Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
arne askildsen

Peder Mou, Mo (Modalen) i Hordaland.

Recommended Posts

arne askildsen

Noen som vet noe om Peder Mou, en av de første gårdbrukerne på Mo?

Antageligvis født i siste halvdel av 1500 tallet. Fikk en sønn, Lars (Lauritz) Pedersen, år 1600.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

Hvor i Hordaland befinner vi oss? 

 

Er det denne Lars som er sønn av Peder Mo (funnet på Geni.com og må sjekkes!)

 

http://www.geni.com/people/Lars-Mo/6000000025619380587

 

Lars Pederson Mo

Fødselsdato: 1600 Fødested: Vaksdal, Hordaland, Norway

Død: Døde  1687  : Vaksdal, Hordaland, Norway

 

Nærmeste familie:

Son of Peder Mo
Husband of Brita Mo
Father of Peder Larson Mo

 

???

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=21&filnamn=kopp1645&gardpostnr=475&merk=475#ovre

 

Koppskatten 1645-46 for Nord- og Sunnhordland og Voss

Førenamn Farsnamn   Ektefelle Born     Betalt Gard   Skipreide Futedøme

Lauretz      Pederssen   Berete Jffuer    8         Moe   Ekanger Nordhordland og Voss

 

Edited by Grethe Flood

Share this post


Link to post
Share on other sites
Grethe Flood

http://www.vaksdalhistorielag.org/wiki/index.php?title=Mo_i_Osterfjorden

 

BUSITJARAR   Garden i eitt bruk.

 

1563: Dette året er fyrste gongen me finn buande mann på garden. Då heiter det i Leilending skatt: «Arne på Moo 1 daler». Meir får me ikkje vita om han.


1590/91: I Jordeboki er førd Oluff Moe. Han brukar 1 1/2 L. smør, og det er heile garden.


1603/04: Skattemanntalet hev no Peder Mou som er åleine brukar fram til 1617/18. Då er garden skift i to bruk. Peder sit framleis på det eine, det som sidan vert bnr. 3. På det andre som vert bnr. 1, heiter brukaren Christen.

 

Bruk 3. Smeluten.    

Frå 1617/18 er Mo skift i to bruk. På dette bruket sit Peder, som fyrr hadde site med heile garden frå 1603/04. Han er førd i Skmtl. fram til 1621.


1. Peder Mou. Alderen og giftarmålet hans kjenner me ikkje, men me veit han hadde to søner.

Born:

  1. Joen.
  2. Lauritz f. 1600, næste busitjar her.


1624: Skattemannt. hev Lauritz. I Kopsk. 1645 heiter han Lauritz Pedersen, og hev kona Brite og sonen Iffuer. 1 Prestemanntalet 1667 er han sagd 62 år og brukar halve garden, 1/2 L. smør 3 våger never. Det er uklårt kor lenge han sat med bygsel, men det er rimeleg at sonen tok yver fyrr Lauritz døydde i 1687. Han er då sagd 87 1/2 år.


På vårtinget i 1634 fører Lauritz tingsvitne for at han er «forarmet» og ikkje kan betala landskatten for 1633/34.


2. Lars Pederson Mo, f. kr. 1600, d. 1687, g. m.

Brita, f. kr. 1602, d. 1691, då sagd 89 år.

Born:

  1. Ivar f. 1625. I Prmtl. 1667 er han kalla husm. 42 år og hev sonen Knut, 1 år.
  2. Peder f. 1641, næste busitjar her.
  3. Ingeborg f. 1649, d. 1707, g. 1677 m. Ivar Knutson Almelid, sjå Almelid bnr. 1.


1691: Futeregnsk. fører no Peder Larsson (Lauritzen), som brukar 1 sp. 12 mrk. smør, og det er 12 mrk. meir enn kvar av dei andre tri brukarane. Peder sit truleg med bruket til han døyr i 1710.


3. Peder Larsson Mo, f. 1641, d. 1710, g. 1677 m.

Anna Knutsdtr. Almelid, bnr. 5.

Born:

  1. Brita f. 1683, truleg d. fyre 1710.
  2. Lars f. 1687, næste busitjar her.
  3. Bente (Brita), g. 1734 m. em. Olav Johannesson Dyrkolbotn.
  4. Bente. I skifte etter faren 1710 er ført Bente to gonger.
  5. Inga f. 1692. Ikkje med i skifte 1710.


1712: Bygselbrev frå Erich A. Møinichen til Lars Pederson på 1 sp. sm. 1 1/2 v. never. Oppattnya 1720.


4. Lars Pederson Mo, f. 1687, d. 1753, g. 1712 m.

Marta Larsdtr. Nedre Helland, bnr. 1, f. 1688, d. 1756.

Born:

  1. Per f. 1713, d. 1713.
  2. Brita f. 1715, d. 1768, visst ug.
  3. Per f. 1718, næste busitjar her.
  4. Hans f. 1721, d. 1723.
  5. Johannes f. 1724.
  6. Kari f. 1726, g. 1758 m. Olav Olavson Lavik, bnr. 4. Budde Myr i Lindås 1777.
  7. Hans f. 1731, d. 1752, tvilling.
  8. Kari f. 1731, tvilling.


Næste busitjar her er Per Larsson, men for han vantar bygselbrev, so me veit ikkje kva år han fekk bygsel.


5. Per Larsson Mo, f. 1718, d. 1785, g.

1. m. Anna Knutsdotter, f. 1723, d. 1759, etternamn vantar.

2. 1759 m. Anna Monsdtr. Steinsland, bnr. 3, f. 1726, d. 1800.

Born:

  1. Johannes f. 1747, d. 1836, g. 1784 m. Anna Knutsdtr. Farestveit, bnr. 5.
  2. Knut f. 1751, næste busitjar her.
  3. Hans f. 1753.
  4. Lars f. 1762, d. 1762.
  5. Mons f. 1763.
  6. Marithe f. 1765, g. 1801 m. Knut Hallvardson Øvre Helland, sjå Øvre Helland bnr. 3.
  7. Lars f. 1767, død fyre 1785.


1787: Bygselbrev frå Sokneprest Berg til Knut Perderson Mo på 18 mrk. smør 1 1/2 våger never.


6. Knut Pederson Mo, f. 1751, d. 1816, g. 1781 m.

Brita Hansdtr. Langedal, bnr. 2 f. 1753.

Born:

  1. Lars f. 1781, næste busitjar her.
  2. Anna f. 1783, g. 1814 m. Olav Hallvardson Ø. Helland, sjå Øvre Helland bnr. 3.
  3. Peder f. 1786, g. 1. g. m. Gjertrud Brynjelsdtr. Lavikhaugen, g. 2. g. m. Helga Olavsdtr. Høvik, plassmann på Høvik.
  4. Helga f. 1790, d. 1846, g. 1825 m. plassm. Knut Andersson Stusdal. Hb. Stusdal nr. 9.
  5. Anna f. 1794, g. 1816 m. Bonde Anders Andersson Stusdal f. 1792, d. 1875. Hb. Stusdal nr. 9.
  6. Hans f. 1798, d. 1815.


1832: Enkja Brita Hansdtr. får kongeleg skøyte på dette bruket. Årleg avg. til Hosanger presteb. 1 tunna 1 fjerdingkar bygg.


Etter Brita Hansdtr. er bruket utlagt til eldste sonen Lars Knutson.


7. Lars Knutson Mo, f. 1781, d. 1843, g. 1812 m.

Helga Johannesdtr. Nedre Helland, f. 1789, d. 1877, dotter til plassm. under bnr. 1.

Born:

  1. Brita f. 1815, g. 1848 m. Lars Knutson Farestveit, bonde nr. 9 på bruket her.
  2. Ingeborg f. 1822, d. 1822.
  3. Knut f. 1823, næste busitjar her.
  4. Kari f. 1826, g. 1855 m. Olav Ivarson Mo bnr. 1.
  5. Ingeborg f. 1829, g. 1859 m. Andreas Fredriksen frå Haugesund, busett Sandviken, Bergen.


1844: I skiftebrev etter Lars Knutson er bruket utlagt sonen mot at han panterettsleg svarar 100 spd. til Gudmund Olavson Eikefet.


Knut Larsson gjev vilkårsbrev til mori Helga Johannesdtr.


8. Knut Larsson Mo, f. 1823, g. 1862 m.

Anna Andersdtr. Langedal, f. 1831, d. 1904.

Born:

  1. Helga f. 1862, d. 1915, ug.
  2. Lars f. 1864, busitjar her nr. 10.
  3. Anna f. 1866, g. 1890 m. Ivar Monsson Molvik, busitjar her nr. 11.
  4. Gurina f. 1870, d. 1967, restauratrise på «Johan Jebsen».


Bygselbrev frå Knut Larsson Mo til verbroren Lars Knutson Farestveit på dette bruket. Årstal vantar. Bygselbrevet vart avlyst 30/6 - 1887.


9. Lars Knutson Farestveit, bnr. 1, f. 1826, g. 1848 m.

Brita Larsdtr. Mo, f. 1815, d. 1900.

Born:

  1. Lars f. 1849, g. 1878 m. Maria Johannesdtr. Otterstadplasset, 1856.
  2. Marta Karine f. 1852, g. 1872 m. Knut Ivarson Farestveit, sjå Farestveit bnr. 4.
  3. Berta Helene f. 1854, g. land, bnr. 3. 1879 m. Jakob Magneson Nedre Helland, sjå Nedre Helland bnr. 3.
  4. Knut f. 1856, d. 1924, g1896 m. Bergitte Christine Schadenberg, f. 1876, busett Bergen. Kona d. 1909.


Lars Knutson Farestveit og kona budde på Askøy frå 1849 til 1854, flytte so attende til Mo og budde på dette bruket. Dei kjøpte kår på Farestveit bnr. 4, Troppeluten.


1887: Skøyte frå enkja Anna Andersdtr. Mo, f. Langedal til sonen Lars Knutson Mo på dette bruket. Lars Knutson gjev kårbrev til mori.


10. Lars Knutson Mo, f. 1864, d. 1942, g. 1900 m.

Brita Johannesdtr. Neset, bnr. 6, f. 1876, d. 1959.

Born:

  1. Anna f. 1902, g. 1933 m. Sigmund Olavson Nåmdal bnr. 2 f. 1898, d. 1978, busette i farsheimen hennar, hadde telefonstasjonen der.
  2. Johannes f. 1904, g. 1934 m. Erna Karlsen, busett Sundvor i Fusa.
  3. Berta f. 1908, g. m. Knut Stolen, busett Mønshaugen, Voss, 3 born.
  4. Kari f. 1911-, g. 1932 m. bonde Sigurd Andreasson Takvam, Haus, busett Skyggestrand, 4 born.


1894: Skøyte frå Lars Knutson Mo til systermannen Ivar Monsson Molvik på dette bruket for 3000 kr. og kår til seljaren.


11. Ivar Monsson Molvik, f. 1863, d. 1938, g. 1890 m.

Anna Knutsdtr. Mo, f. 1866, d. 1942.

Born:

  1. Knut f. 1891, d. 1891.
  2. Knut f. 1892 lærar, skulestyrar i Kragerø, g. m. Nikka Grimeland, 5 born.
  3. Mons f. 1893, næste busitjar her.
  4. Anna f. 1895, g. 1922 m. skipsførar Johannes Monsson Haugland, busett Hamreplass.
  5. Maria f. 1897, d. 1907.
  6. Helga f. 1899, d. 1931, g. 1924 m. Andreas Jakobson Helland bnr. 3, 2 born, Leif og Gunnar.
  7. Signy f. 1902, d. 1963, ug.
  8. Johannes f. 1903, d. 1933, v/ ullukka, g. 1926 m. Helga Johannesdtr. Steinsland, f. 1903, 3 born: Åsta Gudrun, g.m. Harald Johannesson Lavik, bnr. 2, Harald Andreas, Jorunn Haldis,g.m. sjåfør Jon Magnusson Eide.
  9. Gunnar f. 1905 d. 1912.
  10. Maria f. 1908, g. 1937 m. Magnus Olavson Helland, bnr. nr. 1 f. 1907, busett Mo. Sjå nermare under bnr. nr. 16. Mo.


1931: Skøyte frå Ivar Monsson Mo, f. Molvik, til sonen Mons Ivarson for 4000 kr. og kår.


12. Mons Ivarson Mo, f. 1893, g. 1917 m.

Anna Johannesdtr. Otterstad, f. 1896, frå Trohaug, d. 1980.

Born:

  1. Erling f. 19**, f. 19**, næste busitjar her.
  2. Anna f. 19**, g. 1946 m. Gunnar Olavson N. Helland, sjå Nedre Helland bnr. 1.
  3. Ivar f. 19**, g. 1. g. m Bjørg Einarsdtr. Alver f. 19** i Åsane. Born: Bjørn f. 19**, g. 2. g. 1958 m. Haldis Einarson Alver f. 19**. 3 born. Busette Hylkje.
  4. Johannes f. 19**, g. 1957 m. Gunnlaug Århus, Evanger, sjå ættesoge for Stanghelle.


1958: Skøyte frå Mons Ivarson Mo til sonen Erling Monsson.


13. Erling Monsson Mo, f. 19**, g. 1943 m.

Hildur Olavsdtr. Høvik, f. 19**, bnr. 2.

Born:

  1. Aud Marit f. 19**, g. m. lærar Johan Gjørven, busette Stryn.
  2. Svein Magne f. 19**, g. m. Jorunn Straume, busette Modalen.
  3. Torhild f. 19**, g. m. Vegard Tofting, Alversund.
  4. Helge f. 19**, g. m. Reidun Pedersen, Eidsvåg. Busette Knarvik.

 

 

 

 

Edited by Grethe Flood

Share this post


Link to post
Share on other sites
arne askildsen

Heisan og takk for svar G.Flood.

Vi befinner oss i Modalen i Hordaland. Bruket deres lå  på Mo, i nærheten av Vaksdal. Peder Mou dukker opp på bruket der helt uten noen forhistorie/registr..

Skulle gjerne visst litt mer om ham.  Peder må vel ha vært født en eller annen gang i siste halvdel av 1500 tallet. -Hvor kan man eventuellt lete?

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.