Gå til innhold
Arkivverket

Sjur Knutson og Kari Halstensdotter - vigde i Borgund, Lærdal 1721 - kvar vart det av dette parfolket?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kyrkjeboki for Lærdal (med Borgund) syner at ein Sjur Knutson og ei Kari Halstensdotter gifte seg i Borgund 24. søndag etter Trefoldighet (23.11.) 1721 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11593&idx_id=11593&uid=ny&idx_side=-27).

 

Eg ønskjer å finna ut om dei kan ha vore foreldri til ei Anna Sjursdotter som 16.10.1752 gifte seg i Borgund, Lærdal med Jacob Ingebrigtson frå ein plass under Eggum i Borgund og døypt der 16.11.1727.  Dei fekk seks born i lag, og eldste dotteri heitte Kari, rimelegvis oppkalla etter mormori!?  (Farmori heitte Agatha, som òg var namnet på neste dotteri i denne huslyden)  Sjur Knutson var i 1701 busett på Hovland i Borgund, 7 år gamal, i lag med mori Anna Olsdotter!

 

Det ser ut til at ein god del fødsler frå Borgund manglar i kyrkjebøkene for Lærdal - eg vil tru at soknepresten på den tidi nytta "lappesystemet", og stundom gløymde han å skriva inn alle barnedåpane frå "Annex-ssokni"...  Nettopp dette gjer det vanskeleg å påvisa born i denne delen av Lærdal på 1720- og 1730-talet!

 

Ein Sjur Knutson døypte 8.11.1733 i Borgund ei "uekte" dotter Martha.  Om dette er den same Sjur, veit eg ikkje.  Derimot var nok Sjur og Kari foreldri til nokre av desse borni, alle døypte i Borgund:

 

* Ole, døypt 10.5.1722 av far Sjur Eraker

 

* Kari, døypt 19.3.1724 av far Sjur Borlaug

 

* Kari, døypt 11.6.1730 av far Sjur Eggum

 

* Ole, døypt 14.10.1731 av far Sjur Eggum

 

Eg mistenker desse for å vera søsken, og då er det "plass" til fleire andre born, mellom anna ei Anna!

 

Eg vonar å råka på ein eller annan med lokal kunnskap i Borgund, Lærdal som kan hjelpa meg med denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i kveld fått sjekka opp bygdeboki for Borgund, og på side 403 er omskrivne Sjur og Kari på ein unemnd plass under Eggum.  Forfattaren har fått med dei to yngste, fødde på Eggum.  Dessutan er nemnde ei Unni (gift 1746) og Anna (gift med Jacob Ingebrigtson).  Foreldri er ikkje identiserte.

 

På side 398 under plassen Vettei under Eggum er omskrivne Jacob Ingebrigtson og kona Anna Sjursdotter, men der står det at Anna "truleg var dotter til "Sjur styrmann" på Lærdalsøyri".  I so fall var ho fødd i 1721.

 

Eg trur IKKJE at Sjur styrmann var far til "vår" Anna; til det tykkjer eg ho er i eldste laget...  Og dessutan kan Sjur styrmann neppe vera identisk med Sjur Knutson på Eggum!

 

På side 662 under Borlaug, plassen Borloshagen, nemner forfattaren Sjur Knutson med kona Kari Halstensdotter og dotteri Kari, men ikkje noko meir om nokon av dei!

 

Det er trist at kjeldetilfanget i Borgund med omsyn til plassfolki er so "tunt" på første helfti av 1700-talet, so eg er redd me ikkje kjem noko nærare sanningi, med mindre det kan finnast opplysningar i tingbøkene...?  Eller kanskje har nokon andre tips å komma med?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.