Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

John Johannesson (1715-1791) - båtbyggjar - frå Hafslo til Bergen - huslyden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet tek utgangspunkt i tema #25202 i det gamle Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/110861-25202-john-johannesson-f-1715-baatbyggjar-fraa-hafslo-til-bergen-lagnaden-hans/?hl=john+johannesson#entry906996), som aldri vart skikkeleg "løyst".

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

John Johannesson Loen, opphavleg frå Dversdalen, var f. kring 1715 og gifte seg første gongen 2.12.1751 med Anna Johannesdotter frå Solvornstrondi under Sjøtun.  Anna vart døypt 17.2.1726, men d. i Stein under Kroken alt våren 1755.  John gifte seg same våren att med Martha Iversdotter frå Skophammar under Kroken i Hafslo.  Ho vart døypt i Hafslo 7.11.1730.  John og Anna var truleg plassfolk i Stein under Kroken, men kring 1756 flytte John med andre kona Martha til Smeviki under Høyeim i Luster.  Derifrå kom dei kring 1758 attende til Kroken, men då som plassfolk på Loi.  John var elles båtbyggjar og vart buande her med huslyden sin fram til kring 1760.

Kring 1760 flytte John Johannessen og kona Martha til Offerdalen i Årdal, og sidan flytte dei vidare til Bergen.  Også der dreiv John som båtbyggjar.  Dei budde visstnok einkvan stad på Nordnes i Bergen

 

¤¤¤¤¤ (dødsfalli deira? – levde båe framleis i 1771, men om den seinare lagnaden deira veit me førebels ikkje noko meir – ein ”fattig” John Johannessen vart gravlagd frå KK, Bergen (21-69) 21.3.1791, 77 år – KAN vera same person?)

 

Første ekteskapet til John var barnlaust; derimot veit me om fem born etter John og andre kona Martha:

a. Johannes Johnsen, døypt i Hafslo 26.12.1755,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - d. ung?)

 

b. Iver Johnsen, døypt i Luster 18.8.1757,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - d. ung?)

 

c. Anna Johnsdotter, døypt i Hafslo 27.5.1759,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

d. Gunnhild Johnsdotter, f. i Årdal 24.5.1762,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? - eitt alt. i Bergen: gift NK 5.6.1786 med daglønnar Johannes Nielsen, truleg frå Sanden i Os!? – bordarbeidsmand i DK-sokni:

            * Karen Martine, f. DK 24.9.1786

            * Nils Johan, f. DK 13.7.1790

            * Ole Johan, f. DK 18.11.1795

        * Birthe Marie, dpt. DK 7.5.1797

            * Christiane, f. DK 28.6.1800

        * Ole Johan, f. DK 25.4.1805)

 

e. Jens Olai Johnsen, døypt i Bergen 16.6.1771,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dette er nok ikkje nokon enkel familie å finna ut av, men ein eller annan stad må dei jo vera, og eg vil setja stor pris på alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ser det er tre Iversen som er faddere på Jens Olai i Nykirken i 1771 - har de noe med Martha å gjøre?

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=31&filnamn=dp13011700nk&gardpostnr=10121&personpostnr=81470&merk=81470#ovre

 

Fadder  Anne Johanne Iversdat

Fadder   Eric Iversen 

Fadder   Anders Iversen

 

Erik i 1801?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390003210

 

Anders?

http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058390003145

 

 

 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit interessant innlegg!

 

Martha Iversdotter var frå plassen Skophammer under garden Kroken i Hafslo, og dette var ein søskenflokk som "til fulle" hamna i Bergen:

 

Faren var Iver Erikson Skophammer - mori er ukjend  Dei fekk sju born, som me kjenner til:

 

* Erik Iverson, døypt 2.6.1726, døydde truleg ung

 

* Martha Iversdotter, døypt 7.11.1730, gift med John Johannesson - dette emnet

 

* Hermund Iverson, døypt 10.7.1735, vart gravlagd i Bergen 29.6.1776, var gift og fekk tre born

 

* Erik Iverson, døypt 12.1.1738, budde i Bergen, dødsfall ukjent, var gift, men fekk ikkje born

 

* Anders Iverson, døypt 4.9.1740, døydde i Bergen 1792, var gift og hadde fem born

 

* Johanna Iversdotter, døypt 26.3.1744, døydde i Bergen 1800, var gift med Gjevle Ingebrigtsen og fekk fire born

 

* Ragnhild Iversdotter, døypt 15.2.1750, døydde visstnok i Bergen i 1798, var i so fall gift med skomakar Jan Dahl og fekk tre born.

 

Eg har forska mykje på desse søskeni, men kjem nok attende med fleire spørsmål...  I denne omgongen er det John og Martha som står "i sentrum"!

 

Eg takkar igjen so mykje for alle gode tips om John og Martha og huslyden deira!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Terje Hatvik

Dette emnet tek utgangspunkt i tema #25202 i det gamle Brukarforum (http://forum.arkivverket.no/topic/110861-25202-john-johannesson-f-1715-baatbyggjar-fraa-hafslo-til-bergen-lagnaden-hans/?hl=john+johannesson#entry906996), som aldri vart skikkeleg "løyst".

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

John Johannesson Loen, opphavleg frå Dversdalen, var f. kring 1715 og gifte seg første gongen 2.12.1751 med Anna Johannesdotter frå Solvornstrondi under Sjøtun.  Anna vart døypt 17.2.1726, men d. i Stein under Kroken alt våren 1755.  John gifte seg same våren att med Martha Iversdotter frå Skophammar under Kroken i Hafslo.  Ho vart døypt i Hafslo 7.11.1730.  John og Anna var truleg plassfolk i Stein under Kroken, men kring 1756 flytte John med andre kona Martha til Smeviki under Høyeim i Luster.  Derifrå kom dei kring 1758 attende til Kroken, men då som plassfolk på Loi.  John var elles båtbyggjar og vart buande her med huslyden sin fram til kring 1760.

Kring 1760 flytte John Johannessen og kona Martha til Offerdalen i Årdal, og sidan flytte dei vidare til Bergen.  Også der dreiv John som båtbyggjar.  Dei budde visstnok einkvan stad på Nordnes i Bergen

 

¤¤¤¤¤ (dødsfalli deira? – levde båe framleis i 1771, men om den seinare lagnaden deira veit me førebels ikkje noko meir – ein ”fattig” John Johannessen vart gravlagd frå KK, Bergen (21-69) 21.3.1791, 77 år – KAN vera same person?)

 

Første ekteskapet til John var barnlaust; derimot veit me om fem born etter John og andre kona Martha:

a. Johannes Johnsen, døypt i Hafslo 26.12.1755,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - d. ung?)

 

b. Iver Johnsen, døypt i Luster 18.8.1757,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - d. ung?)

 

c. Anna Johnsdotter, døypt i Hafslo 27.5.1759,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?)

 

d. Gunnhild Johnsdotter, f. i Årdal 24.5.1762,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? - eitt alt. i Bergen: gift NK 5.6.1786 med daglønnar Johannes Nielsen, truleg frå Sanden i Os!? – bordarbeidsmand i DK-sokni:

            * Karen Martine, f. DK 24.9.1786

            * Nils Johan, f. DK 13.7.1790

            * Ole Johan, f. DK 18.11.1795

        * Birthe Marie, dpt. DK 7.5.1797

            * Christiane, f. DK 28.6.1800

        * Ole Johan, f. DK 25.4.1805)

 

e. Jens Olai Johnsen, døypt i Bergen 16.6.1771,

 

     ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Dette er nok ikkje nokon enkel familie å finna ut av, men ein eller annan stad må dei jo vera, og eg vil setja stor pris på alle gode tips!

 

Tja, eg veit heller ikkje om det er rett mann då. Men dette er i no alle høve det som bygdesoga for Os nemner om Johannes Nielsen frå garden Sanden i Søftelandsgrenda i Os (mine merknader står i parantes):

 

"Sanden, gnr. 6 i Os

 

Nils Larsson Lunden, f. 1720, vart i 1750 g.m. Kari Johannesdtr. Sanden, f. 1730, og fekk bruket etter verfaren Johannes Sanden.

Born:

 

a. Lars, f. 1751, g. 1780 med Kristi Larsdtr. Haugen frå Samnanger, b. Kuventræ under Kuven (i Os.

I 1802 flytte Lars og huslyden til Bahus i Fana. Lars d. der i 1827?).

 

b. Mari, f. 1753, g. 1777 med Jakob Monsen (- Bahuus. Mari og Jacob flutte til Bergen. I FT 1801 for Bergen b. Lungegården).

 

c. Johannes, f. 1754, g.b. Bergen (- meir står det ikkje om han).

 

d. Ola, f. 1756, g. 1785 med Brita Hansdtr. Heggland, b. Gåssand i Os. (Ola d. der i 1788).

 

e. Brita, f. 1757, g. 1795 med Johannes Olson Skogen, overtok bruket i 1796. (Brita d. 1820 på Sanden).

 

Nils døydde alt i 1765, medan Kari levde til 1802. Ho styrte garden som ekkje i tolv år, men i 1777 gifte ho seg oppatt med Ola Larsson (frå Haukeland i Os)."

 

 

Kan hende du finn søstra Mari Nielsdtr. eller verbroren Jacob Monsen som fadrar ved ein eller annan dåp, dei budde jo òg i Bergen ??

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for siste innlegg!

 

Eg har no finne prov for at Johannes Nilsson verkeleg VAR frå Sanden på Os.

 

* Huslyden i 1801 i 15. rode nr. 46 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f18011301&gardpostnr=1336&personpostnr=9581&merk=9581#ovre) syner at Johannes er 47 år - nøyaktig rett!

 

* Undersøkjingskommisjonen frå 1804 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=berg1804&gardpostnr=3287&merk=3287#ovre) syner Johannes Nilsson Sanden, 50 år bordarbeidsmann med fødestad OS - at det er rett mann ser me på sonen Nils Johan og bustaden i 15. rode!

 

Då er spørsmålet:  Let det seg gjera finna dødsfalli til Johannes Nilsson og kona Gunnhild?

 

* Bordarbeidsmann Johannes Nielssen i 15. rode nr. 46 døydde 19.11.1812, fødestad OUS prestegjeld, 58 år gamal - må vera "vår" mann! (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=70&filnamn=bedo1668&gardpostnr=62889&merk=62889#ovre)

 

* So finn eg ei Gunilde Nielssen, enkje på 80 år, som døydde 12.2.1841 i 18-27 (http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=45&filnamn=1301begr&gardpostnr=13222&merk=13222#ovre)

 

Og dette må vera dåpen til Johannes på Os:

 

Name: Johannes Nilsen

Gender: Male

Christening Date: 17 Nov 1754

Christening Place: OS,HORDALAND,NORWAY

Father's Name: Niels Larsen

Mother's Name: Kari Johannesdr

 

Etter dette ser avsnittet om Gunnhild slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

d. Gunnhild Johnsdotter, f. i Årdal 24.5.1762, d. som enkje i Bergen 12.2.1841.  Gunnhild gifte seg i Bergen 5.6.1786 med Johannes Nilson frå Sanden på Os, i Bergen kjend som Johannes Nielssen.  Han vart døypt på Os 17.11.1754 og d. som bordarbeidar (snikkar) i Bergen 19.11.1812.  Johannes var snikkar, og han og Gunnhild budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~

 

So er spørsmålet:  Let det seg gjera finna nokre av søskeni til Gunnhild?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet frå i fjor, som lenge har stått stille...

 

Etter ein ny «analyse» av kyrkjebøkene for Bergen, har eg finne ut at yngste sonen Jens Olai må vera John Johannessen' son på 14 dagar som vart gravlagd på StP 27.6.1771.

 

Elles har eg undersøkt konfirmantlistene for Bergen med hovudvekt på Nykyrkja, og det ser ut til at Gunnhild var EINASTE barnet av John Johannesson som vart konfirmert.  Dette skjedde i 1779, og ho budde då heime hjå far sin!  Ser ein på «avstanden» mellom dei tre eldste borni, kan ein uansett gissa på at i alle fall dei to eldste døydde kort etter fødsli.

 

Då sit me att med spørsmålet om kva som skjedde med foreldri, John Johannesson og Martha Iversdotter!?

 

* Me veit at John Johannesson framleis levde i 1779, og det næraste eg kjem, er ein «fattig» John Johannessen på 77 år som vart gravlagd frå 21-69, Krosskyrkja i Bergen, 21.3.1791.  Kyrkjesokni stemmer vel ikkje heilt, men både namn og alder høyres rett ut.  Og dessutan:

 

* Ei Martha Marie Iversdotter, losjerande enkje etter 1ste ekteskap, 72 år, bur i 1801 i 21-76, ikkje mange metrene unna staden der John døydde; båe adressene ligg i nedre Fjeldsmuget!  Ser me so på fattigmanntalet for Bergen for 1800, ser me to alternativ:

 

** Martha Iversdotter på 68 år med fødestad Bergen - busett i 18. rode - får no berre støtte til husleie: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=FATTIGE&gardpostnr=41&merk=41#ovre

 

** Martha Marie ........... på 72 år, utan fødestad, men busett i Bergen i 38 år! - busett i 21. rode - døydde 20.6.1801: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=FATTIGE&gardpostnr=41&merk=41#ovre

 

Den siste av desse må vera ho som i 1801 budde i 21-76, og at ho hadde vore 38 år i Bergen, høver ogso ganske so godt med «vår» Martha, og her er gravferdi hennar på St. Martini 24.6.1801 med namnet Martha Marie JONSEN!

 

Etter desse funni er eg ganske so overtydd om at eg har finne dei «rette» folki, men høyrer gjerne nærmare kommentarar...!

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.