Gå til innhold
Arkivverket

Gjertrud Fredrikke Ølnes frå Sogndal (1867-1955) - til Amerika i 1883 og gift to gonger - biografi 1885-1900? - kven var "Mr." Lind?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I kveld vil eg gjerne få henta fram eit spørsmål frå manuskriptet mitt som gjeld lagnaden til ei jente mellom 1885 og 1900 og kven første mann hennar "Mr. Lind" kan ha vore?  Eg tek spørsmålet samstundes opp på den norske rootsweblista i Amerika.

 

Gjertrud Fredrikke Ølnes alias Gertrude Olness var fødd i Sogndal 30.6.1867 av foreldri Trond Iverson Ølnes og kona Anna Sophie og utvandra i 1883 med mor si til Cherry Grove township, Goodhue Co., MN.

I 1885 var Gertrude OLNESS tenestejente hjå ein amerikanar i Zumbrota, Goodhue Co., MN

Eg finn ho ikkje i Minnesota i 1895, ikkje med foreldri og ikkje åleine.

I 1900 var Gertrude LIND enkje og busett hjå foreldri sine i Cherry Grove township, Goodhue Co., MN:

~~~~~~~~~~~~~~~~

Name:    Gertrude F Lind
[Gertrude F Olness]
Age:    31
Birth Date:    Jul 1868
Birthplace:    Norway
Home in 1900:    Cherry Grove, Goodhue, Minnesota
Race:    White
Gender:    Female
Immigration Year:    1883
Relation to Head of House:    Daughter
Marital Status:    Widowed
Marriage Year:    1898
Years Married:    2
Father's name:    Thomas Olness
Father's Birthplace:    Norway
Mother's name:    Sophia A Olness
Mother's Birthplace:    Norway
Occupation:    View on Image
Neighbors:     View others on page
Household Members:    
Name    Age
Thomas Olness    58
Sophia A Olness     55
Gertrude F Lind     31
Iver A Olness    26
Julia Olness    22
Sophia K Olness     14
Martin A Olness     10
Esther S Olness    1

~~~~~~~~~~~~~~~~

FT1900 seier tydeleg at Gertrude hadde vore gift i to år, men korleis skal me tolka dette?  Hadde ho vore gift i to år då mann hennar døydde, eller vart ho gift to år før 1900 og sidan enkje vorti før 1900?  Eller hadde ho vore enkje i to år?

 

Gertrude Lind gifte seg att i Pipestone Co., MN 15.1.1902 med Victor Fredrik Landgren, fødd i Gränna, Jönköpings län, Sverige 18.9.1866.  Han utvandra i 1885.

FT1910 seier at Victor og Gertrude båe var i første ekteskap og gifte 8 år før.

FT1930 seier at Victor hadde gift seg første gong i ein alder av 25 år, medan Gertrude var 22 år ved første vigsli si.

Eg veit ikkje kva eg skal tru om desse informasjonane frå 1910 og 1930, men sikkert er det at Gertrude heitte LIND då ho gifte seg att i 1902, so ho MÅ ha vore gift ein gong før.  Her står eg likevel "fast"!  Kven var første mann hennar?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

So er det gjort ei spennande oppdaging i Amerika:

 

Victor Landgren hadde òg vore gift ein gong før, i Lincoln Co., MN 24.9.1892 med danskfødde Thora M. Hansen, men dei flytte frå kvarandre kort før 1900 og vart so skilde!  Soleis stemmer det med opplysningane frå FT1930 om at Victor gifte seg første gongen i ein alder av 25 år!

 

FT1930 seier at Gjertrud gifte seg første gongfen i ein alder av 22 år, og dette vil seia at ho bør ha gift seg kring 1889/1890!  Og dette er ikkje so urimeleg å tru, for Mrs. Gertrude LIND, enkje, og søsteri Mrs. Anna Olness dukker opp på fleire passasjerlister frå 1895 då deio reiste fram og attende til Glasgow, Skotland!

 

Her frå New York til Glasgow, Skotland med ankomst 8.5.1895 (http://interactive.ancestry.com/1518/30807_A000065-00229/16062082?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2f%2fcgi-bin%2fsse.dll%3frank%3d1%26new%3d1%26MSAV%3d1%26msT%3d1%26gss%3dangs-c%26gsln%3dOlness%26msady%3d1895%26msady_x%3d1%26cpxt%3d0%26uidh%3d008%26cp%3d0%26pcat%3d40%26h%3d16062082%26db%3dBT26%26indiv%3d1%26ml_rpos%3d4&ssrc=&backlabel=ReturnRecord)

 

Her frå Liverpool 5.9.1895 til Quebec: http://interactive.ancestry.com/1263/e003553475/628855?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2f%2fcgi-bin%2fsse.dll%3frank%3d1%26new%3d1%26MSAV%3d1%26msT%3d1%26gss%3dangs-c%26gsln%3dOlness%26msady%3d1895%26msady_x%3d1%26cpxt%3d0%26uidh%3d008%26cp%3d0%26pcat%3d40%26h%3d628855%26db%3dCanadianPL%26indiv%3d1%26ml_rpos%3d3&ssrc=&backlabel=ReturnRecord

 

Og her frå Canada til Minneapolis, MN 15.9.1895: (http://interactive.ancestry.com/1075/m1464_1-0196/3920785?backurl=http%3a%2f%2fsearch.ancestry.com%2f%2fcgi-bin%2fsse.dll%3frank%3d1%26new%3d1%26MSAV%3d1%26msT%3d1%26gss%3dangs-c%26gsln%3dOlness%26msady%3d1895%26msady_x%3d1%26cpxt%3d0%26uidh%3d008%26cp%3d0%26pcat%3d40%26h%3d3920785%26db%3dCanadianBC%26indiv%3d1%26ml_rpos%3d1&ssrc=&backlabel=ReturnRecord)

 

Det er underleg at desse søstrene i 1895 gjer ein reise til Glasgow.  Kan det tenkjast at "Mr." Lind var britte?

 

Kanskje nokon har tips om dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag oppdaga at dei to søstrene, Gjertrud og Anna, i 1895 reiste heilt til Noreg for tydeleg å vitja slekt i Sogndal, for her reiste dei attende til Amerika 30.8.1895: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=16&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=36417&merk=36417#ovre

 

Då kan me sjå bort ifrå spørsmålet om at mann hennar Gertrud hadde noko med England eller Skotland å gjera, men me får ein interessant tilleggsoppplysning:  Første mann hennar var HANDELSREISANDE!  Kan denne opplysningi gjera det lettare å finna ut kven han var?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.