Gå til innhold
Arkivverket

Morten Erlandson (1615?-1677) - borgar i Bergen og gjestgjevar i Solvorn - kvar vart det av borni hans? - attende til Bergen? - eller til Holland?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Morten Erlandson, truleg fødd i Bergen kring 1615 (eller kanskje før?), fekk 24.3.1643 borgarskap i Bergen, men kom kort etter som gjestgjevar og handelsmann til Solvorn der han busette seg på den sokalla Gjestgjevargarden same staden.  Morten var visstnok gift to gonger.  Første kona hans er ukjend, men ei Sara Pettersdotter levde att som enkje etter han då han døydde i 1677.  Morten let ogso etter seg fire born:

 

* Jørgen Mortenson, levde i 1677, men ser ikkje ut til å ha butt i Sogn.

 

* Henrik Mortenson, var gift med ei Gunnhild Hansdotter og tokl over som gjestgjevarar og handelsfolk i Solvorn etter foreldri hans.  Men det gjekk etter kvart dårleg med denne verksemdi, og i 1692 tok den ætti over som framleis driv staden.  Henrik og Gunnhild døydde kring 1695 og skal ha vore i "stor armod".  I ei tingsak frå 1696 kjem det fram ei dotter:

 

** Maren Henriksdotter KLOCH, som fortalte at ho hadde to søsken, ein bror og ei søster, som båe då var busette i Holland.  Ho selde det vetle som var att etter foreldri for at ogso ho "kunne reisa frå Solvorn"!

 

* Anna Mortensdotter, hadde vore gift, men døydde før 1677.  Ho let etter seg fleire born, men dei er ikkje nemnde med namn.

 

* Gretha Mortensdotter, levde i 1677, men ser ikkje ut til å ha butt i Sogn.

 

Kvar vart det so av denne ætti?  Morten sjølv var frå Bergen, og kan henda fór borni attende dit?  Eller kan fleire av dei vera farne til Holland?  Kanskje dette KLOCH-namnet kan hjelpa oss?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan det være vår mann som bor i Bergen i 1645? Morten Erlandsen og hans quinde og en pige - ved koppskatten 1645:

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=19&filnamn=bergkp45&gardpostnr=1231&merk=1231#ovre

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/gen/vis/112/pt00000000038698

 

Det ser ut som teksten fra gamle DA om Mortens quinde og pige har falt bort i nye DA...  :huh: Hvis dette er vår mann, ser det ut som han var gift i 1645. 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Legger inn lenke til ditt tema i forum for tyding av skannede kilder - skifte etter Morten Erlandsson 1677:

 

http://forum.arkivverket.no/topic/193765-skifte-etter-morten-erlandson-i-solvorn-hafslo-fr%C3%A5-1677-kven-var-eigentleg-ervingane-hans/

 

Er det Saras laugverge This Nagel som er nevnt her? - se venstre side, nederst:

 

Sogn og Fjordane fylke, Sogn fogderi, Fogderegnskap 3308 (RA/EA-4092/R52/L3308), 1695-1695, oppb: Riksarkivet.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/47406/209/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-rk10041202152210.jpg

 

Litt på siden: gammelt tema om This Nagel: 

http://forum.arkivverket.no/topic/90609-4651-this-nagel/

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette har vel ingen vel ingen sammenheng med Morten Erlandsen, men jeg ser at det er en Erland Jørgensen som får borgerskap i Bergen i 1636. Den ene sønnen til Morten Erlandsen het Jørgen..., men det har sikkert ikke noe med hverandre å gjøre. Bare noe jeg registrerte...! 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for mange spennande innlegg!

 

Du har finne prov for at Morten Erlandson og kona hans framleis budde i Bergen i 1645, men dei må vera farne til Solvorn kort etter!  Elles er det underleg at det ikkje finst fleire opplysningar om denne huslyden i noon tilgjengelege kjelder.  Eg føler eg har leitt overalt...

 

MEN, eg er ein evig optimist og vonar framleis på at opplysningar vil dukka opp - einkorstad...!

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå desember i fjor.  Eg har no "organisert" dette manuskriptet og kan ha gjort ei spennande oppdaging med borgarskapen i Bergen for Henrik Mortenson, samstundes som eg i skiftet etter Morten Erlandson frå 1677 (http://arkivverket.n...read/24133/277/) meiner å ha tolka at dotteri Anna let etter seg fire søner og ei dotter.

 

Men både opphavet og lagnaden til denne huslyden er framleis eit stort "problem", og eg står heilt "bom fast".  Kanskje er det nokon som sit med spesialkunnskap om Bergensætter frå tidleg 1600-tal?  Elles kan det godt tenkjast at eg har oversett noko i det store skiftet etter Morten Erlandson?

 

Her følgjer siste versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Morten Erlandson Solvorn, opphavleg frå Bergen, var son av

 

     ##### (kven kan han vera son av? – byborgar Erland Jørgenson?)

 

     og truleg f. i Bergen kring 1615.  Han d. som gjestgjevar i Solvorn kring 1677.  Morten gifte seg første gongen kring 1640, men første kona hans er heilt ukjend.

Morten Erlandson tok 24.3.1643 borgarskap i Bergen og vart buande der i byen til kring 1648.

 

##### (yrket hans i Bergen?)

 

Kring 1648 flytte Morten med første kona si til Solvorn, og truleg har han her på same tidi starta opp med den eldste kjende gjestgjevarstaden i bygdi.  Her døydde han kring 1677.  Første kona hans d. visstnok kring 1666, og Morten gifte seg kring 1668 att med ei Sara Pettersdotter, som me heller ikkje kjenner opphavet til.

 

##### (opphav?)

 

Ho var truleg f. kring 1620 og d. kan henda i Solvorn kring 1690.  Morten er nemnd i tingsaker i 1654 og i 1669.  Morten, som til dagleg vart kalla ”Lille Morten”, kjøpte noko jordegods etter han kom til Hafslo, mellom anna ein lut i Kvam og noko i Mo, men truleg budde huslyden her i Gjestgjevargarden levetidi ut.  Skiftet frå 1677 nemner fire born etter Morten, som alle var frå første ekteskapet:

 1. Anna Mortensdotter, f. i Bergen kring 1642,

 

     ##### (d. før 1677 – let etter seg fire søner og ei dotter)

 

 2. Jørgen Mortenson, f. i Bergen kring 1644,

 

     ##### (lagnaden hans? – budde truleg ikkje i Sogn!)

 

 3. Henrik Mortenson (1646-1695), fekk ta over som gjestgjevar i Gjestgjevargarden etter foreldri sine.

 4. Gretha Mortensdotter, f. kring 1650,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

Henrik Mortenson Solvorn, son av føregåande brukar og herifrå Gjestgjevargarden, var f. i Bergen kring 1646 og d. visstnok i Solvorn kring 1695.  Henrik gifte seg kring 1670 med ei Gunnhild Hansdotter av ukjent opphav.  Ho var truleg f. kring 1645 og d. i Solvorn kring 1690.  Henrik tok visstnok borgarskap i Bergen 15.11.1673

 

     ##### (sjekka om dette kan vera han?)

 

     og han og Gunnhild tok over som gjestgjevarar etter foreldri hans frå kring 1677.  Henrik er nemnd i samband med ei sak med Christen Nitter i 1692.  Dei hadde då slutta som gjestgjevarar, men budde i Solvorn levetidi ut.  Det levde att tre born etter Henrik og Gunhild, men to av dei, ein son og ei dotter, utvandra før 1696 til Holland utan at me veit noko meir om dei. 

 

     ##### (er det mogeleg å finna opplysningar om desse ”Hollands-fararane”?)

 

     Attverande i Solvorn på den tidi var ei dotter:

 1. Mari Henriksdotter, f. kring 1675,

Maren Henriksdotter Bloch flytte visstnok i 1696 frå bygdi etter at ho då hadde selt stova etter foreldri, men den seinare lagnaden hennar er førebels ukjend.

 

##### (kan Maren vera flytt ti Bergen? – eller til Holland som søskeni?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Alle nye tips vert mottekne med stor takksemd!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Det har i seinare tid vore fokusert ein del på utvandring til Holland, og eg ønskjer i kveld å henta fram att dette emnet som har lege «i dvale» i over tre år.

 

Er det mogeleg å finna opplysningar om desse utvandrarane til Holland frå seint 1600-tal?  Kanskje nytta dei Bloch som ættenamn?

 

For alt me veit, kan kanskje ogso søskeni til Henrik, Anna, Jørgen og Gretha, ha hamna i Holland?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.