Jump to content
Arkivverket
Gunnar Larsen

Tømmerdrift med leveranse av matrialer til Grønland fra Lesja

Recommended Posts

Gunnar Larsen

Av Ola Jo Botheim
At Lesjafuru blir seld til Grønland er ei særegen hending, men slikt har
skjedd. Denne historia er fortalt av Asbjørn Myhren (1929-2009)
sumaren 2007.
I 1952 (?) kjøpte Martin Myhren i lag med sønene Hartvig og
Asbjørn 150 tylfter tre av Jens Løftingsmo og 25 tylfter frå ein av
Brendjordsgardane, alt på rot. Dei etablerte seg truleg på midti
Lyftingsmo og gjekk umiddelbart i gang med drifta. Til felling av trea
brukte dei ei av dei første motorsagane som kom til Lesja. Alt tømmeret
vart hoggje, lynnt og framkjøyrd til saga med hest. Saga, som Martin
hadde kjøpt i Kjøremsgrende, ilag med ein Trygg råoljemotor på ca.18
hestekrefter, stod innunder likanten på vestsida bortafor Storhaugen.
 Eit namn som vart nemnd i samband med sagplassen var Djupkaldlløken.
Kansje saga vart fløtt etter kvar tømmeret tømmeret låg.
Heile arbeidsprossen frå hogging til levering av matrialane vrt gjort på eit år.
 Mange slags sortiment vart skore. Eit trelastfirma som kalla seg romdals-
bruket formidla salget av matriallane til det amerikanske forsvaret for bruk
på flyplassen i Thule (på77 grader nord) på vestkysten av Grønland. da
materialane skulle kjøyrast til Lora stasjon var ein traktor (Bolinder-Munktell)
som Lesja Bulldozerlag hadde til stor hjelp. Ellers vart lastebilar brukt, der
Georg Skotte og Erling Fransplass kjøyrde. Dei måtte køyre over tre gamler
bruar og denne transporten baud på mange problem med dårlige brudekke
og blaut mark mellom bruene. Martin Myhren la merke til at eit av bruspenna
gav seg 30 cm når lastebilen med lass køyrde over.
 Elles kjøpte Tronn Flittie sagbaken og kappa han opp i famnvedlegder
til vedsalg

Edited by Gunnar Larsen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Arnfinn Kjelland

Og for ordens skyld: dette stykket er trykt i Årbok for Lesja historielag 2012 s. 87-88.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Gunnar Larsen

Og for ordens skyld: dette stykket er trykt i Årbok for Lesja historielag 2012 s. 87-88.

Jeg fikk det fra Asbjørn Myhrens kone, som er mitt søskenbarn

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.