Gå til innhold
Arkivverket

Bygdebokoppslag Brekke i Sogn - garden Takle?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I emnet om Lars Tormodson og huslyden hans (http://forum.arkivverket.no/topic/173368-lars-tormodson-f-kring-1700-framandkar-i-solvorn-hafslo-opphav-og-lagnad/) er det dukka opp ein person på garden Takle i Brekke som KAN høyra til denne huslyden.

 

Torbjørn Larsson, gift i Brekke (Gulen) 28.7.1756 med Gjertrud Olsdotter Midt-Takle, skal sidan ha butt på Ytre-Takle der Torbjørn døydde i 1785.  Han let etter seg enkja og tre born, Ole, Lars og Martha.

 

Eg mistenker Torbjørn for å vera døypt i Hafslo 27.7.1732 som son av nemnde Lars Tormodson og kona Kari Nilsdotter.

 

So er spørsmålet:

 

* Har bygdeboki for Brekke opplysningar om Torbjørn Larsson som kan understøtta denne teorien?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Leif for interessant melding!

 

Eg greidde å henta fram ættetavla til Jan Eri med ymse tilknyttingar til Brekke, men so vidt eg kan sjå, har han berre teke med dei linjene som han sjølv har eit forhold til, og Torbørn Larsson Takle er tydeleg ikkje mellom dei...

 

Eg er redd me treng eit oppslag i den originale boki...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kjapt oppslag i bygdebok for Brekke, under Yst-Takle. Jeg kan ikke se at det står noe der om Torbjørn Larsens opphav eller hvem som er hans foreldre. Kan gi et litt fyldigere referat seinere.

 

Grethe

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for lovande innlegg om Torbjørn Larsson på Yst-Takle.  Eg ventar i spenning på fleire opplysningar...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg skal se nærmere på det når jeg får mulighet, Lars. Men som sagt, så kunne ikke jeg se noe sånn i farta om at bygdeboka nevnte noe om opphav på Torbjørn Larsen. Mener at det sto noe om en fru Knagenhjelm. 

 

Grethe 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for nytt lovande innlegg!

 

Fru Knagenhjelm budde vel på Kaupanger i Sogndal.  Kan Torbjørn vera komen til Takle som gardsdreng?  Særleg er eg spent på alderen hans, om den er oppgjeven...

 

Kanskje kan den sida med omtalen av Torbjørn Larsson skannast?

 

Eg ventar i spenning og vonar...!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg husker nå at det sto fødselsår 1728 på Torbjørn Larsen i bygdeboka. Hvor det kommer fra, aner jeg ikke, for det står vel ikke noen oppgitt alder ved dødsfallet hans i 1785? Jeg fikk også bekreftet at det er barna Martha og Lars som gravlegges i 1785 - 30.12. var det vel jeg fant ut i kirkebøkene - se tema ditt om Lars Tormodson. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegg frå i ettermiddag.

 

Eg tykkjer me kjem nærare og nærare eit svar, og eit "stipulert" fødselsår på 1728 ligg innanfor den ramma som eg godtek i slike tilfelle.

 

Men korleis ordlegg bygdebokskrivaren seg?  Står det til dømes:

 

*Ein Torbjørn Larsson vart neste bygslaren på bruket.  Han fekk (dato) bygslebrev og dreiv garden levetidi ut"??

 

Kven hadde bruket FØR Torbjørn?

 

I neste omgongen lyt ein kanskje sjå litt nærare på fadrane til borni hans...

 

* Då eldste barnet vart døypt i 1755 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11443&idx_id=11443&uid=ny&idx_side=-64), er ein Per Larsen Inst-Takle ein av fadrane!  "Vår" Torbjørn hafdde ein bror med namnet Peder, fødd 1735 - høver SVÆRT godt!  Eg finn ikkje nokon Peder Larsson gift i Gulen på den tidi, men kanskje denne Peder er nemnd i bygdeboki?

 

Eg tykkjer denne Torbjørn vert meir og meir spennande!!  Eller kva meiner du, Grethe?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sendt deg en e-post i kveld som jeg håper du har mottatt vedrørende Torbjørn Larsen. Jeg får ikke sendt deg melding gjennom brukerforum, får i alle fall beskjed om at melding ikke kan mottas hos deg. 

 

Grethe 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grete for nytt innlegg!

 

Jau, eg har motteke meldingi di og har studert innhaldet med stor interesse!  Det synest heilt klart at forfattaren ikkje kjenner opphavet til Torbjørn, og med dei mange "indikasjonane" som er funne gjennom tilgjengelege kjelder, meiner eg dette framleis er ein framifrå kandidat!

 

* Torbjørn vert borte frå fødestaden sin

 

* Eldste dotteri heiter Kari etter mor hans

 

* Alderen høver godt.

 

* Yngre son heiter Nils etter bror hans, eventuelt etter morfar hans.

 

* Han er tydeleg IKKJE frå Gulen eller Brekke.

 

* Som fadder finn me Peder Larsson, KAN vera bror hans.

 

MEN eg er ikkje enno 100% overtydd.  Kunne me finne att broren Peder og/eller søsteri Anna,,,, eller foreldri...

 

PS: Denne PM-boksen min vert alltid full, og eg nyttar boksen som arkivskuff, men lyt finna ei løysing på problemet...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har no reinskrive manuskriptet mitt på bakgrunn av opplysningane som er komne fram om Torbjørn Larsson på Takle:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Torbjørn Larsson, døypt i Hafslo 27.7.1732,

Torbjørn Larsson er truleg identisk med den Torbjørn Larsson som 28.7.1756 gifte seg i Brekke, Gulen med Gjertrud Olsdotter frå

 

¤¤¤¤¤ (opphavet hennar? – budde 1756 på Takle midtre i Brekke – bygdeboki seier ho var frå Lervig i Bø – Hyllestad?).

 

Ho var dotter av

 

¤¤¤¤¤ (foreldri hennar? – Ole og Martha?)

 

og vart døypt

 

¤¤¤¤¤ (dato og stad for dåpen hennar? – bygdeboki seier 1741 (74 år ved dødsfallet 1815, men 68 år  i FT1801!)! – ei Gjertrud Olsdotter vart døypt i Lavik, Gulen 16.3.1737 som dotter av Ole Hansson på Baug (sidan busette og andre kona Martha Andersdotter frå Rå – men bygdeboki for Lavik seier ho døydde 1763!?)

 

Torbjørn fekk hjå enkjefru Knagenhielm på Kaupanger i 1756 bygsel på eit bruk på Takle yste i Brekke, Gulen og budde der levetidi ut.  Han vart gravlagd frå Takle yste 24.7.1785, medan Gjertrud vart gravlagd frå Takle yste 23.3.1815.  Dei fekk fem born i lag:

a. Lars Torbjørnson, døypt i Brekke 3.9.1756, vart gravlagd som Kari Torbjørnsdtter i Brekke 26.9.1756.

b. Ole Torbjørnson, døypt i Brekke 5.3.1758, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Ole vart trulova i Brekke (vigselsdato manglar) 1.6.1784 med Siri Johannesdotter frå eitt av dei andre bruki på Takle yste i Brekke, døypt i Brekke

 

     ¤¤¤¤¤ (dåpsdatoen hennar?)

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Ole og Siri tok over som gardbrukarar på heimebruket hennar på Takle yste og fekk sju born i lag.

 

     ¤¤¤¤¤ (sjekka dette?)

 

c. Lars Torbjørnson, døypt i Brekke 7.10.1760, vart gravlagd frå Takle yste 30.12.1785, ugift.

d. Martha Torbjørnsdotter, døypt i Brekke 10.6.1764, vart gravlagd frå Takle yste 30.12.1785, likeins ugift.

e. Nils Torbjørnson, døypt i Brekke 14.7.1769, vart gravlagd i Brekke 30.11.1771.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dødsfalli til Ole Torbjørnson og kona Siri (Sigrid) og likeins fødselsåret hennar finst nok i bygdeboki for Brekke, men den eller dei sidene var ikkje med i det som du, Grethe, sende meg...

 

Eg ville setja stor pris på alle tilleggsopplysningar som kan skaffast om denne huslyden, særleg når det gjeld opphavet til Gjertrud Olsdotter.  På det punktet er Brekke-bokli noko "uklår"...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg ved blaing i kyrkjebøkene for Gulen frå 1825 til 1835 finne dødsfallet til Siri (Sigrid) Johannesdotter Ytretakle 18.1.1834 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11451&idx_id=11451&uid=ny&idx_side=-250).  Ho var enkje, so dødsfallet til mann hennar synest vera eit "mysterium"...

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.