Olsen Knotten frå Sande, utan at eg veit grunnlaget for det. Alderen til Inger Rasmusdtr. må vel vere feil her: http://www.nb.no/nbsok/nb/9b7d35e58de41aa409a965038cc16821?index=3#389

 

I Stranda bygdebok under Myklebust står det at Synneve Pedersd. (1718-1788) var gift 3.g. 1755 m. 

Ole Olsen Heggen, Norddal (1726-1788). Det vert ramsa opp 4 born, nemleg Arne (1756-1794), Ole (1758-1815), Jakob (1763-1828) og Anne (1763-1820).

Av desse så må Arne vel vere feil, då han ikkje er nemnd i skiftet. Ole og Jakob er nemnde vidare på garden Framhus. Jakob som gardbrukar gift 1796 m. Olave Olsdtr. Framhus. 5 born er nemnde, ingen av dei vart brukarar på garden. Ole Olsen skal ifølge bygdeboka ha vore ugift, men fått ein son Ole i 1800 m. Sigrid Olsdtr. Framhus.

 

PS Eg hadde redigeringsproblem av ei anna verd her, slik at eg valde å dele innlegget mitt i fleire innlegg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

At Anne Jakobsdtr vart gift til Langeland er nytt for meg - kan du gje meg detaljane der, Harald?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Anne Jakobsdtr. vart gift for 3. gong  etter 1730 med enkjemannen Nils Olsson på Langelandshaugen i Sunnylven.

Han var far til Ole Nilsson som Anne Jakobsdtr. Pernille vart gift med i 1752.

Sidan kyrkjebøkene for Norddal/Sunnylven ikkje startar før 1736 har eg naturleg nok ikkje funne vigsla.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

No må eg rette meg sjølv her....  Nils Olsson Langeland si 1. kone Anne Iversdtr. (f. Hellesylt) 

døydde i mai 1752 så dei Nils ogAnne Jakobsdtr. er gifte etter det, men eg har ikkje funne sjølve vigsla nokon stad til no.

 

Skiftet som Inge linkar til etter Anne jacobsdtr. viser at dei var gifte. 

 

Endret av Harald L. Bakke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Litt tankar kring skiftet etter Anne Jacobsdtr. i 1752.

Eg har merka meg at av borna til Anne er det bare Lars Olsson som er nemnd med bupel, dei andre to Ole Olsen og Pernille Pedersdtr. står det ikkje kvar dei bur og eg tolkar det då slik at dei bur på same staden som mora (eller er eg heilt "på jorde" med den teorien?)

Det kan tyde på at Ole Olsen fortsatt bur på Langeland eller iallefall i Sunnylven og då var vegen ikkje så lang gjennom Moldskreddalen til Stranda.

Eg merkar meg i bygdeboka for Stranda at  garden Myklebust har sætrehamn i Moldskreddalen og i den tid var vel den "øvste" bebudde garden i den retning Moldskreddal i Sunnylven og eg veit det var ein del slektskap mellom folket på Langeland og folket i Moldskreddalen.

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Skiftet etter Anne Jakobsdtr er frå 1752. Anne Ivarsdtr må vere død før 1745, for då er det skifte etter far hennar, Ivar Pederson Hellesylt, og då er det borna hennar som arvar. Men har du nokon ide om korleis Anne Jakobsdtr forvillar seg til Langeland? Der må vere ei lenke til Breim før det...

 

Veit de kven Nils Olsson Langeland var? Eg berre nemner at eg manglar ein Nils Olsson Egge, fødd ca 1676, og sist sett i Breim i 1702.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Anne Iversdtr. døde 1742, gravlagt  14. mai.

Korleis Anne Jakobsdtr. har "forvilla seg" frå Breim til Sunnmøre trur eg har vore kjelde til spekulasjonar for mange, det hadde vore artig å visst, men vi får vel aldri greie på.

 

 

 

Når det gjeld skiftet til Anne Jakobsdtr. så har eg fått hjelp til tyding av kva som står om Ole Olsen der  :

 

"1. Ole Olsen gl. 30 Aar rømt af Moldes Amtshuuss for 3 uger siden"

 

Kva han hadde forsynda seg på er ikkje godt å seie, men kansje det er å finne i eit arkiv det og.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Spennande. Men tru kva bygdeboka seier om Nils Olsson?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.