Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Siri Endresdotter Lunden (1728) - flytte ho frå Luster til Vik eller Kinn?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Endre Nilsson (1694-1733) og Elisabeth Rasmusdotter (1698-1749) var plassfolk i Lunden under Rønnei i Luster.  Dei fekk tre døtrer i lag; to av dei, Gjertrud (1730-1804) og Gunnhild (1732-1785), vart gifte i nabolaget og budde her.  Men den eldste Siri "forsvinn" frå bygdi:

 

* Siri Endresdotter, fødd i Luster kring 1728, nemnd i eit skifte frå 1738, men sidan ukjend.

 

Vigselsregisteri for Sogn og Sunnfjord syner to "relevante" Siri Endresdøtrer:

 

** Ole Andersson Hafland og Sigrid Endresdotter - vigde Svanø i Kinn 27.12.1749 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11532&idx_id=11532&uid=ny&idx_side=-189)

 

** Guttorm Anfindson Midlang og Siri Endresdotter Skjerven - vigde Hopperstad i Vik 10.1.1758 (http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=11754&idx_id=11754&uid=ny&idx_side=-11)

 

Kan det vera ei av desse?  Kanskje nokon med lokal kunnskap på desse stadene kan hjelpa meg vidare?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum
Ann-Mary Engum

Fant ingen barn av Ole Andersson Hafland og Sigrid Endresdotter.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ann-Mary for spennande innlegg!

 

Når eg ser på barneflokken på Midlang i Vik, er eg ikkje so sikker på om denne Siri kan vera den rette.  Mor hennar heitte Elisabeth, og dette namnet ville eg ha venta mellom borni, men sikre kan me sjølvsagt ikkje vera på at oppkallingsreglane vart følgde...  Kanskje står det noko i bygdeboki for Vik om denne Siri og opphavet hennar?

 

Då er kanskje alternativet frå Svanø i Kinn mer å satsa på?  Hadde me berre visst kvar det vart av dei og kva born dei fekk...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Eg finn ikkje noko Hafland eller noko som liknar i Bru sokn. Derimot er det Hovland i Eikefjord.

 

I følgje denne Wikipedia-artikkelen vart Eikefjord skilt ut frå Svanø (Bru) sokn i 1890, så då er det vel Hovland i Eikefjorden det er snakk om. Ole Andersson er ikkje nemnd i Florøsoga til Joleik, men eg ser at det er nemnt både Anders og Olav til ulike tider. Heller ikkje Sigrid Endresdtr. er nemnd.

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn for spennande innlegg!

 

Då lyt me gå ut ifrå at det er Hovland i Eikefjorden som er meint, og so er det at eg har sjekka skifteprotokollane for Sunnfjord!  Her finn eg skifte 22.5.1765 etter Sigrid Endresdotter Kalsvik i Brandsøy skipreide (Svanøy!): http://arkivverket.no/URN:sk_read/24202/137/

 

Ervingar var enkjemannen Ole Andersson, og, om eg tolkar skiftet rett (vanskeleg skrift), ei dotter Bornie Olsdotter!

 

Kven var so denne Sigrid Endresdotter?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Det er ei side i Florasoga som omhandlar Kalsvik. Ole Andersson Hovland er nemnd, men ein får ikkje vite noko om Siri eller Borni.

IMG.bmp

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Ein sein, men like hjarteleg takk til Torbjørn for siste innlegg om dette problemet!

 

Eg var nysgjerrig på ALDEREN til denne Siri Endresdotter på Kalsvik, men no har eg søkt gjennom kyrkjeboki for Kinn frå hausten 1764 og fram til hausten 1765, utan å finna noki gravferdi etter ho.  MEN; det er tydeleg at gravferdslistene er svært mangelfulle, so det kan verta vanskeleg å finna prov for at dette er den Siri me er på leiting etter...

 

Det einaste eg kjem på i farti, ville vera ei sjekking av skifteprotokollane for Sunnfjord - Brandsøy skipreide, men det vil vera ei tidkrevjande oppgåve.  Eg har sjølv sjekka alle skifti i aktuell periode for avlidne Endrer, 6 stk., men ingen av dei hadde ei dotter Siri eller ei dotterdotter Borni Olsdotter...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Lars !

 

På s. 83 i Ættabokji for Vik, utg, 2008 finn eg Sigrid Endresdtr f. 1730 d. 1814 gift 1758.  Ho er frå L.nr 114 Skjørvo i flg bygbokforfottaren.

På s. 182: Mor til Sigrid = Marta Persdtr Seim.

------------------------------

Sigrid Endresdtr sist levd i 1738, eit skifte, innlegg nr 1.  Ho kan jo ha lidt same skjebne som mange andre, død og begraven utan at det står eit pip i noko Kyrkjebok !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til jon for siste innlegg om Siri Endresdotter frå Skjervo i Vik.  Eg hadde vel forsovidt avskrive denne Siri som "kandidat" for Siri Endresdotter frå Rønnei i Luster, men eg veit ikkje heller om det er ho som hamna i Kinn!

 

Som du seier, Jon; kan henda døydde "vår" Siri i ungdomsåri utan at det er skrive nokon stad...  Me får truleg aldri svar på dette...

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.