Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Manglande vigselsdatoar og lagnader elles i Oslo - Døbler/Dohrn/Johnsen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg trudde kanskje denne huslyden hadde vore drøfta før, men finn ikkje referansar til dette, so her kjem eg med kva eg veit:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Johnson (Sjøtun), f. i Hafslo 15.3.1858,

Ingebrigt Johnsen Sjøtun flytte i ung alder til Laksevåg der han 1.11.1882 gifte seg med Anna Pedersdotter frå Kleppe i Samnanger, Os.  Ho var dotter av husmann Peder Axelson på Klepsneset under Kleppe, opphavleg frå Lie i Samnanger, og kona Anna Monsdotter frå Kleppe og f. i Samnanger, Os 30.3.1854.  Ingebrigt var verksarbeidar, og han og Anna busette seg på Lille Damsgaard på Laksevåg der Anna d. 24.6.1921.  Ingebrigt Sjøtun d. under eit opphald i Oslo 15.10.1934.  Dei fekk seks born i lag {som alle ser ut til å ha skrive seg JOHNSEN}:

a. Sigurd Johan Ingebrigtson Johnsen, f. på Laksevåg 11.11.1882, var sjukleg og d. på Lille Damsgård på Laksevåg 24.1.1913, ugift.

b. Ragnar Amandus Ingebrigtson Johnsen, f. på Laksevåg 9.10.1886,

 

     ¤¤¤¤¤ ( levde 1934 – lagnaden hans? – eitt av borni var 1921 i Australia – kan ha vore Ragnar?)

 

c. Ida Antonie Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 10.3.1889, d. i Oslo 7.5.1977.  Ho gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – før 1934!)

 

     med Georg Willy Døbler frå Berlin i Tyskland, f. i Berlin, Tyskland 27.6.1879.  Han d. i Oslo 8.8.1946.  Georg Døbler kom kring 1905 til Christiania som kjøkkensjef på eit hotell og heldt fram i restaurantnæringi levetidi ut. 

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – dødsmeldingi til Georg seier berre at Aase Rosenlind tek seg av gravferdi – dødsannonse: ”vår kjære, underskrive Kirsti og Svein, Aase og Harald” – gravminne Bekkelaget: Harald Oscar Rosenlind – 5.7.1909 – 4.9.1977 og Aase Ingrid Rosenlind – 29.12.1910 – 16.9.2001)

 

d. Gudrun Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 17.1.1891, d. på Laksevåg 3.10.1898.

e. Anna Marie, kjend som Marie Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 2.9.1893,

 

     ¤¤¤¤¤ ( levde 1934 – lagnaden hennar?)

 

f. Sofie Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 27.6.1897, d. i Oslo 10.10.1971.  Ho gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – før 1934!)

 

     med Emil Heinrich Dohrn, opphavleg frå Elmshorn i Schleswig-Holstein, Tyskland der han var f. 29.9.1886.  Han d. i Oslo 19.7.1944.  Emil var konditor, men som enkje dreiv Sofie kolonialforretning.  Dei budde i Oslo levetidi ut.  Dei fekk ikkje born i lag, men Emil hadde fire born frå eit tidlegare ekteskap.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Her er Georg Døbler i 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392041317

 

Her er Emil Dohrn i 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392101373

 

Her er Ingebrigt og Anna med borni Sigurd og Sofie i 1910: http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036692007783

 

Dei andre borni finn eg ikkje att i 1910!!

 

Eg vil gissa på at vigslene til Ida og Sofie båe må ha finne stad i Christiania/Oslo, men so vidt eg kan sjå, er det dårleg med etterkomarar etter denne huslyden!

 

Er det mogeleg å finna fleire detaljar, til dømes frå Aftenposten eller adressebøker?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nytt innlegg!  Eg var so sikker på at denne huslyden hadde vore drøfta før, og du fann emnet!

 

Men utifrå drøftingi frå 2010 ser eg at spørsmåli mine er høgst relevante, og eg vonar på hjelp til å finna nokre av svari!

 

Det hadde vore skikkeleg kjekt å finna ut av denne huslyden, om dei i det heile har etterkomarar..., og eg takkar på ny for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Hans Martin Fagerli

I boka "Nordmarka og Hakadalen" av Sverre Grimstad (Dreyer), s.306, er ekteparet Döbler omtalt. Georg Willy Döbler kjøpte i 1938 en hytte ved Harestuvannet nord for Hakadal. Han var gift med Ida (Grimstad skriver at hun var fra Bergen). Ida Döbler bidro sterkt til at sabotøren Josef Monsrud (som bodde nokså nær denne hytta) ble sluppet fri fra tysk fangenskap. Ekteparet drev restaurantene Nürnberger Hof og Culmbacher Hof i Oslo. Georg Döbler ble for øvrig drept av et lynnedslag like ved omtalte hytte. Grimstad sier intet om eventuelle barn av ekteparet.

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Karin Moen  Oslo

Du finner Emil Dohrn som gift conditor i tellingen 1923 for Oslo  (hans kone står ikke der, men 3 andre DOHRN) bosatt Frognerveien 60  

 

Søk opp Dohrn  her  

 

http://www.disnorge.no/KraFt1923/Soke.php

 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Hans Martin og Karin for nye spennande innlegg!

 

Når det gjeld Emil Dohrn, so veit me at han hadde vore gift ein gong før han gifte seg med Sofie, men at han visstnok var skild.

 

So har eg finne vigsli til Georg Willy Døebler og Ida Antonie Olsen i Christiania 1.9.1913 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=50914&idx_id=50914&uid=ny&idx_side=-102).  Då er det sjølvsagt eit spørsmål om Aase Rosenlind eller Kirsti NN likevel kan vera døtrene deira?

 

Elles har eg "spelt" litt med denne 1923-teljingi, og eg trur eg har finne den "sakna" søsteri, Anna Marie!  I Akersgaten 8 (Johannes sokn) finn me nemlig dette parfolket:

 

~~~~~~~~~~~~

 

OLSEN, Frithjof  direktør  fødd Christiania 7.10.1876

OLSEN, Anna Marie  kone  fødd Laksevåg 2.9.1893

Ingen born er nemnde

 

~~~~~~~~~~~~

 

På Vestre Gravlund finn eg:

 

Frithjof Olsen, fødd 7.10.1876, gravlagd 24.6.1941

Svanhild Olsen, fødd 2.12.1896, døydde 9.9.1973

 

Vigsli deira finn eg i Oslo 16.11.1936 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=50930&idx_id=50930&uid=ny&idx_side=-307) der Frithjof Olsen er kalla rentenist og gift etter (skilsmåls-)bevilling frå 1934.  Svanhild Henrikke Waage Hansen var fødd i Bergen og var tydeleg enkje...

 

Kvar vart det so av Anna Marie Olsen?

 

Finst det ikkje noko register over gifte kvinner i dei borgarlege vigselsregisteri?

 

Kanskje kan Frithof Olsens dødsannonse finnast?  Kanskje hadde han og Anna Marie born i lag?

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har eg motteke opplysningar frå Australia om at Ragnar Johnsen mønstra på eit skip i Cardiff i 1908 og i 1915 søkte om australsk medborgarskap som ugift sjømann, då busett i Leichhardt, New South Wales!  Då er det i alle fall stadfest at han var den i huslyden som utvandra til Australia, og eg vonar no at fleire opplysningar kan finnast om han der nede...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Carsten Schanche

Aftenposten 8-3-1941:

 

Direktør Frithjof Olsen

 

Min kjære mann, vår kjære stefar og bror døde idag. Oslo 4. mars 1941

 

Svanhild Olsen, f. Waage

 

Trygve, Rigmor, Marie Nagell

 

Anna, Sigrid og Jac. Bjørnstad

 

Bisettes i Det nye Krematorium 10. ds. kl. 10.45.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Carsten for interessant dødsannonse!

 

Då kan me slå fast at Frithjof IKKJE hadde born, korkje med Anna Marie Johnsen eller andre, men eg har eit anna spørsmål:

 

* Kva slag DIREKTØR kan Frithjof ha vore?

 

FT1910 for Nordal Brunsgate 1 i Christiania syner Frithjof Olsen i lag med mori Bertha Olsen og fleire yngre søsken som heiter Biørnstad.  Då er Frithjof ugift overkelnar (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01036392129334)!

 

FT1900 for Frydenlunds gate 19 i Christiania syner Fridthjov Olsen i lag med mori og dei same søskeni.  Då er Fridthjov kelnar (http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037045136350)

 

Og her er dåpen hans i Trefoldighet 26.12.1876: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=5825&idx_id=5825&uid=ny&idx_side=-5

 

Elles sit me framleis med spørsmålet om VIGSLI til Frithjof Olsen og Anna Marie Johnsen, rimelegvis i Christiania mellom 1910 og 1923...?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips!

 

 

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Anne-Lise Hansen

Han var ifølge denne adresseboken direktør for Metropol restaurant i Akersgata:

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo, Adressebok , 1927-1927, oppb: Riksarkivet.

Merknader: 49. årgang. Demontert eksemplar, Riksarkivet

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:db_read/db/49259/875/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-db10061111160405.jpg

 

Senere privatadresse er Kirkeveien 44.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne-Lise for spennande og nyttig svar!  Då eg fann han hadde vore kelnar, tenkte eg meg nesten han måtte ha vore direktør for ei eller anna "spiseverksemd", so det var godt å få dette stadfesta!

 

Det ser jo elles ut til at alle dei tre søstrene hadde tilknytting til serveringsnæringi etter dei flytte til Christiania.  Kanskje kom dei inn via Ida Antonie Døebler?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg syner til innlegg #7 ovanfor og kan fortelja at eg no har motteke fleire detaljar frå Australia.  Det syner seg at Ragnar Johnsen etter kvart busette seg i Paddington, East Sydney, NSW, og han døydde i Granville, NSW i september 1943.  Gravferdi vart haldi 17.9.1943.  Han vart ugift.

 

Slik det no ser ut, er det i dag INGEN levande etterkomarar etter Ingebrigt Johnson Sjøthun!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter dei siste spennande funni, mellom anna frå Christiania/Oslo, vil eg gjerne få syna korleis det oppdaterte manuskriptet for denne huslyden ser ut pr. i dag.  Kanskje nokon ser på kva vis nokre av dei attverande hòli kan fyllast?

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Johnson (Sjøtun), f. i Hafslo 15.3.1858,

Ingebrigt Johnsen Sjøtun flytte i ung alder til Laksevåg der han 1.11.1882 gifte seg med Anna Pedersdotter frå Kleppe i Samnanger, Os.  Ho var dotter av husmann Peder Axelson på Klepsneset under Kleppe, opphavleg frå Lie i Samnanger, og kona Anna Monsdotter frå Kleppe og f. i Samnanger, Os 30.3.1854.  Ingebrigt var verksarbeidar, og han og Anna busette seg på Lille Damsgaard på Laksevåg der Anna d. 24.6.1921.  Ingebrigt Sjøtun d. under eit opphald i Oslo 15.10.1934.  Dei fekk seks born i lag:

a. Sigurd Johan Ingebrigtson Johnsen, f. på Laksevåg 11.11.1882, var sjukleg og d. på Lille Damsgård på Laksevåg 24.1.1913, ugift.

b. Ragnar Amandus Ingebrigtson Johnsen, f. på Laksevåg 9.10.1886, reiste i ung alder til sjøs og utvandra i 1908 til Australia der me i 1915 finn han att som sjømann (”seaman”) busett i Leichhardt, New South Wales.  Han vart sidan arbeidar (”laborer”) og busette seg i Paddington, East Sydney, New South Wales, men han d. ugift i Granville, New South Wales 1?.9.1943.

c. Ida Antonie Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 10.3.1889, d. i Oslo 7.5.1977.  Ho flytte i ung alder som kjøkenarbeidar til Christiania og gifte seg hjå byfogden i Christiania 1.9.1913 med Georg Willy Franzson Døbler frå Berlin i Tyskland, f. i Berlin, Tyskland 27.6.1879.  Han d. i Oslo 8.8.1946.  Georg Døbler kom kring 1905 til Christiania som kjøkkensjef på eit hotell og heldt fram i restaurantnæringi levetidi ut. 

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – dødsmeldingi hans seier berre at Aase Rosenlind tek seg av gravferdi – dødsannonse: ”vår kjære, underskrive av Kirsti og Svein, Aase og Harald” – gravminne Bekkelaget: Harald Oscar Rosenlind – 5.7.1909 – 4.9.1977 og Aase Ingrid Rosenlind – 29.12.1910 – 16.9.2001)

 

d. Gudrun Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 17.1.1891, d. på Laksevåg 3.10.1898.

e. Anna Marie, kjend som Marie Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 2.9.1893, d.

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1934!)

 

     Marie gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – før 1923!)

 

     med Frithjof Hansson Olsen frå Christiania, f. i Christiania 7.10.1876.  Han d. i Oslo 4.3.1941.  Frithjof var kelnar og sidan restaurantdirektør, og han og Marie budde i Christiania (Oslo), men vart skilde i 1934. 

 

     ¤¤¤¤¤ (Frithjof attgift byfogden i Oslo 1936 med enkja Svanhild Henrikke Waage Hansen, f. i Bergen 2.12.186.  Ho d. i Oslo 9.9.1973)

 

     ¤¤¤¤¤ (Marie attgift?)

 

     Ingen born.

f. Sofie Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 27.6.1897, d. i Oslo 10.10.1971.  Ho gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (dato og stad for vigsli hennar? – før 1934!)

 

     med Emil Heinrich Dohrn, opphavleg frå Elmshorn i Schleswig-Holstein, Tyskland der han var f. 29.9.1886.  Han d. i Oslo 19.7.1944.  Emil var konditor, men som enkje dreiv Sofie kolonialforretning.  Dei budde i Oslo levetidi ut.  Dei fekk ikkje born i lag, men Emil hadde fire born frå eit tidlegare ekteskap.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar igjen for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Etter fleire dagar med iherdig innsats i ymse undertema og ymse forum er dette emnet no NESTEN heilt komplett.  Eit oppdatert manuskript følgjer:

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ingebrigt Johnson, f. 15.3.1858,

Ingebrigt Johnsen Sjøtun flytte i ung alder til Laksevåg der han 1.11.1882 gifte seg med Anna Pedersdotter frå Kleppe i Samnanger, Os.  Ho var dotter av husmann Peder Axelson på Klepsneset under Kleppe, opphavleg frå Lie i Samnanger, og kona Anna Monsdotter frå Kleppe og f. i Samnanger, Os 30.3.1854.  Ingebrigt var verksarbeidar, og han og Anna busette seg på Lille Damsgaard på Laksevåg der Anna d. 24.6.1921.  Ingebrigt Sjøtun d. under eit opphald i Oslo 15.10.1934.  Dei fekk seks born i lag:

a. Sigurd Johan Ingebrigtson Johnsen, f. på Laksevåg 11.11.1882, var sjukleg og d. på Lille Damsgård på Laksevåg 24.1.1913, ugift.

b. Ragnar Amandus Ingebrigtson Johnsen, f. på Laksevåg 9.10.1886, reiste i ung alder til sjøs og utvandra i 1908 til Australia der me i 1915 finn han att som sjømann (”seaman”) busett i Leichhardt, New South Wales.  Han vart sidan arbeidar (”laborer”) og busette seg i Paddington, East Sydney, New South Wales, men han d. ugift i Granville, New South Wales 1?.9.1943.

c. Ida Antonie Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 10.3.1889, d. i Oslo 7.5.1977.  Ho flytte i ung alder som kjøkenarbeidar til Christiania og gifte seg hjå byfogden i Christiania 1.9.1913 med Georg Willy Franzson Døbler frå Berlin i Tyskland, f. i Berlin, Tyskland 27.6.1879.  Han d. i Oslo 8.8.1946.  Georg Døbler kom kring 1905 til Christiania som kjøkkensjef på eit hotell og heldt fram i restaurantnæringi levetidi ut. 

 

     ¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer? – dødsmeldingi seier berre at Aase Rosenlind tek seg av gravferdi – dødsannonse: ”vår kjære, Kirsti og Svein, Aase og Harald” – gravminne Bekkelaget: Harald Oscar Rosenlind – 5.7.1909 – 4.9.1977 og Aase Ingrid Rosenlind – 29.12.1910 – 16.9.2001 - KVEN VAR Kirsti og Aase?)

 

d. Gudrun Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 17.1.1891, d. på Laksevåg 3.10.1898.

e. Anna Marie, kjend som Marie Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 2.9.1893, d. i Oslo 12.3.1938.  Marie tente ei tid i Bergen, men gifte seg første gongen i Trefoldighetskyrkja i Christiania 4.4.1914 med Frithjof Hansson Olsen frå Christiania, f. i Christiania 7.10.1876.  Han d. i Oslo 4.3.1941.  Frithjof var kelnar og sidan restaurantdirektør, og han og Marie budde i Christiania (Oslo), men vart skilde i 1934.  Frithjof gifte seg att hjå byfogden i Oslo 16.11.1936 med enkja Svanhild Henrikke Henriksdotter Waage Hansen, f. i Bergen 2.12.1896.  Ho d. i Oslo 9.9.1973.  Marie gifte seg att hjå byfogden i Oslo 9.5.1934 med Henry Charles Hansson Kviberg frå Oslo, f. i Christiania 10.12.1892.  Han d. i Oslo 21.7.1948.  Henry tok juridisk embetseksamen i 1919 og vart i 1920 overrettssakfør og frå 1924 høgsterettsadvokat.  I 1936 vart han utnemnd til hjelpedommar ved Agder lagmannsrett i Skien, i 1940 overflytt til Eidsivating lagannsrett p.  Frå 1945 var han so konstituert lagdommar same stad.  Marie og Henry budde òg i Oslo.  Marie fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine.  Det gjorde heller ikkje Frithjof Olsen, men andre kona Svanhild hadde tre born frå første ekteskapet sitt.

f. Sofie Ingebrigtsdotter Johnsen, f. på Laksevåg 27.6.1897, d. i Oslo 10.10.1971.  Ho gifte seg i Oslo 3.2.1932 med Peter Heinrich Claus Emil, kjend som Emil Markusson Dohrn, opphavleg frå Elmshorn i Schleswig-Holstein, Tyskland der han var f. 29.9.1886.  Han d. i Oslo 19.7.1944.  Emil giftre seg første gongen i Fagerborg kyrkje i Cristiania 23.2.1911 med Ingeborg Pedersdotter Pehrson frå Christiania, f. i Drammen 22.10.1986.  Ho d. i Oslo 22.3.1972, men vart sild frå Emil i 1928.  Emil var konditor, medan Sofie dreiv kolonialforretning.  Dei budde i Oslo levetidi ut.  Dei fekk ikkje born i lag, men Emil hadde fire born frå eit tidlegare ekteskap.

 

~~~~~~~~~~~~~~~~~~

 

No er det berre spørsmålet om Ida i det hele hadde born etter seg og kven eventuelt dei to jentene var, Kirsti og Aase, som vert nemnde i dødsannonsa hennar?  Eg mistenker dei for å ha vore ei form for "fosterborn", for denne yngste dotteri av Ida Karoline Andersen i 1923 busett i Thiurmanns gate 16 på Sagene meiner eg må vera den eine av dei:

 

~~~~~

 

Ida Karoline Andersen 18.09.1871 Østre Aker k   e Husmor   Thurmanns gate 16 17 Sagene Bunke428k

Ingar Helfred Andersen 07.06.1894 Kristiania m   ug Revisor Flere firmaer Thurmanns gate 16 17 Sagene Bunke428k

Henry Norman Andersen 17.11.1900 Kristiania m   ug Elektr. montør Stenersen Thurmanns gate 16 17 Sagene Bunke428k

Astrid Andersen 12.01.1905 Kristiania k   ug Ekspedetrise St. h. haugens Smøru Thurmanns gate 16 17 Sagene Bunke428k

Solveig Johanne Andersen 14.03.1908 Østre Aker k   ug Intet arbeide   Thurmanns gate 16 17 Sagene Bunke428k

Aase Ingerid Andersen 29.12.1910 Vestre Aker k   ug     Thurmanns gate 16 17 Sagene Bunke428k

 

~~~~~

 

Kven var so Kirsti?

 

Nok ein kjempetakk til alle som har hjelpt meg til at dette manuskriptet er vorte so pass komplett!  "Gjengen" i Brukarforum er heilt "unik"!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Aftenposten 21/9 2001:

 

post-77-0-79624500-1424713447_thumb.jpg

 

Ein Finn Rosenlind er busett i Lørenskog, kanskje kan han vite meir?

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Aftenposten 24/1 36: Bryllup (...) 26. ds. i Behrensgate 7 IV: Frk. Aase Andersen og Harald Rosenlind

 

Kva for kyrkjebok skal ein leite i då?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Aftenposten 24/1 36: Bryllup (...) 26. ds. i Behrensgate 7 IV: Frk. Aase Andersen og Harald Rosenlind

 

Kva for kyrkjebok skal ein leite i då?

 

Tror det er Uranienborg eller Frogner krets

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for dei siste nyttige innleggi!

 

No har eg hatt telefonkontakt med slekti til Aase Rosenlind, og eg har fått stadfesta det som eg i grunnen har trutt lenge; det er ingen slektsband mellom Ida Døbler og Aase, og då sikkert heller ikkje med Kirsti.

 

Etter dette vil eg sjå på denne huslyden som "komplett"!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.