Gå til innhold
Arkivverket

SF Kinn/Gloppen - Gjertrud Andersdtr. Løkkebø (1673-1744)


Per Nistad
 Del

Recommended Posts

Eg driv og pløyer gjennom eldre diskusjonar for å unngå å stille altfor mange "dumme" spørsmål som har fått svar før. Ser at borna til lensmann Anders Larsson Løkkebø har vore drøfta både i 2004 og 2012. Rune Thorstensen skriv 09.04.12 m.a dette: Dette er i grove trekk det jeg har om Lensmann Anders Larsson på Løkkebø. Men 11.01.1698 giftet Gjertrud Andersdtr. Løkkebø 1673-1744 seg med Lars Jonsson fra Eimhjellen i Gloppen 1670-1749.

Dette ekteskapet er i kirkeboka ført under Lensmann Anders Larssons gård, Løkkebøen.

Så langt har eg komme sjølv, men  dersom det er nokon som har andre opplysningar som kan stadfeste  at Gjertrud er Anders Larsson si dotter, høyrer eg gjerne frå dei. I Bygdeboka for Gloppen står det at Gjertrud og Lars fekk 10 born, og at mange av dei vart gifte til Sunnfjord. Eg har berre følgt slekta til dottera Magnhild Larsdtr. Eimhjellen (1722-1803) som vart gift med Thor Rasmussen Slagstad (1731-1796) som fekk skøyte på bruk 3 på Devik i Gloppen i 1786.

 

Mvh

Per Nistad

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ikkje noko meir dokumentasjon på Gjertrud sitt opphav. Men skiftet etter henne viser dei 10 borna som var i live då, men det er i tillegg 5 som er døde før mora - og skiftet etter ei av døtrene, Brite, i 1789, gjev oss gode opplysningar om kvar det blei av dei andre. Ho som du stammar frå, er skriven Ragnhild ved dåpen, og Ragnhild ved konfirmasjonen - og Ragnhild ved ekteskapet i 1761 - eg har ikkje sett henne skriven som Magnhild nokon gong?

 

Men tilbake til Gjertrud Andersdr som gifte seg i 1698. Vigsla er ført i kyrkjeboka i Gloppen, men det står at dei er gifte i Svanø kirke.

 

Så finn eg ei vigsle i 1691 - mellom Gjertrud Andersdtr Eimhjellen og Anders Ellingson Eimhjellen. Dette er to personar som eg ikkje finn att fleire gonger, og eg har fundert på om det kan vere den same Gjertrud, men ho er i så fall svært ung, kanskje 16-17 år, og allereie knytt til Eimhjellen før vigsla.

 

(Det finst ein heil del oppføringar av "Gjertrud Andersdtr Einhjellen" som fadder frå år 1700).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk!

 

Ser at eg har skrive Magnhild, det skal sjølvsagt vere Ragnhild, men sat og rota med nokre Magnilde like før, så det vart feil. Vigsla til Lars og Gjertrud fann eg i kyrkjeboka for Kinn,http://digitalarkivet.arkivverket.no/kb/vi/person/pv00000000491620 for det står i bygdesoga for Gloppen og Breim b III at dei gifte seg i Svanøykyrkja. . Det står også at  at Lars hadde ein bror, Jørgen,, som budde på Svanøy i 1711.

 

Eg har eit spørsmål som gjeld oppattkalling. Det burde kanskje vore stilt som eige tema, men det høver inn her. I O.Steen sine skrifter på fylkesarkivet (Transkribert av O. Tjønneland), b III s. 155, finn eg omtale av skifte etter Anders Larsen sin far, Lars Rognaldsen Furebøen

 

Som allerede nevnt holdtes det 27.mai 1697 skifte etter Lars Rognaldsen. Hans 9 barn oppregnes etter skiftet således: 1.Ole Furebø, 2.Anders Løkebø, 3.Rognald Angedal, død 80 år gammel 1729. 4.Markvard Reiekvam, død 84 år gammel 1746, 5.Jon Furebø, 6.Marthe Kusli, gift med Ole Andersen Kusli, seinere lensmann, 7.Gjertrud Flugekvam. 8.Helge Tefre, gift med Anders Olsen Tefre og død 84 år gammel 1746 og 9.Alis, gift med Torsten Haldorsen Erdal og død 77 år gammel 1744. Lars's enke het Gjertrud Gundersdtr., men han må ha vært gift før, og Gjertrud kan ikke ha vært mor til noen av hans foran nevnte barn.

 

Var det vanleg at ein kalte opp att stemødre? (Hadde Gjertrud vore mora, ville det vore rimeleg at Gjertrud som gifte seg i 1698 var Anders Larsson si dotter) Men Anders Løkkebø hadde og ei syster som heitte Gjertrud, så namnet finst i slekta frå før. Anders Olsen Tefre var høgst sannsynleg far til  Ole Andersen Tefre (Terva) som vart gift med Anne Susanne Didriksdatter Wittrup ca.1710, så Lars Rognaldsen må ha vore bestefaren hans.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Berre ei rask tilbakemelding: Skiftet etter Lars Rognaldsen er her , og dei 9 borna er kalla mandens børn - så det er nok rett at Gjertrud ikkje er mor. Eg har dessutan skumma gjennom og tykkjer det går fram at det har vore eit skifte før, altså etter mor deira, men dette burde nok vore lese grundigare for å sjå om der er fleire opplysningar. Vi kunne ynskt oss namnet på denne mora, men eg ser det ikkje i fyrste omgang i alle fall. Men det er ingen ting i vegen for at ho og har heitt Gjertrud..

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 år senere...

@Aase R Sæther - Gloppen @Per Nistad

 

Yngve Nedrebø har gitt nokre fleire opplysningar i tilknyting til dette skiftet. Fyrste kona heitte Alis, og døydde i 1687.

 

 

Kjelde er dagboka etter lensmann Jens Nilsson Nedrebø.

http://web.archive.org/web/20071029075713/http://www.arkivverket.no/bergen/kilder/avskrifter/andre/nedrebo.html

 

I følgje side 240 i denne oversikta var ei sonedotter g. med son til lensmannen, og det er vel kanskje bakgrunnen for at desse folka er nemnde i dagboka.

http://web.archive.org/web/20061122152958/http://www.troms-slekt.com/per.htm

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.