Gå til innhold
Arkivverket

SF, Gloppen: Folket på Karnilsplassen, Sandane


Harald L. Bakke
 Del

Recommended Posts

Her er det fleire spørsmål under same tema, men eg syns det var greiast å gjere det slik sidan dei alle omhandlar same familien.

 

Rognald Olsson frå Mjellem i Hyen gifte seg med Ragnhild Thorsdtr. Saarheim 1724.

Dei fyrste åra budde dei på Sårheim, seinare på Dale før dei ca 1740 kom til Karnilsplassen under Sandane.

 

Paret hadde borna: Ingeborg  1724, Ragnhild 1724, Ane 1731 og Thor 1734.

 

- Ingeborg Rognaldsdtr. vart 1753 gift 1. m Ananias Jacobson Rognkleiv (d. 1768) budde fram til ca 1760 også på Karnilsplassen på Sandane før dei vart plassefolk på Hestenesøyra

Barna deira:

- Thore (a) 1754-1853  d. ugift

- Jacob 1756-1759

- Jacob f. 1759 på Sandane           - Kvar vart det av han ?

- Daniel f. 1763 på Hestenesøyra    - Kva vart han av ?

- Malene f. 1768 på Hestenesøyra   - Kvar vart ho av?

Ingeborg gifte seg att som enkje 30.6.1772 i Eid med enkjemannen Rasmus Rasmusson Hunvik

(I Bygdeboka for Gloppen står det at det var tvillingsystra Ragnhild som gifte seg med Rasmus, men iflg kyrkjeboka er det Ingeborg.

Ved FT 1801 bur Ingeborg på Karnilsplassen ilag med dattera Ragnhild og mannen

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f18011445&gardpostnr=59&personpostnr=1505#nedre  eg har ikkje funne ut når Ingeborg Rognaldsdtr. døydde.

 

-  Ragnhild Rognaldsdtr.   vart iflg. bygdeboka gift Ola Andersson Ringen 

    -Kan det være Ringen i Sjøholt ?

 

- Ane Rognaldsdtr. fekk i 1773 dattera Anne med Svend Svendsen , hattemakar frå Molde.

      - Kvar vart det av Ane Rognaldsdtr og Anne Svendsdtr.  og kva er det fullstendige namnet til hattemakar Svend Svendsen Vin....?

 

Dåpen til dattera Anne  2. mai 1773 s95 4. kolonne:Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 4 (1758-1784), Fødte og døpte 1773, side 95.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11426&idx_id=11426&uid=ny&idx_side=-95
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228300245.jpg

                   

 

 

 

- Thor Rognaldson vart 1753 gift med Anne Jonsdtr. Østrem men døydde kort tid etter vigsla, Anne Jonsdtr. gifte seg oppatt og var busett på farsgarden br. nr. 4 på Austrheim i Gloppen.

    I 1751 fekk paret dattera  Mari  - Kvar vert det av denne Mari Thorsdtr. ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ragnhild fekk sonen Knut med Steffen Knutson Bortne i 1749. (Steffen døydde i 1750). Seinare er ho gift i Bergen med ein Ole Nilsen som eg ikkje kjenner opphavet til - ingen glopparar som passar i fyrste omgang. Dei har borna Nils og Sissele.

 

Så er det Ingeborg sine born. Eg ville valt å skrive Tora på den eldste, for å markere at det er ei kvinne. Du har ikkje Ragnhild med i lista, men nemner henne seinare - ho var gift med Rasmus Akselson Gloppestad, budde på Sandane og hadde dottera Ingeborg.

 

Jakob og Daniel har eg ikkje funne - heller ikkje Malene.

 

Så dermed hadde eg vel omlag det du sjølv hadde frå før. Eg har ikkje leita allverda etter desse tre, men kan tenkje meg i retning Bergen. Får eg ei ledig økt ei natt, skal eg sjå kva eg finn.

 

Ti år feil alder her - http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058405001503

 

 

 

 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Daniel Annaniassen på Seljeset i Kinn 1801 trur eg vi kan slå frå oss som kandidat i dette tilfelle.

I Kinn Ministerialbok 1785-1821 finn eg på side 108 høgre kolonne:

Trolovet Daniel Ananiæsen Søndhordviig  og pigen Marta Johansdat: Selliesæt

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1798, side 108.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-109
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510610640.jpg

 

 

På side 109 høgre kolonne finn eg same paret Copuleret

Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Kinn, Ministerialbok nr. A 3 (1785-1821), Kronologisk liste 1798, side 109.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11533&idx_id=11533&uid=ny&idx_side=-110
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070510610641.jpg

 

Når eg ser i Albert Joleik si bygdebok for Flora finn eg under Sunnarvikja ein Anders Anjasson 30 år som brukar i 1801, og er truleg bror til Daniel. Ein evt. far Ananias er ikkje nemnd i Sunnarvikja, men det kan no være slik at Anders har bygsla/kjøpt eit bruk og broren følgt med som tenar. Uansett er dei vel ikkje "vårt folk" i denne samanhengen.

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein konkret tråd om dei tre manglande syskena hadde kanskje gjort susen? No har vi fått mjølkefeberkyra på beina igjen, så sjansen for litt leiting er aukande.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja melkefeberkyr er ikkje å spøke med, marginane kan være små då. Godt ho er på fote igjen.  

 

Då skal eg ta oppfordringa di og etterlyse dei tre sykena i ny tråd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg ser at eg gløymde å nemne to av borna til Rognald og Ragnhild: Tor døydde på Austrheim i 1853 og hadde då fått borna Mari og Tor.  Så var det Anne - ho fekk dottera Anne i 1773, med Svend Svendsen Vinstrøm. Eg har ikkje noko på nokon av dei etter det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tor døydde vel i 1753 og vart begreven 25 dagar etter at han gifte seg.

1853 reiknar eg med berre var ein tastefeil.  ;)

 

Vinstrøm ja, der fekk eg heile namnet til hattemakaren.

 

Takk for supplering, Aase.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Så klart var det skrivefeil. Han er av dei som greier å figurere i tre lister same året: Gift, død og far til dåpsbarn i 1753. I 1752 har han 2 innføringar - konfirmasjonen, pluss ein publ.abs. på grunn av barnet han fekk i 1751. Med andre ord ein kort og hektisk karriere for Tor, som var 19 år då han døydde.

 

Som ein kuriositet kan nemnast at det er 2 konfirmantar som får publ.abs. i 1752 - ei jente frå Breim var besvangra før konfirmasjonen, utan ekteskapsløfte.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har undra meg litt over kvifor han i kyrkjeboka ved trulovinga, ved dattera sin dåp i 1751, sonen sin dåp 1753 er skriven Thor Rognaldsen Sande  - det skulle tyde på at han var busett på Sande eller er det bare feilskrift for Sandene?

Endret av Harald L. Bakke
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil ikkje kalle det skrivefeil. Han seier han bur på Sandå, og presten skriv det som han tykkjer det skal skrivast. Vi ser mange døme på det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

For dei som les dette og ikkje er heilt inne i den lokale dialekten: Sandane er fleirtal av ein sand. Dersom du er på staden, skal du etter gammalt bøye ordet til dativ-form, som blir Sandå. Altså - eg skal ein tur på Sandane (eller Sandene, som dei skreiv i dansketida) - men eg er på Sandå.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Nokon som veit noko meir om denne Jakob Rognkleiv. Når blei han født og når døde han og kva heitte kona hans?

 

 

Eg reiknar med at du med det meinar far til Ananias Jakobson Rognkleiv  som er nemnd i #1 ?

 

Eg har ingen opplysningar om foreldra hans. 

I tilfelle Ananias var fødd i Rognkleiva er ikkje hans foreldre nemnde i bygdeboka, men kan sjølvsagt likevel hatt bustaden sin der.  Ellers kan jo Ananias ha vore tenar der før han gifte seg med Ingeborg Rognaldsdtr. og fødd ein heilt anna plass. Sidan vi ikkje veit fødselsåret er einaste å leite i dåpslistene innanfor "kalkulert alder"  etter døypte Ananias'ar i Gloppen eller tilstøytande prestegjeld for om mulig finne ein kandidat og nøste derifrå i evt. skifter etc.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jakob Erikson Stordalen / Gjengedal er vel far til Ananias. Her er dåpen - Kjem tilbake med meir.

 

SAB, Gloppen Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 2, 1712-1735, s. 82-83

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg les gjennom tråden og finn som ein "skjebnens ironi" at vi hadde mjølkefeberkyr då han starta og det same i dag ;-)  - får håpe denne kyra kjem på beina og..

 

Men tilbake til Jakob. Han står under Gjengedal i 1701, og seinare kalla vekselvis Gjengedal og Stordal(en) når han har born til dåp eller er fadder.  Han må vere fødd litt før 1680 etter alder i 1701, og då har vi som kjent ikkje kyrkjebøker, men denne Anne i 1686 må vel vere ei syster http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11423&idx_id=11423&uid=ny&idx_side=-3

 

Dessverre står det ikkje patronym, verken då eller dei 2 andre gongane eg har Erik registrert, som forlovar i 1689 og som saktsøkt av Erik Rygg for noko småtteri i 1682.

 

I 1666 kan dette vere ein kandidat, men berre ut av lause lufta. http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bd22MT60&gardpostnr=983&personpostnr=5241&merk=5241#ovre

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.