Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Torkild Salomonson (1745-1785) - husmann under Amla i Sogndal - kvar vart det av enkja Inger Eriksdotter og borni deira? - til Dverberg i Nordland?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Torkild Salomonson, døypt i Jostedalen 14.2.1745, men oppvaksen på Berge i Luster, gifte seg på Kaupanger i Sogndal 8.6.1777 med ei Inger Eriksdotter av ukjent opphav, truleg fødd kring 1753.  Torkild og Inger var plassfolk i Haugen under Amla nedre i Kaupanger sokn i Sogndal, og der vart Torkild gravlagd 25.3.1785.  Skiftet hans syner fire søner:

 

* Ole Torkildson, døypt i Sogndal 1.1.1778, var i 1801 tenestedreng på Skogvold i Dverberg og gifte seg der 14.1.1807 med ei Dorothea Hansdotter av ukjent opphav, truleg fødd kring 1765.  Dei vart gardbrukarar på Skogvold, men Ole kom bort på sjøen 6.2.1821 i lag med broren Otto (sjå nedanfor) og 28 andre personar!  Ole og Dorothea var barnlause.

 

* Salomon Torkildson, døypt i Sogndal 5.7.1780, levde i 1785, men døydde barnlaus før 1821, lagnad ukjend.

 

* Otto Torkildson, døypt i Sogndal 4.7.1782, var i 1801 òg tenestedreng på Skogvold i Dverberg og budde der, men vart likeins borte på sjøen 6.2.1821.  Han var ugift.

 

* Johannes Torkildson, døypt i Sogndal 27.11.1784, levde i 1785 og likeins i 1821.  Då vart han sagt vera sjømann, men adressa er ikkje oppgjevi!

 

So kjem det ved skiftet etter Ole Torklildson på Skogvold i Dverberg frå 1821 fram opplysningar om to andre søsken, som MÅ vera yngre og som MÅ vera eit resultat av Inger Eriksdotter og ny ektemann - eller "uekte":

 

* Torkild ........son, levde i 1821, men var sjømann og bustaden hans er ikkje oppgjeven.

 

* Sophie Cathrine ..........dotter, var avlidi før 1821 utan å etterlata seg born!

 

No veit me at Torklild og Inger ogso hadde ei dotter Sophie, fødd og avlidi i 1776, og det er MOGELEG det er ho dei har hatt i tankane då det i 1821 vart halde skifte i Dverberg!?

 

Uansett; det store problemet her er å finna:

 

*** Lagnaden til Inger Eriksdotter etter 1785?

 

Dessutan er eg svært interessert i følgjande:

 

*** Opphavet til Inger Eriksdotter - kven var foreldri hennar, og kvar var ho fødd?

 

*** Lagnaden til sønene Salomon og Johannes?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jørgen M. Steen

* Ole Torkildson, døypt i Sogndal 1.1.1778, var i 1801 tenestedreng på Skogvold i Dverberg og gifte seg der 14.1.1807 med ei Dorothea Hansdotter av ukjent opphav, truleg fødd kring 1765.  Dei vart gardbrukarar på Skogvold, men Ole kom bort på sjøen 6.2.1821 i lag med broren Otto (sjå nedanfor) og 28 andre personar!  Ole og Dorothea var barnlause.

 

Fra Andøy bygdebok bind IV, gård og slekt del III:

 

side 494

Par 1806 - gift i A., varighet 1806-1821

Ole Torkelsen (1778-1821), Sogndal/SF. Foreldre:

Torkel Salamonsen/Inga Eriksdtr

Dorte Hansdtr (ca. 1780 -1839), f. her. Foreldre: Par

1761 her.

side 492

Par 1761 - gift 1761 i A. hovedomtale (se også 36/Stave

[iV], 34/ Nordmela)

Hans Anderssen (ca. 1734-1802) , f. 36/ Stave [iV].

Foreldre: Anders Nilssen/Dorte Kristoffersdtr (par 1741

der) .

1. ekteskap av 2, dessuten:

- g. 2) m/ Marit Pedersdtr (se par 1790 her)

Abelona Torbersdtr (nevnt 1763-1772). Far: Torber

Erlandsen

Barn:

1. Susanna (ca. 1770 -1801)

2. Marta Malena (ca. 1778 -1839)

- ue. m/Otto Torkelsen (par 1801 her)

3. Dorte (ca. 1780 -1839)

- g. m/Ole Torkelsen (par 1806 her)

side 493

Par 1801 - ugift par

Otto Torkelsen (1782 -1821 ), Sogndal/SF. Foreldre:

Torkel Salamonsen/Inga Eriksdtr

Marta Malena Hansdtr (ca. 1778 -1839), f. her. Foreldre:

Par 1761 her.

Barn:

1. Hans (1801-1801)

2. Peder (1805-1878)

- ue. m/Johanna Jonsdtr (par 1828 her)

- ue. ml Anna]. Henriksdtr (par 1832 her)

 

Det er all grunn til å sjekke opplysningene mot primærkilder! Særlig gjelder det Dorte Hansdatter og bakover.

 

Om opphavet til Dorothea Christophersdatter fra Stave, så er det allerede påvist feil i bygdeboka, hun var ved skiftet etter sin mor Bergitha Hansdatter i 1745 gift med Nils Nielsen på Stave.

Endret av Jørgen M. Steen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jørgen M. Steen

Det originale skiftet i 1821 etter Ole Torkildsen

 

Kildeinformasjon: Nordland fylke, Vesterålen / Lofoten og Vesterålen / Vesterålen sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 12 , 1814-1825, oppb: Statsarkivet i Trondheim.

Merknader: Gammelt register bakerst.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/25009/580/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090303620580.jpg

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jørgen for interessante og utfyllande innlegg!

 

Eg var særleg overraska over at Otto hadde "sambuar" og at sonen er nemnd som erving etter farbroren Ole!  Det var då vel helst uvanleg på den tidi!?  Eller kanskje Otto hadde lyst sonen "i kuld og køn"?

 

Eg ser elles av skiftet frå 1821 at yngste broren Torkild har fått farsnamnet Torkildson; dette til tross for at han må vera fødd ETTER 1785?  Eller kan mori ha vore svanger med denne sonen då skiftet etter Torkild Salomonson vart halde?  Eg har ikkje sett dette nemnt, men kan sjølvsagt ha oversett det... (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24142/101/).  Det er likevel lite truleg når me ser at sonen Johannes berre var 1/4 år gamal då skiftet etter Torkild vart halde, so eg har vanskar med å tru at yngste broren var ein fullbror...!

 

So eit kort blikk på mori, Inger Eriksdotter.  Det syner seg at denne namnekombinasjonen er ytterst uvanleg i indre Sogn.  Det var ei på Nedrelo i Borgund, Lærdal, fødd i 1747, men ho gifte seg med ein annan!  Og skifteprotokollane for indre Sogn nemner INGEN Inger Eriksdotter som arvtakar mellom 1745 og 1805, bortsett ifrå enkja etter Torkild Salomonson!  Alt tyder på at Inger er innflytt til indre Sogn, kan henda frå Valdres...?

 

Dette problemet er ei skikkeleg utfordring!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anita Aamo

Min sambygding,som vi vel bare må kalle ham fremdeles, forsetter ufortrødent å komme med interessante innspill. Her er hans siste bidrag:

 

Her er Sjeleregister 1776 for Sogndal, året før Torkild Salomonson gifter seg med Inger/Inga Eriksdotter:

 

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=4658&idx_id=4658&uid=ny&idx_side=-29

 

Som en ser under Nedre Amle er det oppført en datter under Sr. Erich Bisgaard og Madam Bisgaard, som heter Inger og er 21 år. Dvs. hun er født ca. 1755.

På samme plass finner vi også Torkild Salomonson 32 år.

 

Denne Erich Rasmussen Bisgaard har jeg funnet døpt i Sogndalsfjøra 23 januar 1726.

Han er sønn fra Rasmus Josephson Bisgaards, København, første ekteskap med Sophie Eriksdatter. Hun er sikkert datter av Erich Olson (Falch/skredder) i Sogndalfjøra.

 

Dette har du nok, Lars, men jeg utdyper litt:

Erich Rasmusson Bisgaard har jeg funnet gift 29 november 1757 i Hafslo med Gunele Larsdotter Røberg som skal være fra Sjøtun i Hafslo.

 

Jeg har registert at Erich og Gunele hadde følgende barn:

 

1) Arnt Chrisopher Rein, Født 29 august 1759 i Årdal

2) Anna Sophie, Født 30 mai 1761 i Årdal

3) Anna Marie, Født 25 november 1765 i Årdal

4) Otto, Døpt 27 oktober 1768 i Kaupanger, Nedre Amle

 

Arnt døde 10 oktober 1844 på Nedre Amle og hadde en datter Sigrid døpt 25 mars 1785 i Kaupanger. Moren var Maria Hansdatter fra Olstad i Kaupanger.

 

Anna Sophie døde sannsynligvis som barn, da de døper neste datter:

 

Anna Marie, som den 24 juli 1815 ble gift med Arnfinn Johanneson og bodde på Nedre Amle, Kaupanger. Jeg har at de var barnløse.

 

Ottos lagnad er for meg ukjent.

 

Denne Inger/Inga Bisgaard, som er 21 år i 1776, er med stor sikkerhet datter av Erich Bisgaard og det er sannsynlig at det er den Inger/Inga Eriksdatter som gifter seg med Torkil Salomonson som er 32 år på Nedre Amle.

 

Som en ser her skrev presten Inga ved giftermålet:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11654&idx_id=11654&uid=ny&idx_side=-266

 

Da gjenstår spørsmålene:

Hvor ble Inger/Inga Erichsdotter Bisgaard født og hvem var hennes mor?

Kan Erich Bisgaaard vært enkemann da han giftet seg med Gunele Larsdotter Røberg?

 

Jeg har ikke noe om Ingers sønner Salomon og Johannes lagnader.

Endret av Anita Aamo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anita og sambygding for eit svært so spennande innlegg!

 

Tanken om eit samband med Erik Bisgaard streifa meg då eg såg at Erik Bisgaard var formyndar for alle borni etter Torkild og Inger i 1785, men ho er aldri nemnd med namnet Bisgaard, so eg let tanken liggja.  MEN, når eg no ser at Erik Bisgaard hadde ei dotter Inga, er det heilt opplagt at det var ho som gifte seg med Torkild Salomonson!  Ho er attpåtil plassert ETTER Torkild (her feilskrive Samuelson) i sjeleregisteret frå 1776!

 

Eg er overtydd om at Inger er fødd (og døypt) i Hafslo i 1755.  Kyrkjeboki er mangelfull for perioden 1752 til 1755, og eg ser heller ikkje noko som tyder på at Erik Rasmusson Bisgaard hadde vore gift før.  Han er både ved trulovingi og ved vigsli i Hafslo (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1992&idx_id=1992&uid=ny&idx_side=-13) nemnd "Monsieur" og IKKJE enkjemann!

 

Då er opphavet til Inger Eriksdotter "på plass", men kva so med lagnaden hennar?  Sonen Torkild er eit stort "mysterium"!

 

Nok ein gong ein stor takk for fine opplysningar!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×