Gå til innhold
Arkivverket

Karen Mathea Karlsdtr Hansen - Eidsvoll/Oslo?


Egil Russøy
 Del

Recommended Posts

Karen Mathea Karlsdtr er fødd kring 1842 på Eidsvoll. Fødselsåret er noko usikkert, fordi kirkebøkene for Eidsvoll har gått med i brann, men mest truleg er 1842/43 riktig år (alt 1840-1845).

 

Ho giftar seg med enkemann Johan Hansen i 1881, og dei får sonen Karl i 1882.

 

Giftemålet 1881 (nr 23)

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Eidsvoll, Ministerialbok nr. 1 (1877-1881), Ekteviede 1881, side 226.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=7221&idx_id=7221&uid=ny&idx_side=-203

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060512010405.jpg

 

Dåpen til Karl 1882 (nr. 80)

Kildeinformasjon: Akershus fylke, Eidsvoll i Eidsvoll, Ministerialbok nr. 2 (1882-1895), Fødte og døpte 1883, side 10.

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=3467&idx_id=3467&uid=ny&idx_side=-14

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060512010504.jpg

 

I 1900 finn vi ho som enke i Eidsvoll, saman med sonen Karl og stesonen Harald på Oppegård ikkje så langt frå Dal Stasjon.. http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037041006744

 

I 1910 bur ho der fortsatt: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036388004868

 

Stesonen Harald finn vi i Oslo: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392041134

 

Karl har eg ikkje funne i 1910.

 

I januar 1918 er ho omtalt som avdød, og skiftet blir administrert av Kristiania skifterett.

 

Eg finn ho ikkje blant dei døde i kirkeboka for Eidsvoll, og reknar då med at ho kanskje har flytta til Oslo, og at ho har døydd der ein gong mellom 1910 og 1918.

 

Men så var det å finne ho blant døde i Oslo.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvor i 1918 er hun omtalt som avdød? Er det i et skifte eller i en dødsfallsprotokoll?

 

Det er opplyst i samband med tinglysing av skøyte på eigendommen ho hadde i Eidsvoll. Det er difor ikkje godt å seie kor nært opp til januar 1918 ho har døydd, men det er vel nærliggande å tru at det er nærmare 1918 enn 1910.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk Grete. Du er super.

 

Då har ho døydd i Oslo i mars 1917.

 

Adressa tolkar eg til Schweigaardsg N 67, og i flg adresseboka for Oslo, i 1916, så finn eg der Karl Oluf, som no kallar seg for Oppegaard.

Så då har ho budd hos sonen dei siste åra.

 

mvh Egil

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det er rett. Eg fann han nett eg også. Eg har følgt han bakover i adressebøkene i alle fall til 1906, så han har budd ei stund i Oslo før mora kom hit.

 

mvh Egil

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det er rett. Eg fann han nett eg også. Eg har følgt han bakover i adressebøkene i alle fall til 1906, så han har budd ei stund i Oslo før mora kom hit.

 

mvh Egil

 

Hvor bodde han i 1906?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hvor bodde han i 1906?

 

Samme som i 1910, Schweigaardsgate 63, beklager, det var visst 65.

 

Eg har no også sjekka 1905, og då er han ikkje der.

 

mvh Egil

 

Endret av Egil Russøy - Førde
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg mener å se pudser Carl Oppegaard i nr. 65 i 1906:

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Kristiania, Adressebok , 1906-1906, oppb: Riksarkivet.

Merknader: 28. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49240/1221/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061202274431.jpg

 

Og her er han i den kommunale folketellingen 1905 for Kristiania:

 

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Folkeregisteret (Oslo), Folketelling 31.12.1905, stykke 1-65 (OBA/A-20057/Gbf), 1905-1905, oppb: Oslo Byarkiv.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/ft/65525/48019/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-of20130903048162.jpg

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

I 1927 er Carl (eller Karl som han no skriv) blitt lokomotivførar, og bur framleis i Schweigaardsg 67, der han budde då mora døydde.
 
I 1940 står han oppført i Galgeberg 3 D.
 
I 1848 er han forhenværande lokomotivførar
 
Etter 1960 finn eg  han ikkje i adresseboka, så eg reknar med at han har døydd ein gong tidleg på 1960-talet.  
 
Då fann eg han her, død 30.03.1960. http://www.begravdeioslo.no/resultat/name/karl%20oppeg%C3%A5rd/year_of_death/1960/year_of_death_uncertainty/1/sort_by_column/last_name/sort_order/1
 

Eg tar det med, med fare for at det knapt nok er interessant for meg, sidan det var opplysningar om mora eg trengte, men når ein først er i gang .....

 

mvh Egil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ser han er gravlagt med flere personer:

 

Hanne Pedersen 02.04.1953 - 24.05.1956 Gravlagt: 23.09.1961

Karl Olaf Oppegård 24.09.1882 - 30.03.1960 Gravlagt: 23.09.1961

Anna Johanne Oppegård 29.12.1885 - 17.04.1961 Gravlagt: 23.09.1961

Aase Ruth Pedersen 24.02.1915 - 12.03.1978 Gravlagt: 21.05.1979

Thormod F. Pedersen 20.05.1915 - 11.07.1984 Gravlagt: 15.05.1986

Trond Pedersen 12.05.1944 - 21.05.2014 Gravlagt: 06.10.2014

 

Anna Johanne Oppegård 29.12.1885 - 17.04.1961 Gravlagt: 23.09.1961 - her er hun vel i 1910:

 

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392071828

 

 

 

 

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåpen til datteren Aase Ruth:

 

Oslo fylke, Oslo Hospital / Gamlebyen, Ministerialbok nr. 10 (1899-1935), Fødte og døpte 1915, side 176. 
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=25778&idx_id=25778&uid=ny&idx_side=-181
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10040906301182.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dåpen til datteren Aase Ruth:

 

Oslo fylke, Oslo Hospital / Gamlebyen, Ministerialbok nr. 10 (1899-1935), Fødte og døpte 1915, side 176. 

Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=25778&idx_id=25778&uid=ny&idx_side=-181

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb10040906301182.jpg

 

Flott. Då er Pedersen-gjengen hennar familie.

 

mvh Egil

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.