Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Knut Knutson Tvilde frå Voss - barnefar i Bergen 1807 - kven var han og kvar vart det av han?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Martha Marie vart fødd i Bergen 17.9.1807 og døypt i Krosskyrkja 27.9.1807.  Foreldri var Knut Knutson og Karen Olsdotter.

 

Mori var fødd i Hafslo i 1777, men kven var faren?  I kyrkjeboki står det: "Knud Knudsen Twilde hos Turau paa Bryggen".

 

På Tvilde på Voss i 1801 finn me denne huslyden (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=11&filnamn=f18011235&gardpostnr=85&merk=85#ovre):

 

1620 * Knud Torbiorensen Husbonde 54 I 1ste egteskab Bonde og gaardbeboer M fglass.gif

1621   Brita Knudsdtr Hans kone 56 I 1ste egteskab   K fglass.gif

1622   Knud Knudsen Deres søn 28 Ugift Soldat hos forældrene M fglass.gif

1623   Siuer Knudsen Deres søn 22 Ugift Soldat hos forældrene M fglass.gif

1624   Knud Knudsen Deres søn 19 Ugift Hos forældrene M fglass.gif

1625   Anna Knudsdtr Deres datter 26 Ugift Hos forældrene K fglass.gif

1626   Torbiør Knudsdtr Deres datter 16 Ugift Hos forældrene K fglass.gif

 

Her ser me Knut Knutson som son på 28 år, og her er dåpen (frå FamilySearch):

 

Name: Knud Knudsen

Gender: Male

Christening Date: 07 Mar 1773

Christening Place:

, VOSS, HORDALAND, NORWAY

Father's Name: Knud Torbiornsen

Mother's Name: Brita Knudsdr

 

Då har eg to spørsmål:

 

* Eg er ikkje i stand til å finna att den originale barnedåpen i den skanna versjonen av kyrkjeboki for Krosskyrkja.  Kan nokon hjelpa meg?

 

* So er det spørsmål om lagnaden til denne Knut Knutson frå Tvilde - kvar vart det av han?  Dødsår?  Yrke?)

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Øverst på høyre side

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 4 (1763-1820), "Uægte" fødte og døpte 1807, side 56.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8636&idx_id=8636&uid=ny&idx_side=-269
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070306660079.jpg

 

 

http://www.boslekt.com/html/notater/ni102112.htm

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=20&filnamn=berg1815&gardpostnr=11390&personpostnr=11390#nedre

 

 

Ifølge flere slektstrær på myheritage døde han 21.11.1826 i Bergen.

 

Nummer 196

 

Kildeinformasjon: Bergen fylke, Domkirken, Ministerialbok nr. A 12 (1821-1840), Døde og begravede 1827, side 532.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8643&idx_id=8643&uid=ny&idx_side=-535
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070307610057.jpg

 

 

EDIT: Dette er broren født i 1782.....

 

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Bror med samme navn:

 

Boslekt:

Knut Knutsen Tvilde 1782 Voss,død i Bergen 1826.

https://www.google.no/url?q=http://www.boslekt.com/html/fam318xx/fam31814.htm&sa=U&ei=-Au1VL7YGo7SaL6cgqgH&ved=0CBEQFjAC&sig2=dQ78YSXH4AKiyYL01aSFZQ&usg=AFQjCNGyoEGrbANvQZuKgpHVdenFKlGJJA

 

Paret giftet seg 24 april 1814 i Nykirken.

 

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NW4N-V6L

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Ann-Mary for spennande og nyttige svar!

 

Eg la sjølvsagt ikkje merke til at det var to brr i dfenne søskenflokken frå Tvilde med same namnet.  Her er dåpen til den yngre:

 

Name: Knud Knudsen

Gender: Male

Christening Date: 29 Sep 1782

Christening Place: Voss, Hordaland, Norway

Father's Name: Knud Torbiornssen

Mother's Name: Brita Knudsdatter

 

Men so er spørsmålet:  Sidan dei båe voks opp; kven av dei var barnefar i 1807?  Kanskje bygdeboki frå Voss kan gje oss eit svar?

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Nummer 53:

 

Kildeinformasjon: Hordaland fylke, Voss, Ministerialbok nr. A 11 (1816-1827), Døde og begravede 1820, side 108.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11771&idx_id=11771&uid=ny&idx_side=-109
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070524640029.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegg!

 

Her sit me altso med to "potensielle" barnefedrar, men no har eg finne skiftet etter den eldste av dei på Voss frå 1821 (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24121/44/?size=gigant&mode=0), og her går det fram at han må ha vore gift i god tid FØR 1807.

 

Dermed kan me trekka den slutningi at den yngre broren var han som i 1807 vart far til Martha Marie!

 

Med dette er problemet heilt løyst, og eg takkar på ny for god dugnadsinnsats!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Du hadde to spørsmål her: kven var han og kvar vart det av han? Det fyrste fekk svar. Til det siste: Knut tok borgarskap som kjøpmann i Bergen 1815.

Han gifta seg 24.4.1814 med Anna Regine Bøhmer (1792-1836). Dei fekk fem born.

Dottera Pauline (1821-1910) vart oppforstra på Ulven i Os (I Hordaland) og ho har stor etterslekt på Os

og i USA.

 

Veit meir om  korleis det gjekk med Martha Marie?

 

Helsing

Torleiv Kløve

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torleiv for nytt innlegg!

 

Her er opplysningane mine om Martha Marie, saksa frå manuskriptet mitt til Gards- og Ættesoge for Luster, band XI:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Martha Marie Knutsdotter, dotter av Kari og dagarbeidar Knut Knutson i Bergen (1782-1826), opphavleg gardbrukarson frå Tvilde på Voss, var f. i Bergen 17.9.1807 og d. som kårenkje på Storheim i Sæbø sokn i Manger 14.8.1894.  Martha vart oppfostra på Tjore indre i Manger og gifte seg første gongen i Manger 12.6.1841 med Tollef Nilsson frå Haukeland i Manger, f. i Manger 28.5.1816.  Tollef og Martha var husmannsfolk på ein plass under Søre Haukeland i Manger, men Tollef vart spedalsk og d. på Haukeland 27.8.1847.  Martha gifte seg so att i Manger 18.4.1865 med enkjemannen Halvor Knutson, opphavleg frå Hilland i Alversund, døypt i Alversund, Hamre 26.4.1807.  Han hadde før vore gift med ei gardajente på Storheim i Manger, men var no vorten kårmann.  Han d. som kårmann på Storheim 12.11.1886.  Halvor og Martha vart buande på Storheim i Sæbø sokn i Manger levetidi ut.  Martha fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine, men andre mannen Halvor hadde fem born frå første ekteskapet sitt.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

So som du ser, er det ingen etterkomarar etter Martha Marie!

 

Eg vonar dette er til hjelp!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.