Gå til innhold
Arkivverket
Rune Thorstensen

Hjelp til oppslag i bygdebok for Vanylven, Møre og Romsdal.

Recommended Posts

Rune Thorstensen

Jeg trenger om mulig litt hjelp vedr. Vanylven i Møre og Romsdal.

 

Marthe Carine Larsdtr. ble født på gården Wigen i Vanylven 20.12.1822. Foreldrene var Lars Christiansen/Christensen og Oline Arnesdtr.

 

Jeg finner de gift i Vanylven 31.01.1819.

 

I 1801 tellingen for Vanylven finner jeg en Lars Christiansen på gården Sundal, 26 år, som legdeslem vannfør i den ene hånden.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=7&filnamn=f18011511&gardpostnr=58&personpostnr=746&merk=746#ovre

 

Og likeledes finner jeg en Oline Arnesdtr. 20 år gammel som tjener på gården Shiervem i den samme tellingen. 

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=15&filnamn=f18011511&gardpostnr=20&personpostnr=267&merk=267#ovre

 

Jeg antar at dette er paret som gifter seg i 1819.

 

Jeg finner ikke flere barn enn Marthe Carine og vet ikke hvor eller når Lars dør. Men i 1865 tellingen finner jeg Oline igjen som lægdslem hos sin sønn Ole K. Larsen, 41 år på gården Djuvig. Hun er da oppgitt til å være 86 år gammel.

 

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=21&filnamn=f61511&gardpostnr=102&personpostnr=520&merk=520#ovre

 

I kirkeboka for Vanylven finner jeg Oline død 17.12.1867 på gården Wigen.

 

 

Det jeg imidlertid ikke klarer å finne ut av er hvor Lars og Oline kom fra og hvem som var deres foreldre. Kan bygdeboka inneholde opplysninger på noen av de nevnte gårdene som kan kaste noe lys over dette?

 

 

 

Jeg ser de fikk sønnen Ole Christian på Øvre Vig 27.07.1826. Blant fadderne finner jeg Ole og Anna Arnesen Gusdal. Kanskje slekt av Oline?

 

 

I kirkeboka for Vanylven ser jeg en Oline døpt 14.04.1781 på gården Indre Tunem? av foreldre Arne Jacobsen og Marthe Knudsdtr.? Kan bygdeboka avsløre noe om denne familien?

 

Arne Jacobsen dør på gården Fiskåøren 29.08.1814, 59 år gammel. Skiftet avslører at han har en datter Oline ,34 år gammel på det tidspunktet. Hva sier bygdeboka om ham?

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Arne Jacobsen var i følge Vanylven bygdebok først busett på Thunem, og flytte sidan til Fiskå.

Det vert nemnt 4 born i dei to ekteskapa hans; Oline, Margrete, og Jakob i første ekteskap, og sonen Jon i ekteskap nr. 2. (namnet på konene er nemnt i Sandesoga)

Margrete er vel truleg feil, sidan ho ikkje er nemnt i skiftet etter Arne, bygdeboka seier ho vart gift i 1811 og døydde i 1837.

 

Lars Christiansen (ca. 1775-1839) var først gift med enka Drude Olsdtr. Bakken (1742??-1818), og 2. gong med Oline Arnesdtr. Fiskå (1781-1867)

Han hadde to born i 2. ekteskap: Drude (1819- ) og Ole.

Lars var først busett på garden Sundal, sidan på Thue br. nr. 18 (kalla Viken eller Øykevika)

 

Opphavet til Lars er ikkje nemnt i bygdeboka, men det vert døypt ein Lars Christiansen i Vanylven i 1774 (nedst på venstre side): http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15935&idx_id=15935&uid=ny&idx_side=-25

Foreldra er Christian Jonsen og Karen Larsdtr. Haugen.

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Takk Inge.

 

Bygdeboka bekrefter i alle fall at Arne ble gift med enken Marthe Knutsdtr. Tunheim. Jeg føler meg rimelig sikker på at jeg har foreldre og besteforeldre til Oline. Utfordringen nå er først og frems å finne svar på hvem Lars var sønn av. Det var det jeg håpet at bygdebok for Vanylven kunne hjelpe med

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Takk igjen Inge.

 

Her har tydeligvis ditt innlegg nr.2 kommet mens jeg svarte på det første. Da skulle Oline Arnesdtr. være bekreftet. Takk også for interessante opplysninger om Lars sitt første ekteskap og dødsår.

Videre skal jeg prøve å se om det er mulig å få bekreftet opplysningene om Lars sine foreldre.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Jeg undres på om det står noe om familien  til Christian Jonsen og  Karen Larsdtr. på gården Haugen i Vanylven. Jeg er spesielt interessert i om sønnen Lars, født 1774 er nevnt der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Inge Nygård

Det er fleire gardar i Vanylven som har vorte kalla «Hougen» i kyrkjebøkene. Ein gard har namnet Haugen i matrikkelen, men i dette tilfellet er det garden Åhaug som det er tale om. Det viser trulovinga mellom "Christian Jonsen Sundal" og "Karen Larsdtr. Aa Hou 20.4.1774:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Vanylven, Ministerialbok nr. 501A02 (1760-1816), Ekteviede 1772-1774, side 102.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15935&idx_id=15935&uid=ny&idx_side=-102
Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070829610184.jpg

Trulovarar er svogeren til Karen, Peder Hansen Grubse/Skare og bror til Peder, Ole Hansen Grubse.

 

 

I bygdeboka under Åhaug står:

 

1745-82 Lars Christensen g. 1745 m. Ragnhild Knutsdtr. (1707-1790)

 

Born: 1) Alet (Grubse 2) 2) Rasmus 1750 3) Karen 1750 4) Anne (neste brukar).....

 

 

Det går m.a.o. ikkje fram kvar Lars og Ragnhild kom ifrå. Av borna kan ein fylgje Alet og Anne vidare, medan Karen ikkje er nemnt med ekteskap/born. Fødselsåret er alt som står.

 

Har heller ikkje funne noko om Christian under garden Sundal. Sundal er forsåvidt eit gardsnamn som kan finnast mange stader.

Endret av Inge Nygård

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Da er vel forsåvidt spørsmålet om Lars Christiansen( 1774-1839) opphav fortsatt åpent. Jeg har prøvd å se etter skife etter enten Christian eller Karen, men så langt uten hell.

 

Du skal ha stor takk for hjelpen så langt Inge.

 

 

Det som kan tyde på en forbindelse, er det faktum at Lars Christiansen, 26 år gammel befinner seg nettopp på gården Sundal i Vanylven i 1801. Der er imidlertid ikke spor etter Christian Jonsen, Karen Larsdtr. eller evt. andre barn av dem. Spørsmålet er jo om de begge er døde mellom 1775 og 1801.

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Rune, håper du les dette.

 

Gåten Christian Jonsen Sundal kan eg ikkje fullverdig gjere greie for, men trur eg er på sporet av ei løysing på kvar han har opphavet sitt.

 

La meg byrje med kva eg tenkjer som ein mulig konklusjon: nemlig at han var fødd og vaks opp på garden Jostranda i Dalsfjorden i Volda kommune.

 

Eg skal forsøke å grunngje kvifor.

 

Ingen Christian Jonsen er innskriven i kyrkjebøkene i Vanylven. (Heller ingen Karen/Kari Larsdatter Åhaug, men det er ein annan diskusjon). Den einaste reelle Jon med tilhøyrigheit til Sundal/Sørdal i Vanylven/Syvde var Jon Pedersen Sundal under Sundal br. n. 1. men han døydde allereie ca. 1735. Skiftet 11 mai s.å. viser at han då berre hadde to levande born; Peder 14 år og Marit/Marte.

 

Utvidar ein kretsen litt so har eg (so langt) berre funne ein person med det karakteristiske Christian og med far Jon som døypt i Vanylven eller i sokna rundt Vanylven. Og det er nemnde Christian Jonsen i Dalsfjord. Han vert døypt 1. oktober 1752 i Volda. (Har ikkje funne Christen Jonsen i Vanylven nokon stad heller!! men sjølvsagt kan eg ha oversett nokon...)

 

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Volda, Ministerialbok nr. 511A02 (1741-1760), Kronologisk liste 1752, side 90.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=15955&idx_id=15955&uid=ny&idx_side=-94

 

Ifølge Busetnadsoga for Volda (bind 1 av Arnfinn Kjelland) so er foreldra hans Jon Jonsen frå Øvstegarden, Eisset i Dalsfjorden, og andre kona hans Kirsten Hansdatter frå Skaret på Stårheim i Nordfjord (g. 1743). Denne Jon vart gift fyrste gongen med Marte Olsdatter, enka etter forige brukar av Jostranda (som også heitte Jon Jonsen forrøvrig). Skiftet etter Marte Olsdatter 28.10.1741 fortel om to stesyskjen av Christian Jonsen som begge vart brukarar av garden Nordre Hellebust, ikkje langt frå garden Sundal, i Vanylven. Fyrst Brithe Jonsdatter som var gift med Halstein Halsteinsen Hellebust, og seinare Kari Jonsdatter som var gift med Ole Larsen. Skiftet i seg sjølv plasserar ikkje Ole og Kari til Hellebust men ei tingrettsak (*) eg har funne nemner både Hallstein og Ola som buande der. Det ser ut til at Hallstein og Ole dreiv garden ilag.

 

Skiftet etter Marte Olsdatter:

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 14 , 1741-1744, oppb: Statsarkivet i Trondheim.

Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24555/32/

 

Det som får meg til å tru at denne Christian frå Jostranda kan vere den same som Christian Jonsen Sundal, er nettopp det at han allereie hadde nær familie (om ikkje blodsfamilie) i "Dalane" i Vanylven. Turen frå Dalsfjorden var ikkje lang eller direkte vanskelig slik at han enkelt kunne ordne seg tjeneste på ein nabogard til (ste)syskjena. Og trulig hamna han som tjenar på ein av Sundalgardane rundt 1770.

 

(*) Tingbok 1743 - 47 side 266)

Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Sunnmøre sorenskriveri, Tingbok , 1743-1747, oppb: Statsarkivet i Trondheim.
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:rg_read/31116/135/

 

Eg har ingen bevis anna enn ei hypotese for dette. Men eg håpar noko kan dukke opp som kan konkretisere det til eit bevis! Blandt anna har eg ikkje forsøkt å følge spor utgått frå Eisset, eller Skaret på Stårheim. Mulig noko kan vere å finne der (skifte el. anna). For tida er eg oppteken med ei anna slik gåte so eg veit ikkje kva tid eg returnerar til dette.

 

Som du sjøv har konkludert med tidlegare so ser det ut til at Christian og Karen enten forlatar Vanylven, eller døyr. Det er iallfall ikkje meir å finne i kyrkjebøkene for Vanylven om dei. Kan dei vere flytte til Volda? Annan stad? Veit ikkje!!

 

Avslutningsvis kan eg nemne at eg ættar etter Ole Larsen Viken, sonen til Lars Christiansen og Oline Arnesdatter. Dessutan også etter Gregorius Gregoriussen, Oline sin "uekte" son (døypt 30 mai 1811) som ho fikk med Gregorius Arnesen Berge.

 

mvh

Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Hei Morten, beklager at dette svaret ditt har gått meg hus forbi. Jeg pleier ellers å være påpasselig med å takke for hjelp jeg får både her og andre steder.

 

Jeg skal ved anledning se om jeg kan følge opp dette.

 

God sommer og god ferie.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Tenkte eg ville gje deg ein oppsummering av kva eg har funne etter vidare gransking av gåten Christian Jonsen og kona hans Karen Larsdatter.

 

La meg med ein gong seie at eg ikkje har funne beviset for opphavet til Christian. Det eg har funne er utfylling av informasjon i eit forsøk på å knyte saman Jostrand-Christian og Sundal-Christian. Noko eg synes sjølv eg er på veg til å klare. Men har, som nemndt, ikkje funne det avgjerande beviset - enno 😉

 

La meg fyrst nemne litt om Karen forresten. Ho er som nemndt tidlegare ikkje å finne innført i dåpsprotokollen. Denne er no avskriven fram til 1760 og det eg kan seie om det er at delar av protokollen manglar, mellom anna heile dåpsåret 1743 og delar av 44. Men eg har iallefall fått stadfest at ho ER datter av dei foreldra som bygdebokforfatterane har plassert ho ilag med. Ho er nemndt i ekstraskatten for 1762 (sjå 56). Hittil har eg ikkje funne namnet hennar i kyrkjelige handlingar etter at ho døyper sonen Lars i 1774. Men eg er i gong med  å skrive av protokollen 1760-1803 (16) slik at dersom ho er nemdt så vil eg kome fram på det etterkvart ...

 

Så til Christian Jonsen. Som du vil sjå i posten over nemnde eg då at "Jostrand-Christian" hadde nærfolk buande i nærleiken av Sundal alt frå før han var fødd. Eg kan no seie at han hadde ekte nærslekt buande i Sundal i form av at alle syskjena hans var alle buande i Sundalen i 1784. Men dette skal eg kome tilbake til.

 

Eg vil fyrst tilbake til Jostranda i Dalsfjorden der ektefolket Jon Jonsen, opprinnelig frå Eidset/Eisset og andre kona hans Kiersti Hansdatter (med uvisst opphav) budde inntil dei i 1762 vert oppsagde (eller seier opp sjølve?) og flyttar frå Jostranda (sjå vedlegg). Merk at dei hadde fire born -  Jon, Marthe, Kristian og Inger. Familien flyttar så langt eg kan forstå til gården Korsfur bruk nr. 2  (bygdebok Sande og Rovde) i dåværande Rovde skibbreite, no Vanylven kommune (Bykselsetelen frå 1762 i Korsfur - "Dito med Revers dat 26de Juni 1762 udstædt af Hr: Kammer Raad og Foged Alsing til Jon Jonsen Strand for 1 1/2 Vogs fiskesleie i Gaarden Korsfurre"). Som ein kan sjå av bygdeboka er alle tidlegare nemnde borna her, og i tillegg er her også nemndt ein Torbjørn Jonsen - som på ingen måte høyrer til! Noko skiftet etter Jon Jonsen Korsfurre frå 1765 viser. Enke er Kiersti Hansdatter med laugverge "broderen Paul Hansen Hoystrem" (Har ikkje funne ut kvar dette er! Siste bygdeboka for Volda har plassert Kirsten til Skaret på Stårheim, men det har eg ikkje verifisert) og borna som i 1762 (merk at her er også nemndt to systre av Kristi (Martha og Malene Hansdøttre ) som fordrar 4 rd kvar). Etter at ho vart enke giftar Kirsten Hansdatter seg til Myklebust i Syvde (har ikkje funne vielsen!) med Anders Halsteinsen. Det er halde skifte etter han 10. mai 1775 og Kirsten sin laverge er denne gongen ein Knud Larsen Sundalen. Dette er ein interessant person. Fordi ...

 

Han gifta seg i 1772 med Kirsten (og Jon) sin datter Martha Jonsdatter. Sjå trulovinga den 27. oktober 1771 ("Eod die Troel: Enkem: Knud Larsen Sundal  og Pigen Martha Jons D. Korsfurren"). Vielsen 5. juli 72. Martha flyttar til og busetter seg på bruk nr. 4 under gården Sundal. Ho er dermed den nærslekta eg nemnde tidlegare som kan vere grunnen til at "vår" Christian har kalla seg Sundal ved vielsen med Karen Larsdatter.

 

Det neste som kronologisk skjer då er nemlig vielsen til "vår" Christian. Sjå trulovinga den 20 april 1774. ("d: 26 April Troelov: U: K: Christian Jonsen Sundal og Pigen Karen Lars D. Aahou") Dessverre er forlovarane lokale karar som ikkje fortel noko om historien til Christian. Men kronologisk kan Christian rekke å vere komen til systera og svogeren for å tjene og dermed kalle seg Sundal ved vielsen. Men det er spekulasjon. Ingen bevis, men kall det gjerne eit indisium. Dåpen til Lars Christiansen frå 1774 har eit par tre interessante namn som ein kan trekke litt informasjon frå. Lars Christensen Aahou er sjølvsagt det fyrste og er relatert til Karen som nemndt ovanfor - far hennar. Det andre namnet er Christen Olsen Hellebust. Han budde på Eikrem i Syltefjorden og hadde vore gift med ei Anne Olsdatter Hellebust (død 1769). Denne Anne var ei datter av Kari Jonsdatter Hellebust og ho igjen var datter av Jon Jonsen Strand/Korsfur sin fyrste kone Marthe Olsdatter og er ei av dei to systrene som eg nemnde i fyrste posten ovanfor. Ein interessant kobling som ein om ikkje anna også må kalle eit klart indisium! Siste namnet er Martha Hansdatter Sundal. Sjå nedanfor under skiftet etter Knud Larsen.

 

Skiftet etter Knud Larsen i 1784 er svært interessant! Enke er Marthe Jonsdatter. Det er ikkje sagt eksplisitt men her ser det ut til at både Jon Jonsen og Inger Jonsdatter, syskjena til Marthe, er tjenarar på garden. Begge fordrar løn i skiftet. Her er også nemndt ei Marthe Hansdatter som det ikkje er urimelig å anta (men ikkje bevist) er den same dama som var fadder ved dåpen til Christian og Karen sin son i 1774. Eg har ikkje funne nokon andre som kalla seg Martha Hansdatter Sundal denne tida. Kan ho kanskje vere identisk med syster til Kirsti Hansdatter??????

 

Skiftet etter Kirsten Hansdatter Myklebust frå 1789  er også svært interessant. Kirsten/Kristi/Christi hadde gifta seg for 3. g. med Hans Hansen Myklebust i 1775 (sjå 20 okt.) Borna hennar med Jon Jonsen er alle nemnde; Jon Jonsen, myndig, Christian Jonsen, myndig, Marthe Jonsdatter gift med Rasmus Olsen Sundalen (g. 2. g. 1786) og Inger Jonsdatter 35 år. (Opplysn. i Sande og Rovde sogebok om at elste son Jon døydde i 1778 ser dermed ut til å vere feil og at den Jon Korsfur er ein urelatert Jon...)

 

Vel, det er det eg har hittil. Som nemndt er dette ikkje "bevis", men eg trur eg nærmar meg å kalle det ein klar teori; Christian Jonsen Sundal som gifta seg i 1774 med Karen Larsdatter Åhaug ser ut til å vere identisk med Christian Jonsen Strand/Jostrand/Korsfyr. Har ein også fått eit glimt av "vår" Christian etter "forsvinninga" i 1774?

BsSVolda1-s416-Jostranda_Dalsfj.jpg

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Hjertelig takk for ny interessant informasjon.Du har gjort en grundig jobb her, synes jeg. Og selv om det ikke er bevis som du sier, så er det i alle fall svært sterke indisier i mine øyne. Jeg skal studere dette nærmere i morgen.

Venter spent på evt. fortsettelse om du oppdager mer mens du fortsetter å grave deg nedover i kildene. Jeg er mektig imponert Morten.

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Takk for det, Rune. Set svært stor pris på det du seier! Som ho sa ho Aase i Ryssdalen - eg vart rett raud i kjakane ta alt skrytet ! Håpet var no mest at dersom eg kan få nokon til å gå gjennom dette ilag med meg så er det større sjanse for å finne bristen i logikken, og evt. få avklare om tankerekka er feil! Sjølv om eg håpar den bristen ikkje finnast!

 

Eg gløymde å ta med ein dåp  i forrige post som eg meinar styrkar teorien.

Nemlig den til Ingbor Marcusdatter Sundal 22 oktober 1773 (foreldre Marcus Andersen og Anna Andersdatter Sundal). Her er Christian Jonsen Korsfurren fadder ilag med Marthe Jonsdatter Sundal. Fadderane ellers med tilknytning til Sundalen bortsett frå Ellen Andersdatter Lothe som trulig er ei syster til Anna.

 

SAT, Ministerialprotokoller, klokkerbøker og fødselsregistre - Møre og Romsdal, 501/L0002: Ministerialbok nr. 501A02, 1760-1816, s. 25
Brukslenke for sidevisning: https://media.digitalarkivet.no/kb20070829610107

 

(Marcus og Anna var begge innflyttarar til Sundal ca. 1771/2. Han skal vere frå Øyestad i Innvik og med mor frå Hennebygda og ho frå Lothe i gamle Gloppen i Nordfjord)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Takk igjen Morten.

Du kan trygt ta til deg rosen, den er vel fortjent og oppriktig ment.

Du gjør en viktig jobb, ikke bare for meg men for mange andre. Jeg ser stundom ikke skogen for bare trær, og da er det flott at andre tar jobben med å gå gjennom gamle kilder.

 

Ellers skjedde det en del uforutsette ting igår, så jeg fikk ikke satt meg ned for å gå skikkelig gjennom innlegget ditt. Og nå i helgen har vi et barnebarn som står konfirmant og hvor vi av ulike grunner er mer involvert i forberedelsene enn vi normalt ville ha vært. Men jeg håper at jeg rett over helgen skal finne tid og rom til å gå skikkelig gjennom funnene/teoriene dine. Jeg tviler imidlertid på om jeg finner noe galt med dem 🙂

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte
On 5/3/2018 at 8:10 PM, Morten Sylte said:

Enke er Kiersti Hansdatter med laugverge "broderen Paul Hansen Hoystrem" (Har ikkje funne ut kvar dette er! Siste bygdeboka for Volda har plassert Kirsten til Skaret på Stårheim, men det har eg ikkje verifisert)

 

Inge Nygård og Even Stormoen har funne løysinga til kvar syskjena Kirsten Hansdatter Strand/Korsfur og Paul Hansen Høystrem har opphavet sitt. Og dermed også verifisert opplysninga frå bygdeboka i Volda.

 

https://forum.arkivverket.no/topic/222152-mr-sunnmøre-gardsnamnet-til-laugvergen-til-enka-kiersti-hansdatter-korsfurren-og-gjerne-forslag-til-kvar-garden-er-å-finne/

 

Tusen takk for uvurderlig hjelp!

 

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lasse Lesto

Hei

Eg er ny som aktiv på forumet, men har lenge følgt med på dei gode og klargjerande diskusjonane her. Sjølv om det er ei stund sidan siste innlegg, tenkte eg å supplere med ein teori. Håpar lenkene mine fungerer.

 

Blant mine aner er Aleth, mogeleg søster til Karen, som er nevnt i innlegg nr 7. Ragnhild Knudsdatter har eg ikkje funne noko meir om, men har ein teori om foreldre til Lars Christensen Åhaug. Det er Christen Olsen Løfold og Marte Larsdatter. ( Christen på Løvoll bnr 6, side 253 i bygdeboka) https://www.nb.no/nbsok/nb/8165eea2bb8f37d0ebb2e7e06ce036c4?lang=no#259

 

Rasmus Tomassen er brukar frå 1696-1712 når han dør. 1. g gift med Siri Olsdatter som dør 1695, 2. g gift med Guri Olsdatter. I bygdeboka står det at han hadde 2 barn (Anne og Ole f. 1693). Enka Guri gifter seg opp att med Christen Olsen, men dør allereie i 1713. Det er skifte etter ho 2. mai 1713. https://www.digitalarkivet.no/sk20090123680703 Christen er nevnt som brukar fram til 1756.  Mogeleg Christen giftar seg for 2. gong med ei Marthe Larsdatter, noko eg hittil ikkje har funne dokumentasjon på. Det er skifte etter Christen Olsen Løfold i Vanylven 25. september 1754 https://www.digitalarkivet.no/sk20090126660158 Her omtales enke Marthe Lars Datter med Lagværge Sønnen Lars Christensen Haahoug, 2 barn Lars Christensen myndig og Marthe Christensdatter 36 aar.

Via denne lenka: https://forum.arkivverket.no/topic/190108-sf-davik-endre-ingebrigtsen-aardal-d-1720-%E2%80%93-hans-koner-og-born/ har eg notert med at Marte Larsdatter Løvold også er nevnt i eit skifte frå Davik i 1733. Kan ho ha opphavet sitt i Nordfjord ? Her er også 2 andre med tilhald på (det eg antek) også er gardar i Vanylven, Skalle og Thue. Skifte 27. Apr 1733 etter Ole Pedersen Reksnes i Davik. https://www.digitalarkivet.no/sk20081128620217 Her er enka Ragnilde Iversdatter som stiller med lagverge sønnen Rasmus Torgieldsen. Arvingarer er hans 'halfbroderbørn' m.m. bl.a

Ole Larsen Schalte ( ? Skalle Vanylven, bnr 1 1721-1740 Ole Larsen gm Dorte)

Marite Larsdtr Løvold (Gard i Vannylven)

Synneve Larsdtr Thue (Gard Vanylven)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Hei Lasse og takk for innlegget ditt.

 

Det er mulig jeg har falt litt av lasset.

Du nevner at Christen Olsen Løfold skulle være far til Lars Christensen Åhaug. Det er skifte etter Christen i 1754 som viser at sønnen Lars er myndig.

 

Snakker vi her om samme Lars? Han jeg har jaktet på var født i 1774. Eller tenker du på far til Karen Larsdtr. Åhaug. Den Lars Christensen var født omlag 1705 og døde 1782 og ble gift i 1745 med Ragnhild Knutsdtr.

Dersom det er Marthe Larsdtr. som er mor til Lars kan han ikke være født i 1705, i så fall må Guri Olsdtr. være mor hans. Marthe kan jo ikke ha blitt gift med denne Christen Olsen før 1713 eller senere.

Er det noen som har funnet dåpen til Lars?

 

 

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Dåpen til "vår" Lars Christiansen er nemnd i innlegg 11 ovanfor. Den Lars Christensen som Lasse nemner er som du sjølv, Rune,  skriv faren til syskjena Aleth, Anne, Kari og Rasmus

 

Teorien ellers - at far til Lars Christensen Åhaug er Christen Løvold - er eg heilt einig i! Eg har sjølv funne skiftet som Lasse nemner etter Christen frå 1754. Skiftet frå 1733 har eg ikkje sett før så stor takk til Lasse for det!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Ja, jeg ser det Morten.Men det er Lars Christensen født 1774.

 Men er Lars Christenson d.e( far til Karen Larsdtr. Åhaug) nevnt i skiftet etter Guri Olsdtr. i 1713? Om han ikke er det må han være født etter 1713 og Marthe Larsdtr. er dermed hans mor. Det var det jeg prøvde å stille spørsmål ved.

https://www.nb.no/nbsok/nb/8165eea2bb8f37d0ebb2e7e06ce036c4?lang=no#259

 

Bygdeboka her nevner at Christen Olsen og Guri Olsdtr. hadde datteren Marta 1715-1784. Men Guri døde i 1713. Så da er spørsmålet om begge barna er et resultat av Christen Olsens andre ekteskap med Martha Larsdtr.

 

Eller så er det feil i bygdeboka. Lars er etter hva jeg kan se ikke nevnt der.

Endret av Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Ah...

 

Vel, Siri/Sissel Olsdatter Løvold døyr før skiftet i 1694 . Enkemann Rasmus Tommesen, born Ole og Anne. I Rasmus sitt skifte i 1712 er desse borna ikkje nemnde, og syskjena hans arvar. Enke Guri Olsdatter. I 1713 finner ein skiftet som Lasse nemner ovanfor etter Guri Olsdatter der enkemannen er Christen Løvold og syskjena hennar. Guri er dermed IKKJE mor til Lars Christensen...

 

Ellers så har vel Lasse også stadfesta at Marthe Larsdatter sin laugverge i skiftet i 1754 er sonen Lars Christensen

 

I ei bisetning kan eg nemne at Guri er omtala som syster i dette skiftet etter Christopher Olsen Salt i 1709.

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Det var det jeg mente å lese, men jeg får ikke med meg alt, derfor spør jeg heller. Da må Lars  d.e. være født 1714 eller senere.Jeg ser at bygdeboka for Åhaug bare nevner ham som bruker fra 1745 da han giftet seg med Ragnhild til 1782. Da overtar datteren Anne og ektemannen. Det var kanskje det året Lars døde?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Eg har ikkje funne han innført som gravfest i kyrkjeboka. Siste kyrkjelige spor eg har funne etter han er dåpen til Aleth sin son Rasmus i 1779 der han er mellom fadderane. Kona Ragnhild Knudsdatter er gravfest 31 januar 1790. Kva årstal som då er korrekt kan eg ikkje seie. Det eg veit er at han ikkje er nemnd i 1801. Interessant nok er ikkje Ragnhild nemnd som enke ved sin gravferd utan at det på nokon måte er eit bevis for at han er i live.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Når det gjeld opphavet til Christen Olsen Løvold har ein noko informasjon som eg håpar kan vere av interesse.

 

I skiftet etter Lars Christensen i 1754 er også nemndt syster hans Marthe som er ugift og for ho verger "farBr Simen Olsen Haugen". Sjå også *). Simen eller Simon er nemndt i skifte etter mor si Eli Thomasdatter/Tommesdatter i 1713 9 år gml, dvs. fødd ca 1704. To andre syskjen nemnde. Enkemann Ole Christensen Thue. I manntalet 1701 finner ein att ein Ole Thue 51 år med ein son Christen 7 år. Kan ikkje med sikkerheit seie at dette er Ole Christensen frå skiftet i 1713, men det er sannsynlig sidan han er fødd ca. 1660. Er dette korrekt kan ein også seie at Christen og Simen var halvbrødre. Namnet på mor til Christen er dessverre ukjent.

 

I sogneprestmanntalet i 1666 finn ein att Ole Christensen Thue 6 år (fødd ca 1660), son til Christen Simensen 62 år. Ein finn også brødrene Simen 16 år og Pouel 4 år. I 1664 finn ein også sonen Hans 20 år (Sjå Løvoll 4 samt skifter etter Hans i 1712 og kona Gjertrud i 1734. I 1712 er "faderbroderen Paul Christensen Thue" verge for borna).

 

Frå den elste sogeboka i Vanylven skrive av Haakon M. Fiskaa(1957) finn ein dette under Thue br. n. 10

"Christen Simonson f Leikanger, Gurskøy 1605, lgl, br 5 1/3 mel 1637/74 (han var son åt lensmann Simon Sjursen Leikanger, brukte Vedeld i Rovde før han kom til Tue)

Simon Christensen f. her 1650, lgl, br 5 1/3 mel 1675/84

Paul Christensen f her 1653, lgl, br 2 p 16 mrk -1701/24"

Dette er informasjon (med meir) som dessverre er utelatt i sogeboka til R. Emil Sæther frå 1981. Eg har ikkje sjølv verifisert desse opplysningane!

 

Frå "Soga om Sande og Rovde (1977)" bind 3, side 265

"1633-1637 Kristen Simonsen Leikanger, Herøy, 1605- . Born: Simon, brukar på Tue i Vanylven, Paul, brukar på Tue i Vanylven. Kristen flytte til Tue i Vanylven"

 

*) At Simon var frå Thue kan ein sjå av dette skøytet (h.s.]

SAT, Sunnmøre sorenskriveri, 2/2C/L0002: Pantebok nr. 2, 1724-1743, s. 67
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/tl20080929660066

 

Eg vil tru dette er så sikker ein kan vere for opphavet til Christen Olsen Løvold. Det usikre er manntalet 1701.

 

Eg vil som eit sidetema nemne at Eli Tommesdatter Løvold er syster av Rasmus Tommesen Løvold som det var skifta etter i 1712. Sjå post #20

 

Endret av Morten Sylte

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Rune Thorstensen

Takk igjen for ny informasjon Morten.

Jeg tenker litt på Marthe Larsdtr. som var nevnt i skiftet i Davi i 1733.

Jeg antar at gården Reksnes som nevnes der er gården Reksnes, indre og ytre i Kjølsdalen.

Om jeg forstår det skiftet rett så skulle bl.a Marthe være halvbroderbarn av avdøde Ole Pedersen. Det må bety at han har hatt en halvbror som het Lars, men ikke nødvendig vis Pedersen ettersom vi ikke vet om de var halvbrødre med felles far eller mor.

 

Problemes er at jeg sitter med bygdeboka for Kjølsdalen, og jeg finner ingen passende Ole Pedersen der gift med en Ragnhild Ivarsdtr.

Finnes det flere gårder Reksnes i Davik området?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Morten Sylte

Eg kjenner iallefall ikkje til fleire stadar med dette namnet. Er boka du sit med den nye eller Åland si gamle? Mulig den nye har betre greie på dette ektefolket ... ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.