Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

LØYST: Nicolai Christian Peterson (von) Bruun, secondløytnant, fødd i Sogndal 1774 - gift i Stavanger 1812 - lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Nicolai Christian Peterson (von) Bruun vart døypt i Sogndal 22.5.1774

 

Name: Nicolas Christian

Gender: Male

Christening Date: 22 May 1774

Christening Place: SOGNDAL, SOGN OG FJORDANE, NORWAY

Father's Name: Petter Bruun

Mother's Name: Anna Munthe

 

og voks opp på garden Nes i Sogndal der han òg budde i 1801.

 

So ser me at mannen gifte seg i Stavanger i 1812:

 

Name: Nicolai Christian Bruun

Spouse's Name: Anne Nicoline Thrane Blom

Event Date: 15 Feb 1812

Event Place: Domkirken,Stavanger,Rogaland,Norway

 

Ymse kan tyda på at huslyden vart buande i Stavanger, men eg har tre spørsmål som saknar svar:

 

* Kva militærgrad endte Nicolai Christian (von) Bruun med til slutt?  Fekk han eventuelt andre yrke?

 

* Kvar vart huslyden buande?

 

* Dato og stad for dødsfallet til Nicolai Christian (von) Bruun?

 

Eg forstår det elles slik at Nicolai Christian skal ha nytta Christian til dagleg!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for eit kjapt og nyttig innlegg!

 

Då må det med andre ord vera ein "dobbeltgjengar" som gifte seg i Stavanger, men han kan me soleis berre gløyma, eller...?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for nytt overtydande innlegg!

 

Det er etter dette ingen tvil om at løytnant Nicolai Christian Bruun frå Sogndal er mannen som døydde i Bergen i 1811.  Han som gifte seg i Stavanger, må vera ein annan med heilt identisk namn, kan henda eit søskenbarn?

 

Uansett, problemet mitt er løyst, og eg rettar ein ny stor takk til Cartsten!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Den andre Nicolaj Christian Bruun er mest sannsynlig denne som er døpt 3. september 1787 på Kongsberg.

 

Kildeinformasjon: Buskerud fylke, Kongsberg, Ministerialbok nr. 6 (1783-1797), Fødte og døpte 1787, side 70.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=8573&idx_id=8573&uid=ny&idx_side=-71
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070316620640.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.