Gå til innhold
Arkivverket

hjelp til å samle tråder om familie på Lone i Fjaler


Torbjørn Henrik Hillersøy
 Del

Recommended Posts

Ragnhild Knutsdtr. (-) frå Store-Batalden

gift ca 1677 med

Kolbein Lone (1633-ca.1690)

 

Born:

Olav (ca. 1677-1728) busett på Ytre Vårdal, bnr. 5

Tollak

Jo(n) busett på Indre Vårdal.

Ragnhild g.m. Rasmus Åsnes. Busett Åsnes.

Kari

 

Ragnhild var dotter til lensmannen Knut Jonson Batalden.

Familien budde på bnr. 2 på Lone.

 

her er karfolketellinga for Lone i 1664:

http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/35520/44/

 

Kan nokon tyde namna under Lone? Står det Kolbein - 30 år? Og kva heiter den andre (50 år)

 

Har nokon lokalkunnskap om denne garden?

 

Mvh Torbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frå side 273-274 i Fjaler Gards- og Ættesoge bind 1:

 

post-77-0-81319200-1418314820_thumb.jpg

post-77-0-06762100-1418314847_thumb.jpg

 

I bygdeboka står det at 

Ved manntalet 1701 sat etternemnde på bruka i Vårdal ytre: (...) Ole Kolbeinson, 34 år. Tenarar, Nils og Johannes Johansøner. (...)

 

Deretter om Løpenr. 5 på Vårdal Y. :

Frå 1701 til 1728 sit Ole Kolbeinson på dette bruket. Han var f. kring 1667 og d. 1728.

 

Det står ikkje noko meir om han.

 

Redigert: Har retta det fyrste sitatet

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Mange takk for svar Torbjørn!

Ut frå Fjaler Gards- og Ættesoge kan far til Kolbein kanskje vore Peder, men det var vel då truleg at eit av borna til Kolbein fekk namnet Peder.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bygdeboka gjev ingen haldepunkt for at Peder var far til Kolbein.

 

Ser at eg rota litt då eg skulle sitere frå bygdeboka ovanfor, det var det som stod om Ole Kolbeinson som var meininga å sitere. Eg har difor retta sitatet.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Hei, min kone Anne Ulvig, ser ut til å være i slekt med Ragnhild Knutsdatter Lone, frå Store-Batalden (født Batalden) og vistnok datter av lensmann Knut Jonson Batalden.  Ragnhild giftet seg med Kolbein Lone og de fikk sønnen Søren Kolbeinson Lone, som er 5. tippoldefar til min kone Anne. Er dette samme Ragnhild og Knut, og vet man mer om familien til lensmann Knut Jonson Batalden?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Hei Anders!

 

Dersom Ragnild var mor til både Ole (Olav) og Søren fekk ho altså born over ein periode på ca 28 år. Sidan Ole var fødd ca 1667 må ho vere fødd ca 1647-48 (seinast). Då var ho altså ca 47 då ho fekk Søren, og det er jo mulig. 

Veit du kven kona til Søren var? Og noko meir om syskjena til Søren, evt. andre i familien?

..............................................................................................................................................

Knut Jo(n)son (ca 1606-1692) var gift med Ales Tollaksdtr (ca. 1610-1696)

Dei hadde i alle fall 3 born:

Karen (ca. 1630-?) gift med Anders Nilsson Foss. Busett Flora.

Tollak (ca 1637-1705) gift med Anne Olavsdtr. Busett Batalden

Ragnhild (ca 1647-?) gift med Kolbein Lone.

 

Truleg også sonen NIls, men han er ikkje nemnd i skifte etter Alis. Kan vere død før ho.

 

Knut kom fra Batalden. Ales og Anne sitt opphav veit eg ikkje noko om.

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
På 21.3.2018 den 16.55, Torbjørn Henrik Hillersøy skrev:

Ales Tollaksdtr (ca. 1610-1696)

 

Eg kom tilfeldigvis over eit barnlaust skifte på Olset i Askvoll som nemner Alis Batalden som ein av arvingane.

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 2a (1687-1697), Skifteprotokollside, Side 220b-221a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126630225
 

Ein legg merke til at to av brørne hennar står som Kleppenes. I Fjaler Gards- og Ættesoge, bd. 1, side 172 finn ein følgjande:

 

Sitat

 

Den fyrste bonden som er nemnd på Kleppenes er Endre (skriven Enndrett) 1563-1598. Frå 1608 til 1626 sat Tolleiv i Kleppenes. (Namnet skr. i skattelistene: Thollach, Thollef og Tulluff). Han var utreiar vedk. Svinesund-manntalet 1612 og er nemnd som lensmann frå 1622 til 1627. Sistn. året er enkja førd i skattelistene.

No vert det garddeling i Kleppenes, med di der frå 1636 er skatteskrivne to bønder. I tida 1636-1642: Throels (Truls) og Jon, og frå 1642 til 1655, Truls og Knut.

 

 

Mor til syskenflokken var i følgje skiftet Brita Nilsdtr. Flekke. (Ho var morsyster til den avdøde). Det står ingen ting om dette under Flekke i bygdeboka (bind 3). Ein kan ut frå dette eine skiftet ikkje vite om ho kan ha vore gift fleire gonger, slik at Tollak berre er far til nokre av borna. Det var diverre lite patronym og få detaljar i dette skiftet, og det manglar andre skifte som kan gje utfyllande opplysningar. Det er likevel interessant at namnet Tollak seinare dukkar opp både på Øen (Dalsøyna) og på Haugland (tidlegare kalla Hovland ytre) og at det er nemnt lensmenn begge stader. Eg trur f. eks. at den Søren Hovland som er nemnd i skiftet må vere identisk med den Søren som er nemnd i bygdeboka på side 450 som brukar på Hovland (Haugland) frå 1647 og utover. Han var lensmann, og neste brukar heitte Tollak Sørenson. Men dette blir vel umogeleg å bevise med mindre nokon skulle kjenne til andre skifte eller kjelder som kan kaste lys over slektsforholda.

 

i 1680 er det skifte etter Truls Tollakson Kleppenes:

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Skifteprotokoll nr. A 1 (1677-1687), Skifteprotokollside, Side 77b-78a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081126620370
 

Her var sjølvsagt lensmannen, Søren Haugland "overværende" (saman med Hartvig Elde) slik som han uansett ville ha vore. Mellom kreditorane finn eg nemnt ombudsmannen (kan dette vere lensmannen?) Vidare finn eg m.a. Tollak Batalden, Anders Batalden, Ole Flekke, Tommas Øen og Ingebret Lone som nokre av kreditorane.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Hei! 

Dette var interessant nytt, Torbjørn! Må samle trådane og sjå på koblingen til  Batalden. 

 

Eg synes det var vanskeleg å lese dette skiftet. Forstår såpass at det er  skifte etter Anna Olsdtr. Olset i 1696.

Kunne du i korte trekk ramse opp det som er nemnt av personer etterpå (og evt. om det står om deira slektsskap)?

 

Er det slik at Brite Nilsdtr. Flekke (då avdød) var mor til Ales Tollaksdtr.?

 

Anders som skulle vere busett i Batalden rundt 1680 har eg ikkje støtt på før. Eine dottera til Alis, Karen, vart gift med Anders Nilsson Foss. Dei vart busett på Flora (1.generasjon Foss på Flora, Anders kom truleg frå Bergen). Kanskje budde dei i Batalden ei tid før dei flytta dit? Anders var då svoger til Tollak Batalden. 

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Anno 1696 d. 7 Octobr holtis skiftte eftter Sl. Anna Ols datter Olsæter, imellem hændis eftterlevende mand Hans Sivrss. og den Salig Qvindis /:Som var Slefre:/ Mødrene frender, nemlig: hændis Moder(?) Brite Øens frender, Saasom hændis Morbroders Sl: Ole Nilsens børn: Knud, Poul, Lars, Lizabet, Marrite og Brite, og Sl: Anna Søn Hans Olsønner og døttre. Item Morsøsteren Sl: Brita Nils datter Flekkis børn og børnebørn, nemlig: Sl: Troels Kleppenæsis børn. Sl: Søren Hovlands børn. Sl: Knud Kleppenæsis børn. Sl: Karen Øens børn. Sl: Anna Flekkis børn, Alles Battallen. Og befantis boetz middel ...

 

Eg oppfattar det slik at Brita Flekke er mor til Alis Batalden, og at ho må ha vore g. med den Tollak Kleppenes som er nemnd i bygdeboksitatet.

 

Eg er litt usikker på korleis opplysningane i skiftet skal tolkast, men det må vel vere slik at Anne Olsdtr. Olset var uektefødd (slegfred), og at det er slekta til mor hennar (Brita Øen) som er nemnde i skiftet. Vidare må Ole Nilsson (Vårdal) og Brita Nilsdtr. Flekke vere morsysken til mor til Anne Olsdtr. Olset, og ikkje til Anne Olsdtr. Olset sjølv slik som eg skreiv i forrige innlegg. Ole og Brita ser ut til å ha levd på slutten av 1500-talet (f. eks. skal Truls Tollakson Kleppenes vere fødd kr. 1602, 64 år i MT1666), og dermed finn ein få eller ingen opplysningar om slekta i bygdebøkene.

 

Ole Nilsson Vårdal indre skal ha vore fødd kr. 1596 (70 år i MT1666). (Borna som er nemnde ovanfor matchar "den Sl. Qvindis Søster baade til Fader og Moder Sal. Margarite Waardals børn" frå skiftet etter Orlaug Lassedtr. Vik (1695)). Men dette er ikkje nemnt med eit ord i bygdeboka.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar og tydehjelp! 

Ja, det er vel mest logisk å lese det slik at Brite Nilsdtr. og Ole Nilsson var tante og onkel til Brite Øen. Og at Brite Nilsdtr. (då Flekke) var mor til Alis. 

Takk igjen for denne oppdaginga! Den har vore eit genealogisk gnagsår lenge! 

Endret av Torbjørn Henrik Hillersøy
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Det er skifte etter Kari Kolbensdatter Arstein 27.9.1749. 4 barn er nemnde. Bl.a. Sigrid gift med Hans Jørgenson Solheim i Naustdal, og Ragnild gift med  Gunder Andersson Solheim i Naustdal.

Det er ikkje stadfesta at Kari Kolbeinsdatter Arstein var dotter til Kolbein Lone, men både levetida namnekombinasjonen og området ho budde i Lone/Arstein/Åsnes i Holmedal, passar med at ho er den Kari Kolbeinsdatter som er nemnd i skiftet etter Ales Torlaksdatter Hammarset, Kinn i 1697.  Sjå Florasoga side 258.   Namnet Ragnild på eine dotra passar også med at mora heiter Ragnild. Dei fyrste kyrkjebøkene for Askvoll og Fjaler startar på 1750-talet.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kyrkjebøkene for Askvoll byrjar vel i 1706. Men Fjaler og Gaular byrjar rundt 1755, som var det året Holmedal prestegjeld vart delt i indre og ytre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 23.2.2018 den 22.06, Anders Kiær skrev:

Hei, min kone Anne Ulvig, ser ut til å være i slekt med Ragnhild Knutsdatter Lone, frå Store-Batalden (født Batalden) og vistnok datter av lensmann Knut Jonson Batalden.  Ragnhild giftet seg med Kolbein Lone og de fikk sønnen Søren Kolbeinson Lone, som er 5. tippoldefar til min kone Anne. Er dette samme Ragnhild og Knut, og vet man mer om familien til lensmann Knut Jonson Batalden?

 

Kolbein Lone vart attgift med Sidselle Aslaksdtr. Lone. I 1689 stevna Kolbein Lone David Olsson Bakke fordi han for 8 år sidan hadde avla barn med hans kvinde, Sidsele Aslaksdtr. før dei vart gifte. Han hadde nemleg ikkje vilja vedstå seg farskapet.

 

Sogn og Fjordane fylke, Sunnfjord, Tingbok nr. Aa 5 (1688-1690), Rettsprotokollside, Side 54b-55a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg20090514610162
 

Det er nok Kolbein og Sidsele som er foreldra til Søren Kolbeinson, som var 6 år gammal i 1701:

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000618277

 

Det står at Søren Kolbeinson var steson til Jeremias Andersson. Sidsele må då ha blitt attgift med Jeremias Andersson, som kom som enkjemann til Lone frå Loftheim i Askvoll.

 

Tollak Kolbeinson Lone fordra Jeremias Lone ... "paa skiftet efter hans sl. Fader ?? hvis eftermand forbt. Jeremias Lonne er" ... Skiftet skal i følgje tingboka vere halde 19/5 1697.

 

Sogn og Fjordane fylke, Svanøy birk i Sunnfjord, Tingbok nr. Aa 24 (1697-1700), Rettsprotokollside, Side 87b-88a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/rg10611801221092
 

Eg lurer elles på om det kan vere Tollak Kolbeinson Lone som er tenestedreng på Haugland i 1701.

https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000618342

 

I så fall var Tollak fødd kring 1675.

 

Heile slektstreet:

https://www.geni.com/people/Kolbein-Lone/6000000177706981821

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.