Gå til innhold
Arkivverket
Runar Jordåen

Forfattaren Alf Martin Jæger (1895-1967)

Recommended Posts

Runar Jordåen

Eg er på jakt etter informasjon om Alf Martin Jæger (1895-1967), forfattar, lærar og journalist. Han var fødd i Alta 1. september 1895 og døydde i 1967. Har informasjon om foreldra (og dåp og konfirmasjon) og kor han budde i 1900 og 1910. Eg er på jakt etter mest mogleg meir informasjon om han, kor han har budd og spor i arkiva.

Elles veit eg følgjande om Jæger: Han gjekk på Tromsø lærerskole og var vikarlærar i Vik og Sogn og i Balsfjord. Deretter var han lærar i Lenvik (1920) og frå 1921 i Skjervøy. Her var han med i skulestyret og kommunestyret for Arbeidarpartiet. Han gav ut tre romanar og var ein aktiv skribent, særleg i Nordlys der han var bokmeldar i ei årrekke. Seinare (etter krigen?) flytta han til Vågan i Nordland og Berg i Senja.(Opplysningar henta mellom anna frå "Norske skolefolk" og frå søk på bokhylla.no).
 

Jæger gifta seg i Skjervøy 23. desember 1935 med Aagot Georgine Josefsen (1896-1964). Ho var og lærar og tok lærerinnekurs i Tromsø i 1918. Ho var mellom anna lærar i Karlsøy, Lyngen og Flakstad (Nordland). Alf Martin Jæger døydde 1. februar 1967 og er gravlagd i Saltdal. Han gav ut tre romanar og skreiv flittig i ulike aviser.

Då eg har planar om å skriva om Jæger er eg takknemleg for alle tips og leietrådar om han. Spørsmål eg treng svar på er: Kva tid flytta han frå Skjervøy? Kor lenge budde han i Vågan og  Berg? Budde han andre stader seinare før han flytta til Saltdal? Eg ønsker dessutan å komma i kontakt med folk som har kjent Jæger, men veit ikkje heilt kor eg skal byrja.

 

Med venleg helsing

Runar Jordåen

Endret av Runar Jordåen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
torill eide nilsen

Hei, jeg har funnet noen brev hans sendte til min farmor året før han døde. Her skriver han litt om livet sitt og sin interesse for litteratur. Hvis du har en mailadresse kan jeg scanne dem over til deg!

 

mvh torill eide nilsen

torilleidenilsen@gmail.com

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Runar Jordåen

Hei, det høyrest veldig interessant ut! Takk så mykje. Tar kontakt på mail. Mvh Runar Jordåen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×