Torkild Salomonson, døypt i Jostedalen 14.2.1745, men oppvaksen på Berge i Luster, gifte seg på Kaupanger i Sogndal 8.6.1777 med ei Inger Eriksdotter av ukjent opphav, truleg fødd kring 1753.  Torkild og Inger var plassfolk i Haugen under Amla nedre i Kaupanger sokn i Sogndal, og der vart Torkild gravlagd 25.3.1785.  Skiftet hans syner fire søner:   * Ole Torkildson, døypt i Sogndal 1.1.1778, var i 1801 tenestedreng på Skogvold i Dverberg og gifte seg der 14.1.1807 med ei Dorothea Hansdotter av ukjent opphav, truleg fødd kring 1765.  Dei vart gardbrukarar på Skogvold, men Ole kom bort på sjøen 6.2.1821 i lag med broren Otto (sjå nedanfor) og 28 andre personar!  Ole og Dorothea var barnlause.   * Salomon Torkildson, døypt i Sogndal 5.7.1780, levde i 1785, men døydde barnlaus før 1821, lagnad ukjend.   * Otto Torkildson, døypt i Sogndal 4.7.1782, var i 1801 òg tenestedreng på Skogvold i Dverberg og budde der, men vart likeins borte på sjøen 6.2.1821.  Han var ugift.   * Johannes Torkildson, døypt i Sogndal 27.11.1784, levde i 1785 og likeins i 1821.  Då vart han sagt vera sjømann, men adressa er ikkje oppgjevi!   So kjem det ved skiftet etter Ole Torklildson på Skogvold i Dverberg frå 1821 fram opplysningar om to andre søsken, som MÅ vera yngre og som MÅ vera eit resultat av Inger Eriksdotter og ny ektemann - eller "uekte":   * Torkild ........son, levde i 1821, men var sjømann og bustaden hans er ikkje oppgjeven.   * Sophie Cathrine ..........dotter, var avlidi før 1821 utan å etterlata seg born!   No veit me at Torklild og Inger ogso hadde ei dotter Sophie, fødd og avlidi i 1776, og det er MOGELEG det er ho dei har hatt i tankane då det i 1821 vart halde skifte i Dverberg!?   Uansett; det store problemet her er å finna:   *** Lagnaden til Inger Eriksdotter etter 1785?   Dessutan er eg svært interessert i følgjande:   *** Opphavet til Inger Eriksdotter - kven var foreldri hennar, og kvar var ho fødd?   *** Lagnaden til sønene Salomon og Johannes?   Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!