Gå til innhold
Arkivverket

Søren Larsson (Rødberg) (1653-1738) av den sokalla "Heiberg-ætti" budde på Sjøtun i Solvorn, Hafslo - kven var kona Gunnhild?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Søren Larsson, ein soneson av Søren Larsson (1575-1653), ein av dei to jydske brørne som vert rekna som stamfedrar for den sokalla "Heiberg-ætti" i Sogn, var fødd i Luster kring 1653 og døydde på Sjøtun i Solvorn, Hafslo kring 1738.  Søren er stundom kalla "Rødberg", men oftast ser me han berre nemnd som Søren Larsson!

 

Søren fekk i 1692 skøyte hjå morbroren Nils Thueson Bahr på garden Sjøtun i Solvorn og budde der som gardbrukar.  Skiftet etter Søren vart halde på Sjøtun 19.7.1738 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24136/130/), og som me ser, vart det samstundes skift etter kona hans.  Denne kona er i skiftet nemnd "Gunnhild ..............dotter", som tyder på at farsnamnet hennar var ukjent!

 

So til spørsmålet mitt:

 

* Er det nokon som har studert denne ætti som kan fortelja meg kven denne Gunnhild var?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg vet ikke svaret på hvem Gunhild var, men Søren Larsen (Lauritsen) var vel sønn av Laurits Søren og Aaste Thuesdatter og Aaste var vel igjen søsteren til Niels Thuesen Bahr.

 

http://www.aastrup.de/tng/getperson.php?personID=I1087&tree=Taabrutto

 

http://www.aastrup.de/tng/getperson.php?personID=I1078&tree=Taabrutto

 

http://www.aastrup.de/tng/getperson.php?personID=I728&tree=Taabrutto

 

Er dette giftermålet til sønnen Larsi 1723? http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000637522

 

Jeg har forsøkt å sjekke fadderne til Lars Sørensens barn ved dåp i 1723, 1726 og 1728, men ingen Gunhild dukker opp der. Kanskje Gunhild var død før sønnen Lars giftet seg? Det er jo litt merkelig at de ikke har farsnavnet på damen, med mindre hun dukker opp seinere i skiftet i 1738...!?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!

 

Eg kan ikkje sjå at Gunnhild er nemnd andre stader i skiftet enn i innleiingi, so dette problemet kan syna seg å verta ei ganske so vonlaus oppgåve å løysa.

 

Det einaste eg kan leggja til, er at mor til denne Gunnhild kan ha hatt namnet Kari, i alle fall om dei følgde vanlege oppkallingstradisjonar...  Mori hans heitte jo Aaste!  Men Søren og Gunnhild kan jo godt ha hatt fleire born, og Kari kan ha hatt eldre søstrer...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.