Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Lucinda Matilda "Montie eller Mortie" Thomas, fødd Wexford, Irland 1873 - forsking i Irland? - opphavet hennar?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Er det nokon i Brukarforum som har erfaring med ættegransking i Irland?

 

Eg har i dag fått greie på at svigerdotteri til bakarmeister Andreas Arneson frå Solvorn i Hafslo (1833-1892) var fødd og rimelegvis oppvaksi i Irland:

 

Lucinda Matilda, kjend som Montie eller Mortie THOMAS, rimelegvis fødd kring 1873 i Wexford Co., Irland, må vera utvandra til Australia i ung alder og gifte seg i North Goulburn, NSW 27.3.1895 med Mogens Johannes Arneson.

 

FT1911 for Irland syner dette:

 

~~~~~~~~~~

 

Arnesen   

Mortie    

Townland/Street   

John's Street   

DED Wexford Urban No 1   

County Wexford   

Age 38   

sex F   

Birthplace Co Wexford
Occupation  Nurse   

Religion Ch of Ireland   

Literacy  Read and write
English    Head of Family   

Widow       

married for 15   

1 child born to the marriage   

1 child surviving

 

~~~~~~~~~~

 

Montie (Mortie) Arneson utvandra i 1925 på ny til Australia og døydde i Stockton, NSW i 1946.

 

Er det nokon med kunnskap om irske kjelder som kan hjelpa meg finna opphavet til Lucina Matilda Thomas, som nøyaktig dato og stad for førdsli hennar?  Namni til foreldri hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for skikkeleg spennande innlegg!

 

Eg veit ikkje sikkert, men eg har ein sterk mistanke om at dette godt KAN vera rett familie!

 

Av vigselsregisteri for Irland ser eg at:

 

Richard Leary og Frances Emily Thomas gifte seg i Enniscorthy Co., Ireland i 1872, og dei fekk i alle fall tre born i lag, alle fødde i Broadway, Wexford Co., Irland:

* William James LEARY, f. 30.10.1872

* Sarah Dora LEARY, f. 30.10.1872 (tvilling?)

* Lucinda Matilda LEARY, f. 15.11.1874

 

Merkeleg nok har dei ikkje fleire born etter dette, og ser ikkje bort ifrå at ein eller båe foreldri er avlidne, og so er borni kan henda oppalne hjå besteforeldri Thomas?  Dette må me nok sjå litt nærare på...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

No har eg drøfta dette problemet med ei dame i Calgary, AB som har litt greie på Irland, og ho skriv følgjande kommentar:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

I believe that this is the Lucinda Matilda Leary who is the daughter of Richard Leary and Frances Emily Thomas and if so then your Lucinda Matilda Arneson is a different person. In addition the Lucinda Matilda daughter of Richard Leary was baptized Catholic and your Arneson famiy in the 1911 Irish Census were members of the Church of Ireland.

Name: Matilda Lucinda Leary
Gender: Female
Age: 24
Birth Year: abt 1877
Relation to Head: Niece
Residence Date: 31 Mar 1901
Townland/Street: Martinstown
District: Rosslare
County: Wexford

Household Members:
Matthew Thomas  51
Martha Burns Thomas  61
Matilda Lucinda Leary  24
Martha Everitt  84
John Scaly  43

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

So, det ser ut til at me likevel ikkje har funne den "rette" jenta...

 

Dette problemet vert nok ikkje so enkelt å løysa...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.