Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Christen Baltzerson (1692-1750) - husmann i Hamni under Sjøtun i Hafslo - kvar vart det av barneflokken hans? - Bergen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Christen Baltzerson (1692-1750) og den ukjende kona hans var i mange år husmannsfolk i Hamni under Sjøtun i Solvorn sokn i Hafslo og fekk mange born, men dei fleste berre "forsvinn":

 

* Martha Christensdotter (1714-1780), gifte seg med Lars Endreson (1721-1797), vart plassfolk under Kalhagen i Hafslo

 

* John Christenson (1716-1749), gifte seg med Ingeborg Ingebrigtsdotter (1715-1772), vart plassfolk på Stuaflåten under Eikum ytre i Hafslo.

 

* Baltzer Christenson, døypt i Hafslo 10.7.1718 - ukjend lagnad.

 

* Ole Christenson (1720-1720).

 

* Gjertrud Christensdotter, døypt i Hafslo 17.8.1721 - ukjend lagnad.

 

* Synneva Christensdotter (1723-1776), gifte seg med enkjemanen Thomas Aamundson (1705-1772), flytte til Bergen.

 

* Eli Christensdotter, døypt i Hafslo 28.1.1726 - ukjend lagnad.

 

* Kari Christensdotter, døypt i Hafslo 16.7.1730 - ukjend lagnad.

 

Kvar kan Baltzer, Gjertrud, Eli og Kari ha gjort av seg?  Eg er heilt "blank", men mistenker fleire av dei for å vera hamna i Bergen der Synneva flytte.  I Hafslo ser me i alle fall ikkje noko meir til dei:

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Så vidt jeg har skjønt, så mangler dødsfallslistene før 1755 for Hafslo. De kan være døde som små? 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for ny melding!

 

Som du heilt rett har slått fast, so manglar dødsfall for Hafslo for perioden fram til 1755, og det er heilt sikkert mange born mellom dei.  MEN, so lenge me ikkje veit noko sikkert om kven som døydde, let eg dei stå som "potensielle oppvaksne".  Dessutan veit me at folket i denne delen av bygdi sat ganske so "laust", og ei av søstrene veit me sikkert flytte til Bergen...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye spennande innlegg!

 

Som du seier, "skot i blinde" når det gjeld dødsfalli til Eli og Gjertrud.  Det er umogeleg å stadfesta om dette er jentene me ser etter, men ein kan godt ha datoane "i bakhovudet"...

 

Elles ser eg at du har finne att dei borni som Thomas og Synneva fekk etter dei kring 1757 flytte til Bergen utan at faddernamni har noko å forftelja oss.  Dei hadde òg fleire born døypte i Hafslo:

 

* Britha døypt 25.3.1756 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11455&idx_id=11455&uid=ny&idx_side=-8) - ingen spennande fadrar.

 

* Henrik døypt 2.2.1750 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11455&idx_id=11455&uid=ny&idx_side=-64) - fadder Elen Christensdotter! - også John (Christenson) Stueflaaten (som må vera avlden same året) og Lars (Endreson) Havnen (svoger)

 

* Ragnhild døypt 23.3.1749 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11455&idx_id=11455&uid=ny&idx_side=-62) - ingen spennande fadrar

 

* Lars døypt 9.12.1747 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11455&idx_id=11455&uid=ny&idx_side=-60) - ingen spennande fadrar

 

Etter dette veit me at i alle fall Eli Christensdotter levde i 1750, og ho vert definitivt borte frå Hafslo!

 

Men lenger kjem me vel ikkje..., eller...?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Namnekombinasjonen Eli/Elen Christensdotter ser ut til å vera ganske so uvanleg i Bergenhus amt.  Eg finn ingen vigde med dette namnet i "rimeleg" periode, bortsett ifrå desse to:

 

* Ole Johanson Svanøegaard og Elen Christensdotter trulova i Kinn hovudsokn 25.12.1755 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11532&idx_id=11532&uid=ny&idx_side=-240)

 

* Ole Johannesson og Elen Christensdotter vigde i Ålhus sokn i Jølster 28.12.1756 (denne finn eg ikkje i original!)

 

Kan ei av desse vera "vår" Eli?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

* Ole Johannesson og Elen Christensdotter vigde i Ålhus sokn i Jølster 28.12.1756 (denne finn eg ikkje i original!)

 

28.12.1757:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000527186

 

Sogn og Fjordane fylke, Helgheim i Jølster, Ministerialbok nr. A 4 (1749-1789), Kronologisk liste 1757, side 62-63. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11525&idx_id=11525&uid=ny&idx_side=-34
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070509680111.jpg

 

Elen som giftet seg i 1757 i Jølster kom fra Bolset. Kan det være denne jenta?

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NH9H-Z8J

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nytt interessant innlegg!

 

Etter det eg no forstår, er alternativet frå Jølster ikkje lenger aktuelt, og me kan "konsentrera oss" om parfolket i Kinn!  Men kvar vart det av dei?  Eg ser ikkje born etter dei i Kinn (jmf. FamilySearch)!  Og ingen av dei ser ut til å vera fødde i Kinn heller!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Paret i Kinn, ser ut til å vere det same som dei vi finn på Ringstad i Askvoll. (nr. 28)

Alderen på Eli (her fødd 1725) kan jo passe bra til din, men det er ikkje opplysningar om opphavet hennar. Det kan godt bety at ho har kome tilflyttande.

Dessverre er det lite å kjenne igjen frå Sogn i namna på barna deira.

http://www.nb.no/nbsok/nb/20584fcb735cded5eec270bc3464eedb?index=1#340
 

Beklager, dette må faktisk vere paret frå Jølster. Så då er vi likelangt og vel så det.

 

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for siste innlegget, som i utgangspunktet såg so lovande ut!  Men i det minste er paret frå Jølster "plassert"...

 

Men kvar vart det so av paret frå Svanøgaard i Kinn?  Der finst det vel ikkje noki bygdebok heller...?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.