Gå til innhold
Arkivverket

Fargarmeister Henrik Carl Christian Goebel (1822-1895) på Arna Ullvarefabrikk - fødd i Rendsburg i Tyskland - detaljar om fødsli? - første kona dansk?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Henrik Carl Christian Goebel, fargarmeister på Arna Ullvarefabrikk, døydde på Arna 8.10.1895.  Her vert det sagt at han var fødd i Rendsburg i 1822 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6958&idx_id=6958&uid=ny&idx_side=-165)

 

Då same mann gifte seg på Arna 28.12.1877, står det likeins at han var fødd i Rendsburg i 1822 som son av Johan Jacob Goebel (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8282&idx_id=8282&uid=ny&idx_side=-167)

 

Er det mogeeg å finna ein nøyaktig fødselsdato for denne mannen samt dei fulle namni på båe foreldri hans?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

 

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Henrik Carl Christian Goebel, fargarmeister på Arna Ullvarefabrikk, døydde på Arna 8.10.1895. Her vert det sagt at han var fødd i Rendsburg i 1822 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=6958&idx_id=6958&uid=ny&idx_side=-165)

 

Då same mann gifte seg på Arna 28.12.1877, står det likeins at han var fødd i Rendsburg i 1822 som son av Johan Jacob Goebel (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?

idx_kildeid=8282&idx_id=8282&uid=ny&idx_side=-167)

 

Er det mogeeg å finna ein nøyaktig fødselsdato for denne mannen samt dei fulle namni på

båe foreldri hans?

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Frå 'Haus i soga og segn, band IV Fabrikkstaden Ytre Arna', 1967; Lars M. Ådna:

 

Fargar ved Arne Fabrikker

Henrik Carl Christian Goebel, 1822 - 1895, fødd i Rendsburg, Holstein. Var med i den Tysk/Franske krigen i 1870.

 

G. I Kristiana Marie Brodersen, 1833 - 1865 (i juni).

G. II Gjertrud Margreta Kroepelin, 1825 - 1912, fødd Barclay. I 1912 er namnet skrive Gjertrud M. Hedvig

Goebel, fødd i Hafslo. Ho var husstyrar hjå H.C.C. Goebel i 1865, og gift då.

 

Born:

a. Bredo Julius, 1853 - 1866, fødd i Tyskland.

 

b. Adelheid F. Caroline, 1855 -?, fødd i Slesvig. Til Illinois, USA. Gift m. ein Beacher frå Tyskland.

 

c. Henrik Georg Elias, 1858 -?, fargarmeister. Flytt til Sande, Vestfold, 1876. Gift der med ei Martea frå

Sande, fødd 1859. Møter i skiftet etter far sin 1895 i Ytre Arna.

 

d. Marie Georgina, 1859 - 1881, lærar i Ytre Arna. Ugift.

 

e. Elisa Margreta, 1861 - ?, til Iowa. Gift med ein Asmus (Rasmus)?

 

f. Jurgen Johan Jacob, 1863 - 1868.

 

g. Martin Wilhelm, 1866 -?, til Iowa. (- Martin Wilhelm son av HCC Goebel og GMH Kroepelin).

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Martin Wilhelm Goebel, 'uægte', fødd 10. nov 1866 i Haus, døypt 10. juni 1867 same stad:

http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/dp/person/pd00000003471179

sjå også #85 i kyrkjeboka for Haus prestegjeld. Fabrikkeigar (Arne Fabrikker) Jurg Jebsen er eine fadderen, ein 'T. Barclay' ein annan:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?uid=350045&urnread_imagesize=full&show=146#bunnen

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje og Ann-Mary for skikkeleg spennande innlegg!

 

For det første hadde eh ikkje registrert oppkysningar om første ekteskapet til Henrik Goebel, og

 

for det andre visste eg ikkje at Henrik og Gjertrud f. Barclay òg hadde ein son i lag, og at han utvandra til Amerika!

 

Her kjenner eg behov for vidare forsking!

 

Eg slår fast gjennom FT1865 at Henrik Goebel må vera komen til Noreg kring 1857.  Korleis han har vore med i krigen mellom Tyskland og Frankrike i 1870-1871, forstår eg ikkje heilt; då budde han jo på ytre Arna...

 

Nye spørsmål om denne huslyden gjeld:

 

* Dato og stad for vigsli til Henrik Carl Christian Goebel og første kona Christine Marie Brodersen?  Kan det vera ho som står brur i Aabenraa i Danmark 19.1.1852 (der mannen ikkje er oppgjeven)?

 

Spouse's Name: Maria Brodersen

Event Date: 29 Jan 1852

Event Place: Åbenrå, Åbenrå, Denmark

Indexing Project (Batch) Number: I03059-1 ,

System Origin: Denmark-EASy ,

GS Film number: 42715 ,

Reference ID: bk 1 p 40

 

* Dato og stad for fødsli til denne første kona til Henrik Carl Christian Goebel, Christine Marie Brodersen?  Kan det vera ei av desse, båe fødd io Aabenraa i Danmark kring 1833?

 

Name: Maria Christina Brodersen

Gender: Female

Christening Date: 03 Nov 1833

Christening Place: BOV, AABENRAA, DENMARK

Father's Name: Christian Thomas Brodersen

Mother's Name: Anna Christina Jensen

Indexing Project (Batch) Number: C22405-2 ,

System Origin: Denmark-ODM ,

GS Film number: 42757

 

Name: Maria Christina Brodersen

Gender: Female

Christening Date: 17 May 1832

Christening Place: , ULLERUP, AABENRAA-SONDERBORG, DENMARK

Father's Name: Broder_Broder Brodersen

Mother's Name: Anna Maria

Indexing Project (Batch) Number: C22435-1 ,

System Origin: Denmark-ODM ,

GS Film number: 42856

 

* Sonen Wilhelm Martin Goebel utvandra som målar frå Bergen i 1889 og gifte seg under namnet Martin Goebel i Moline, IL 8.2.1893 med Laura Laretta (W)Riggens Fonger, fødd i Iowa ?.10.1867 (usikker dato og år).  Under førenamnet William er han i 1900 framleis målar i Moline IL, men dei vart skilde kort etter, truleg i 1901, og den seinare lagnaden hans er eit problem.  Kvar kan han ha gjort av seg?

 

* Er det mogeleg å finna ut noko meir om Laura, som dato og stad for fødsli hennar?  Ho vart attgift to gonger og skal vera avlidi under namnet Laura Smith i 1930, truleg i Moline, IL - er det mogeleg å finna dødsfallet hennar?

 

Eg takkar på ny for desse skikkeleg gode opplysningane og vonar på meir.  Kanskje noko av "danske-ekspertane" våre kan bidra med noko?

 

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for spennande innlegg om Laura Riggins!

 

Eg har søkt "fram og attende" etter denne Laura, men synest ikkje finna ho att.  Eg ser no at det finst fleire family trees på ancestry.com, so eg vil skriva til eit par av eigarane; kanskje har dei tilleggsopplysningar?

 

Eg har ogso kontakta eit ættegranskarforum i Tyskland for å forhøyra meg om Henrik Carl Christian Goebel.  Kanskje me har hell med oss...?

 

Nok ein kjempetakk for all god hjelp so langt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

e. Elisa Margreta, 1861 - ?, til Iowa. Gift med ein Asmus (Rasmus)?

 

????

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:XVHH-T3R

 

 

Elisa M. Goebel Strom
mentioned in the record of Bernhard Michel Strom

Name: Elisa M. Goebel Strom

Age: 25

Birthplace: Norway Gender: Female

Husband: Bernhard M. Strom

Child: Bernhard Michel Strom

 
Other information in the record of Bernhard Michel Strom
from Iowa, County Births

Name: Bernhard Michel Strom

Event Type: Birth Event Date: 04 Nov 1886

Event Place: Davenport, Scott, Iowa, United States Gender: Male

Father's Name: Bernhard M. Strom

Mother's Name: Elisa M. Goebel Strom

 

 

 
Bernhard M. Strom
Iowa, Deaths and Burials

Name: Bernhard M. Strom

Gender: Male

Burial Date: 15 Jul 1914

Death Date: 13 Jul 1914

Death Place: Davenport Twp., Davenport, Scott, Iowa

Age: 27

Birth Date: 04 Nov 1886

Birthplace: Iowa

Occupation: Printer

Marital Status:

Single Father's Name: Bernhard Strom

Father's Birthplace: Norway

Mother's Name: Eliza M. Goebel

 

Dette er vel datteren til vår Elisa med samme navn. Ser ut som Elisa var gift to ganger og at barna med etternavn Strom (Strøm?) er fra første ekteskap: 

 
Elisa Asmus
Iowa State Census, 1895

Name: Elisa Asmus

Event Type: Census

Event Date: 1895

Event Place: Scott, Iowa, United States

Gender: Female

Birth Year (Estimated): 1891

Page: 117

Household Role Gender Age Birthplace

Johan Asmus   M 45  

Elisa Asmus   F 33  

Elisa Asmus   F 4  

Johann Asmus   M 1  

Henry Strom   M 13  

Bernhard Strom   M 8  

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

Elise Goebel

Iowa, County Marriages, 1838-1934

birth: 1861 Arne, Norway marriage: 20 November 1890 Davenport, Scott, Iowa, United States father: Heinrich Goebel mother: Marie Brodersen spouse: Johann Asmus other: Johana Asmus, Ceilie Moller

 

 

Eliza Goebel Strom

Iowa, County Marriages, 1838-1934

birth: 1862 Bergen, Norway marriage: 5 September 1906 Scott County, Iowa, United States father: Heinrich Goebel mother: Marie Brodersen spouse: Fritz F. Wiederich other: John Wiederich, Christine Hansen

 

 

Find a grave:

 

Eliza M Asmus

 

Birth:  Aug. 16, 1861
Bergen
Hordaland fylke, Norway Death:  Mar., 1923
Davenport
Scott County
Iowa, USA trans.gif
Mrs. Eliza M Asmus died at the home of her daughter, Mrs. Otto Frickle, 708 W. 7th St., this morning at seven o'clock after a lingering illness.
She was born in Bergen Norway, August 16, 1861, and was United in marriage to Benard in Strom in Hamburg Germany, the couple coming to Davenport 40 years ago Mr. Strom preceded her in death. Two years later she was married to John Asmus, who survives together with the following children , Henry Strom, Mrs. Eliza Frickle, John H. Asmus, and William M Asmus. One grandchild Carl FrIckle, and a brother Henry Goebel of Norway, also survived.
The funeral will be held Monday afternoon at two o'clock from the home of her daughter. Mrs. Otto Frickle , seven weight W. 7th St., with internment in Fairmont cemetery.


Davenport Democrat and Leader 
 
Family links: 
 Children:
  Eliza Asmus Frickel (1890 - 1976)*
 
*Calculated relationship   Burial:
Fairmount Cemetery
Davenport
Scott County
Iowa, USA
Plot: Section # 9E,Lot #491  
Edit Virtual Cemetery info [?]  
Created by: Tom C
Record added: Feb 05, 2014
Find A Grave Memorial# 124649879

http://www.findagrave.com/cgi-bin/fg.cgi?page=gr&GSln=asmus&GSbyrel=all&GSdyrel=all&GSst=14&GScntry=4&GSob=n&GSsr=41&GRid=124649879&df=all&


Carl Frickel
mentioned in the record of Otto H. Frickel and Eliza M. Asmus

Name: Carl Frickel Gender: Male Wife: Mary Hay Child: Otto H. Frickel

Other information in the record of Otto H. Frickel and Eliza M. Asmus
from Iowa, Marriages

Name: Otto H. Frickel Birthplace: Davenport, Iowa Spouse's Name: Eliza M. Asmus Spouse's Birth Date: 1891 Spouse's Birthplace: Davenport, Iowa Spouse's Age: 20 Event Date: 16 Aug 1911 Event Place: Clinton, Clinton, Iowa Father's Name: Carl Frickel Mother's Name: Mary Hay Spouse's Father's Name: John Asmus Spouse's Mother's Name: Eliza Gobel Race: White Marital Status: Single Spouse's Race: White Spouse's Marital Status: Single

Indexing Project (Batch) Number: M86827-4 , System Origin: Iowa-VR , GS Film number: 1839998 , Reference ID: 2:3JFR819

 

https://www.google.no/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=web&cd=4&cad=rja&uact=8&ved=0CDEQFjAD&url=https%3A%2F%2Ffamilysearch.org%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AXJ1S-R91&ei=n9-jVPXzPNT3aoLMgtAI&usg=AFQjCNFy4XZ0JSsRknOAo-nQeEtBvpaFHQ&sig2=gJYq0zz_rzRTEA4Tfjm3yA&bvm=bv.82001339,d.d2s

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Karl Otto Frickel

Iowa, County Births, 1880-1935

birth: 7 July 1912 Davenport, Scott, Iowa, United States father: Otto Frickel mother: Eliza Asmus  

 

Carl Frickel

Son

United States Census, 1920

birth: 1913 Iowa residence: 1920 Davenport Ward 3, Scott, Iowa, United States father: Otto Frickel mother: Eliza Frickel other: William Armus

 

 

 
Otto Frickel

Iowa, Deaths and Burials, 1850-1990

birth: 7 May 1891 Davenport, Ia death: 22 January 1930 Davenport, Scott, Iowa burial: 26 January 1930   father: Karl Frickel spouse: Eliza

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt innlegg!  Og ogso til Ann-Mary for spennande innlegg, som eg såg først no etter at eg hadde lagt inn mitt siste innlegg!

 

Eg har i dag finne ut at denne "trioen" ligg gravlagd på Riverside cemetery i Moline, IL:

 

Gravstøtta har følgjande tekst:

 

GOEBEL - SMITH

Martin 1880-1967

Edwin R. 1900-1985

Laura L. 1879-1953

 

Då får me altso vita at Laura døydde i 1953 og dessutan at ho "jugde" godt på alderen sin.  Ho ville elles ha gift seg første gongen i ein alder av 5 - fem - år!

 

Dødsmeldingi etter Gjertrud Goebel på ytre Arna kunne berre seia ho let etter seg "Myndige Børn og Børnebørn - alle i Amerika. Antagelig Intet til Arv."  So der kjem me ikkje nokon veg!

 

Eg vil freista ein telefon til Riverside cemetery når dei kjem på beina i dag...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter å ha finlese siste innleggi til Ann-Mary med m.a. nekrologen til Eliza Asmus frå 1923, ser eg at broren Wilhelm Martin IKKJE er nemnd som etterlevande.  Soleis må me gå ut ifrå at han døydde før 1923, og mest truleg alt kring 1901.  Kanskje ogso han ligg på Riverside cemetery i Moline IL?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Diverre er kyrkjegardskontoret i Riverside, Moline, IL stengt både i dag og i morgon i samband med årsskiftet, so me kjem ikkje lenger der i dag...

 

Godt nyttår til dykk alle!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Godt år, Lars. Vedkomande HCC Goebel si påståtte deltaking i den Tysk/Franske krigen 1870-1871:

Dette må vera ein skivebom frå bygdebokskrivar Lars Ådna si side. Det må vera snakk om deltaking i den første Tysk/_Danske_ krigen, frå 1848 til 1850, då dei tysktalande i Slesvig-Holstein freista å riva seg laus frå Danmark, tyskarane var i fleirtal i Holstein ogi mindretal i Slesvig. Den første krigen endte med uavgjort og soleis status quo, og bar difor kimen i seg til den andre tysk/danske krigen 1863-1864, som endte med knusande tysk siger der Danmark jamvel miste Sønderjylland, som dei ikkje fekk att før i 1920.

 

Eg finn det mykje meir truleg at HCC Goebel var soldat frå 1848 til 1850 då han var ugift og i alderen 26 til 28 år, enn i 1870-1871, då han var 48-49 år og småbarnsfar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Terje for helsingar og nye innlegg!

 

Eg er samd med deg, Terje, i tankane dine om krigsinnsatsen til Heinrich Goebel.  Eg hugsar Lars Ådna som ein ivrig granskar,  Han var godt kjend med far min, som fekk i oppdrag å selja bygdebøkene frå Haus, men særleg inntektsgjevande vart ikkje dette oppdraget...

 

For ordens skyld, her er dei to kjende borni etter Laura og første annen Robert Fonger og dei fire borni etter Laura og William Martin Goebel.  Eldste sonen forsvinn, men alle dei andre budde i Moline, Rock Island Co., IL:

 

* Milton Fonger, fødd May 1889

* John Emerald Fonger, fødd Sep. 3, 1891 - budde Moline, IL - døydde Oct. 22, 1979

* William Henry Goebel, fødd Dec. 6, 1893 - budde Moline, IL - døydde May 3, 1973

* Arthur James Goebel, fødd Mar. 13. 1896 - budde Moline, IL - døydde Jan. 1, 1978

* Gertrude M. Goebel, fødd May 28, 1898 - budde Moline, IL - døydde Sep. 17, 1982 - gift med Carl Agert Calhoun (1898-1926)

* Edwin Roosevelt Goebel, fødd July 31, 1900 - budde Moline, IL - døydde Jan. 1985

 

Eg er meir og meir overtydd om at William Martin må vera avliden i Moline, IL kring 1901-1902...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag hatt kontakt med Riverside kyrkjegard i Moline, IL og likeins både med gravferdskontoret og det lokale biblioteket.  Nekrologen til Laura Loretta Smith, f. Riggins, ligg føre meg og fortel oss at Laura var fødd i Sabula (Jackson Co.), IA 23.10.1879.  Ho døydde i Moline, IL 5.6.1953.  Ho let etter seg enkjemannen Martin Smith og sju born.  Fire andre born døydde før mori.

 

Nekrologen nemner ikkje noko om Wilhelm Martin Goebel, men eg trur han må vera avliden kring 1901/1902!  Elles er jo fødselsdatoen til Laura langt frå sanningi!  Truleg var ho fødd i oktober 1867 slik FT1900 seier...

 

Eg er framleis open for fleire tips når det gjeld lagnaden til Wilhelm Martin Goebel og likeins om det "rette" opphavet til Laura og takkar nok ein gong for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Nye opplysningar er komne frå Tyskland, og eg vil gjerne henta fram att dette emnet.

 

Eg vil då først få syna til innlegg #2 av Terje Hatvik der han har eit oversyn over huslyden tiol fargarmeisteren frå bygdeboki for Haus.

 

Det andre barnet, Adelheid Karoline Jakobine, vart konfirmert i Haus i 1871, og då går det fram at ho var fødd i Schwabstedt, Holstein 13.6.1856 og døypt same staden 20.7.1856.

 

Og frå Tyskland har eg motteke følgjande:

 

~~~~~

 

In der Volkszählung Schleswig-Holstein 1855 (online bei aggsh):

Heinrich Carl Göbel, 32 Jahre, Geburtsort Rendburg, Beruf Färber
Wohnung: Schleswig, 8. Quartier, Hauptstraße im Friedrichsberg Nr 63, 2. Etage
verheiratet mit Christina Maria Göbel, 22 Jahre, Geburtsort Flensburg
Kind: Broder Heinrich Carl Göbel, 1 Jahr

~~~~~

 

Her får me vita at Christine Marie Brodersen var fødd i FLENSBURG, og då er det eit spørsmål om det kanskje er der me lyt leita etter den første vigsli?  Og kanskje fødsli hennar ogso kan finnast?

 

Er det nokon som greier denne?

 

Eg vil leggja inn ei melding om dette på dansk DIS - kanskje der er hjelp å få?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...

Eg har omsider finne ut av lagnaden til Wilhelm Martin Goebel i Moline, IL.  Han miste livet i ei tragisk togulukke der borte 25.8.1902, men framleis står det òpe detaljar om faren Heinrich "Henrik" Goebel og første kona hans.  DIS-Danmark har ikkje kunna hjelpa med dette, men kanskje me har ekspertar her i Brukarforum som kan gjera noko?

 

Her følgjer manuskriptet for denne delen av huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johan Hansson Krøpelin, frå Bergen, var son av kjøpmann Hans Krohn Johanson Krøpelin i Bergen og kona Anna Petersdotter Lexau, òg frå Bergen, og f. i Bergen 28.7.1816.  Han gifte seg i Hafslo 20.7.1842 med Gjertrud Margrethe Hedvig Johansdotter Barclay, dotter av føregåande brukar og herifrå plassen.  Ho var f. 30.5.1825.  Johan Krøpelin kom som bakarmeister til Solvorn i 1842 og fekk 23.11.1842 ta over festeretten til Haldøsjehaugen.  Johan og Gjertrud vart buande her fram til kring 1854.

Johan Krøpelin vart sjuk og sidan umyndiggjort.  Han vart bortsett på Midlang i Vik der han d. 27.7.1877.  Gjertrud flytte kring 1854 til ytre Arna i Haus der ho 28.12.1877 gifte seg att med enkjemannen Henrik Carl Christian Johanson Goebel, opphavleg frå Rendsburg, Schleswig-Holstein i Tyskland.  Han var son av

 

¤¤¤¤¤ (Johan Jacob Goebel)

 

og f. i Rendsburg

 

¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen hans?)

 

1822.  Han gifte seg flrste gongen

 

¤¤¤¤¤ (Schleswig eller Flensburg kring 1853?)

 

med Christina Marie Brodersen, f. i Flensburg

 

¤¤¤¤¤ (fødselsdatoen?)

 

1833. 

 

¤¤¤¤¤ (kven var foreldri hennar?)

 

Henrik var ei tid fargar og budde på Friederichsberg i Schleswig, Schleswig-Holstein, men flytte med første kona si kring 1857 som fargarmeister til ytre Arna i Haus der Christina d. 20.6.1865.  Henrik d. på ytre Arna 8.10.1895, medan Gjertrud Goebel d. same staden 23.5.1912.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden og krossar fingrer og tær for at nokon kan finna ei løysing!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.