Gå til innhold
Arkivverket

Anders Nordtorpen nemnd i Hafslo 1755 - kven var han? - var han frå Nordre Land?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Då det 4.7.1755 vart halde skifte etter husmannsona Anna Johannesdotter Steenen under Kroken i Hafslo i Sogn (http://arkivverket.no/URN:sk_read/24138/150/), er ein av få kreditorar ein:

 

Anders Nordtorpen (sjå lengst nede i høgre spalte)

 

Dette namnet er heilt ukjent i indre Sogn, men Nordtorpen finst ein stad i landet - i Nordre Land!  Kan Anders Nordtorpen vera ein (av fleire?) oppsitjarar på denne garden kring 1755?

 

Om han kan identifiserast, er neste spørsmål:  Kva i all verdi hadde han å gjera med denne husmannskona i Hafslo?

 

Anna Johannesdotter (1726-1755) var første kona til husmann ogh båtbyggjar John Johannesson (1715-1791) på den plassen me i dag kallar Loi under Kroken.  Ho var dotter av Johannes Sjurson i Solvorn (1696-1733?), opphavleg frå Baten i Hafslo, som i 1723 gifte seg i Hafslo med ei Anna Jensdotter, som me ikkje kjenner opphavet til!

 

Mannen John Johannesson var frå Dversdalen i Hafslo.

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle tips om kven denne Anders Nordtorpen kan ha vore!

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann.Mary og Sven for kjappe og spennande innlegg!

 

De er komne til same slutning, og når eg tenkjer meg om, so har ogso eg høyrt gjete at Nordtorpen var (er) eit bruksnamn i Nondalen i Årdal.

 

Anders Johannesson Nordtorpen kom til bruket då han 3.7.1755 gifte seg med enkja Ragnhild, og han vart buande der levetidi ut.  So vidt eg kan sjå, døydda han i Årdal 23.12.1786, 65 år gamal.

 

Det er mykje truleg at Anders var i slekt med Anna eller mann hennar.  Bror hennar var ho ikkje, men John kan ha hatt ein slik bror.  Eller ser eg at:

 

* Anders Johannesson vart døypt i Hafslo 12.12.1719 som son av Johannes Wernikson og Margretha Andersdotter, som visstnok flytte til Årdal kort etter, og

 

* Anders Johannesson vart døypt i Hafslo 16.8.1721 som son av Johannes Aaretun frå Aspvikstrondi mellom Årdal og Lærdal.  Denne Johannes Aaretun hadde òg:

 

** Samuel Johannesson, døypt i Lærdal 15.6.1720, vart gravlagd 23.6.1720

 

Elles meiner Jon Laberg i si gamle bygdebok for Årdal at Anders Johannesson Nordtorpen skule vera frå Offerdal, og det var ein:

 

* Anders Johannesson, døypt i Lærdal 20.2.1723 som son av Johannes Sølfestson Offerdal!

 

Ikkje godt å seia sikkert kven Anders Nordtorpen verkeleg var...

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Hei,

Anders Johannessen som kom til Nundalen er son av Johannes Sølfestsen på Vetlejordi i Offerdal.

I skifte etter Johannes 14/12 1754 er Anders 32 år og son av 1. ekteskap.

 

Mvh. Terje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for godt og nyttig innlegg!

 

Etter dette høyrest det ut som om Anders Nordtorpen endeleg er identifisert!  Men om det var skyldskap med husmannskona i Kroken, veit eg ikkje...  Kanskje har du, Terje, ei meining om dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei,

 

Dette har eg ingen kunnskaper om. Det einaste eg kan bidra med er at farfar til Anders Johannessen skal vere Sølfest Hermundsen frå Luster og som kom til Vetlejordi i Offerdalen.

 

Mvh. Terje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegg.

 

Når det gjeld Sølfest Hermundson, vil eg gjerne få referera frå Gards- og Ættesoga for Luster band III (1987) under garden Feigum:

 

~~~~~~~~~~~~

 

 3. Sølfest Hermundson, f. kring 1668,

            Sølfest Hermundson gifte seg kring 1690, men me kjenner diverre ikkje namnet på kona hans.  Dei busette seg på Vetlejordi i Offerdalen, Årdal der Sølfest d. 20.12.1757.  Me veit om to born etter han og kona:

            a. Johannes Sølfestson, f. kring 1691, truleg i Årdal, d. i Offerdalen 7.12.1754.  Han gifte seg første gongen i Årdal 1.11.1722 med ei Anna Olsdotter som var f. kring 1700.  Men Anna vart gravlagd frå Offerdalen 5.8.1731, og 19.10.1732 gifte Johannes seg att i Årdal med ei Siri Østensdotter som visstnok var f. i Nattviki i Årdal kring 1700.  Ho d. som enkje i Årdal 12.2.1769.  Johannes Sølfestson tok over Vetlejordi i Offerdalen, Årdal etter foreldri og fekk i alt sju born, fire frå første ekteskapet og tre med siste kona; mellom borni var denne sonen:

                - Østen Johannesson (1735-1769), vart gift med Gro Olsdotter frå Plassen under Hovland i Årdal (1739-1775), dotter av gard­brukardotteri Elisabeth Ingebrigtsdotter frå Loven (1700-1763) (s.d.).

            b. Siri Sølfestsdotter, f. i Årdal kring 1697, vart gravlagd frå Offerdalen i Årdal 5.8.1731.  Ho gifte seg i Årdal 2.11.1721 med ein Johannes Olson som truleg var f. kring 1694.  Han vart visstnok gravlagd som husmann i Årdal 29.9.1739.  Johannes og Siri budde i Offerdalen som plassfolk, men diverre veit me førebels ikkje noko meir om huslyden deira.

 

~~~~~~~~~~~

 

Sølfest i Offerdalen kom altso frå Feigum i Luster, men det er diverre lite eg veit om huslyden hans.  Kanskje du, Terje, kan supplera med noko?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.