Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: August Hjalmer Petrain, fødd 1870 - svensk lækjar og hjernemassør i Brookline, Massachusetts - kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet har nær samanhang med dette emnet frå 2011: http://forum.arkivverket.no/topic/172532-augustin-hjalmer-petrain-foedd-sverige-1869-eller-1871-til-amerika-kring-1889-opphavet-hans/?hl=%2Bpetrain#entry1475355

 

Men eg er no på jakt etter opplysningar om lagnaden hans!

 

August Hjalmar Petrain var fødd i Jönköping, Sverige 8.1.1870, menutvandra til Amerika i 1889.  Han var gift med Constance Charlotte Amalia Johnson av norsk opphav, fødd i Worth Co., IA 26.6.1874.  August var ei tid lækjar i Minneapolis, Hennepin Co., MN, men mellom 1910 og 1920 flytte dei til Brookline, Norfolk Co., MA der August dreiv hjernemassasjeinstitutt.  Constance døydde i Brookline, MA 22.11.1924, og Auigust levde framleis i 1930, men vert so borte!

 

Eg vil gissa på at August Petrain døydde ein gong på 1930-talet, mest truleg i Brookline, MA, men kan ikkje prova noko.

 

Er det nokon i Brukarforum som greier løysa dette problemet for meg?  Kvar vart han av?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nytt innlegg om denne huslyden!

 

Jau, det er "rett" mann du har finne i FT1905.  Han er "phrenologist-masseur", har kone Constance og ei dotter Marie!

 

Denne innførsli får meg til å lura på om August kan ha nytta Hjalmar som "kallenamn".  Elles står han konsekvent som August H. Petrain!

 

Eg har elles fått eit tips om at August og Constance KAN liggja på Evergreen cemetery i Brighton, MA og vil freista ein telefon dit, når klokka vert "mange nok"...

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

So har eg endeleg fått tak i folk på Evergreen cemetery i Brighton, MA, og dei kunne fortelja meg at August Petrain døydde i Boston, MA 6.12.1932.

 

Soleis er dette problemet løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.