Gå til innhold
Arkivverket
Harald L. Bakke

SF, Gloppen: Barna til Jakob Larsson Kleppe

Recommended Posts

Harald L. Bakke

Jakob Larsson Kleppe var fødd på Jordanger i Breim ca 1668

I følge bygdeboka var han gift to gongar :

1. ekteskap er namnet til kona ukjent og med henne fekk han to barn vi kjenner namnet på  sonen Lars f ca 1707  og dattera Aschier  f. ca 1709  desse er truleg f. i Kristiansand, då bygdeboka fortel at Jakob er busett der 1709.

2. kona sitt namn er Mari Kristensdtr.  med henne hadde han borna  Mari f. ca 1713  og Kari f. ca 1715

 

Kva tid familien kom attende til Breim er ukjent, men Jakob er brukar av ein part av Kleppe i Breim frå 1726 iflg. bygdeboka.

 

Jakob døydde 1729  og kona Mari  i 1733

 

Er det nokon som har funne att borna Lars, Aschier, Mari og Kari  Jakobs.  frå Kleppe på eit seinare tidspunkt ?

Endret av Harald L. Bakke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Mitt første møte med Jakob Larsson er dottera Anne som han avlar med sin slektning Anne Larsdtr Bø i 1688. Han står offentleg skrifte for dette same året. Anne jr døyr på Vassenden i Gloppen i 1751, som enkje etter to barnlause ekteskap.

 

Eg finn han ikkje i Breim i 1701-manntalet, men han er fadder på Jordanger i 1703.

 

Ved skiftet i 1729 står det at dei 4 borna, Lars, Asgjerd, Mari og Kari er etter denne og forrige hustru. Det er eit sprang på 4 år mellom nr 2 og 3, så konene har kanskje hatt 2 born kvar?

 

Ingen av ekteskapa er inngått i Gloppen, og ingen av borna døypte der, så langt eg har funne.

 

Når det gjeld lagnaden vidare, vil eg gjere deg merksam på 2 personar i gamle Davik kommune; Under Mjånes finn du "Kari Jakobsdtr Flølo, d.30 år gml 1745" - og under Vingen finn du Lars Jakobson Flølo; i den gamle boka står det Sjå um han under Rugsund, men der finn eg ikkje noko. Eg meiner å ha prov for at dette er "dine" folk, men ser ikkje at eg har notert noka kjelde.

 

Dei to andre, Asgjerd og Mari, har eg ikkje noko på.

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Hjerteleg takk for opplysningane Aase.

 

I skiftet etter Mari Christendtr i 1733 er døtrene Mari Jacobsdatter. -20 aar og Kari Jacobsdatter - 18 aar  arvingane så det kan nok stemme at han hadde to barn med kvar av konene. (som vi kjenner til)

 

Lars Jacobsen Flølo i Rugsund/Vingen var eit kjent namn ja, men lite ante eg at det var av mitt folk.

Dei må tydelegvis ha budd på Flølo ei tid etter at (ste-) mora døydde i 1733 sannsynlegvis i teneste før dei flytte til Davik.

Det skulle vore kjekt å vite kvar du har funne prov for at desse to er dei eg etterlyste. Eg må nok leite litt i skifter antakeleg om eg skal være heldig å finne ut meir.

Lars Jacobsen vart gift in i Friis-slekta som dreiv Rugsund handelsstad i fleire hundrede år, og dreiv sjølv verksemda i 10 år.

 

I den nye bygdeboka for Bremanger står under gjestgjevarstaden Rugsund:

"Lars Jacobsen Flølo f.ikr. 1711  d. 1764 gm. Boel Thomasdtr. Friis f. ikr. 1713 d. 1764 . Flølo fekk skøyte etter svigerfaren i 1734, men sette verksemda under styr.  Han og Boel flytte seinare til Vingen.

Born:  Jakob 1735, Dorte 1741, Lars 1743"

 

Det står elles meir om Lars i gardssoga og grunnen til at han sette verksemda over styr så den tilslutt gjekk på tvangsauksjon.

Det måtte være stor overgang frå å være "storkar" på handelsstaden til å bli bureisar i Vingen i 1746.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

Takk for det skiftet - det hadde eg faktisk oversett. Her ser vi faktisk at "Lars Jacobsen Flølo" har midlar til gode i buet.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Takk for det skiftet - det hadde eg faktisk oversett. Her ser vi faktisk at "Lars Jacobsen Flølo" har midlar til gode i buet.

 

Takk, den hadde eg oversett eller rettare sagt ikkje tenkt over koplinga. Då er vi komme eit viktig steg nærare ein nær samanheng ja!  :D

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Når det gjeld Anne Jacobsdtr. som døyr på Vassenden 1751 reiknar eg med det er ho som gifter seg i 1749 som enkja Anne Jacobsdtr. Slagstad med enkjemannen Rasmus Anderson Eide

Kjeldeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Gloppen, Ministerialbok nr. A 3 (1739-1757), Kronologisk liste 1749, side 210.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11425&idx_id=11425&uid=ny&idx_side=-210
Permanent biletlenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070228300082.jpg

 

Kven er denne Rasmus Andersson?   Kan det være han som er f. 1696, son til Anders Larsson Eide på br. 4 ?

 

Men kva er namnet hennar når ho gifter seg fyrste gongen og kven gifter ho seg med ?

 

Eg finn dei ikkje i bygdeboka heller korkje under Slagstad eller Eide.

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Aase R Sæther - Gloppen

No har eg sett litt på dette og kome til at eg kanskje har blingsa litt - gje meg litt tid, så eg får dobbeltsjekke.

 

Då er eg tilbake - og det er nok ikkje eg som har blingsa, men kanskje ein skrivar ein gong.

 

Anne Larsdtr Bø som Jakob Larsson besvangrar i 1688 er nemnt i skiftet etter mora Dorte Akseldtr i 1701.

 

Då er ho nemnt saman med syskena Jakob, Aksel, Ola, Helga og Synnøve. Aksel var reist til København for 15 år sidan; i 1701-manntalet står det at han er udenlands, og han er sidan ikkje sett av meg. Sameleis Ola - han var reist for 3 år sidan, er udenlands i 1701, og ikkje sett av meg seinare.

 

Då står vi att med syskena Jakob, Helga, Synnøve og Anne (mor til Anne Jakobsdtr).

 

1.Jakob gifter seg med Anne Jakobdtr Sandal i 1698, og dei buset seg på Alme i Gloppen - eg har inga spesiell forklaring på det, endå i alle fall. Kona døyr i 1745, og det er skifte etter henne då.

 

2. Helga må ha flytta til broren Jakob på Alme, sidan Helga Larsdtr Alme døyr der i 1741; ikkje skifte.

 

4.Anne gifter seg med Ola Andersson Bø i 1704, men han døyr i 1711. Eg har då kome til at også Anne må ha flytta til broren Jakob på Alme, der Anne Larsdtr Alme døyr i 1725. Kanskje har dottera Anne Jakobsdtr allereide vore på Alme til oppfostring før mora vart gift til Bø?

 

I alle fall er det ei Anne Jakobsdtr Alme som gifter seg med enkjemann Anders Knutson Slagstad i 1744. (Anders Knutson er opphaveleg frå Langeset i Stryn. Han har til overmål vorte gift med ei Anne Jakobsdtr Alme i 1713 - Jakob Larsson Alme er forlovar, men eg har ikkje greidd å finne ut kven denne Anne er. Ho døyr i 1743 på Slagstad).   Ekteskapet blir kortvarig, då Anders døyr i 1745, og 1749 inngår Anne eit nytt kortvarig ekteskap, med Rasmus Andersson Eide, som eg ikkje har greidd å identifisere. Kandidaten du nemner er freistande, men det er som kjent ikkje nok.

 

Grunnen til det kortvarige ekteskapet er at Anne sjølv døyr på Vassenden i 1751, og då er det skifte etter henne. Dette skiftet gjev oss litt å tygge på, fordi ho blir arva av Jakob Larsson Alme og Synnøve Larsdtr Rygg - som forventa, sidan ho ikkje hadde born. Tygginga oppstår når skiftet konsekvent kallar dei hennar SYSKEN, noko dei på ingen måte kan vere.

 

Du datt kanskje av undervegs, og det kan eg godt forstå.

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Harald L. Bakke

Ja dette må eg tygge litt på!  ;)

 

Iallefall takk for ei omstendeleg utgreiing.  :D

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.