Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peder Larsson, fødd i Luster 1735 - truleg flytt utover Sognefjorden - faddar i Brekke 1756 - lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Etter at det etter kvart er sannsynleggjort at Torbjørn Larsson på Takle yste i Brekke hadde opphavet sitt i Solvorn, Luster (jmf. m.e. denne debatten: http://forum.arkivverket.no/topic/173368-lars-tormodson-f-kring-1700-framandkar-i-solvorn-hafslo-opphav-og-lagnad/), er eg intyeressert i å gjera ein freistnad på å finna att eldste broren, Peder:

 

Peder Larsson, døypt i Luster 11.6.1735 av foreldri Lars Tormodsopn og kona Kari Nilsdotter, var visstnok i 1756 busett på Takle inste i Brekke.

 

Det finst ikkje nokon Peder Larsson som gifte seg i Gulen prestegjeld (inkl. Solund og Brekke) i perioden mellom 1753 og 1780 som kan høva med denne faddaren frå Takle, og heller ikkje er det døypt nokon Peder Larsson i Brekke som kan høva til denne faddaren!  (Ein Peder Larsson er rett nok døypt frå Rutle i Gulen 29.2.1720, men Rutle er jo på ei heilt anna kant av prestegjeldet...).

 

Eg har no søkt gjennom vigselsregisteri for prestegjeldi langs Sognefjorden samt ytre Sunnfjord og finn ikkje so altfor mange "kandidatar":

 

~~~~~~~~~~

 

Name: Peder Larsen

Spouse's Name: Anna Andersdr.

Event Date: 29 Oct 1764

Event Place: Lærdal, Sogn Og Fjordane, Norway

 

~~~~~~~~~~

 

Name: Peder Larsen (Vilnes)

Spouse's Name: Anna Colbeinsdr (Vilnes)

Event Date: 05 Jun 1763

Event Place: , Askvoll, Sogn Og Fjordane, Norway

 

~~~~~~~~~~

 

Name: Peder Larson (UFore?)

Spouse's Name: Aline Sorensdr (Andal - enkje)

Event Date: 19 Jul 1767

Event Place: Svano,Sogn Og Fjordane,Norway

 

~~~~~~~~~~

 

Name: Peder Larsen (Wigøren - skomakarsvein)

Spouse's Name: Kari Larsdr (Wigøren - enkje)

Event Date: 10 Jan 1774

Event Place: Vik I Sogn,Sogn Og Fjordane,Norway

 

~~~~~~~~~~

 

Name: Peder Larsen

Spouse's Name: Pernille Nielsdr

Event Date: 15 Aug 1773

Event Place: Bremanger,Sogn Og Fjordane,Norway

 

~~~~~~~~~~

 

Dersom ein av desse "kandidatane" er identisk med "vår" Peder Larsson, har eg personleg mest tru på Peder Larsson Vilnes i Askvoll, Peder Larsson ?Fore i Svanøy sokn og Peder Larsson på Vikøyri i Vik.  Og so er spørsmålet:

 

* Er det nokon som dreg kjensel på eion eller fleire av desse "kandidatane" våre og som eventuelt kan syna at dei ikkje er aktuelle som "vår" Peder Larsson?

 

Egt takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Her er i alle fall ein god kandidat til Peder Larsen på Uføre i Kinn, som gifta seg med Aline Sørensdtr

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=16&filnamn=dp14371729&gardpostnr=487&personpostnr=989&merk=989#ovre

Eg skal sjå om eg klarer å sjekke han ut meir.

Då har eg fått sjekka i Soga om Flora. Dessverre ikkje så mykje å finne der, men eg tek med det viktigaste.
 
Under Uføre er det dessverre lite å hente. Det er nemnd ein Lars Pedersen som sannsynlegvis må vere far til Peder Larsen fødd 1736.
 
Går vi til Andal, er det litt meir å finne.
 
Peder Larsen Andal gifta seg i 1767 med Oline Sørensdtr, ho var opphaveleg frå Kinn (garden), og hadde gifta seg til Andal med "formannan" på Andal, og so blitt enke, ho hadde ei dotter Ingjerd. Same året fekk Peder Larsen på 1 pd smør på Andal frå presten Lexov. I 1770 fekk Peder og Oline sonen Per. Fadrar frå Ause(vika), Kinn og Andal.
 
Dessverre ingenting om kvar Peder kom frå, eller kven foreldra var, men i og med at det er nemnd Uføre ved giftemålet, så er det vel der frå (evt. om dette er den same som du leitar etter, så må han i alle fall ha budd på Uføre). Det er også fleire larsson-brødre på Uføre.

 

Eg har sjekka kirkeboka, og der står det Andal ved trulovinga og Uføre ved giftemålet.
 
Her er i alle fall Peder Larsen i 1801, 70 år gamal.
http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=6&filnamn=f18011437&gardpostnr=9&personpostnr=150&merk=150#ovre

mvh Egil

Endret av Egil Russøy - Førde

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Peder Larsen som giftar seg på Vilnes i 1763, skal i følge BB Askvoll vere fødd på Hovland i 1721,

 

mvh Egil

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for spennande innlegg om Peder Larsson.

 

Det kan vel sjå ut som dei to kandidatane i Askvoll og Svanø sokn av Kinn er bomskot, sjølv om me ikkje har noko prov på dette.  Kanskje me burde sjå litt nærare på Peder Larsson på Vikøyri?

 

MEN, FT1801 for Vik (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058392000593) syner at denne skomakaren då berre var 50 år gamal, so då er det vel ikkje han heller...

 

Ikkje so enkelt dette...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Nei, hadde det vore enkelt, så hadde det ikkje vore vanskeleg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Russøy

Det ser ikkje ut til at det kom så mykje meir her.

 

Eg reknar med at du likar gode historier Lars, og eg tenkte eg kunne dele ei med deg, som Joleik har tatt med under Uføre i Soga om Flora. Historia handlar om ein Rasmus Anderson på Uføre: (Det var neimen ikkje enkelt)

 

1715 han hadde vore soldat, nyleg attkomen or «Kongens tieniste». Og no skulde han bøte væl 3 dalar for han hadde «før den bevilgede tid Søgt Seng med sin fæstemøe» Ingjeber Larsdtr Uførone (ofte misskrive Perdtr). Men «strax der Efter belaag hand sin fæsteqvindes Søster (Ingjeber Perdtr), og derpaa bleven fengslig andholdit». Dei var vel halvsystrer, same mora. Den fyrste sakja vart greidd med det som var å få av deim (av stakkars ingjeber berre 1 dl.); rentekamaren kravde meir.

 

Den andre sakja var verre. Fyrst vart beggje dømde frå live, men domen vart «modereret» av kongen (Fredrik) soleis at han Rasmes skulde arbeide i jarn på Bremerholm i Kjøbenhavn, eller til «Fisker Leierne» på nordlande. Og (ho eldst Ingjeber) «qvindfolket med Eet aars arbeid i Manufacturhuset i Bergen».

 

Juni 1715 trulova Rasmes Andersson U. og Ingjeber Perdtr. 1716 døypt Anders, son hans med Ingjeber.

17 dsb. 1716 kom lensmannen i Uførone og las upp domen åt deim.

 

På lagtinge sanna dei at dei «saa grovelig haver syndet og forseet sig at de med hinanden haver avlet barn, hvilchet er stridigt mod Gunds og Kongens Lov». Han Rasmes hadde fyrr «avlet en Søn» med henne eldste – Ingjeber. Men han viste ikkje at den eldste var med barn då han hadde «omgiengelse med denne anden Søster» - Og den yngste viste ikkje at han hadde vore i hop med den eldre. – Dette berga deim. Lagmannen Nils Knag dømde at yngsta skulde sleppe med å «stande aapenbare Skrift» og so verte send til Finnmarkja «der sin lifs tid til arbeid at forblifve».

 

Forunderlegt! Kjyndesmeyssdag 1717 «Aabenbare Skriftemaal» - i kyrkja på Askvell – fyr Rasmes Andersson Uførene, fyr «det 6te bud» med Ingjeber Perdtr., syster til kona hans. (Var Rasmes marinesoldat, i ærend i Askvell?).

 

1718 Futen kravde 31 ½ dale for kostnaden med honom Rasmes som vart «Pardonerit» (fekk grid) frå halshogging. Og dertil væl 10 dl. Utlagt for kostnaden med henne yngst-Ingjeber.

 

I 1722 vart tingvitning um alle tri. Ho eldste-Ingejber var no «indlat udi nyt ægteskab igien». Ho ung-Ingjeber kom att frå spinnestue i Bergen og budde i heimbygda. Han rasmes vart send nord i lande, og dei visste ikkje um han no var daud eller livande.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.