Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Overrettsprokurator Henrik Andreas Hielm (1799-1847) - manglande biografiske opplysningar frå Christiania og Kristiansand?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg slit med å finna svar på to detaljar innanfor denne ætti med tilknytting til Hafslo i Sogn:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Henrik Andreas, kjend som Andreas Børgeson Hielm, frå Kristiansand, var son av regimentskvartermeister Børge Jonasson Hielm i Kristiansand, opphavleg frå Stavanger, og kona Hulleborg Jørgensdotter Abel frå Kristiansand og f. i Kristiansand 12.1.1799.  Han gifte seg i Hafslo 23.8.1822 med Christiane Louise Marie Larsdotter Irgens frå Christianeslyst.  Ho var f. i København, Danmark 25.8.1802.  Andreas Hielm vart cand.jur. i 1818 og kom til Solvorn som prokurator kring 1821.  Hjå Anders Hansson Grov fekk han 1.9.1821 festesetel på ein åker, og hjå Balthasar Fraas fekk han 27.5.1822 oppretta arvefestekontrakt på ei tomt med hage her på Haldøsjehaugen.  Andreas og Christiane flytte inn her same året og vart buande her fram til 1825.

Andreas og Christiane Hielm flytte i 1825 attende til Kristiansand der Andreas heldt fram som overrettsprokurator, og der parfolket vart buande levetidi ut.  Andreas d. i Kristiansand 17.9.1847, medan Christiane Hielm d. same staden 28.6.1876.  Dei fekk fire born i lag:

a. Børge Andreasson Hielm, f. i Hafslo 28.6.1823, d. i Christiania 14.12.1863.  Han gifte seg i Christiania 22.12.1855 med Jenny Mitchell Hansdotter Hielm, f. i Aker 9.2.1830.  Ho d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1875 – før 1900?)

 

     Børge vart cand.jur. i 1853, og han og Jenny budde i Christiania.  Dei fekk fem born i lag.

b. Lars Johannes Andreasson Hielm, f. i Hafslo 6.4.1825, d. i Kristiansand 28.11.1889.  Han gifte seg i Kristiansand 30.10.1855 med Gunhild Henriette Henriksdotter Natvig frå Kristiansand, f. i Kristiansand 2.7.1829.  Ho d. i Kristiansand 22.3.1900.  Lars Irgens var skipsførar og vart sidan skipperborgar i Kristiansand der han og Gunhild budde levetidi ut.  Dei fekk fire born i lag.

c. Hulleborg Christiane Andreasdotter Hielm, f. i Kristiansand 10.9.1827, d. visstnok i Kristiansand 24.8.1828.

 

     ¤¤¤¤¤ (dette dødsfallet er ikkje funne i kyrkjebøkene for Kristiansand!)

 

d. Christian Hulbert Andreasson Hielm, f. i Kristiansand 28.1.1834, d. i Trondheim 11.5.1902.  Han gifte seg i Ullensaker 20.10.1859 med Louise Johanne Margrethe Hoelfeldt Henriksdotter Paus, f. på Elverum 16.5.1835.  Ho d. i Trondheim 18.10.1908.  Christian var premierløytnant og sidan kaptein i hæren og dessutan jarnbanestyrar.  Han og Louise budde i Trondheim og fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Det er mogeleg at desse spørsmåli har vore framme før i Brukarforum, men i so fall er det fleire år sidan, og eg finn ikkje nokon referanse til dei...  No vonar eg at ein eller annan kan hjelpa meg finna dødsfallet til ho Jenny og/eller stadfesta dødsfallet til ho Hlleborg Christiane og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Jenny Mitchell Hielm døde 28. mai 1908 i Bjerregaardsgade 3 i Kristiania.

 

Nummer 788:

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo skifterett, Avd. I, Dødsfallsprotokoll B 4 , 1907-1909, oppb: Statsarkivet i Oslo.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/27269/112/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090513390633.jpg

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for kjapt og spennande svar!  Då er den kanskje viktigaste detaljen på plass!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Nummer 19:

 

Kildeinformasjon: Vest-Agder fylke, Oddernes, Ministerialbok nr. A 5 (1820-1838), Døde og begravede 1829, side 103.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=935&idx_id=935&uid=ny&idx_side=-121
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060103030464.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg er imponert!  Hjarteleg takk til Sven for nytt fint svar!  Då er ogso dette dødsfallet kome "på plass", og heile problemet er løyst!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå


  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×