Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Ingel Hansson og Anna Jensdotter - Coon Prairie, Wisconsin 1864 - kven var dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Eg har ei ny emigrantutfordring som eg står heilt fast på, og der eg vonar å få innspel som kan føra til ei løysing:

 

Den norsklutherske kyrkjelyden på Coon Prairie nær Westby, Vernon Co., Wisconsin har mange medlem med bakgrunn frå ulike delar av Gudbrandsdalen, men ogso ein del innslag av andre norske, mellom anna frå indre Sogn.  Til den siste gruppa høyrer huslyden til Jens Hansson (1793-    ) og kona Metta Andersdotter (1796-    ) frå Kinserdal i Hafslo, som utvandra i 1854.  Dei hadde seks born som voks opp, og som alle utvandra til Wisconsin mellom 1850 og 1854.  Dotteri Bertha (Sanderson) busette seg i Dane Co., WI, medan dotteri Gjøri (Natwick) busette seg i Wood Co., WI.  Sistnemnde vart bestemor til skodespelar Mildred Natwick (1905-1994).  Sønene Hans og Anders busette seg båe på Coon Prairie, WI, medan dei to yngste søskeni, Mari og Anna, førebels er ukjende.  Anna var fødd i Hafslo 15.12.1839, og på Coon Prairie dukker det opp ei jente, som KAN vera identisk med denne Anna:

 

Ingel Hansson og Anna Jensdotter får ein son Olaus, fødd på Coon Prairie, WI 28.2.1864.

 

Eg har ingen fleire opplysningar om dette parfolket eller om sonen Olaus, og her er det at eg står fullstendig "fast"!  Ingel er eit heller uvanleg namn, og først og fremst vonar eg at det kanskje kan dukka opp ein utvandrar frå Noreg med namnet Ingel Hansson i tidi FØR 1864?  Dersom dette er den rette Anna, so var ho fødd i 1839, og eg vil tru Ingel har vore om lag på same alder...

 

Eg ville setja stor pris på om nokon har eller finn opplysningar som kan bidra til at denne Ingel vert oppspora, både opphavet hans i Noreg og lagnaden hans i Amerika, og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Et par med samme navn giftet seg i Nannestad 27 des 1858.Brudgommen 43.Bruden 33.

http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060307030629.jpg

 

 

Barn:

Jens Christian,f 22 jan 1859

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWQW-8JY

 

 

Gunhild Marie,f 22 sept 1860.

https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWQW-JVM

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Engel Hansen var enkemann ved vielsen i 1858.

Kanskje barn i første ekteskap?

Hans,f 23 juli 1838.
https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N4K5-VZN

Caroline,f 23 sept 1850.
https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWQ7-J8N


Første kona til Engel døde i 1854.
http://gda.arkivverket.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=23&filnamn=gr02381850&gardpostnr=305&personpostnr=305&merk=305#ovre

Vielse 28 des 1839.
https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:N75S-P9M


Vielsen,høyre side.
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1450-kb20061106020065.jpg



Fant ikke denne familien i Nannestad i 1865.

 

 

 

 

Samme Ingel Hansen i 1870?

 

Sønnen Olans er Olaus?

 
Ingel Hanson

United States Census, 1870

birth: from 1810 to 1811 Norway residence: 1870 Wisconsin, United States other: Anna Hanson, Crist Hanson, Crestian Hanson, Olans Hanson, Mary Hanson, Albert Hanson

 

Endret av Ann-Mary Engum
Lenke til kommentar
Del på andre sider

«Engel» var ikke helt uvanlig som mannsnavn i Grenland hvor jeg kommer fra, jeg har et par av dem blant anene mine. Antagelig er det en fordanskning av navnet Ingjald.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary og Leif for interessante og avklarande innlegg!

 

Etter mitt syn kan det ikkje herska særleg tvil om at det er parfolket frå Nannestad som utvandra til Amerika mellom 1860 og 1864 og som då fekk eitt barn til på Coon Prairie, WI i 1864.  Eg finn rett nok ikkje spor etter dei i FT1870 (eller seinare), i alle fall ikkje i Vernon Co., WI, men ser liti nytte i å leita meir etter dei.  Eg lyt nok leita vidare etter Anna Jensdotter frå Kinserdal i Hafslo med andre "potensielle" ektemenn...!

 

Problemet som her vart framstilt, er soleis løyst!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.