Gå til innhold
Arkivverket

Metta Iversdotter Sogndalsfjæren, fødd 1769 - levde 1779 - kvar vart det av ho?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Iver Aamundson Sogndalsfjæren, fødd i Hafslo kring 1709, døydde i Sogndalsfjøra og vart gravlagd i Sogndal 26.12.1799.

 

Han var gift to gonger; andre ekteskapet med Anna Mikkelsdotter Legdsvoild (1736-1802) var barnlaust, men med første kona Anna Guttormsdotter Sogndalsfjæren (1726-1779) fekk han to born.  Ein son Guttorm Iverson var sjukleg og døydde ugift i Sogndalsfjøra i 1814, og so hadde dei ei dotter:

 

* Metta Iversdotter, fødd kring 1769.

 

Metta levde då mori døydde i 1779, men er sidan ikkje å sjå.  Ho er ikkje gift i Sogndal og heller ikkje avlidi der.  Ho er ikkje i Sogndal i 1801.  Kvar kan ho ha vorti av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har ingenting å bidra med, men her er vel skiftet etter Anna Guttormsdatter:

 

Namn arvtakar: Anna, Guttormsdtr 

Gard: Sogndalsfiæren, nr.: 

Husmannsplass:  

Yrke: Kone

Skipreide: Sogndal

Protokoll/side: 8b-517b

Datering: 1774-1781

Dato: 24.1.1779

Eiga:  

Gjeld:  

Netto:  

Merknad: Lite pengar - vanskeleg

 

Personar i skiftet :
(1) Guttorm Iversen 14 Aar Søn
(2) Methe Iversdatter 10 Aar Datter
(3) Iver far Aamundsen Dahlen Formynder for barna
(4) Iver Aamundsen Dahlen Enkemanden

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg!

 

Jau, det er den rette huslyden du har finne.  Alderen til Guttorm er litt "off", men det er han.  Guttormnamnet er svært sjeldant i Sogndal,. og namnekombinasjonen er "unik".

 

Det er vel ymse som tyder på at Mette døydde i ung alder.  Eg finn ho nemlig heller ikkje som KONFIRMANT i Sogndal, sjølv om me kanskje ikkje skal leggja altfor mykje vekt på dette.  Mange born reiste ut for å tena før dei vart konfirmerte på den tidi, og særleg dei som kom frå heller "fattige" kår...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Min sambygding har nok en gang sendt meg en mail der han ber meg legge inn følgende:

 

 

 

"Iver Aamundson 1710 Alme, Hafslo / Amle, Kaupanger

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11651&idx_id=11651&uid=ny&idx_side=-75

Se side 147

 

Her døper Aamund Scach Vestreim, Kaupanger en sønn Iver den 27 april 1710.

 

Jeg har registrert at det er denne Iver som forlover seg i Hauge kirke, Lærdal 17 juli 1763:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-205

med Anna Gutormsdotter.

 

De gifter seg 16 september 1763 i Hauge kirke, Lærdal.

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11594&idx_id=11594&uid=ny&idx_side=-221

Her skriver presten at Iver er fra Alme dvs. Luster.

 

Jeg har at denne Anna Guttormdotter er datter av Guttorm Henningson og Guri Jakobsdotter.

Anna døde 7 februar 1779 i Sogndalfjæra og må være født ca. 1726 med den alderen som er oppgitt.

 

 

Annas foreldre er Guttorm Henningson og Guri Jakobsdotter.

De får døpt 7 barn i tidrommet 1728 –1740 i Stedje kirke.

Guri Jakobsdotter er datter av tambur Jakob Madsson og Barbra Persdotter og hun var døpt i Stedje kirke 4 august 1703.

 

Iver og Anna får en sønn Guttorm døpt i Stedje kirke 2 september 1765 , de har bosted Dahlen,

men jeg finner ikke at de har en datter Mette.

Jeg har ikke sjekket skifene for Stedje sogn og det er nok herfra du har henne.

 

Iver gifter seg som enkemann med Anna Mikkelsdotter fra Legdsvold, Stedje den 25 oktober 1779. Disse var barnløse.

 

Iver har presten innført 26 desember 1779 som død i Sogndalsfjøra og gravlagt ved Stedje kirke.

Dette er nok datoen for jordpåkastelsen og Ivar døde nok før jul dette året.

 

Jeg har ikke klart å plassere denne Aamund Scach som jeg mener er far til Iver, eller hvem som er hans mor.

Er han sønn av Scach Christenson (Lystrup) eller hans sønn Scach Scachson?

Den siste har jeg født 1682, men først gift med Mette Larsdotter ca. 1725/1726 bassert på at første datteren Metta er døpt 29 september 1726.

 

Denne Skakk(Lystrup) ætta har jeg mye om på Ormalseng under Stedje og Vestreim under Kaupanger, men denne Aamund er for meg et mysterium!

 

Lurer også på om presten har skrevet Alme i stedet for Amle ved Ivers vielse i 1763????

 

Da er spørsmålet til Lars: Er jeg på bærtur angående Iver Aamundsons opphav?

 

Det vil være til stor hjelp hvis du har funnet Ivar Aamudsons og han foreldres opphav da mine data kan være feil!"

Endret av Anita Aamo
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Anita (med sambygding) for spennande opplysningar!

 

Først av alt:  Guttorm Iverson i Vik er mannen som i 1801 var husmann i Kyrkjebø sokn i Vik, 40 år gamal, so han er definitivt ein annan person!

 

Elles er dåpen av Iver Aamundson i Sogndal i 1710 ein svært so spennande hending!  Og denne dåpsforretningi løyser eit problem som eg har slite med i mange år!  Om ein ser litt nærare på denne innførsli, so står det: "1ste Sønd(ag) eft(er) Paasche blef Aamund Schach Vestrums husm(ands) b(arn) chr(istnet) Iver".  Dette tolkar eg slik:

 

Skak Westrum var gardbrukaren, og Aamund var husmann hjå Skak!  Og denne Aamund MÅ vera identisk med Aamund Ingebrigtson, fødd kring 1661, som i åri kring 1700 var gardbrukar i Øvrebø i Solvorn, Hafslo.  Denne Aamund vart borte frå Øvrebø i 1708, og eg har vore på leiting etter lagnaden hans!  No er han funnen!!

 

At Iver høyrer til denne huslyden, går fram av skiftet etter broren Baltzer Aamundson Holen i Hafslo frå 1765 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24139/274/), og når Iver heiter Alme ved vigsli i 1763, so heng nok det ihop med at han hadde butt hjå broren Thomas Aamundson på Alme på Hafslo!  (Diverre har det i band IX og X av bygdebnokserien for Luster "snike" seg inn ein feil med omsyn til opphavet er Thomas Aamundson Alme - han hadde ein jamngamal "dobbeltgjengar" frå garden Solvi!)

 

Eg kjenner ikkje namnet til kona hans Aamund, og ikkje heller har eg noko dødsfall for nokon av dei, men det finst fleire større "hòl" i kyrkjebøkene frå Sogndal, og dødsfall manglar heilt for Hafslo før 1755!  For alt me veit, kan Aamund og kona hans vera flytte attende til Hafslo etter 1710!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars.

 

Overbringer følgende mail fra min sambygding:

 

 

"Tusen takk til Lars for en utførlig oppklaring av Aamund Ingebrigtson opphav.

Dette forklarer hvorfor Aamund ikke hadde tilknytting til Schach / Lystrup.

 

Det er synd at vi ikke finner Mettes lagnad.

Jeg har ikke noe om henne og er enig i at hun har dødd ung og ikke er ført inn i kirkeboka.

 

Det er ikke bare “hol” i kirkebøkene.

Det hjelper oss heller ikke mye når presten bare skriver at han kaste mold på 5 kroppar,

som jeg en gang fant under Norum sogn, og ikke fører inn navnene i kirkeboka."

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anita og sambygding for nytt innlegg!

 

Eg har vurdert problemet med Metta Iversdoitter fram og attende, men kjem ikkje nærare løysingi!  Den einaste kjelda som eg trur KUNNE vore til hjelp, er fattigprotokollane frå Sogndal, men dei er lagra på Statsarkivet i Bergen og er ikkje tilgjengelege på nettet.  Kan henda har ogso tingbøkene noko om denne hiuslyden, men det er mykje arbeid å lesa seg igjennom dei...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.